Totalt antall sidevisninger

søndag 24. april 2022

Ti år etter Runar - og sorga blir større

 I dag, 23. april, er det ti år sidan Runar døydde frå oss. Ti år på godt og vondt - naturlegvis. For meg gjer det vondare og vondare.


Den skjebnesvangre formiddagen: Skjebna/ ei styring ovanifrå ville det slik at eg meldte meg sjuk til arbeid den dagen. Var sliten og ville bruke dagen til å samle krefter for resten av våren, og samtidig skulle eg ordne huset til Runar skulle komme heim frå arbeid på plattforma.

Derfor var eg heime då presten ringte på døra. Dødsbodskap. Berre den som har fått det på døra, veit korleis det er. Kontrollspørsmålet: "Er dei heilt sikre på at det er Runar? Det kan vere feil". Nei, det var ikkje feil.

Det smertefulle i å ringe svigermor og mamma for å fortelje. Og korleis fortel ein barna sine at pappaen er død? Berre den som har gjort det, veit korleis det er.

Så skal ein gå vidare - starte ein ny kvardag. Åleine med to enno små barn. Prøve å ordne kvardagen, sørge for at dei kjem seg til barnehage og skole, har vennar å vere med, at dei føler seg trygge. Og ikkje minst at eg sjølv kom meg i hamn med den eksamenen eg akkurat heldt på med då dette skjedde. 


Det har vore sagt at når grava er lukka, blir det stille. Og det er heilt sant. I ti år har det stort sett vore stille i livet mitt. Eg har skrive om einsamheit før, men dessverre blir eg aldri ferdig. Korfor skal det vere slik at nokon er så mykje meir einsame enn andre?

Eg kom flyttande til Sunndal hausten 2003 - med litt blanda følelsar, for eg hadde akkurat fått  nokre venner i Kristiansund eg trudde eg og dotter mi kunne henge litt saman med, særleg fordi det var ungar som var like gamle som henne. 

Eg oppdaga ganske fort at det skulle bli vanskeleg å finne nokon å bli venn med i både bygda og kommunen. Å bli venner krev ein porsjon innskot av tid frå begge partar, og når vi ikkje hadde same tilhaldsplass, som f.eks. jobb, var det vanskelegare å pleie vennskapet. Og så er det noko med dei aller fleste - inkludert meg sjølv - så det blir ikkje alltid slik ein ønsker seg.

Då Runar døydde, hadde eg ikkje nokon spesielle venner eg pleide å vere saman med. Eg hadde akkurat vore gjennom kreftsjukdom sjølv, hadde gått tilbake til arbeid i ordinær stilling, så tida for å leite venner, var sikkert ikkje heilt der. 

Det har gått ti år etter at Runar døydde. For kvart år som går, skulle det gå lettare - minna bevarast og sorga mildnar. Og det er sant - sorga etter Runar mildnar, for eg har innfunne meg med det som skjedde. Men sorga over det einsame livet i Sunndal blir større og større.

Ja, eg veit mange vil stusse, for trass alt er eg til dømes heldig som har den avisjobbinga kor eg treff mange folk - og på den måten kan legge ut nokre kjendissjølviar i blant.

Jau, du verda, det er ein fin bonus i frilansjobbinga. Men har du sett meg på desse arrangementa saman med nokon andre? Nei, det gjer du stort sett aldri, oftast fordi eg ikkje har nokon å gå med. Ikkje treff du meg på mange andre arrangement (som privat) heller. Viss eg ikkje har nokon å gå med, er einsamheita heime trass alt bedre enn einsamheita ute blant folk. 

Fakta er at eg har selt bort billettar til store konsertar eg ville på, fordi eg ikkje ville dra aleine - både Bruce Springsteen, A-ha og Lissie hadde konsertar i Trondheim eg hadde skaffa billettar til, men eg selte dei att.

I dei siste månadane har eg fått høyre av somme at det verkar som at eg er over alt - særleg på ganske mange arrangement.

Det har vore ein ganske slitsam periode. Ikkje berre fordi eg farta frå det eine til det andre (og hadde lite tid å bruke til trivelege aktivitetar utomdørs), men og fordi eg til sjuande og sist handterer vinteren veldig dårleg. Eg seier til meg sjølv at no går det bra, no har eg blitt flink å komme meg gjennom vinteren... Men plutseleg kjem det som eit slag i ansiktet at eg ikkje gjer det. Vinteren er mesta like tung og tøff til meg som han var for tjue år sidan - berre på ein litt annan måte.

