Totalt antall sidevisninger

tirsdag 11. juni 2013

Gratulerer med dagen, alle landets kvinner!

Har du hengt ut flagget i dag? Det er i dag som er sjølvaste kvinnedagen i Noreg! I dag burde alle vakre kvinner i by og bygd, ved fjord og i hei ha hengt ut flagget! I dag er det 100 år sidan vi kvinner fekk røysterett!

Ja, det er i dag det skulle vore kvinnedag! I dag har alle landets kvinner god grunn for å hengje ut flagget og markere takksamheit til dei kvinnene som rydda veg i vellinga for oss på begynninga av 1900-talet! Ein skal ikkje gløyme at det første forslaget om kvinneleg røysterett vart stemt over allereie i 1890. Før det endeleg vart vedtatt i 1913, var temaet røysterett til alle opp til handsaming i Stortinget 15 gonger! Sjølve grunnlovsendringa var det røysta over ni gonger før ho vart vedtatt.

Noreg var det fjerde landet i verda som fekk stemmerett! Australia, New Zealand og Finland var før Noreg. Det kan vere verd å kaste eit blikk tilbake på Noreg for rundt hundre år sidan!
På den tida var landet blant dei fattigaste i Europa. Tyskland hadde nokre år før begynt å byggje opp hæren sin. Det var ei stadig auke av uro over heile verda - både i Amerika, Europa, Afrika og Asia, spesielt Kina. Berre tre dagar etter at det norske Stortinget hadde vedtatt stemmerett til kvinnene i 1913, braut den andre Balkankrigen ut berre åtte månadar etter den første - det som av mange har vore omtala som det urolege hjørnet av Europa! Opptakta til første verdskrig var i gang!
Det viktigaste kravet bak ønsket om stemmerett til alle i Noreg, var betre sosiale og økonomiske rettigheiter. Sjølvsagt skapte dette skarpe kantar mellom frontane. Fredrikke Marie Qvam var den framste talskvinna for utvida stemmerett, og ho prøvde og å få dette spørsmålet inn i folkeavstemminga om unionsoppløysing i 1905 - utan å lukkast! I etterkant vart det på Qvams initiativ samla inn 300 000 underskrifter frå kvinner over heile landet som støtta eit sjøvstendig Noreg! Den samme Qvam var og ei av foregangskvinnene som etablerte Norske Kvinners Sanitetsforening like før unionsoppløysinga!
I 1907 vart stemmerett for kvinner endeleg vedtatt, noko som førte til at Anna Rogstad stilte som første kvinnelege vararepresentant på Stortinget i 1911. Heilt over var ikkje kampen, og sjølv om formannskapslovene opna for kvinneleg stemmerett, vart ikkje dette grunnlovsforslaget vedteke i 1911 heller. I 1911 skjedde det imidlertid ei rekke andre hendingar som var viktig i kampen for kvinners rettigheiter. Elise Seim vart den første kvinnelege sakførar i Høgsterett. Den internasjonale kvinnedagen vart innført 8.mars. 17.mars møtte Anna Rogstad som første kvinne på Stortinget. Tre veker seinare vart det stifta ei kvinneleg fagforeining som hadde sommarferie som sitt framste krav!
11.juni 1913 vart det altså fleirtal for stemmerett for alle menn og kvinner over 25 år i Noreg! Ein lang kamp fekk ein lukkeleg ende!

Det kan vere interessant å sjå litt på korleis det står til i Noreg hundre år seinare! For samme dag som denne 100-årsmarkeringa finn stad, vert følgjande melding publisert: Berre 65 av 171 toppkandidatar til årets stortingsval er kvinner - og det er 4 % færre enn for fire år sidan! Fortsatt er det vanskeleg å få kvinner til å delta i samfunnsdebatten! Til trass for at talet på kvinnelege ministrar er høgt, har det fortsatt vore berre ein kvinneleg statsminister i Noreg! Både Island, Israel og Pakistan låg langt føre Noreg i denne kvinnepolitiske revolusjonen! Og som Aftenposten skriv i dag: Fortsatt fins det mesta ikkje kvinner som har fått plass på ein sokkel som statue!
Derfor vonar eg mange kvinner (og menn) har hatt flagget ute i dag og markert denne viktige åremålsdagen! Vi treng kvinner som går foran - vi treng kvinner som taler kvinners saker - vi treng det kvinnelege engasjementet!

PS! 3.november bør kvinner over heile verda gå saman om ei storstilt feiring! Då er det 100 år sidan bhen vart patentert! Ikkje så heilt uvesentleg hending det heller!!! DS!

Gratulerer med dagen, damer!

Ingen kommentarer:

Etiketter