Totalt antall sidevisninger

onsdag 28. mars 2018

Reiseblogg: Eit stopp i UNESCO-byen Conwy

Eg gledde meg i fleire veker og månadar på den siste dagen av turen. Då sette eg kursen nordover i Wales - og hadde fleire interessante opplevingar framføre meg.


Tidleg om morgonen dagen etter konserten med Coldplay, kom eg meg avgarde ned til sentrum. Min reiseven Tom hadde eg sagt "ha det" til kvelden før, og eg var klar for å entre toget som skulle ta meg opp til nord-Wales. Eg hadde blinka ut småbyane Conwy og Llandudno som stopp den siste dagen. Her er det mykje å oppleve. Ein må berre ha god tid!

Toget gjekk frå Cardiff kl. 07.20, og det var mykje folk med. Toget snirklar seg nordover langs grensa til England, og har og nokre stopp i England. Utpå formiddagen dukkar sjøen opp, og eg skjønnar at eg begynner å nærme meg målet. Første stopp er Conwy. Og for at du som les, ikkje skal bli forvirra, presenterer eg Conwy og Llandudno i kvar sine innlegg.



Då toget kom fram til Conwy, var det berre å få med meg alt pikkpakket mitt og kome meg av toget. Sidan eg ikkje hadde greid å lage ei god plan for dagen, oppsøkte eg turistkontoret i byen.
Conwy ligg på UNESCOs verdsarvliste, det vil seie ein by som er verneverdig (På same måte som Nærøyfjorden, Geirangerfjorden og Bryggene i Bergen). Grunnen til det er fordi det er ein middelalderby med bymur i rundt. UNESCO meiner byen er eit godt eksempel på militærarkitektur frå 1200-talet.
Byen vart bygd av James av St. George for kong Edward I frå 1283 til 1289. Då Edward dukka opp i byen, stod det eit kloster der. Det erobra kongen og skyssa munkane avgarde til ein plass sørover langs elva, kor dei bygde opp eit nytt kloster. Sjølv bestemte han at det skulle byggast opp ei borg og ein by omkransa av bymurar der det først hadde vore eit kloster. 


Conwy er ein kjekk liten by, og er kommunesenteret i Conwy kommune (Conwy community). Kommunen består av Conwy og dei to småstadane Deganwy og Llandudno Junction, som ligg rett over elva for Conwy. Kommunen har omlag 15 000 innbyggarar, men sjølve byen har berre 4000. Conwy er og administrasjonssenteret for grevskapsdistriktet Conwy (Conwy County Borough), som strekker seg eit stykke sørover. Fylket har rundt 115 000 innbyggarar.


Conwy Castle var ei av fleire festningar kong Edward I bygde på 1200-talet i rundt Snowdonia-området for å stadfeste den walisiske posisjonen. 
Dessverre hadde eg ikkje tid å betale meg inn og sjå korleis festninga ser ut innanfrå, men noko må eg ha til gode til eg skal tilbake igjen dit. Men her kjem nokre glimt frå det eg fekk sett av Conwy Castle.



På samme måte som i festningane i Pembroke og Cardiff, har også Conwy Castle ein ytre og ein indre borggard (keep). Det var fleire bygningar med diverse rom i, og det var tilpassa kongeleg standard. Festninga består mellom anna av åtte store tårn og fire tårn som er 21 meter høge.

Aberconwy House: Dette huset er det eldste i byen, det er frå 1300-talet og var eit kjøpmannshus.

Nostalgisk å finne ein slik telefonkiosk :)


Her ser ein døme på korleis muren går gjennom byen. Det var og noko eg la til ein viss grad merke til då eg gjekk av toget i den vesle byen, for delar av muren ligg tett inntil jarnbanen. Sjølve bymuren er 1,3 km lang ("three-quarters of a mile long" - kjelde: Visit Llandudnos nettside), har 21 tårn og tre portbygningar. Bygginga av festninga og bymuren skal visstnok ha kosta rundt £15 000, som var ein enorm sum då.
I følge nettsida Castle Wales er muren mesta 1,70 meter tjukk og ni meter høg. Dei 21 tårna ein møter på kvar 46. meter, er 15 meter høge.



