Totalt antall sidevisninger

søndag 6. mai 2018

Minneord: Ein heidersmann har gått bort

Første gong eg oppdaga kven Jan Ødegård var, var etter Aursjørittet i 2006, då Ola Inge  Drøpping vart nummer 3. Først omkom Drøpping tragisk, og no er også Ødegård borte. Her er mitt minneord til ein god kollega gjennom 10-12 år.

Eit halvår etter Aursjørittet, ringer telefonen. Det er redaktør Ansnes i Aura Avis, som lurer på om eg vil begynne å arbeide for dei. Dei hadde oppdaga namnet mitt i Tidens Krav, og no var dei i beit, for Jan Ødegård måtte vikariere ei stund i Opdalingen på Oppdal. Så ein vinterdag i 2007 innfann eg meg i Aura Avis sitt lokale på industriområdet. Jan Ødegårds kontor venta på meg og mine skriveri.

Det var mykje rart på kontoret hans - tomme brusflasker, spisepinner, ein radio som mangla antenne. Det fann eg ut eg kunne bruke eine spisepinnen til.
Så kom den gode Ødegård tilbake til kontoret sitt, eg begynte som frilanser i avisa, først i ganske laus tilstand, så i meir faste former. Det betydde at eg var støtt og stadig innom Aura Avis sine kontor, eg fekk vere med på julebord og andre sosiale tilstelningar. Og Jan Ødegård var alltid i nærleiken.
Han var alltid eit oppkomme av historier, hadde så mange opplevingar, vore så mange stader, litt beskjeden, men samtidig heilt tilstade. Mest seriøs, men litt på flørtar'n.
Til dømes kunne det vere ganske irriterande å møte han etter Sunndalsmarsjen - den 23 km lange marsjen frå Vangshaugen i Grødalen til Grøa. "No var det pliktløpet gjort", sa han og rusla uforstyrra vidare - sjølv var eg heilt gele i beina etter den lange turen. Han er ein av to som vel har gått alle mesta 50 marsjane.
Jan Ødegård har vore ein voldsom kapasitet i sunndalssamfunnet. Det tok ei stund før eg skjønte det.
For nokre år sidan stilte eg opp på Sunndal kommunes idrettsgalla som journalist. Mange prisar vart delte ut, og den gjevaste prisen var heidersprisen. Det året gjekk den til han som har verkeleg gjort noko for den allmenne folkehelsa gjennom årtier - etablering av volleyballserie for folk flest, Lørdagsløpet kvar einaste laurdag året rundt, fiskebørsen i Aura Avis, formidling av idrett i lokalsamfunnet for for liten og stor. Det var endå meire og. Vinnaren var Jan Ødegård. Han sjølv var ikkje til stade, så eg tok med statuetten og sette den på kontoret hans, slik at han fann den att neste gong han kom på jobb.
Frå andre har eg fått høyre at det var så kjekt når han stilte opp som journalist på idrettsarrangementa. Han var genuint interessert og stilte dei rette spørsmåla - og gledde seg storhjarta med dei talenta som vaks fram.

Nedlasta frå Jan Ødegårds facebookside.

Siste gongen eg møtte den gode Jan, var i forrige veke. Eg var innom avisa for å diskutere arbeidshelga. "Ja, du skal få arbeide, det er 20 arrangement!" skratta han, så diskuterte vi litt før han gjekk til kontoret sitt. Då eg sette meg inne hos redaktøren, måtte vi sjølvsagt ha med oss Jan på planlegginga. "Ja, du slepp fotballkampen, og så tar eg turen til Vatn søndag, eg tar med meg Dani", sa trygge, trivelege Jan. Det var aldri noko problem for han å ta på seg litt ekstra når børa vart for tung for frilansaren.

Så kom tysdag 1.mai, og det kom ei urovekkande melding frå Jan om at han hadde blitt sjuk og måtte gå heim etter kransenedlegginga først på dagen. Var det nokon som kunne ta over? Litt uviljug avtalte vi at eg skulle gjere det, og drog på tilstelninga i 14-tida. Tre timar seinare sendte eg melding om at han kunne leggje ut artikkelen på nettet.

Eit par timar seinare ringer redaktøren. Det skjer mesta aldri. Han lurer på om Jan har lagt ut 1.maiartikkelen. Rask sjekking viste at det ikkje var gjort. "Eg trur det har skjedd noko med han", sa redaktøren. Litt seinare på kvelden kom den triste telefonen om at Jan var død. Avisa sitt orakel - det han ikkje visste, var ikkje verd å vite. Han som kunne så mykje om fiske i elva, jakt, fotball, i det heile: Det som folk i sunndalssamfunnet synest er viktigast og helst vil lese om i avisa. Seinare har eg begynt å tenke på at eg nok var ein av dei aller siste som var i kontakt med han den dagen. Det gjer inntrykk det og. Ikkje minst det at han stod på til det siste for sin kjære arbeidsplass gjennom meir enn tretti år - "...jobber for avisa", stod det på nestsiste meldinga som kom den dagen.

No går tankane mine til familien, men mest av alt vesle Dani på fem år, som ikkje får ha den kjære pappaen sin hos seg. I Ødegårds vesle univers var det berre Jan og Dani. Jan tok med seg Dani overalt kor han kunne ta han med - til fjellet, til elva, på arrangement - over alt. Og han gledde seg på at han kunne lære han om fjellet, om historia, geografien, om reinsjakt, om smått og stort. No får ikkje Dani lære det av far sin, og eg kjenner det gjer meg mest trist av alt. Men alt tyder på at den vesle guten får det godt.

Ein heidersmann gjekk bort 1. mai - Jan Ødegård var Aura Avis, Aura Avis var Jan Ødegård - og lokalsamfunnet har blitt mykje fattigare.
Kvil i fred - du minnast i kjærleik og respekt.

Ingen kommentarer:

Etiketter