Totalt antall sidevisninger

torsdag 31. januar 2013

Mat i svingane


Noko av det kjekkaste med å lage mat, er å kjenne på alle luktene som smyg seg ut i rommet. Det er noko eiget med det, og det pirrer gana noko innmari! Og frå tid til anna gir mange av desse luktene assosiasjonar til gamle historier og minner.
Frå barndommen av hugsar eg godt då mamma steikte sild... og den - unnskyld meg - forferdelege lukta som blir når ein steiker sild! Eller lukta av hornsalt.... grusom! Ikkje for ingen ting eg kallar lefser med hornsalt for luktelefser!

I dag vart det uttesting av nytt bakverk! Og medan eg heldt på og laga fyllet, kom assosiasjonen til fjellet! Trur det eg laga må vere utmerket å ha med seg på fjellet som turmat - iallfall kaffemat!
I oppskriftboka (samme som sist) kallast bakverket for brytebrød med aprikosar og banan, men eg er frista til å kalle det til dømes fruktsnurr! Prinsippet er nemleg det same som når ein lagar kanelsnurrar, men fyllet er meir omfattande å lage enn å smøre litt smør, sukker og kanel på den utkjevla leiven.

Her er oppskrifta på brytebrødet:

1 pk gjær
1,5 dl mjølk
1 dl vann
3 dl sammal kveite, fin
ca 3,5 dl kveitemjøl
1 ts salt
1 ts honning
1 egg

Varm opp mjølka og vatnet i ein kaserolle til høveleg temperatur. Bland i egget i væska. Bland alle det tørre saman i ei bolle, og bland så i væska (viss du bruker fersk gjær, må du røre ut den først). Rør så saman til ein god deig, og set den på heving ei stund.
Medan deigen hevar, startar du med fyllet:

50 g smør
2 modne bananar
2 dl hakka aprikosar
Skal av 1 appelsin
2 ts kanel
100 g brunt sukker

Smelt smøret i ein kjel, og bland i dei andre indgrediensane. Bananen skal være oppskoren i tynne skiver, aprikosen opphakka i små bitar. La det stå og godgjere seg!
Kjevle ut deigen til ein omlag 60 cm lang leiv og rundt 20 cm brei. Smør fyllet godt utover, og rull den saman.   Skjær opp deigen i høvelege delar - omlag 18 i talet. Sett dei på plata og la dei stå og heve ei lita stund til. Steikast midt i ovnen i ca 20 minutt på 225 grader!
Det smakar utmerket!!!

Her har eg kjevla ut deigen til ein lang leiv og smurt på fyllet.

Snurrane står og ventar på å hamne i steikeomnen.

Klar til å etast :) Bon appetitt :)

Ingen kommentarer:

Etiketter