Desse bilda fortel ikkje så mykje om korleis småleg kaos den dagen var. Som sagt, hadde eg ikkje lagt ei plan på kor lenge eg skulle vere i kvar by, men eg ville både til Conwy og Llandudno, som er greit bundne saman med bussar som går ofte.
Problem nummer 1 var bagasja mi. I Conwy brukte eg for lang tid på å gå rundt og spørre om eg kunne få oppbevare bagasja mi mens eg drog til Llandudno ein tur. Det var det ingen som ville, eller eg trur dei sa ja på festninga, men det var med ein tidslimit eg syntes blei vanskeleg å halde. Så derfor tok eg med meg alt saman og bussa til nabobyen ein liten halvtime unna. Her er eg litt usikker på om eg gjekk over brua til nabostaden Llandudno Junction første gongen for å sjå om det var mogleg å få bagasjeoppbevaring der... Det var det ikkje, og då gjekk turen med buss til Llandudno. Der gjekk eg i gang med å spørre igjen om nokon kunne passe bagasja, og i ein liten butikk fekk eg napp. 
I neste blogginnlegg kjem eg tilbake til besøket i Llandudno, så derfor hoppar eg nokre timar fram: Om ettermiddagen tok eg bussen tilbake til Conwy, for eg var jo ikkje ferdig å sjå der. Eg fann meg ein restaurant å kjøpe middag på, før eg rusla nedover mot sjøen. 
Først kom eg til det minste huset i Storbritannia, som ligg rett ovanfor hamneområdet. Det heiter Quay House, og er berre 1,80 x 3,05 m stor. Der kan ein visst og betale seg inn på sightseeing :) Huset lener seg inntil delar av muren som går gjennom byen.

 


Hamneområdet i Conwy var veldig idyllisk, og eg måtte ta ein tur langs stranda og sjå på båtane og nyte godveret. I ettertid har eg funne ut at det er mogleg å hyre seg sightseeing rundt Conwy-området med båt. I tillegg er det og hopp på - hopp av-buss som går mellom Conwy og Llandudno, så det er mange moglegheiter til å oppleve byen som turist.










Conwy ligg ved sidan av elva Conwy. Festninga ligg i nær tilknytning til elva. Hengebrua over vart bygd av Thomas Telford i 1826. Støttetårna til brua er bygd slik at dei passar med slottet sitt tårn. Det eg ikkje visste før eg las det på Wikipedia, er at under elva går motorvegen i tunell.






Om ikkje mange åra er nok dette skiltet borte.


På veg over brua om ettermiddagen til Llandudno Junction for å ta bussen.





Klokka gjekk mot kveld, og fortsatt lurte eg på kva eg eigentleg skulle gjere (!), så eg bestemte meg for å ta bussen tilbake til Llandudno. Ganske seint på kvelden var eg tilbake i Conwy for tredje (!) gong den dagen. Eg begynte å bli ganske sliten i beina etter all gåinga i sandalar. Mørket fall på, og eg skulle dra med tog ganske seint utover til hamnebyen Holyhead for å ta båten over til Dublin. Så eg rusla endå ein gong over brua til togstasjonen i Lllandudno Junction for å vente på toget. Som de ser på bilda, var det ganske stemningsfullt å studere eit opplyst Conwy Castle. I billetten min stod det booka frå Conwy jarnbanestasjon, men den var så liten, at eg turde ikkje ta sjansen på at toget stoppa der. 
Så då sat eg ganske lenge og vente på den kjempekjedelege jarnbanestasjonen. Frykta i meg steig, for det stod ei melding på skjermen (eller det var opplyst på høgtalar) om at toget var forseinka. Det viste seg å vere "fake news" (heldigvis!), så toget kom omtrentleg til den tida det skulle. Då var det berre å tippe seg over i sømna mens toget brakte meg ut til neste transportetappe på vegen heim til Sunndal.







Då var det over brua for siste gong med retning jarnbanestasjonen i Llandudno Junction. Veldig sliten etter ein lang dag!

Kjelder: Wikipedia, Visit LlandudnoCastle Wales

Ingen kommentarer:

Etiketter