Totalt antall sidevisninger

tirsdag 17. august 2021

Turblogg: Del 2: Tankar om livsmeistring på returen langs Fjordruta frå Jøtulbu til Halsa

Mens den første dagen var overgitt i Stikk uts hender, vart returen frå Jøtulbu til Halsa prega av å spektakulær og flott utsikt. Men først må ein komme seg opp i høgda.

Dag to vakna Prins og eg opp klare for å ta returen tilbake til bilen i Halsa. For meg var det ein stor siger å greie å gjere turen på eigenhand - både å planlegge han godt nok til å vite at eg kunne gjere det og det å faktisk gjere det. Dette var ei skikkeleg oppleving av livsmeistring. Det er uhyre viktig for å kjenne at ein lever. Om ein ikkje opplever livsmeistring, trur eg det er er vanskeleg å vekse og utvikle seg som menneske.

Litt om hytta

Jutulbu er ei romsleg hytte med plass til mesta tjue å overnatte - inkludert flatsenger og hems. Hytta er tjue år gammal, og i følge avisartiklar eg fann på hytta, vart ho bygd i frå juli til oktober 2000! Eg er taus av undring om dugnadsinnsatsen til dei som gjorde det!
Mens eg snakkar om dugnadsinnsatsen, kan eg og nemne kor glad eg er for at eg fekk intervjue dei to 90-åringane  Arnfinn Unhjem og Hans Eivind OIsen i sommar oppe på Vollasetra. Unhjem kan vel nær sagt kallast hovudarkitekten bak Fjordruta. Han hadde arbeidet med å kontakte alle grunneigarar for å få tillating til å legge sti på eigendommen deira og han har hatt mykje av arbeidet med å gå opp ruta og merke ho. I tillegg var både han og Olsen blant dei ivrigaste snekkarane til å bygge opp hyttene langs Fjordruta, og i følge Olsen, bygde dugnadsgjengen ei hytte i året. Unhjem er æresmedlem i turistforeininga for innsatsen!

Avgang frå Jutulbu med retning Halsa


Kvelden før hadde eg kikke i eit hefte kor ulike turar stod skildra (det heftet finn du i denne lenka). Då eg vakna om morgonen, var det skodde, og det var litt nedtur, men eg visste vermeldinga sa at det ville bli bedring. Då vi var klare til å gå, hadde skodda letta såpass at eg kunne skifte til shortsen.
Men så var det kva veg eg skulle gå...Ein av turane som stod omtalt var via Skreåfjellet og Vassdalsheia. Det ville medføre, utan skodde, ei nydeleg panoramautsikt på mesteparten av turen, og det freista veldig. Men sjølv om mykje av skodda letta når eg skulle starte å gå, var det enno ikkje letta rundt Skreåfjellet.
Likevel starta eg å gå mot Settemsvarden kor eg var kvelden før. Frå der skulle eg gå bortover i retning Skreåfjellet. Men tåka var ikkje letta då eg kom fram til Settemsvarden, og sidan eg måtte ha telefonen i flymodus på grunn av lite batteri, og dermed mangla kart, droppa eg tanken... Og returnerte til hytta for å gå den tenkte vegen tilbake - den som står markert i kartet. 

Skreåfjellet ligg i tåke.

I motsett retning, mot Settemsdalen, var det klarna opp.

På gjensyn? Kanskje eg kjem att.

Ein tur bortom Settemsvarden - ein time ekstra tur...

Morgonstemning.

Vel, vel, då vart det same vegen i retur.
Til eg hadde kome meg ned mot Gammelsetra, hadde skyene letta over Skreåfjellet, men eg kjende eg ikkje var så gira på dei 350 høgdemetra opp. Om eg ikkje hadde gått den timesturen først, hadde eg kanskje gjort det. 
Harald Egil Folden har skrive i eigen blogg om tur til Skreåfjellet frå Bøfjorden

Her kunne eg gått over og opp lia til Skreåfjellet og vidare til Vassdalsheia.

Det var like nydeleg ved Skreåvatnet den dagen som då eg gjekk der dagen før.

Litt om stien sin standard

Eg skrytte øvst i teksten av det arbeidet KNT har gjort med å etablere Fjordruta. No har eg berre gått denne delen av turen, så eg har jo ikkje mykje erfaring av ruta. Men dei som har gjort og gjer merkearbeidet, fortener skryt for det dei gjer, for det er ganske mange kilometer som skal merkast.
Det som er langt verre, er at fordi det er få fjellturistar på dette området - det la eg mellom anna merke til med å sjå at det berre har vore rundt 60 overnattingsdøgn på Jutulbu, og alle går ikkje den ruta eg gjekk - så gror stiane dessverre fort igjen. 
Eit anna problem er at det ikkje finst beitedyr i traktane lengre - eg observerte omlag seks sauar, og det er ikkje mykje.
Desse to faktorane gjer at eg er oppriktig bekymra for stiane si framtid. Nokon plassar er det merka på bakken, men når det veks gras og blom langt over høgda på min eigen hund, er det ikkje lett å sjå den merkinga.
Dei påfølgande bilda handlar om akkurat det.





Utsikt på turen

Etter å ha gått til venstre i krysset der to stiar møttest i går (og kryss i taket: eg brukte 15-20 minutt kortare tid å gå returen enn turen dagen før!), begynte stigninga oppover lia. Eg hadde rett og slett ikkje peiling på kva som ville møte meg, så det var berre å gå på. Oppover lia bars det, og etter kvart skjønte eg at eg jo heldigvis ikkje skulle gå i skogen i all tida. Plutseleg begynte det nemleg å opne seg opp... Og då var det - med handa på hjartet - den finaste utsikta du kan tenke deg og ønske deg som openberra seg!
Dette var rett og slett verd slitet oppover lia. Der gjekk eg langs ein kant og passa på å ikkje ramle utom, men eg måtte berre nyte utsikta nedover mot Skålvikfjorden og over mot Tustnastabban (som eg har så lyst å gå!). Dette området heiter Middagsheia.

