Totalt antall sidevisninger

torsdag 10. oktober 2019

"Dalen er stor og fager og fin..."

Andre akt i "Lady Arbuthnott" - sorgtynga syng ho om lengselen etter det å ha ein ven.
Det ordna seg jo på eit vis for ladyen som kom hit til Sunndal, men det er ikkje like lett for alle.


I dag er det Verdsdagen for psykisk helse. Psykisk helse er så mykje. Eg har tenkt lenge på at eg skulle skrive ein ny tekst om einsemd, men eg veit ikkje om eg tør og orkar - det er så ekstremt stigmatiserande. Og det til trass for at kvar femte nordmann er ramma av einsemdkjensle på ein eller annan måte. Men for meg handlar psykisk helse om det eg tenker og føler når eg kjenner på denne einsemda, og nettopp derfor treng eg å skrive om dette. Mottoet for dagen i dag er #gitid - GI TID!

Som mange nok har fått med seg, endte den siste fjellturen med eit fall og beinbrot. Med foten i gips i seks veker, prøvde eg å få dagane til å gå. Seks veker  = 42 dagar = i overkant av 1000 timar! Når eg skulle sove rundt 300 timar av dei 1000, var det fortsatt mykje tid att til å gruble. Kanskje satt eg heilt åleine så mykje som 600 av dei timane...
Men eg er så redd for at om eg skriv om einsemd, trur alle at eg fell ned i ein dal av sjølvmedliding - det er ikkje derfor eg skriv dette.

Eg skriv om det fordi dette er eitt av samfunnets aller - aller største problem, både no og i framtida. Kor ofte les vi ikkje om at ein finn nokon som har lege død i fleire veker eller månadar - og at grunnen til at ein blir funnen, er fordi det brer seg ei grusom lukt utover.
Viss du har lukta døden, veit du korleis han luktar. Litt søtleg eim som blir etter kvart ubehageleg og lite tiltrekkande. Eg har kjent på denne lukta - ei lukt som satt lenge i meg fordi den fortalte meg ei historie om det å bli aleine - veldig aleine.

Å vere ufrivillig aleine kan gi store psykiske problem, det er ein så stor knekk i livet, at det tar lang tid å reise seg att. Langvarig (kor lenge er det eigentleg?) einsemd kan gjere ein alvorleg sjuk, og nettopp derfor er dette ei samfunnsutfordring folkehelseministeren burde gripe meir tak i enn å skrive at båtflyktningar i Middelhavet ikkje får kome til Noreg.

I valkampen lanserte Kristeleg Folkeparti ein folkedugnad mot einsamheit og ei tipunkts liste for å kjempe mot dette stigmaet.

1. Dette er ikkje knytt til alder. Du finn einsame i alle aldrar - frå barnehagebarn til eldre, nokon er einsamme for ein kort periode av livet, nokon for ein lang periode.
2. Ikkje snakk om "dei einsame", for det er stigmatiserande - det er ikkje eit vi og dei.
3. Verdsett openheit. At nokon tør å vere open om noko så sårbart, er eit steg mot eit opnare og meir ærleg samfunn med plass for alle. Openheit er bra for helsa - ein blir fortare frisk av å seie det ein tenker og føler. Gevinsten av openheit kan ein sjå både i mikro- og makroperspektiv.
4. Prøv å etablere eit sosialt nettverk. Det er det aller vanskelegaste. I ein slik sårbar situasjon er det lett å tenke at det er ein sjølv det er noko feil med - "eg er ikkje verd andre sitt selskap, det er ingen her som vil bli kjend med meg". Og kor skal ein eigentleg gå for å prøve å etablere dette nettverket?
5. Sørg for at du har ein stad der du kan vere deg sjølv. For mange er det naturen - fordi naturen tar imot deg akkurat slik du er. For mange er det familien - men det er ikkje alle som har ein familie så nært, verken fysisk eller mentalt.
6. Forsøk å ta vare på nokre få nære venner. Venskap må pleiast - det gjerast best i dei fysiske møta, ikkje på nettet. Bygg venskap stein for stein.
7. Kjemp imot stigma når du kan. Eit menneske er ikkje ein merkelapp med eit sett negative eigenskapar. Ver eit medmenneske i staden for å sette merkelappar på andre. Ei avvisning kan stadfeste den tanken ein allereie har om seg sjølv - og kan føre til isolering.
8. Bidra til gode naboskap der du kan. Gro Harlem Brundtland sa i si tid at ein skulle vere ei nabokjerring - i den betyding at ein skulle bry seg. Kanskje kan naboskap bety at ein kan få hjelp ein treng eller at ein kan gi hjelp til nokon som treng.
9. Be kommunen lage ein plan mot einsamheit. Ein har lett for å tenke at det er berre ein sjølv som er einsam, men dette er noko det offentlege må gripe fatt i - derfor bør kvar kommune ha ein slik plan.
10. Hugs at du er aldri aleine - sjølv om det kjennest slik ut.

