Totalt antall sidevisninger

onsdag 5. juni 2013

På veg tilbake mot kvardagen...

"Tillat deg å gråte og rase med én gang. Få gørra ut." Seier Anne Cecilie Remen i Norsk Ukeblad denne veka - det handlar om korleis ein reagerer når ein får ei kreftdiagnose.

Kva er det med meg? Då eg las det, begynte eg med ein gong å tenke på kva eg sjølv hadde gjort. Har eg tatt meg tid og rom til å gråte og rase over kreftdiagnosa eg fekk?  Svaret trur eg er nei, eg har ikkje gjort det. Eg vart berre redd - veldig redd!

Det er i desse dagar tre år sidan eg fekk den forhatte kreftdiagnosa. Ein 2 cm lang kul i brystet - det var uråd å unngå å kjenne han - men det kunne jo eigentleg vere kva som helst - kulen kunne vel forsvinne like fort som eg hadde oppdaga han. Slik gjekk eg og tenkte i eit par månadar - åleine i mi eiga tankeverd!
For å gjere historia kort: då eg først gjekk til legen, gjekk alt veldig fort: Allereie veka etterpå var eg på mammografiundersøkinga, og ei veke seinare låg eg på operasjonsbordet! Og feriesesongen var akkurat begynt på Molde sjukehus, og det var mange korridorpasientar. Eg har trekt fram denne eineståande handsaminga eg fekk fleire gonger! Då eg vart sjuk, fungerte helsevesenet!

Gråte og rase... eg veit ikkje om eg har gjort det... Eg kan minnes eg sat aleine med fortvilinga over sjukdommen - minstemann var berre 2 1/2 år då. Mange gangar fortvila over omgjevnadane - all uroa det medførte, utmattinga, kranglinga, bivirkningane, den forhatte einsemda... Fortvila når ikkje andre kunne skjønne korleis eg hadde det. Fortvila for at eg sikkert ikkje greidde å skildre det heller. Beit tennene saman og gjekk på vidare. Begynte på masterutdanning - for å fylle tida borte frå arbeid med noko konstruktivt! Etterpå var eg glad for at eg hadde gått i gang med det kraftåttaket som slike studiar er, slik at iallfall hovudet var i drift medan gifta herja rundt i kvar einaste celle i kroppen. Cellegift er ein hard kur for ein sjukeleg kropp!

Eg kom meg tilbake i arbeid - berre eit par månadar etter at behandlinga var avslutta, var eg tilbake ein dag i veka. Eg var tilbake i den ordinære jobben min då hausten kom, kroppen fungerte greit - sliten, ja, men det var til å handtere! Og arbeidet gjekk bra i eitt års tid.
Heilt fram til dagen då alt endra seg. Eg kjem liksom aldri unna den dagen - då eg vart åleine med ungane. Fordi den endra meg som menneske endå meir enn sjukdommen hadde gjort. Fordi då eg trengte at nokon brydde seg om meg, så såg eg ingen. Fordi at eg var i fritt fall då eg trengte noko å halde fast i. 
Då eg trengte at arbeidskollegaene mine skulle bry seg og gi meg ein klem, veik dei unna. Så eg greidde ikkje å komme meg tilbake i arbeid igjen. Arbeidslysta forsvann, ingen motivasjon, ingen konsentrasjon, knappast eit smil å tvinge fram. Berre kampen for tilværet - og den kjempa vi rimeleg åleine; ungane og eg. 
Men no er eg snart friskmeldt - berre ferien begynner, så skal eg vere frisk nok til å sjå framover mot ei ny arbeidsøkt til hausten. Klart eg er spent på korleis det blir. Eit år borte frå kollegiet med berre nokre få, sporadiske møter set sine spor - sikkert ikkje berre for meg.

Det er mange arbeidsplassar som gøymer seg bak det å vere ei IA-bedrift. Inkluderande arbeidsliv - det høyrest jo bra ut når du seier det. Men å oppleve det? Ja, det kan vere noko heilt anna. Eit administrativt formular - eit papir som skal diskuterast og signerast. Utover det er det ingen ting.
Kvifor er ikkje 'inkluderande arbeidsliv' noko som vedgår alle i bedrifta - på alle nivå? 
Det er klart eg har lurt på kva ansvar andre har for å få kollegaen tilbake i arbeid... eg føler eg sit inne med ein del erfaring som ikkje berre er av det gode. Eg trur ikkje eg seier for mykje om eg fortel at eg har diskutert det med sjefen - meir enn ein gong! Og det er det som gjer det tungt - at eg har vore nøydd å seie frå meir enn ein gong! Det er heilt sikkert fleire enn min arbeidsplass som enten ikkje vil eller ikkje kan ta imot slike tilbakemeldingar frå grasrota, og bruke det som ei retningsline vidare for auka trivsel og som eit motiv for å få arbeidstakaren tilbake i arbeid. Og det synes eg er synd.
Eg snakkar ikkje berre for meg sjølv - som eg har sagt til leiinga: Eg har ressursar til å greie meg - men eg talar for dei som ikkje er så sterk som kanskje ein gong vil oppleve ei minst like stor krise som eg har gjort. Derfor er det så trasig ikkje å bli lytta til. Å ansvarleggjere kvarandre i langt større grad er vel ikkje farleg - men veldig utfordrande! Det er alltid utfordrande å bry seg om andre - det krevst noko av ein sjølv.

Dette blogginnlegget vart til inspirert av Anne Cecilie Remen - intervjuet med ho i Norsk Ukeblad denne veka, bloggen hennar og innspel vi har gitt til kvarandre på facebook!

Legg inn en kommentar

Etiketter