Totalt antall sidevisninger

søndag 15. oktober 2017

Turblogg: Viktig melding 2: Følg stimerkinga heile turen!

"Ingunn, no må vi begynne å gå før regnet kjem," sa Anne Grete til meg på toppen av Duå. Dama vi  hadde møtt, foreslo kor vi skulle gå for å ta enklaste og beinaste vegen tilbake til Osmarka.



Del 1 av turen kan du lese her.
Vi begynte å gå nedover i retning Botterlia. Det var slakt og fint terreng, og vi hadde god utsikt i alle retningar. Skyene begynte å henge faretruande over oss, men avventa med å sleppe laus det som kunne vel ha vorte ein real omgang pissregn.
Vi hadde ikkje gått så veldig langt før vi vart einige om å begynne å legge turen over mot venstre, i retning Osmarka. Det var lett å sjå kor vi skulle, men det gjekk ikkje nokon opplagt sti den vegen vi skulle.
Vi begynte å gå litt nedover og litt bortover. Nokre plassar var det dårleg å kome seg fram, men vi gjekk trøstig på, alle tre. Prins hang trofast på utan å klage. Det var ikkje alle plassar det var lett å vere liten hund.

Trollvatnet i bakgrunnen. Bloggforfattaren med verdas beste turkamerat i framgrunnen :)

Utsikt mot Fosterlågen og fjella i Nesset. Ein av toppane er Vetafjellet, kor eg var for nokre veker sidan.
Vi skjønte kor vi skulle gå. Eg ymta om at det kunne kanskje vore greit å gå ned mot den kolla som var nedanfor Duå, men det ville gjort vegen ein del lengre, så derfor droppa vi det.
Så vi fortsette i den leia vi hadde staka ut. Ein stad framme der var Duålisetra, vi såg Hanasettjønna, Fosterlågen og vi såg skistadion. Det skulle med andre ord vere ganske greit å stake ut kursen vi skulle.
Eg veit ikkje akkurat kor eller når vi skjønte at vi hadde mista kursen. Vi hadde mista Duålisetra ut av syne, og dei punkta vi hadde langt framme, var og borte. Vi begynte å gå meir i ørska og villrede enn med eit mål i sikte. Kor skulle vi gå? Vi fann ingen kjente haldepunkt i naturen mens vi gjekk. Klokka gjekk og faretruande fort, og då eg trakka eine foten opp i ein stor myrdam, måtte eg droppe å tømme skoen for vatn. "Det trur eg ikkje vi har tid til, klokka går fort no," sa Anne Grete.

Dette lyset hjalp oss ikkje på turen...

Her er retninga vi staka ut. Langt borte såg vi Hanasettjønna.

Ein plass i terrenget i den store skogen var vi på tur å gå oss ville.
Så vi gjekk vidare - fortsatt på måfå. "Vi må berre gå, det eine er ikkje meir rett enn det andre," sa eg. Ikkje var det dekning på telefonen der vi gjekk heller, så eg kunne ikkje sjekke på stikk ut-appen kor vi var hen. Klokka fortsetta å gå - vi gjekk over ei elv, gjekk nedover langs elva, og vi gjekk oppover att langs elva. Vi fann grøfter vi måtte forsere, og i det heile tatt var det eit lite gjestmildt område å leite etter stien eller andre haldepunkt i naturen. Einaste stiane vi fann, var det som måtte vere hjortetrakk. Ein plass såg vi ein hjort som gjekk og beita, men han fekk vere i fred for oss. Vi måtte nemleg finne vegen til Osmarka før mørket kom.
Prins fulgde fortsatt trufast litt foran og litt bak. Somme plassar var blåbærkjerret så høgt at det var høgare enn hunden. Eg beundra Prins for tålmodet på denne turen, men han skjønte vel at han måtte.
Etter ei stund sjekka eg mobilen att, og då hadde eg fått dekning på han. Då eg gjekk inn på stikk ut-appen, fann eg ut at vi var ikkje langt frå verken stien eller vegen. "Eg syns eg høyrer bilar," sa Anne Grete. "Viss vi følger elva nedover, kjem vi til vegen," sa eg.
Kanskje var det berre flaks at vi høyrde bilane i det fjerne. Ei blanding av våt asfalt og nedgiring på grunn av ein bakke like ved. Akkurat dei tilfeldigheitene vi trong for å vite at vi var snart framme.
Og vi starta å følge elva nedover. Men det var utruleg gjengrodd, og det var slettes ikkje lett. Etter ei stund kom vi til eit elektrisk gjerde. Då skjønte vi at vi var like i nærleiken av ein gard. Vi krongla oss gjennom gjengrodd terreng, og fann endeleg vegen ut på ei stor mark. "Sjå der, står jo porten open til oss", flira vi glade.
Like nedanfor var fylkesvegen, og då var det berre å rusle dei to kilometra til parkeringa. Klokka var mesta 19 om kvelden, og det var i siste liten vi fann fram før mørket senka seg. Det var berre Anne Grete som hadde lommelykt, og eg hadde nesten tomt batteri på telefonen. Vi hadde brukt fire timar ned frå toppen av Duå. Då eg kom heim, viste tripptellaren på telefonen at eg hadde gått rundt 20 km, og mykje av det i utruleg dårleg terreng.
Det vart ein god lærdom i denne turen. At ein ikkje må tru ein veit vegen sjølv om ein ser målet i det fjerne.

Eg såg lyset kome ned over ein ås, men det kunne heller ikkje seie kor vi skulle gå.

Så begynte mørket å sige på mens klokka gjekk mot kveld.

"Sjå, der står gjerdet ope og ventar på oss," flira vi då vi fann siste vegen ut. I siste liten ordna det seg for oss.

Ingen kommentarer:

Etiketter