Vatnet er Megardsvatnet kor eg var dagen før.

Her kjenner eg meg utruleg tilfreds!!!

Midt i bildet ligg stikk ut-posten i Vassdalen eg også var til.


Men ei utsikt kan ikkje vare evig, veit du, så eg måtte berre gå vidare og vere tilfreds med å sjå deb utsikta. Det er langt att til eg er i mål, og på dette bildet har eg vel faktisk berre gått rundt 4-5 km av dei totalt 14 kilometra. Og endå har eg att både oppover- og nedoverbakkar.



Ganske bratt nedover her.

Diger stein - Håkkåsteinen på 500 moh.




Eg hadde ikkje før runda Håkkåsteinen og starta å gå litt nedover, før det viste seg at eg skulle gå bratt oppover att. Like nedanfor steinen ligg det eit lite tjern som er opphavet til Håkkåsteinelva.
Før vi skulle starte å gå opp bakken på bildet under, måtte vi rett og slett ha oss ei pause...Då vart turleiaren rett og slett litt lei. Heldigvis tar det berre fem minutt å finne att motet og dra seg oppover bakken :)



Ned dalen her er motsett side av Skreåfjellet og Vassdalsheia. I enden av dalen ligg grenda Dragset, som ligg noko lenger ut enn Bøfjorden.
Frå Håkkåsteinen gjekk vegen vidare opp til Flatfjellet.


Utsikt ned Dragsetdalen mot Dragset. Bølandet ligg på andre sida av fjorden.

Prins med Saksa/ Blåfjellet i bakgrunnen. 10 minutt seinare var vi i dalsøkket mellom Blåfjellet og Krekjefjellet. Sjå bildet under.



Prins lurte ein augenblink om vi skulle opp på Saksa/ Blåfjellet, men det skulle vi ikkje den dagen. Det er rundt 270 høgdemeter, men det hadde eg ikkje tid til og krefter til. Skal ein gå på den toppen - og eg er sikker på at det er ei fantastisk utsikt derifrå - bør ein starte frå Halsa i staden. Eller ein må ha bedre tid på returen enn det eg hadde.
I det eg går vidare, får eg den openberringa eg trong for å vite at turen har ein ende - eg såg fergene på fjorden. Og no ser eg at stien begynner å gå nedover.


Eit langt stykke synest eg stien går for mykje bortover mot Betna, og eg begynner å lure på om eg har parkert bilen på rett stad.


Heldigvis kom det eit skilt som viste vegen vidare på 400 moh.

Frå skaret midt i bildet kom eg gjennom og begynte å gå nedover.


Det er ikkje til å kome frå at eg vart mesta motlaus av å gå på desse myrene. Det verka som at eg gjekk kilometer etter kilometer - og ikkje ei molte var å sjå. Iallfall ikkje langs turiststien, og eg var jo ikkje femti meter til høgre eller venstre for stien. Men eg merka meg noko som vel ikkje er det vanlege ein sommardag, og det var at myrene var veldig tørre. Dei skulle vel ha hatt noko vatn i seg, og kanskje var det ikkje mykje molte heller på grunn av at det har vore så lang tørkeperiode i sommar.
Heldigvis fann eg anna bær langs stien. Mykje blåbær og krøkebær og etter kvart også bringebær. Det var næring og smak i kvart eit bær. For ei lykke å stappe i munnen.






Og endeleg etter langt og lenge - det vil seie presis seks timar etter at eg gjekk frå Jutulbu, såg eg endeleg vegen og såg bilen borte der eg parkerte han dagen før. Gjett om eg var glad!




Eg fulgde turiststien med unntak av dei plassane eg har prøvd å teikne med oransje.

Litt oppsummering av turen:

Eg er utruleg glad for at eg braut meg laus og gjennomførte turen! For å vere den første overnattingsturen eg tok åleine slik, var det ein høveleg tur å ta. Passe lang, passe bratt og med fine utfordringar.
Eg er utruleg glad for at Prins var med, for då var eg ikkje åleine. Han er og blir verdas beste turvenn, og han gir jarnet når han treng å gi jarnet!
Om eg skal gå der igjen? Mens eg gjekk nedover myrene, tenkte eg at det skal eg ikkje. Det får vere det same med Saksa. Men så trur eg kanskje at eg gjerne kjem til å finne vegen til Saksa likevel. Det er ein fin tur opp på 900 meters høgd.
Viss denne rapporten bidrar til at nokon kjenner på at ein må gjere noko for å kjenne på livsmeistring, er det skikkeleg supert. Du veit - der ein ikkje bevegar seg, blir det ikkje framgang. 
Og så må eg berre seie: Vi må ut og gå meir i skog og mark så ikkje landskapet gror att. Før vi anar ordet av det, er dei fine utsiktene borte. Det bekymrar meg oppriktig.
Takk for følget på denne turen og :)

I did it! Skikkeleg "well gone", Ingunn <3

1 kommentar:

Bundingen sa...

Veldig kjekt å lese! Jeg har vært på flere hytter på Fjordruta, men ikke på denne. Men far min kom fra Bøfjorden, og her var mange kjente navn. Det du skriver om livsmestring er viktig. Likeså bekymringa om gjengroing når det ikke er beitedyr i området. Jeg må nok lese forrige innlegg også.

Mvh Ingunn

Etiketter