Totalt antall sidevisninger

mandag 31. juli 2017

Turblogg: Eitt tusen høgdemeter i kvar fot!

Når ein startar på omlag 10 meter over havet, går opp på 1023 moh og ned att, blir det omtrent akkurat 1000 høgdemeter i kvar fot! Særleg når ein ikkje har sti å gå etter.

Utsikt frå Salsnebba (1023 moh) utover mot havet.
Utgangspunktet var ein stikk ut-tur til Prestgardssetra i Øksendal. Du kan lese litt meir informasjon om turen her. Resultatet blei ein slitsom topptur til Salsnebba, som ligg mellom Øksendal og Jordalsgrenda. 

Men vi startar frå begynninga:

Her startar turen, og stien går på høgresida av elva.
Turen startar på Erstadengan stadion i Øksendal, ikkje så langt frå riksvegen, det vil seie omtrent på 10 meter over havet. Turen opp til postkassa på setra (som berre er tufter) går opp gjennom skogen. Og stien verkeleg snor seg opp gjennom lia - eit lite stykke frå elva.
  
Pass på å følgje merkinga oppover lia. Her skal du velgje stien til høgre.
Dette skiltet som står eit stykke oppe i lia, er viktig å leggje merke til.
Pass på å følgje skiltinga oppover lia, for det fins fleire stiar, og plutseleg vert det omveg i staden for beinveg. Turkompanjong Tone snakka av erfaring, for ho hamna inn på eit hjortetrakk ein plass i lia.
Prestgardssetra er altså ikkje ei seter, men tufter etter ei seter. Du skjønnar at du nærmar deg posten, fordi ein kjem ut av skogen og i litt opnare landskap. Men postkassa kjem plutseleg på, der ho står på ein stein.
Postkassa kjem litt uforvarande på, der ho står midt blant bringebærkjerra.

                                

Så då var mitt primærmål nådd på ca 520 meters høgd. Så var spørsmålet om eg skulle snu eller bli med Tone og Konrad vidare til toppen av Salsnebba? Eg valde å bli med vidare.
Eit stykke ovanfor postkassa ligg det nokre hytter, og sidan vi ikkje fann nokon tydeleg sti oppover, tok vi sikte på dei. Ved den øvste hytta tok vi matpause.

Slik ser utsikta frå postkassa ut med Øksendal nedanfor. Rett fram er Vettafjellet kor eg var torsdag.
Like bortanfor postkassa er det bedre utsikt mot Øksendal, Flåøya og Flånebba.

Her heiter det med rette Blomsterhaugen.
Så var det berre å gi seg vidare oppover frå hyttene på Blomsterhaugen. Tone visste kva veg vi skulle, og stadig høyrte eg ho seie "vi skal opp der og så ligg Salsnebba baki der". Til slutt vart eg så lei at eg berre svara "baki der og baki der"... Litt seinare fleipa vi om då vi tok ei lita pause lenger oppi på kvar våre steinar med god avstand i mellom og om vennskapet som vart sett på prøve... Ære vere Tone som vil gå tur med meg, tenker eg.

"No skal vi opp dit og så baki der ligg Salsnebba - vi er der snart", prøvde Tone å oppmuntre ho som var lei.

Ein kan så vidt skimte hyttene på Blomsterhaugen midt i bildet, og toppane i bakgrunnen viser at vi er på tur opp i høgda.

Erstadbotn og starten av Erstadelva, som kjem rennande frå Mørkbotnvatnet.

Eg tenker Flånebba (i midten) hadde betrakteleg meir besøk enn det Salsnebba hadde laurdag.
I det vi kjem opp i horisonten, dukkar Trolltindfeltet og Jordalsgrenda fram. Der er det bilveg og tilrettelagt for hyttebygging. Der vi er, finn vi ikkje ein liten sti ein gong. Terrenget suger krefter, men oppe ved horisonten vart det merkbart lettare. Toppen nærmar seg. Hurra!
Tone visste av erfaring frå tidlegare at toppen og postkassa ikkje var så lett å finne, og ho går oppover det som viser seg å vere siste bakken, då eg høyrer ho ropar "her er det, Ingunn". 1023 meter over havet nærmar seg!

Trolltind hyttefelt øvst i Jordalsgrenda.

Trolltind - fortsatt eit uoppnådd mål for meg.

Tone og Konrad har nådd toppen! Endeleg!

Her står postkassa og turboka til Øksendal IL og ventar på oss.
Jammen smakte det godt med nista på toppen!

Toppsjølvie med Trolltind i bakgrunnen. Eg er supernøgd av meg sjølv.

Utsikt så langt synet rekk - omtrent ut til havet faktisk.
Etter matpausa var det på tide å tenke på nedattur. Vi fann fortsatt ikkje nokon sti, så vi peila oss nedover på utsida av hyttene på Blomsterhaugen. Det var myrlendt og vått terreng, men vi brukte rund to timar ned att til parkeringa.
Her kjem nokre fleire bilde av utsikta på turen.

Tid for å komme seg ned. Nok ein 1000-metring forsert :)

"Under meg på hva jeg får å se - over de høye fjelle".
Korfor skal så du velje å gå vidare frå Stikk ut-posten på Prestgardssetra?
- Jau, du finn jo bær oppover lia.
- Det er herleg å gi seg sjølv ei slik utfordring.
- Ei herleg utsikt å nyte i mils omkrets.
- Det bles på toppane, men det kan det gjere nede i dalane og.
- Tenk å kunne seie at først fekk du 500 høgdemeter i kvar fot for å kome til topps, for så å kunne seie at det blir det same nedatt?! Ergo - 1000 høgdemeter i kvar fot! Slettes ikkje dårleg det, skal eg seie deg!

NB! NB! Ha med rikeleg med drikke, for du treff ikkje nokon drikkekjelde på vegen!

God tur :)

Ingen kommentarer:

Etiketter