Så kva gjer denne einsamheita med deg - og med meg? Eg veit kva ho gjer med meg.
I blant prøver eg å behandle ho som ein ven - for å akseptere verda rundt meg slik ho er. I blant tar eg meg i å tenke at dette er eit tydeleg resultat av arvesynda - at det er nedarva gjennom generasjonar.
Eg har snakka tidlegare om kor viktig oppveksten på Hoemsetra har vore for å takle alt det eg har vore gjennom dei siste åra. Det står eg inne for enno - det er ei eiga utrusting.
Men alle dei gongene eg har vore sjukmeldt, frå første gongen då eg hadde kreft i 2010, via dødsfallet i 2012 og til beinbrotet no, så har eg hatt så mykje tid å tenke - for det er ingen som kjem på døra mi og ingen som ringer.
Og eg skriv ikkje dette for å seie at det er synd i meg, for eg taklar det - men kanskje kan nokon fleire tenke etter om de veit nokon i rundt dokker som treng eit besøk - litt tid saman med andre. For det er det einaste ein ønsker seg - at nokon skal gi ein litt av tida si.
Eg har budd her i bygda i snart 16 år, og dei opplevingane eg har hatt rundt det sosiale, er så få at dei er mogleg å telje. Eg lever enno på venninneturen til Oslo for eit år sidan - fordi det var min første venninnetur nokon sinne. Eg lever og på bursdagsfesten eg var på for fire år sidan.
Men eg kan mesta ikkje hugse sist nokon inviterte på middag, og iallfall ikkje hyttetur.

Då eg sat med gipsa fot tidlegare i haust, kom eg meg ingen plass. Det å vere fanga slik er spesielt tungt, for eg måtte la bilen stå. Når eg spurte folk om hjelp, stilte dei opp - men det å be om det sit så innmari langt inne. Og eg tenker - korfor kunne ikkje nokon ringe og seie at vi kunne køyre oss ein tur? Korfor kunne ingen tilby seg å gjere litt dugnadsarbeid for meg? Korfor ringte ingen og sa at dei kunne hente meg og ungen til eit middagsmåltid... Korfor kom mesta ingen på besøk?

Eg vil avslutningsvis seie at eg er veldig takksam for dei få vennene eg har her i Sunndal - dei skal ikkje føle seg støtt av dette blogginnlegget. Og eg er veldig, veldig glad for dei som gav meg av tida si då eg sat heime - Dag-Magnus, Bente, Lina, Anisa og An-Magreth som kom på besøk, Lone som gav meg dugnadshjelp med husmaling og dei som stilte opp som sjåførar når eg trong skyss. Pappa, mamma og bror min gav meg uvurderleg hjelp i hagen.
Men likevel saknar eg det å få bruke oftare tid saman med andre - gjere noko hyggeleg saman.

Sitatet eg brukte til overskrift er henta frå songen "Går min eigen veg" med gruppa Glittertind. Her skal du få resten av teksten - ord til ettertanke (teksten er kopiert frå denne linken):

Eg traskar i skog og over myr - går min eigen veg
Dei seier eg er ein underleg fyr - einsam det er eg

Åsane blånar og ligg og skin - går min eigen veg
Dalen er stor og fager og fin - einsam det er eg

Det blinkar så flott over elv og sjø - traskar steg for steg
No kjeme snart den fyrste snø - einsam det er eg

Eg vandrar imellom haug og hei - går min eigen veg
Her er det vilt og lang ifrå lei - einsam det er eg

Fins ikkje folk som eg kan sjå - går min eigen veg
Himmlen er blå men myra er grå - einsam det er eg

2 kommentarer:

Annette sa...

Kjære Ingunn!! Takk for kloke utfordrende ord! Du finner styrke og gir styrke til oss andre med din åpenhet! Takk for at du er ! Hils dine kjære !! Annette

Lady Ingunn sa...

Tusen takk, kjære Annette ❤️

Etiketter