Totalt antall sidevisninger

søndag 10. november 2019

Kva er då ein pappa når vi skal komme han i hug?

Eg har tenkt eg skulle skrive om Hoemsetra - men eg kan ikkje gjere det utan å skrive om pappa og. I dag er det farsdag, og dette er mi helsing til han.




Eg har skrive fleire gonger før om Hoemsetra og kva barndomsheimen betyr for meg. Heile identiteten min ligg planta i garden og huset. Naboen min, Siri, minte meg for nokre år sidan om at det er oppveksten som har gjort meg til den eg er. At det har vore ei eiga skolering - så sant som det er sagt.
Denne hausten opplever familien mi ei vanskeleg tid med alvorleg sjukdom. Derfor måtte eg ta ein rundtur på Hoemsetra for å leite etter DNAet mitt. Og sjølv om pappa ikkje var med på turen, var han likevel med der - for kva hadde Hoemsetra vore utan han?


Her ser du Hoemsetra på avstand. Ein må i båt for å komme over til garden. Då eg vaks opp, drog vi med ferge, men då Eikesdalsvegen var ferdig i 1990, måtte vi ordne oss parkering på andre sida av vatnet til både bil og båt. Dit drar vi over mesta uansett ver og vind.
Då vegen kom i 1990, hadde eg flytta for lengst - eg måtte det om eg skulle få meg ei utdanning. Mamma, broderen og søster mi hadde og flytta av same årsak. Det var berre pappa og bestemor igjen der då - pappa var 49 (eitt år eldre enn eg er no!), bestemor var 91! Korleis blir eit oppbrot frå det vante og sjølvsagte i den alderen? Ja, det kan ein mest undre seg på. Pappa hadde ikkje mykje utdanning å slå i bordet med, men han skulle likevel starte eit liv med ordinært arbeid og kanskje ordinære arbeidstider...
Heldigvis var det mange bønder i bygda som trong fjøsavløysar, så det vart ei god råd for pappa - han fekk fortsette å ha nærleiken til dyr og gardsarbeid - slik som han alltid hadde hatt.
Bestemor måtte starte eit nytt liv på trygdeheimen, og sjølv om ho sa det var fint å vere der, var det nok ein større overgang enn vi kunne sjå for oss. Ho døydde berre ni månadar etter at ho flytta frå Hoemsetra, kor ho hadde budd omtrent all sin dag.

Aleksander og eg er klar for nokre fine haustferiedagar på Hoemsetra.
Det er søndag ettermiddag og ungane og eg har ordna skyss med naboar på garden for å kome oss over vatnet. Det er faktisk første gongen det er berre vi i huset vårt. Ei veldig rar oppleving, for det er alltid slik at iallfall pappa er der - men i desse haustferiedagane var han ikkje der.

Det er omtrent umuleg å ikkje ha ein fin tur over Eikesdalsvatnet.


Måndag føremiddag kjem sola i 11-tida. Dagane blir stadig kortare, og solskinnet må nytast. Prins og eg bestemmer oss for å ta ein tur. Viktig å få testa foten og trent han opp att etter at eg braut ankelen i august.
Først går vi innover mot lia. Då eg var unge, gjekk grensa mellom innmark og utmark lengre borte. Eit slitent gjerde gjer ikkje akkurat nytta si til å halde hjorten utanfor gjerdet…


Veka før vi kom, inneheldt omtrent alle årstider. Venninna mi, Kristin, sa ho gjekk i t-skjorte ei veke tidlegare. To dagar seinare begynte det å snø, og natt til søndag og måndag var det frost.


Vi har ikkje heilt styring på retningane på Hoemsetra, for det som er sør, har vi gjort til aust, det som er vest, er opp, det som er aust er over og det som er nord, er ut. Så dette er austom gjerdet - det vil seie utanfor den gamle gjerdegrensa. Då vi var ungar, var det bror Terje og fetter Geir (han kan du lese meir om her) som regjerte her ved den gamle almen. Det var ein liten dam her, og gutane bygde hytte i treet. I dammen skulle vi ha rumpetroll, og dei henta vi oppe på Fåtjønna, som ligg litt lenger oppe langs vatnet. Det slo aldri feil, men om bøtta var mesta full av nyfanga rompetroll då vi drog heim, var det sjeldan så mange som kom i dammen, for broderen krenga alltid båten så bøtta velta...
Rett ved almen her var det eg skada meg første gongen. Ein sommardag i 1979, eg var mesta 8 år då, skulle mamma og pappa dra til Eidsvåg og handle... Då ferga kom, skulle eg springe ned for å seie ha det, men eg snubla i ein stein der, gjekk rett på trynet og skada kneet stygt. Det silblødde, og eg måtte bli med dei til Eidsvåg for å sy. Vaksenturen for å handle gjekk med andre ord ikkje heilt etter planen...


