Totalt antall sidevisninger

mandag 17. juni 2013

Kor er kvinnene på festivalprogramma?

Maria Mena - ei sjeldan feminin rose i eit elles maskulint festivalprogram!


I helga hadde eg eit par trivelege dagar på Norwegian Wood Festival i Frognerbadet i Oslo. Dessverre var det kun ei kvinne som var trekkplaster på hovedscena! Det var fem dagar etter 100-årsmarkeringa for kvinneleg stemmerett!

11.juni markerte eg nokså sterkt her på bloggen at det var 100 år sidan vi kvinnene fekk ålmen røysterett i det politiske virket i Noreg. Samstundes etterspurte eg kor til dømes kvinnene på sokkel er - utan kronprinsesse Märtha, Wenche Foss og Grethe Waitz er det ikkje mange kvinner som har fått ein skulptur av seg sett på sokkel. Dessverre.
I helga syntes eg det var veldig tydeleg fråveret av kvinner i det musikalske rommet. Og la det vere sagt med ein gong: Sundag var Gramo Underwood-scena på festivalen vel besøkt av dyktige unge kvinner! Men på den store scena var det berre Maria Mena som fekk synge - elles var det dyktige karar "all over"! Men når eg medan eg skriv dette, sitt og ser på filmen om Ragnarockfestivalen i Holmenkollen i 1973, så er det ikkje så stor forskjell frå då til dagens stode!
Eg har for sikkerheits skuld gjort ein liten sjekk på nettsider til ei rekke festivalar - det vere seg kristeleg festival, jazzfestival, countryfestival og ymse lokale festivalar, og inntrykket mitt blir stadfesta over ei brei line: Kvinnene er i kraftig underrepresentasjon - for meg har det vore vanskeleg å finne ein festival som har fleire enn 20 % kvinner blant dei som står oppført som artistar. Og endå vanskelegare har det vore å finne ein festival som har ei kvinne som det framste trekkplasteret! Det finns heldigvis eit par heiderlege unntak, deriblant Laksefestivalen i Surnadal som har Bonnie Tyler.

Det er påfallande få kvinner som får formidla sin bodskap og lufta si røyst i sommar på dei mange scenene rundt om i landet. Eg skulle likt å vite kva som vert diskutert i dei mange festivalkomitear og festivalstyrer når knappast ei kvinne er invitert til nokon festival som eit toppnamn?!
Eg skal ikkje hengje heile argumentasjonen på det med stemmerettsjubileet - men kanskje nettopp derfor er det så påfallande kor lite verda har bevega seg dei siste 100 åra! Også på den musikalske sida!
I det politiske rommet og i styreromma er det krav om 40 % representasjon av kvart kjønn. Kvifor kan ikkje og dei ulike festivalstyra bli litt meir bevisst kven dei sett opp på ei alt frå kort til ei lang liste med namn på artistar?!

Det er vel kanskje ikkje så nøye, vil nokon meine. Men i likestillinga sitt namn vil vi vel ikkje ha ein musikkbransje som er 100 % maskulin? Kor er kvinnene som skal vere føregangspersonar for alle dei ungdommane som kjem etter oss? Det er trass alt slike festivalar som er ei av artistane sine viktigaste inntektkjelder sommarstid! Viss ikkje fokuset blir å få fleire kvinnelege artistar opp og fram på festivalscenene, er eg sterkt bekymra for kor mange kvinner som i framtida vil gå for å vere profesjonell musikarar og artistar! Gapet i mellom dei som er veldig kjent og dei som prøver å arbeide seg oppover i systemet i motvind trur eg vil bli gradvis større. Eg trur og at det vil gjere at stadig fleire kvinner vil ramle ned frå denne stigen nettopp fordi det vil - om ikkje noko endrar seg dramatisk - bli stadig vanskelegare å nå fram til eit større publikum!

Eg vonar eg tar feil i mine påstandar og framtidssynsing, men akkurat no trur eg dessverre eg har veldig rett!

Ingen kommentarer:

Etiketter