I år etter år har det stoppa bilar på Holskeidet, mellom Holsanden og Grøa, for å beundre Vinnufossen. No kan ein endeleg ta fossen endå nærare i augesyn.
|
Ikkje mykje vatn i Vinnufossen no. |
Det har vore snakka mange gonger om å ha eit utkikspunkt kor ein kan ta fossen nærmare i augesyn. Fossen er rekna for å vere ein av dei høgaste fossane i verda, og fortener med sin villskap å bli vist fram på nært hald.
I sommar tok grunneigaren affære, og fekk rydda stien opp til fossen. Fortsatt var det ikkje så veldig mange som visste kor stien starta, men heldigvis var det ein snartenkt ålvundfjording som heiv seg rundt og fekk sett opp eit par skilt.
|
Her er skiltet som står på avkøyringa på Holskeidet. |
|
Nokre hundre meter lenger bort står skiltet som viser kor ein skal gå oppover lia. |
Det første partiet av stien er reine autostradaen. Det er traktorveg eit lite stykke før det blir litt smalare sti. Då går det slakt oppover. Men det blir brattare mot slutten, men det er fin sti, så det er ikkje veldig bratt. I dag då eg gjekk, var det ganske tørt og fint, men hadde det vore meir regn, hadde det vore ganske sleipt å gå.
Merkinga må nemnast. Den er ikkje berre bra, men eksepsjonelt bra! Det er heilt umuleg å gå seg vill, for det er raude merker oppover heile vegen som viser kor ein skal gå.
|
Veldig god merking heile vegen. |
|
Autostrada på begynnelsen av stien. |
|
Hallo, la oss gå! |
Etter mesta 15 minutt i min litt sedate gangfart kom vi opp til fossen og postkassa. Akkurat no er det veldig lite vatn som kom ned, men det skulle vere artig å vere oppunder fossen der når han er skikkeleg stor. Boka i postkassa viste at det har vore ganske bra med besøk der, til trass for at stien og merkinga er fortsatt ny.
Frå fossen har ein fin utsikt tvers over dalen mot Mæhlesida. Eg kan tenke meg at ein er på rundt 200 - 250 meters høgd. Nedover går det fortare, så turen er unnagjort på ein halvtime.
Sidan eg skriv dette innlegget om denne turen, er det fordi eg meiner at denne turen må bli stikk ut-tur neste år. Mitt forslag er: Inn med Vinnufossen - ut med Åsbrona!
|
Framme ved postkassa! |
|
Vinnufossen :) |
|
Fin utsikt frå der fossen kjem ned over mot Mæhlesida. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar