Totalt antall sidevisninger

torsdag 29. mars 2018

Reiseblogg: Llandudno i mitt hjarte

Å komme til Llandudno, som ligg nord for Conwy, var heilt spesielt! Bli med meg ein tur rundt i byen og mot ei avslutning på kaosdagen :)




Utpå dagen kom eg med bussen til Llandudno. Bagasja hadde eg med frå Conwy, og no måtte eg sjå om eg kunne finne nokon snille menneske i byen som kunne passe på det nokre timar. Tilfeldigvis hamna eg inn på ein liten butikk som eg trur sel kort og slikt. Dama der lovte meg at sekken og nett kunne stå der nokre timar framover, så dei fekk plass på eit knøttlite bakrom. Då var det berre for meg å komme meg i gong med å oppleve mest mogleg på kortast mogleg tid.
Byen er ein del av Conwy County Borough, og har rundt 20-21 000 innbyggarar. I 150 år har Llandudno vore rekna som ei dronning blant dei walisiske feriestadane. Så var nok det grunnen til at byen hadde ein kolossal vekst gjennom den viktorianske epoken, og lokale handelsmenn fann ut dei ville bruke pengar som kunne vere med å utvikle turistlivet i byen. Meir om det etter kvart.


Rundt i byen finst det fleire skilt som viser kor ulike attraksjonar er.




Dette er Routemaster 999, og er ein "heritage sigtseeing tour". Det vil seie at det er sightseeing retta mot historiske attraksjonar. Bussen er frå 1962, og ein gong i tida trilla han rundt i "streets of London". Viss du er i Llandudno og vil prøve ein slik busstur, kan du tinge turen på deira eiga nettside. Der finn du all informasjon du treng. Noko informasjon finn du og på Visit Llandudnos nettside


Det er mange kyrkjer i Llandudno. Denne kyrkja gjekk eg tilfeldigvis forbi, og ho heiter St John's Church, og er ei metodistkyrkje. Det eg ikkje la merke til då eg tok bildet, men som eg såg på eit bilde no på nettet, er at rett ved sidan av kyrkja er Marks & Spencer. Med andre ord: Børs og katedral går hand i hand.


Då eg bestemte meg for å bruke delar av dagen i Llandudno, bestemte eg og at eg skulle få med meg Great Orme Tramway. Så eg gjekk oppover bakkane til Victoria Station, kor toget går frå.
Historia til Great Orme Tramway starta i 1898. Planane om å bygge ein bane frå sentrum til toppen av fjellet Great Orme vart lagt, og toget skulle bringe passasjerar ut i naturen.
I 1901 starta konstruksjonen av banen, og 31. juli 1902 var den ferdig og klar til opning med eit korps som spela "God Save the Queen". Dei første 55 åra gjekk toga på dampkraft. Men i 1957 vart det omlagt til elektrisk kraft.



Mange folk som ville ta turen opp i høgda med det vesle toget.


Det er fleire tog (4?) som er i kontinuerleg trafikk.

På veg oppover får vi fin utsikt over byen.


Halvvegs oppe må ein bytte tog for å komme seg heilt opp. I området her er det ei gammal gruve
datert til bronsealderen - Great Orme Copper Mine.



Då eg kom opp, hadde eg eigentleg tenkt eg skulle sette meg ned og kjøpe kaffe og is, men det kokte bort i kålen...    I staden "spurta" eg rundt for å få sett mest mogleg. På ein eller annan måte kom eg i prat med nokre folk der. Det viste seg at dei var frå Manchester, om eg ikkje hugsar feil. Eg tilbydde meg å ta bilde av dei, og dei tok bilde av meg. 
Vel- kaffe og is vart det altså ingen ting av...


Desse to para hadde tatt turen frå Manchester til Llandudno, og var hyggelege å slå av ein prat med.


Denne steinen viser avstandar til diverse stader frå Great Orme.

Mykje sauer som beiter omkring i området, og til ein viss grad greier dei å halde saueskiten utomgjerdes.


Ein tur med Great Orme Tramway er verkeleg å anbefale! 


Deler av dette bygget og masta vart bygd som ein av fleire telegrafstasjonar på strekninga Liverpool - Holyhead i 1826.
Dyktige telegrafar kunne bruke under eit minutt på å sende ei melding på denne strekninga allereie då.

