Totalt antall sidevisninger

mandag 8. juli 2019

Turblogg: Til fjells i Valdres - Bitihorn 1607 m.o.h.

Eg har køyrt mange gonger over Valdresflye og gjennom Valdres, men aldri gått nokon skikkeleg tur i det dalføret. Ekstra kjekt at det vart Bitihorn som vart den første turen.

Utsikt frå Bitihorn.
Bitihorn er det fjellet som er uunngåeleg å sjå når ein køyrer over Flye. Det er ikkje det høgaste fjellet i Valdres, men det er nok eitt av dei høge som er mest tilgjengeleg.
Vi starta om ettermiddagen frå parkeringa på andre sida av vegen for samecampen som ligg nokre kilometer frå Beitostølen. Det kostar 60 kr å parkere som ein vippsar.


Så var det berre å starte å gå. Framme der ser ein toppen, og det ser ikkje så verken høgt eller langt ut. Det er to ruter opp til toppen. Den brattaste går frå Båtskaret, som ligg nærare Beitostølen. Du kan lese og sjå mange bilder frå den ruta i dette blogginnlegget.
Vi er ikkje så superspreke, så vi valde den lettaste og lengste vegen. Det vil seie at det er 550 høgdemeter som skal forserast på 4 km. Og sjølv om det er den lettaste ruta, går det jamt oppover.


Stien er godt merka, så det er umuleg å gå feil. Her er det første krysset kor vegen gjer ein sving. Til høgre går stien vidare mot Yksendalsbu, som ligg halvvegs mellom Bygdin i eine enden og Eidsbugarden i andre enden.



Fortsatt eit lite parti med snø å krysse over.


Heldigvis var ikkje stigen noko spesielt våt. Det rann bekkar her og der, noko Prins var veldig glad for. Men hugs å ta med vatn til deg sjølv, for det er ikkje nok vatn tilgjengeleg som er å drikke for mennesker. 

Denne delen av Bygdin heiter Raudfjorden.

Plutseleg fekk eg lov å ha fotosession med dei to fine gutane mine, og då var det berre å knipse i veg :)
Så går det vidare oppover, og frå ein kjem til denne kvite merkelege staven, blir det brattare dei siste par hundre høgdemetra. I tillegg blir det meir steinate, men langt i frå ur slik det er på t.d. Snøhetta. Dette er så absolutt ein mykje mildare tur enn Snøhetta.


Eg trur eg har nemnt i tidlegare bloggar at eg begynner å finne på mykje forskjellig når eg keiar meg... Så og no... Det var så kjekt å finne så fine blomster så høgt opp. Er vel ikkje så mykje som er hardfør nok til å kunne vekse på 14-1500 meters høgd.

Kva heiter denne blomen?
Mens vi pausa på tur oppover, fekk vi plutseleg auge på båten Bitihorn som var på veg mot hamna ved Bygdin. Det er mesta forunderleg at han kjem seg fram, for vatnet ser veldig lågt ut. Her har båten tøffa og gått att og fram over Bygdin inn til Eidsbugarden kvar sommar sidan 1912!
Eg hugsar første gongen eg passerte Bygdin - då var vi på familietur til Oslo sommaren 1980. Eg hugsar vi stoppa ved høgfjellshotellet der båten går frå.
Uansett - det hadde vore artig å kunne dra med båten ein gong :)



I følge kartet er tjernet Skjervebottjernet og fjellpartiet heiter Sandhaugen.
Straks oppe! Aleks hadde gått så fort at han gjekk frå oss "gamlingane". Han var oppe på toppen ein halvtime før oss... Og plutseleg var han heilt aleine der, for alle som hadde gått opp, hadde gått ned att. Heldigvis venta han på oss (lykka var at eg hadde lagt dunjakka i sekken hans!).
Det var nemleg fint ver, men utruleg kjøleg. Eg tippar at det ikkje var mykje meir enn 8-9 grader på toppen, det bleste surt, men heldigvis ikkje veldig sterk vind. Og akkurat då vi kom opp, kom det nokre regndråpar, og eg trudde det ville komme meir - men det slapp vi :)


Då var vi til topps alle fire :)

Vår første, men vonleg ikkje siste, fjelltur saman <3

Utsikt mot Beitostølen, Øyangen og Raudalen.

Heldig han som hadde utsikt heim til stølane sine ved Øyangen :)

Nydeleg utsikt mot Bygdin og Valdresflye.

Utsikt innover langs Bygdinfjorden.

Utsikt mot fjell så langt auga rekk.

På dette bildet ser ein ganske godt kor ein går opp og ned til toppen.

Vi lurte veldig på kva desse kranane var godt for...

Ein plass baki der til høgre ligg Galdhøpiggen. Alle dei høge fjella høyrer til Jotunheimen.

Prins er alltid opptatt av utsikt når han er på tur :) Han var veldig glad for turen iallfall!
 
Ser du rypa midt i bildet?



Raufjordsanden i kveldssol.
Turen nedover gjekk etter same stigen som vi tok opp. Ein annan gong kan det hende at eg skal driste meg frampå og prøve brattstigen opp frå Båtskaret.
Aleks sprang ned rett så lettbeint, og vi klokka han inn i bilen ca 50 minutter før oss tre andre...
Dei som skriv om denne turen, skriv at det går to timar opp - strengt tatt det normale ut frå at det er berre 550 høgdemeter. For eigen del gjekk turen på sedvanleg låggir, så eg brukte ein del meir enn det. Men kva gjer vel det så lenge ein kjem seg både opp og ned - det begynner eg å bli meir og meir takknemleg for at eg får til. Meir om akkurat det i eit blogginnlegg seinare i sommar.

Straks nede igjen - der oppe var vi. Beina heldt denne turen og.

3 kommentarer:

Unknown sa...

Blomen du har bilde av er reinrose, og det du kaller kraner er høyspentmaster 😊 Det kreves strøm til masta på toppen vettu 😉 Ellers mange flotte bilder som vanlig 👍

Anonym sa...

Eg meiner blomsten er ein issoleie. Var på Bitihorn i dag. Veldig flott tur i flott natur.

Lady Ingunn sa...

Hei begge to :) Takk for hyggelege tilbakemeldingar :)
Eg har frå ganske sikre kjelder at det er issoleie, så det har eg lagt inn som tekst på det same bildet på Instagram. På det neste blogginnlegget kjem det bilde av både issoleie og reinrose.

Etiketter