I dag er det ikkje mange restar som viser det imperiet Terje og Geir hadde. Hytta og verandaen er borte, og dammen er attgrodd. Naturen tar tilbake det vi menneska gjekk i frå.

På kanten av dammen er det enno nokre bringebær som held ut.
Prins og eg går vidare inn i lia. Vi skal sjå korleis det ser ut ved sommarfjøsen på Reita. Eg har ikkje vore der på lenge, lenge. Eg vil sjå sola på Seterfonna og kjenne lukta av skog.
Det forunderlege i denne jakta på lukta av skog og synet av sol, gløymer eg heilt at eg skal sjå etter "næt", set vil seie hasselnøtter. I år er det eit skikkeleg "nætaår", og folk langs vatnet har plukka på kilosvis - for ikkje å seie hundrekilosvis…. men eg gløymer meg av...Og må håpe på neste haust.
I gamle dagar var eikesdalsnæta eit svært ettertrakta produkt. Hasselnøtter frå den varmekjære skogen inst i Romsdalen var eit populært salsprodukt, og ungane fekk betalt for det kvar og ein selde.


Prins er kjempeglad for å vere på tur.
Her er sommarfjøsen inne på Reiten i lia. Han har sett sine beste dagar, og før i tida var det sauene som fann tilhald der når det høvde. No trur eg nok hjorten tar seg ein tur innom om det høver. Skogen er relativt full av hjort, og vi kan jakte på han. Pappa er ein meister i å etterlikne hjorten sine ukultiverte brunstbrøl, slik at han på den måten får kalla hjorten mot seg og på skothald. Pappa er ein meister til å slakte og, og akkurat denne viktige jaktkunnskapen skulle eg så gjerne ha hatt. Eg minnest jo at eg stod og såg på at pappa slakta sau då eg var unge, men det er lenge sidan.


Berre den store lia ligg mellom Breifonntinden og sommarfjøsen.
I det eg vender tilbake frå turen i lia, får eg bedre overblikk over Hoemsetra. Der står hytta til søster mi, husa på garden som har stått der i langt over eitt hundre år, og der står traktoren til pappa. Det begynner å bli tid for å få på plass historia om garden, kjenner eg - eit prosjekt for 2020!



Prins og min sin spasertur fortsett, og vi kjem til hytta til onkel Tore. Onkel Tore døydde nyårsdag, og det vart så rart når eg ikkje lengre skulle vakne av lyden av båten hans på vatnet. Ikkje lengre kunne høyre TrakTore komme rullande - eller rullaTore, som eg og likte å kalle onkel Tore og Gråtassen, hans beste kompanjong på Hoemsetra.
Det blei veldig tomt etter onkel - når eldste generasjon takkar for seg, stig ei ny verkelegheit fram, noko nytt og ukjent.


Eg går over verandaen på hytta til onkel. Alt er som før der - også utsikta. Skal tru kor mange timar onkel har brukt på å nyte utsikta? Heilt sikkert ikkje få.

Frå hytta fortset eg ut i Breifonna. Breifonna har gitt namnet til Breifonntind - det karakteristiske fjellet ein kan sjå på mils avstand. Nokon kallar fjellet for Hoemstind, men det stemmer ikkje. Det fjellet ligg ved sidan av.
Denne dagen er Eikesdalsvatnet blikkstille - mesta ikkje ei krusing å sjå. Goksøyra speglar seg, og det gjer alle andre fjell og formasjonar rundt vatnet og.


Breifonntind til venstre og Hoemstind til høgre.


Ågottind.

Ågottind.
Frå Breifonna går turen mot naustet til onkel. Der ligg ferga - gamle Eikesdal, ei lita ferge med plass til maksimum fire bilar, som gjekk på vatnet fram til 1974. Onkel kjøpte ferga ein gong på 1990-talet. I dette klippet frå Norge Rundt 21. august 1998 (heilt på starten av sendinga) kan du sjå meir om historia til ferga og onkel.


Det er lite som gjer meg så lykkeleg som blikkstille vatn og fjella som speglar seg.
Dette skulle handle om pappa. Og Hoemsetra.
Ein seier jo ofte på litt tull at "kan den siste som drar, slukke lyset". Og det var det som vart pappa sin jobb på Hoemsetra. Då siste ferga gjekk over vatnet, drog han og bestemor med. Heldigvis vart ikkje lyset slukt for godt - mykje takka vere den innsatsen både pappa og onkel Tore har lagt ned i staden dei siste tiåra.
No er dessverre pappa sjuk, men eg veit at alle dei titals tonna med stein han har lempa, betalar seg tilbake til han no. Derfor fortener han å bli heidra på farsdagen - for kva er eigentleg ein pappa når vi skal komme han i hug? Eg er ikkje i tvil - pappa er limet i familien.





1 kommentar:

Unknown sa...

Så vakkert Ingunn,både historien og bildene💖Blir rørt,selv om et aldri har visst om at du har vokse opp på en sånn plass😍Interessant å få innblikk i historien.

Etiketter