Det er gode kår for sauen på Great Orme :)
Tilbake til Ingunns kaosdag... I Llandudno er det og ei heis ein kan ta opp/ ned Great Orme - The Llandudno Cable Cars (det står litt meir om den her), bygd i 1969. Den ser ganske fantastisk ut å ta, og sidan eg tok toget opp, tenkte eg at eg kunne ta heisa ned att. Tida begynte å bli knapp, og eg stilte meg opp i ein lang kø. Det tok ein halvtime å komme fram til kassa. Så er vi ved kjerna i eit britisk problem: Dei er fortsatt svært glade i å bruke pengar, og i ytste konsekvens er det slik at har du ikkje kontantar, får du ei! Minner om bussturen i Wexford, som eg fortalte om her. Slik er det og i billettluka deira oppe på Great Orme... Det oppdaga eg då eg kom fram til luka etter den nemnte halvtimen... Og etter å ha møtt så mange flotte menneske i Wales som var snille, var det ingen kjære mor hos dama i billettluka. Eg hadde berre 5 pund, ergo eg mangla 5 pund. Det var skikkeleg ergeleg, og eg hadde ikkje mot i meg til å spørre om nokon i rundt meg kunne hjelpe meg meg nokre pund... Så det var rett og slett berre ein ting å gjere: Gå ut av køen og finne ein annan måte å komme meg ned att til byen.
Men klokka gjekk, og eg skulle vere i den butikken mellom kl. 16 og 16.30, meiner eg å hugse. Ved toget var det og lang kø. Det var berre ei moglegheit for å komme seg ned att så fort som mogleg: Haike! Så då var det rundt til bilane på parkeringa å høyre om dei skulle ned til byen. Første bilen eg fekk napp hos, skulle ned til minene midtvegs, men skyss halve vegen, er skyss halve vegen. På parkeringa ved minene var det ny runde å spørre om haik med nokon, og det gjekk overraskande bra. Dei lurte på kor eg skulle i byen. Eg trudde eg kunne ta det på minnet, men heldigvis hadde eg adressa nedskriven. Så eg rakk fram - takka vere snille folk som hjalp meg :)  


I fjellsida her er det også eit skianlegg - Llandudno Ski & Snowboard Centre.




Då eg hadde henta bagasja hos den snille dama med butikken, stod eg og grubla på kva eg skulle gjere. Kva var neste trekk i Ingunns roadmovie i Conwy og Llandudno?
Eg er usikker på det rasjonelle i det, men eg kom plutseleg på at eg skulle dra tilbake til Conwy (bussbilletten gjald visst heile dagen). Eg var svolten og lei, så turen gjekk tilbake dit. Etter å ha spist i Conwy og kikka på det eg fortalte om  i det forrige blogginnlegget, gjekk forsyne meg turen tilbake att til Llandudno. Er du forvirra no???
Det var ein varm og fin kveld, og eg hadde litt for god tid åleine. Eg fann ut at eg ikkje hadde vore og kikka på Llandudno Pier. Det er, med sine 700 meter, den lengste piren i Wales. Den eldste delen av piren vart bygd så langt tilbake som i 1877, og resten av den vart bygd i 1884. Det er med andre ord ein nokså ærverdig del av Llandudnos historie.
Bilda nedanfor tok eg på kveldsbesøket eg gjorde ute på piren - berre for å få tida til å gå :)

Grand Hotel passar godt til namnet sitt - det er stort.



Mange brukte tida på å fiske fra kaia. Men eg trur ikkje dei fekk noko....

Trøtt og sliten etter ein lang dag kor eg var på farta heile tida. Ferieturen går dramatisk mot slutten.
                   Det var verd turen ut til piren å nyte dei siste streifa av sollys den kvelden.





På dagtid er det nokre tivoliliknande aktiviteter for barn på piren. Elles er det blant anna kioskar, kafe og bar der.
I bygget øvst til høgre er det turen med fjellheisa startar/ sluttar.

Heile fronten ut mot sjøen med alle hotella ser storslagent ut. Ikkje rart eg vil tilbake.
Så gjekk turen mot den sikre ende, eg kom meg på toget som tok meg ut til hamnebyen Holyhead, som ligg på Anglesey, med kort veg til Dublin. Det er to selskap å reise med, Stena Line og Irish Ferries. Eg er ikkje nøgd med den servicen Stena Line gav meg etter at sekken min vart øydelagd på turen over. Dei nekta å ta skulda for at det hadde hendt, og den nye sekken er mesta ubrukeleg. Så mitt tips til deg som les her er: Ikkje bruk Stena Line - bruk Irish Ferries, det er eit mindre rederi.
Uansett er Wales, og spesielt Nord-Wales, eit land eg berre må tilbake til! Der var det lett - verkeleg lett å trivast! Du må prøve det, du og :)
Neste blogginnlegg handlar om reisetips i Irland og Wales.
Nydeleg soloppgang tidleg om morgonen då både Stena Line- og Irish Ferries-båtane kom til land i Dublin.
       All good things must come to an end...

Good bye, Ireland and Wales <3

Ingen kommentarer:

Etiketter