Totalt antall sidevisninger

onsdag 12. april 2017

Med rett til å jakte

"Kva skal du med det? Har du gevær? Har du telt? Kven skal slakte?" Spurte opphavet då eg sa eg skulle ta jegerprøva.

Kortreist jaktglede. Foto: Knut Arne Vike
Det var dette bildet som trigga det heile. I fjor haust la naboen ut bilde på Facebook av kortreist jaktglede. Bildet er tatt på rundt 750 meters høgde over Eikesdalsvatnet eit lite stykke innanfor Hoemsetra. Der endte reinsbukken sine dagar - på det eg karakteriserar som MIN eigendom. Som kommentar til bildet skreiv eg at no er det på tide å få tatt jegerprøva. Rett skal vere rett - eg har tenkt på det eit par-tre år, og det er jo slik det er med meg: Det må mogne seg fram over nokre år. 
Derfor fann eg ut i vinter at no var tida komen! Kurset starta i vinterferien - 10 samlingar med teori og skyting + eksamen. Eg nærmast grugledde meg då eg ringte og høyrte litt om kurset same dagen som det starta. Då ville det bli fem som starta inkludert meg. Det artige var at etter kvart kom det fleire med, så vi vart ti som gjekk opp til eksamen - fire av oss damer.

Apropos damer og jakt: No nyleg vart det publisert ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå som viser at det er stadig fleire kvinner som ikler seg gevær og jaktklede og mønstrar på i ei eller anna form for jakt. Omlag kvar sjuande jeger er kvinne. Mesta ein halv million nordmenn står registrert i Jegerregisteret (Kjelde: www.ssb.no), som er eit register over alle som er kvalifisert til å drive jakt. Å vere kvalifisert blir ein gjennom å ta jegerprøva, men begynte du å jakte før jegerprøva vart etablert, treng du ikkje ta den. For å kunne gå på jakt, må ein betale jegeravgifta, og i følge den same statistikken frå SSB, var det i det siste jegeråret i overkant av 200 000 som betalte inn denne. 
Viss ein ikkje skal gå på jakt, er det ikkje så nøye om ein betalar eller ikkje, men skal ein på jakt, også på eigen eigendom, må ein betale. Og du skal rapportere seinast ved utgangen av jaktåret (31.mars) kva du har skote. Jaktåret går nemleg frå 1.april til 31.mars.

Læreboka som er på over 400 sider. 
Tilbake til kurset. Det er mykje teori og mange tema ein må få med seg for å kunne greie prøva. Det gjeld lovar og reglar, som mellom anna naturmangfaldlova og viltlova. Så gjeld det kunnskap om våpen - kva våpen brukar til kva for ein type jakt, kva er våpenet samansett av, kva ammunisjon brukar du? Og det er mykje artsbestemming. Du skal vite forskjell på rype, jerpe og rugde, og du skal vite forskjell på enkeltbekkasin, som du kan jakte på, og dobbeltbekkasin, som er freda. Blant anna. Og eg hadde ærleg talt aldri høyrt om verken enkeltbekkasin eller dobbeltbekkasin... korleis skulle dette gå?
Så var det dette med gevær og skyting. Heime hadde vi knappast lov å ta pekefingeren bort på geværet til pappa. Eg har eigentleg aldri tenkt på at det er noko som heiter hagle og rifle. Når skyt du med hagle og når skyt du med rifle? Kor langt når dei ulike patronane? Og eg som aldri hadde tatt i eit skytevåpen før... Her kunne det med andre ord gå kva veg som helst. Er det rart pappa var skeptisk?
Men eg kom meg i gang med teorien i februar, og eg syntes det var veldig interessant. Følgde godt med i timane, kasta meg utpå i det eg kunne kaste meg utpå i, og grugledde meg noko innmari til vi skulle på skyting. 

15 meter rifle på bane: Slik gjekk det med dei ti første skota i begynnelsen av mars... Ikkje heilt gale, vil eg seie...:)

På Sunndal Jeger og Fisk sin bane i kjellaren av rådhuset.
Slik er det bra å sitte og sikte når ein skal på jakt.
Fortsetjinga den kvelden var ikkje så gale den heller...
Så det er ikkje til å undrast over at eg vart veldig (for å seie det mildt) oppstemt av innsatsen på skytebanen i kjellaren på rådhuset. 15 meter rifle gjekk som ein leik! Her var det berre å lese og pugge vidare for å greie prøva.
Eg må nemne nokre ord om dei to som hadde kurset. Arvid og Reidar. Pompel og Pilt :) Dei har jakta i mange, mange år, og kunne verkeleg sine ting. Men det er ikkje alltid enkelt å få teknikken til å fungere. Og dei sa heile tida "dette må de lese på til eksamen, dette får de spørsmål om på eksamen". Og eg noterte.
Då eg starta på kurset, sa eg at eg ville bli medlem i Sunndal Jeger og Fisk. Den eine grunnen til det var for å få lågare pris på kurset - sjølv etter å ha betalt medlemskontigenten var det fortsatt nokre hundre kroner i differens på kursavgifta som ikkje-medlemmar betalte. Den andre grunnen var at ein må vere medlem i ei aktuell foreining (jeger og fisk, skyttarlag eller idrettslag) for å kunne kjøpe våpen. Det er jo forresten mange fordelar med å vere medlem i Jeger- og Fiskeforbundet. Ein kan bruke anlegga til Jeger og Fisk gratis eller med rabatt (her i Sunndal gjeld det skytebanen i kjellaren på rådhuset  leirduebanen på Vinnu og anlegget ved Driva bru), får magasinet Jakt & Fiske i posten, kan fritt nytte 100 båtar rundt omkring i landet, og du får sjølvsagt og tilgang til rabattar på mangt og mykje (hotell, drivstoff, straum +++). 