Men jau, eg er vel noko på farta - vel å merke omtrent berre lokalt. Dei siste par åra har eg engasjert meg stadig meir i styrearbeid i fleire organisasjonar. Eg har nok hatt litt for lett til å svare ja, så det kan eg ta sjølvkritikk på, men alle verva skal ta meg gjennom 2022...- og eit godt stykke inn i -23. 

Men eg klagar ikkje, for det å vere med i det frivillige, er jo nettopp frivillig - og nokon må gjere det. Det fell oftast mest på ja-menneska. 

Men eg vil ikkje at du skal oppfatte meg som ei som klagar og syt igjen på grunn av dette med einsamheita mi. Det er jo trass alt ikkje berre eg som er einsam. Einsamheit er ei av dei største folkesjukdommane i dag - og pandemien gjorde det ikkje noko enklare for veldig mange. Det fine med pandemien var at då fekk mange kjenne på kva einsamheit er - endeleg fekk fleire oppleve korleis mitt og mange andre sine liv til kvardags er - kall det gjerne ei realitetsorientering.

Allereie i 2010 stilte VG spørsmål om einsamheit er vår nye folkesjukdom.  Nokre år seinare stilte NRK det same spørsmålet, men då med bakgrunn i korleis dei eldre har det. Eg både trur og veit at det er vanskeleg å vere eldre i dag - særleg om du ikkje er frisk og ikkje kjem deg ut.

Men eg veit og at vi er mange som er langt yngre. Barn er einsame, ungdommar er einsame og vaksne er einsame. Når døra lukkast heime etter skole og arbeid, er det stilt. Det skjer ingen ting, ingen ringer på telefonen, ingen ringer på døra. Ingen inviterer deg ut eller på tur eller berre på å vere i lag. I sosiale media ser ein at det er mykje som skjer, men du er ikkje ein del av det. Du sitt heime og ser på tv, eller kanskje gjer du noko anna fornuftig. 

Det som er felles for alle dei hundretusenvis av folka som sitt heime eisame, er at det er ufrivillig - det er uønska. Aller helst ønsker ein selskap av nokon - ein ønsker at nokon skal vise at ein blir tenkt på - berre eitt lite signal.

Eg trur ikkje eg er åleine om å verken tenke eller føle det slik, og det er derfor eg skriv om det. Men det er det triste: At så få tør å stå fram med det og fortelje korleis det er.

"Du kan jo berre ringe nokon sjølv," tipper eg nokon seier. Her snakkar eg for meg sjølv: Det er ei ganske slitsam handling å gjere. For korfor har ikkje nokon tatt kontakt med meg? Korfor står ikkje eg øvst på prioriteringslista hos nokon? 

Eg tigger ikkje nokon om å få stå øvst på prioriteringslista deira. Då unngår eg dei heller. Eg orkar ikkje vere eventfirma for samankomstar og andre sosiale happeningar (som t.d fjellturar er). 

I politikken og på rådhuset snakkast det om bolyst - få folk heim att til Sunndal, få nye folk til Sunndal for å arbeide... Vel å merke ingen barnehageplassar å oppdrive for den som treng det.

Men - alle snakkar om bolyst, og det einaste eg kjenner på er flyttelyst... Korfor er det eigentleg så vanskeleg å få vennar - gode vennar?

4 kommentarer:

Odd H sa...

Førs og fremst en erlig og flott beskrivelse. Runar husker jeg fra er Amo kurs vi var på en gang på 90 tallet �� Jeg føler meg ensom og eksludert fra Sunndalsøra, jeg var så glad i barndommens dal. Tiden har endret seg og så har vel jeg,men hvorfor vet ikke folk at jeg er ensom? Er det for de jeg ikke sier det eller er det for de vi alle er mest opptatt av oss selv?
Jeg tar nå konsekvensen av at gammel kjærlighet og minner ikke lengere er dær og flytter ut.
Det er trist �� å føle at man ikke hører til eller føler seg inkludert i sine barne og ungdoms gater.
Jeg har i alle år framsnakket hjemplassen min, for jeg har vært mange år borte tidligere. Men denne gangen blir nokk min siste tur.
Så håper jeg at det er mere lys i åpnete landskap.

Unknown sa...

Som eg skulle ha skrevet det sjøl ...bare at jeg bor i Tromsø..har ørten søsken og tantebarn .men ett titalls av de har eg aldri sett eller hørt ifra siden de var født . Hadde det ikke vært for fb så hadde jeg ikke visst om at de eksisterte engang...etter mitt eneste barn døde ble det stille ...HELT STILLE....

Unknown sa...

Ta kontakt med damen som skriver innlegget kanskje dere kan avslutte ensomheten ilag ?

Monica M. sa...

Som jeg skulle ha skrevet det selv. Kan jeg sende deg en pm på Instagram? :)


Mvh.
Monica M. B.

Etiketter