Totalt antall sidevisninger

lørdag 2. februar 2013

Så måtte snøen komme...


For den som elsker snø og alle muligheitene snøen gir, er det sikkert litt abnormt å høyre meg lange slik ut mot snøen som eg i blant gjer! Eg har nokon ufyslege aversjonar mot snøen! Snøen er i blant som ein tyrann som kveler meg! Og kvifor det er slik?

Jau, det er eit 16 år langt snøtyranni! Heilt i frå då eg budde i Tromsø i 1997, og det kom noko så alldeles for mykje snø! 2,40 meter 29.april står snekra inn i det evige minnet! Eg minnes den vinteren veldig godt - og den var altså så lang.... Det vart ikkje noko betre tre år seinare - eg minnes godt den vinteren og! Eg skal ikkje fortelle om alle gongene eg ringte NAF, som eg gudskjelov og takk var medlem hos, for å be dei taue fram bilen min av snøfonna... Etterpå innførte NAF 500 kroner i eigenandel for å bli berga.... I say no more...! Men 14.mars 2000 var det altså 2,14 m snø på Vervarslinga i Tromsø.... Med alt det andre eg bar på den vinteren som var veldig tungt, la altså desse 2,14 metra med snø seg som ei blytung bør på skuldrene mine! Einaste råda var å komme seg heim - som snøflyktning! Det er heilt sant - Hilde kan bekrefte storyen! Eg sendte tekstmelding til ho om at naudhjelp kunne droppast over Hagetun i Eidsvåg!!! Så med ein god porsjon naudhjelp frå dei i rundt meg, kom eg meg gjennom det, og kunne leggje vegen tilbake til Tromsø. Men eg flytta sørover den hausten - og då visste eg at eg nok aldri kom til å flytte nordover att! Eg trur nok dessverre det fortsatt er slik! Ikkje så langt nord iallfall!

I dag kom årets første mesta uhandterlege snøfall! Eg kjente allereie då eg opna døra i formiddag at eg likte dårleg dei heslege floksene i lufta! Og lurte verkeleg på kva eg skulle finne på for å sleppe unna spetakkelet og basketaket med elendet! Var på nippet til å ta ein kopp te ekstra...
Men det er utruleg kva som går når ein berre innstiller seg på det! På med kleda på meg og junior og ut og arbeide! Og etter kvart fekk Aleks-gutten selskap av to kompisar, og då gjekk det an å vere ute sjølv om snøen var både blaut og tung!
Eg fekk maka heile innkøyringa, og kjente at årets første styrketrening var vel overstått! Og det utan eit einaste ukvemsord til snøen! Eg er imponert over meg sjølv!
Men no sitt eg her då og gruar meg for morgondagen! Men som det står i skrifta, og som eg brått skjønte då snøen lava ned i Tromsø: Bekymre deg ikkje for morgondagen, for kvar dag har nok med si eiga plage!



Ja, det ser nokså uoverkommeleg ut å komme i gang å make denne snømengda!




Men du verda kva ein får til om ein arbeider ei stund!



Og den aller beste belønninga etter hardt arbeid ute i halvdårleg ver, er nystekte vaflar :)

Ingen kommentarer:

Etiketter