Det gjekk ikkje så veldig gale då eg tok ei ekstratrening på banen nokre veker seinare heller :)
Eigentleg skal ein gjere ferdig skytinga før ein har teorieksamen, for ein bør jo ha litt praktisk erfaring med forskjellane mellom hagle og rifle. Her i Sunndal var ikkje det mogleg på grunn av rasfare og snø på anlegget på Vinnu. Så vi gjennomførte prøva først og skytinga så.
Leirdueskytinga var spennande og utfordrande. Plutseleg var siktet dårlegare enn det er på rifla, og attpåtil står ikkje det du skal skyte i ro... det kjem flygande. Poenget med hagle er å peike, ikkje sikte. Det tok litt tid før eg skjønte korleis ein skulle treffe, og vart naturleg nok kjempeglad for det første treffet. Men som skytetrenar Ole sa der: "Det er ikkje meininga ein skal bli ein meister å skyte første kvelden". Så eg må nok dra tilbake til Vinnu når sesongen startar og skyte nokre seriar til. Sjølvsagt er ikkje fire treff på 25 moglege all verdens, men fortsatt seier eg: Før kurset hadde eg aldri tatt i eit våpen, så læringskurva mi var steinbratt, men god!

Korfor i all verden gjekk eg i gang med dette prosjektet? Eit lite steg for verdssamfunnet, men eit stort steg for Ingunn...! Det skulle vi svare på den første dagen av kurset, og eg svarte som sant var, at eg har eit jaktterreng å forvalte. Som grunneigar frå Hoemsetra har eg nokre særskilte rettar knytta til forvaltning av alt frå botnen av Eikesdalsvatnet til toppen av Breifonntinden (for å seie det veldig enkelt, men kanskje ikkje heilt sant). Kva som eigentleg er jaktterrenget vårt, er eg ikkje heilt sikker på, men har forstått at det tilhøyrer det attraktive vestområdet, det vil seie vest for Aursjøvegen. Men no viste altså fjorårets nabojakt at eg ikkje treng veldig langt heime frå Hoemsetra for å kunne ha sjansen til å skyte reinsdyr. Den som orkar å ta kampen mot lia, kan gjere det bra.

Her var det dyr i fjor, men er det dyr i år? Den som jaktar, får sjå. Foto: Knut Arne Vike.
Då vi budde på Hoemsetra, var det ikkje hjort i skogen der. Etter at vi flytta, har hjorten blitt kongen av både lia og garden. No tenker eg å mønstre på jaktlaget til hausten.
Frå barndommen hugsar eg då pappa skulle på reinsjakt 20. august kvart år. Eg kan til og med hugse at eg trudde det som er varden på Vikesoksa var pappa. Det var det sjølvsagt ikkje, for reinsjakta er ikkje på 1800 meters høgd. Spenninga var alltid stor på om pappa hadde skote noko. Stort sett trur eg han alltid gjorde det då eg var fortsatt ung. Dei seinare åra har eg skjønt at det er mange faktorar som påverkar resultatet, og eg trur pappa, som no trass alt har bikka 75 år, treng ei som kan jakte saman med han. Då kan vi vere tre i følget; to jegarar og ein sherpa/ turkamerat - det kan bli bra.

Så kom altså dagen for teoriprøva. Gud skje lov og takk at eg har lang veg til og frå jobb, så eg kunne bruke bussturane til å lese og pugge. Heilt til siste minutt før eg gjekk av bussen ein halvtime før eksamen, pugga eg artar. Under over under - dei greidde eg alle rett på :) Og med alle som hadde eksamen, var det ein ting som gjekk att: Same kor mykje kursleiarane våre sa at vi skulle terpe på lovar og reglar, var det der vi var dårlegast. Men 41 rette på 50 spørsmål var nok til å stå, og eg fekk bestått på prøva.
Herved er eg altså uteksaminert med rett til å jakte! No skal eg aller først betale jegeravgifta som gjer at eg kan jakte både elg, hjort og reinsdyr (den kostar kr. 422,-). I sommar skal eg sørge for å ha tatt skyteprøve - der er det berre eit problem, og det er at det må gjerast på det våpenet du skal jakte med. Og sjølvsagt må eg bruke timar på å studere kart og finne ut kor mitt jaktterreng er. Det er med andre ord fortsatt mykje som står att før eg er startklar. Viss eg får vere med på jakt i haust og sjå korleis det gjerast, er eg eit skritt nærmare noko. Eg er optimist - følg med vidare i neste episode av Ingunns jakt på dei gode opplevingane ute i naturen :) God påske!

Watch out! Slik skal ein skyte leirduer.

Alt i alt var ikkje det gale med ni feil! Eg er nøgd, og har no rett til å jakte :)


Ingen kommentarer:

Etiketter