Totalt antall sidevisninger

mandag 27. januar 2020

Turblogg: Ein festdag for Prins - men ikkje for meg...

Det er ein dårleg vinter om vi ikkje er på skitur i Grødalen... Med andre ord: I fjor var ein dårleg vinter... Så derfor tok vi sats og starta skisesongen sist søndag. Prins var iallfall lykkeleg. Eg er litt meir amper...


Så vi starta heimefrå med retning Grødalen. Etter kvart som vi steig oppover i høgda, fekk vi sjå at det var område med ganske lite snø. Men vi skulle heilt inn til Vangshaugen, for der visste eg at det var nok snø.


På parkeringa på Vangshaugen var det meir eller mindre klart for å spenne på seg skia. Det var ikkje snø på brua, så det beste er å bære dei over til andre sida.



Så då var det berre å gi seg avgarde innover dalen. Det var ok føre i løypene, men på veg å bli litt vel skareaktig - litt for hard.
Grødalen er kjempefin fordi han er barnevennleg. Første gongen vi var på skitur der, var i 2005, hugsar eg - vi hadde bodd på Grøa i berre 1 1/2 år, og Ingvild var 2 1/2 år og sat i bæremeis. Vi var i lag med ei venninne og hennar dotter på 4 1/2 år. Mitt skiutstyr var ikkje brukt så all verda dei siste åra, og dei begynte å dra på åra... Eit stykke innover i dalen, skulle vi gå opp til ei hytte og sette oss å spise nista. Plutseleg var det eitt eller anna som skjedde, og eg ser ned, og eine skia har ramla av... Det var rett og slett skiskoen som var så gammal og porøs at han knakk rett over.... Då er gode råd dyre inne i fjellheimen... Heldigvis hadde vi med oss eit akebrett, så tilbake att til bilen, gjekk eg på ei ski og eit akebrett :D Her hadde det høvd godt med den videofilmen som vart tatt av seansen, men den veit eg dessverre ikkje kor er.


Prins var skikkeleg gira på å komme seg avgarde. Han var underernært på tur, og var kjempefornøgd med å få springe bortover snøen. Det er jo ikkje mange bakkar og ikkje nokon spesielt store bakkar, og i det som vel ikkje eigentleg var ein bakke, skjer fall nr. 1. Ok, tenkte eg - det skjedde fordi eg skulle prøve å filme Prins som halsa etter ungane...Altså, ikkje verd å gjere det igjen.

Like før hadde vi sett ei som kom køyrande i mot oss, ramle, og grunnen er på bildet under. Det er knapt med snø i Grødalen, og rundt bekkane tinast det fort. Denne hola er like ved avkøyringa til Alfheim, men på den løypa som er lengst bort. Så hugs å ha augene med deg når du er ute på ski - det er ein spesiell vinter.


Det er no fint i Grødalen :)


Vi hadde ikkje gått veldig langt frå det første fallet då eg ramla igjen... Tauet til Prins kom i mellom skia og meg på ein måte, og eg skjønte at no ville eg gå over ende. Og då eg ramla, kjende eg det reiv i av smerte på same plassen eg braut foten i august...
"No har eg anten brote foten eller forstua han noko grusomt", ropte eg til ungane, og Ingvild kom for å hjelpe meg opp. Det var kjempevondt.
Vi kom oss bort til gapahuken som er litt lengre inn. Den er kjempefin å ta ei pause ved. Ein kan fyre opp grillen, og det er og ski-Stikk ut-post. Så der fekk eg strekt ut og kvila foten. Eigentleg skulle alle saman gå vidare eit lite stykke til utover dalen, men eg kjente fort at det var så vondt, at eg ikkje kunne tenke på det.
Men først måtte det vere litt fotoshoot...

Fotoshoot!
Noko av det aller finaste med turen var å få eit glimt av sola. Ho var det lenge sidan eg hadde sett, og endå er det ei veke att til ho kjem på mitt hus.
Avslapning i gapahuken på Stortæla.

Fotoshoot!


Går du langt nok i den retninga, kjem du ned på Grøa. Men det er berre sommarstid.
Så måtte eg starte på vegen tilbake til bilen - eg trur det er omtrent fem km. Eg møtte nokon som gav meg nummeret til Raudekrossen, men eg vurderte det dithen at det hadde tatt to timar før dei kom om eg ringte...Så derfor gjekk eg vidare - og det gjekk sakte. To timar brukte eg på løypa frå gapahuken til parkeringsplassen...
Etter ei stund heime, var det tid for å ringe legevakta. Legen kunne ikkje sei om det var brudd eller ikkje, men anbefalte å dra direkte til røntgen i Molde. Det var ikkje berre brot - det var oppslått det brotet som eg fekk i august...!
Ja, så det var altså den skisesongen - kort og gale - det er vel tvilsamt om eg kjem meg ut på ski i påska. Dette var for sikkerheits skuld den første skikkelege turen eg hadde ut i naturen etter forrige beinbrot... Så det vart meir som ei sjuårs ulukke...! Så skal eg skrive blogg no framover, må det bli om andre tema, og det kan godt hende - den som venter, får sjå!
Vil du lese om då eg braut foten forrige gong, kan du lese om det her.


1 kommentar:

Anonym sa...

Noe så utrolig kjedelig å lese om.

Etiketter