Totalt antall sidevisninger

tirsdag 29. august 2017

Turblogg: Det var verd slitet!

Det er mange vegar som fører opp til Stortuva, som ligg mellom Ålvundfjord og Ålvundeid i Sunndal. Eg har prøvd ein av dei.


Det var herleg å bli møtt av flagg på toppen av Stortuva :)
Viss ein les ymse turomtaler om Stortuva, finn ein ut at det er fleire stiar som fører opp til toppen. Truleg er det nok fem-seks, sjølv om eg veit av berre fire. I boka "Toppturar i Sunndal" av Erlend S. Aarflot og Frode Nerland føreslår dei å starte turen like ved Ålvundfossen, og så gå opp via Ålvundsetra. På vinterstid kan ein komme seg opp via Børsetlia skianlegg på Ålvundeid.
På Moroturs nettside går ruta via Halskammen (som og er stikk ut-tur) og Vardhaugen. Då er turen rundt 6 km kvar veg.
Eg hadde spurt om råd på Facebook, og der fekk eg vite om ein sti eg ikkje visste fantes som gjekk frå ein gard eg ikkje visste fantes.... Nemleg Reinset. Men då vi kom fram, såg eg på postkassa at eg kjende dei som bur der.

Ein ser godt kva veg ein skal når ein står i gardstunet.

Her er Reinset-garden sett frå motsett kant.
Vel. Reinset er ein gard som ligg på strekninga mellom Ålvundeid og Ålvundfjord, og einaste kjenneteikn du har for å vite kor du skal køyre opp, er at det kjem eit litt stort vegnummerskilt på høgre side av vegen, og der går det ein bilveg opp til garden. Vegen går rett over åkeren. Der går det sti som er lett å sjå. Oppe ved skogkanten ser du kor stien fortsett oppover lia, og det er heilt umuleg å gå seg vill: Det er utruleg bra merka heile vegen opp! Mykje skryt til  Kvass/Ulvungen IL for denne omfattande jobben! EDIT: Har fått fortalt etter at eg la ut bloggen at det er eit ektepar i Ålvundfjord som står bak merkinga! All mogleg ros til dei!

Stien er lett å sjå heile vegen, og det er både måla og merka med plastikklokk.

Eit av dei få blaute områda. Det er lagt ned steinar og kubbar å trakke på.

Etter ei stund i oppoverbakke kjem ein til det første målet: Reinsetvatnet på ca 370 meters høgde.

Reinsetvatnet - der var det idyllisk.
Frå Reinsetvatnet var det berre å fortsetje stigninga oppover lia. Stien går stort sett opp og opp samstundes som han slynger seg oppover lia, så ein kliv eigentleg raske høgdemeter. Det gjorde utruleg godt å komme ovanfor skoggrensa. Det er eit bevis på at ein har kome seg eit godt stykke på veg. Då trong eg pause, og sette meg ned omtrent rett i stien! Ei lett pause med kjeks og vatn før nye høgdemeter skulle gjerast.
Det er forresten verd å merke seg at det ikkje er tilgang på vatn på heile turen. Dei bekkane som ein møter på, trur eg ikkje har drikkande vatn, så pass på å ha med nok i sekken.

Frå skoggrensa går stien oppover langs ein lang rygg. På 7-800 meters høgd må eg ha skikkeleg matpause. Det gjorde godt med ein kvil, slik at eg fekk strekt beina - eg var utruleg sliten, og eg begynte å kjenne at føtene ikkje var heilt med. Så eg hadde ikkje gått mange meter etter pausa då eg sa til bror min at eg viss eg skulle greie å kome meg til topps, måtte eg sette att sekken. Då såg vi enno ikkje toppen, men eg skjønte at det ikkje var alt for langt att.

Like ovanfor skoggrensa flatar det ut eit langt parti, og ein stig jamnt og lett.

Det går oppover, men vi ser ikkje målet, nei.

Denne varden står eit stykke oppi. Kan det vere der det heiter Gråurhaugen? Og kan varden vere eit gamalt kommuneskilje mellom Øksendal og Stangvik kommunar?

Det er vel det her som er livet?! Utsikt over mot neste turmål - Flånebba og Smisetnebba.


Wow! Vi ser toppen der oppe! 
Så ser vi altså toppen i det fjerne - etter å ha trudd, eller iallfall håpa at vi såg han tidlegare. Eg hadde kun meg sjølv, slitne bein og eit par stavar å tenke på. Vilja heldt hardt for å komme meg opp, men hadde eg ikkje hatt bror min, Terje, med, hadde det ikkje gått. Då trur eg at eg hadde snudd (og irritert meg i mengder lenge etterpå!).

