Totalt antall sidevisninger

fredag 21. juni 2013

INNLEGG PÅ VILLAKSSEMINAR I SURNADAL

I dag har eg deltatt på eit svært lærerikt seminar med villaks som tema på Nygard Lodge i Surnadal i høve laksefestivalen. Svært interessant å være med på! Her er innlegget eg heldt for forsamling:

Elvene i Noreg representerer to viktige oppgåver i samfunnet:
For det første er det den viktigaste fornybare energikjelda vi har, og for det andre er det ein viktig kjelde til rekreasjon, turisme og forvalting av naturen.
Dei spørsmåla som blir stilt i dag må sjåast i samanheng med desse to viktige oppgåvene.
Det er heilt feil å seie at vi har nok straum, for det har vi slettes ikkje! Det fekk vi erfare i vinter då det var fleire veker med kulde, og går vi litt sørover i Europa, er fornybar energi eit svært etterspurt produkt. Og kvifor: Jau, fordi vi er nøydde å ta miljøspørsmålet meir og meir alvorleg. Dette er noko mellom anna forbundskansler Angela Merkel har arbeidd mykje med dei siste åra.
I Noreg er vi heldige som har rikeleg tilgang på vatn. Det gjer at vi kan ha reservoar som lagrar vatnet, slik at straumprisane vert forholdsvis låge, også når det er lange periodar med kulde og opphaldsver – og samanliknar ein seg med andre land, er straumen retteleg rimeleg!
KrF ønskjer at det skal vere muleg å byggje ut fleire småkraftverk for å komme denne etterspurnaden i møte. Men der ønskjer eg og å leggje til at – med oppveksten ved Eikesdalsvatnet som bakteppe: Dalføret Eikesdal – Eresfjord er vel det dalføret her i distriktet som har gitt flest elver i frå seg nettopp for å imøtekomme straumetterspurnaden -og eg veit godt at det å leggje elver i røyr er slettes ikkje berre bra! Det er og med på å setje naturen i retardasjon. På 60-70-talet, medan ein fortsatt hadde lov å fiske etter laks i Eikesdalsvatnet, var det ikkje så uvanleg at ein fekk laks på garnet som var oppi 12 kg. Etter at elvene i Eikesdalen vart utbygd, er det mesta uråd å få fisk som er større enn 6-8 kg! Det resulterte og i at elva Aura i Eikesdal som tidlegare var ei utmerka lakseelv, vart heilt tørrlagt! Pappa har fortalt historier om når laksen låg ved elvebredda øvst i dalen og sola seg då han var skulegut!

Med dette for auge, vil eg fremme følgjande synspunkt:
Fisking etter villaks i elvene er eit gode som eg ønskjer å støtte opp under! I dei elvene som har ein naturleg laksebestand, ønskjer eg at det skal fortsetje å vere laksefiske! Og då er det viktig at det er riktig tilgang av vassføring, slik at fisken går opp den leia den skal. Eg bur sjølv i Sunndal, og ser dagleg no på sommarstid kor viktig elva er som kjelde til rekreasjon og uthenting av ein naturleg ressurs. Toril Melheim Strand her bur i Eresfjord, og fekk for nokre veker sidan oppleve på nært hald kor viktig elva er i marknadsføringsaugemed, då kong Harald besøkte bygda. Dette er maksimal marknadsføring!

MEN: Villaksbestanden har ei stor utfordring, og det er trusselen lakseoppdrettsanlegga fører med seg. Eg saksar frå KrFs program: «For oppdrettsnæringen utgjør livskraftige bestander av villaks både grunnlaget for dagens næring og en viktig genetisk ressurs for fremtidig utvikling».
For å sikre at desse to næringane ikkje kjem i konflikt med kvarandre ønskjer KrF at det skal setjast strengare krav til korleis oppdrettsnæringa driv, mellom anna med vidare utvikling av lukka anlegg, som er ein teknologi som er i full utbygging rundt om i verda. Dette har og representantar frå partiet fremja forslag om frå Stortingets talarstol. Målet må vere å hindre spreiing av lakselus og ikkje minst rømming frå merdene. Det er verkeleg noko som vil vere eit viktig tiltak for å fortsatt sikre tilgangen på rein, ubesmitta naturlaks!

Men ja – KrF vil gjerne ha ei minstevassføring i elvevassdraga. Villakssvennlege konsesjonsvilkår er viktig for å sikre ei framtidig bestand av laksen. Når det gjeld det siste spørsmålet, trur eg at ein må inn og lage avtalar mellom grunneigarar og Statkraft som mellom anna sikrar at det blir slept ut tilstrekkeleg mengde vatn i elvene i dei periodane ein treng det for å sikre gode gyteplassar. Installering av omløpsventil er sjølvsagt eit verkemiddel som og må vurderast å takast i bruk.


Til slutt vil eg seie: KrF vil at eit naturleg liv i elvene skal oppretthaldast! Dette er viktig for det biologiske mangfaldet og for dei generasjonane som kjem etter oss.

Ingen kommentarer:

Etiketter