Totalt antall sidevisninger

lørdag 19. mai 2018

Turblogg: Nyt fossebruset frå Vinnu

Som eg har fortalt i eit tidlegare blogginnlegg, vart det i fjor mogleg å gå opp til Tappain, som er det nedste fallet av Vinnu i Sunndal. No viser eg deg vegen endå høgare.


Vinnu på kloss hald på mesta 300 meters høgd.
Det er grunneigaren som har stått for stiryddinga. I fjor vart den nedste delen av stien rydda, og etter at det kom opp (eit litt enkelt) skilt, begynte folk å finne vegen opp lia. Det er jo berre ein liten kilometer, og du skal ikkje høgare opp enn på rundt 100 meters høgd.
Denne turen har blitt ein flott måte å marknadsføre fossen, som skal vere den femte høgaste i verda - i følgje dei som måler høgder. Med den nye stien som startar rett ved de store avkøyringa på Holskeidet, har Sunndal fått ein viktig turistattraksjon. Med dokumentasjon av kor mange gjestar som besøker turposten, kan det til sjuande og sist vonleg gi tilføring av pengar for vidare forbetringar av stien.

Grunneigaren såg nemleg potensialet til å få det vandrande folket endå høgare opp, og gjekk i vår i gang med å fortsette å rydde stien. Stien frå riksvegen til det som no er stikk ut-post, er for ein fin autostrada å rekne. 
Då eg avslutta nasjonaldagen med tur, var det andre gangen i vår at eg gjekk stien opp til postkassa. Mens eg skreiv meg inn i boka, kom ei eg kjenner litt, og vi blei sittande og prate. Ho måtte ned igjen, og eg stod der med to val: skulle eg gå ned att eg og, eller skulle eg gå den andre stien vidare oppover? Svaret vart det siste alternativet.

Her er endepunktet på stikk ut-turen. Har du tid, så ta turen vidare oppover lia.

Når du begynner på den neste delen, blir stien smalare, brattare og ganske mykje drygare. Og oppover går det. Det er kutta mykje tre, og då eg gjekk, var det veldig tørt. Mesta litt for tørt, for det kan vere fort å gli. Det er greit å ha litt gode sko når ein går.
Eit lite stykke oppi kjem ein til ein del av fossen, og den må ein over. Her har det blitt sett ut godt festa tau, og godt var det. Eg hadde med meg hunden, og han var eigentleg lite villig på å klive og hoppe - for ikkje å snakke om å vasse i den kalde elva. Men han gjorde det.

Over elva er ein avhengig av tauet.
Og då er det berre å fortsetje den utruleg godt merka stien vidare oppover. Det er måla raude merker på tre og steinar, og du ser kor du skal, uansett om du er på oppover- eller nedovertur.
Etter ei lita stund, det vil seie nokre få minutt, kjem du til ei glenne eller opning i skogen på ei hylle, og der openberrar Sunndalen seg oppover mot Oppdal, det vil seie i austleg retning, i all sin prakt. Det er faktisk den aller finaste utsikta du har på turen, så slitet er verd turen av den grunn.

Denne utsikt oppover heile Grøa og mot fjellet Stoplan var verd turen åleine.
Så er det eit nytt stykke med sti som snirklar seg på kryss og tvers oppover lia. Og då begynner du å høyre fossen, og stien begynner faktisk å flate ut - for første gong sidan du forlot riksvegen. På det tidspunktet har du kome opp på ca 280 meters høgd, og like før fossen står postkassa til posten som heiter Øver Løkhammaren. I frå posten opna 15. mai til eg var der om kvelden 17.mai, var det faktisk 30 menneske som hadde vore oppom og skrive inn namnet sitt i turboka.
Etter signering og fotografering av fossen på kloss hald, var det berre å finne vegen ned att. Hunden er fæl å hale og dra, men heldigvis skjønte han vel sitt eige beste på nedattur. Eg sikta på alle trestammar og røter eg kunne finne og klamre meg fast i, og pusta letta ut då eg passerte turposten på Tappain. Då var det berre å auke farta nedover - klokka hadde tikka ganske fort mot 23, og mørket seig på.
Dessverre er vassføringa i Vinnu tilbake på normalen etter at den vaks seg opp i forrige veke. Likevel er dette ein flott tur å ta for den som vil ha ei ekstra utfordring på turen og har rundt 1 1/2 time til disposisjon.

"Ja, det var også noko", tenkte kanskje Prins.
Det er flott å stå så tett på fossen!

Dessverre ikkje store utsikta frå punktet der stien endar,
men du ser Åsbrona.

Stien går opp, slik eg har forstått det, til det nedste fallet
ein ser på bildet her (midt i bildet).

Ingen kommentarer:

Etiketter