Gleda var iallfall stor over å kome opp. Vi hadde brukt lang tid, så det var begrensa kor lenge vi kunne vere der, før vi måtte gå ned att. Men fotograferinga og innskriving i stikk ut-boka er viktig - det er ikkje til å komme forbi.
Då var det berre å snu nasen ned att i solskinnet! Turen var fin, stien var fin, kroppen var sliten... Og då eg begynte å nærme meg åkeren på Reinset att, kjente eg at eg var litt vel fornøgd med turar... Iallfall fram til eg får kvilt kroppen :)

Endeleg framme ved varden på Stortuva - 1030 moh - og med nydeleg utsikt.

Panoramautsikt. Langt uti kunne ein sjå Halsa-Kanestraum-ferga på veg att og fram over fjorden.

Utsikt innover mot Sunndal og Nesset. Ein kan sjå Skjorta langt baki der.

Her går stien ned mot Ålvundfjord via Vardhaugen og Halskammen.

Vardhaugen ligg på platået der nede, på rundt 650-700 meters høgd.

Utsikt over mot Surnadal.

Ålvundfjord låg bada i solskinn.

Utsikt mot Flånebba og Smisetnebba.


Viktig å hugse å skrive seg inn i dei to turbøkene på toppen.

På veg ned att, og Reinsetvatnet ligg og nyt solskinet.

Snart kler naturen seg i dei aller vakraste fargane.

Reinsetvatnet.

søndag 27. august 2017

Turblogg: Glimt nr 2 frå kliss-klass-turar forrige veke

Eg får skunde meg no mens det er godt ver å tenke tilbake på den andre veldig blaute turen eg gjorde i forrige veke.


Panoramautsikt ut over Molde frå Tusenårsvarden.
For å starte med den tørraste og likaste turen først - eg vart ikkje blaut på beina før siste meteren i marka... Eg tenkte å gjere unna nokre turar i Moldemarka, og tok sikte på Tusenårsvarden først. Den hadde eg aldri besøkt, og det var ein veldig grei sti oppover frå Damefallet, som er ei parkering som ligg langs Vardevegen. Meir om turen finn du på Moroturs sider.
Utsikta frå Tusenårsvarden er kjempeflott! Skikkeleg panoramautsikt!

Utsikt utover mot ytre distrikt - Midsund, Vestnes.

Utsikt innover mot Nesset og Rauma - og ein plass baki der ligg fjella mine.

Det var fleire som nytta høve til å ta trimturen innom Tusenårsvarden då eg var der.
Før eg gjekk frå Tusenårsvarden, spurte eg nokre mannfolk som pausa der om vegen vidare mot Moldevatnet og stikk ut-posten der. "Du følgjer stien vidare bortover, men når du kjem borti der, må du ta den stien til venstre, så slepp du den bratte stien ned, det tar rundt 20 minutt", sa han eine.
Og eg gjekk lysteleg bortover, og då eg hadde gått "langt og lengre enn langt" - det vil seie meir enn 20 minutt - kom eg til ein sti som gjekk mot venstre. Eg prøvde han litt bortover, men ombestemte meg, for tenk om det var feil... Då eg kom til ein bratt, bratt sti nedover, skjønte eg kva fyren meinte... Eg burde opplagt tatt stien til venstre!
Men eg heldt meg tørr heilt til siste tre metera før eg var ute på vegen.

Det var ein vanskeleg og ikkje farbar veg eg valde meg...

Nokre hundre meter frå der eg kom ut av skogen, på vegen mot Moldevatnet, kjem dette skiltet! Velg den vegen!

Her er stikk ut-posten ved Moldevatnet. I fjor fann eg ikkje postkassa.
Frå Moldevatnet gjekk turen vidare til Øverlandsvatnet.

Bergsvatnet, kor det ligg ein stikk ut-post.
Berre eit par dagar etterpå var eg på ny tur. Eller ny var han ikkje, for eg gjekk der i fjor, men eg hugsa ikkje akkurat kor langt det var eller kor vått/ ikkje vått det var. Turen gjekk til Gyldemninga og Grønlia på Gyl i Tingvoll. Turen kan du lese om på Morotus sider her.
Turen opp til Gyldemninga er grei, for då går ein på grusveg heile vegen. Frå Gyldemninga bør ein gå tilbake til skiltinga mot Grønlia. Då veit ein at ein er på rett veg.
Merkinga var som i fjor, stort sett grei, men nokre plassar er det litt vanskeleg å vite kor ein skal. Turen er fin - det går oppover heile vegen, men ikkje veldig bratt. Når ein snur seg, ser ein den flotte utsikta utover mesta heile Nordmøre. Det er jo det som er kjekt med desse turane - å kunne nyte utsikta - og så sjå fjella heime då :)

Det som irriterte meg likevel, var at det er vått heile vegen. I mine gore tex-sko var det uråd å ikkje bli våt. Det er stort sett myrterreng heile vegen, så ein må berre prøve å finne ytterkanten av myra.
Og her kjem eit godt turtips; