Totalt antall sidevisninger

søndag 15. november 2020

Turblogg : Familie- og turglede i Innerdalen

Etter ein lang og slitsom haust prega av sjukdom og dødsfall i familien, har det vore lite tid å vere berre vi fire i familien saman om å gjere noko. Derfor kom denne helga som manna frå himmelen med god tid til å vere saman. 

Like stor glede kvar gong å sjå desse omgjevnadane.
Med det vervarselet som var for helga, vart vi einige om å dra ut på tur. Sjølv om det sannsynleg vis ikkje var sol i Innerdalen, var det likevel mest fristande å dra dit. Det var berre å lage ei niste og få med godsaker og nær sagt kaste seg i bilen for å dra avgarde. Eg har ikkje vore i dalen så seint på hausten, men med rundt 10 grader og skikkeleg synnavind, var det lite som tyda på at det allereie er 15. november.
Ja, eg veit du har sett dei fleste motiva før, men det er noko rart med Innerdalen - det er akkurat som at eg ser alt for første gongen kvar gong eg er der. Gleda over å komme dit er like stor kvar gong.

Ikkje alle nypene har blitt tatt av frost enno.





Då vi kom til parkeringa i Nerdal, var det overraskande mange bilar der. På vegen opp, møtte vi somme som var på tur ned, men det var tydeleg vis mange som meinte Innerdalen var ein fin plass å bruke søndagen.
Etter å ha tatt bakkane oppover til Innerdalen omtrent utan pause, var det godt å komme fram til Renndølsetra. Der stod alle husa akkurat som før, og det viste seg at det var folk på setra. Det er jo fleire månadar sidan sesongen var ferdig og serveringa avslutta, men eigaren måtte sjå til husa, stenge av vatn og slike viktige føremål.




Som alltid, la vi matpausa til borda som står utanfor på Renndølsetra. Vi høyrde det var stemmer der, og vi såg nokre ungar som sprang litt att og fram. Plutseleg stod ho jenta framføre oss med eit brett med vaflar og spurde søtt "vil dokker ha vaflar?" Gjett og vi vart glade og overraska?! Ein seier ikkje nei til vaflar i Innerdalen... Då hadde ho kome på at ho skulle spørre oss og spurde dei vaksne om det var greit. Dette var verkeleg det som sette prikken over i-en - altså ramma inn Innerdalen i det som er ein viktig del av Innerdalen for meg - vaflar på Renndølsetra <3

Made my day! Vaflar servert ein haustdag på Renndølsetra <3
Eigar Eystein Opdøl var blid i godveret - alltid like triveleg å treffe :)
Etter stoppen på Renndølsetra høyrer det alltid med å gå vidare opp til Innerdalshytta. Denne gongen tok eg ein snartur oppom Renndøla for å fotografere den flotte elva. På høgresida av elva går ein innover Renndalen mot Storlidalen og på venstresida av elva går ein over mot Todalen.

Renndøla.
På Trolla og Skarfjellet (til høgre) hadde det komme eit lett dryss av snø.



Etter å ha "sjekka" at alt var greit oppe ved Innerdalshytta og observert at det var gjestar på turistforeiningshytta, var det tid for å gjere retur heimover. Det er vanskeleg å avslutte på annan måte enn slik vi avslutta stilane i "gamle dagar" på skolen: Og alle var einige om at det var ein fin tur <3 - også denne gongen vart det ein utruleg fin tur.




2 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for at du tok meg med på turen din! Har ikkje vore i Innerdalen, men dette frista til ein tur dit ��

Lady Ingunn sa...

Tusen takk for veldig hyggeleg tilbakemelding :)

Etiketter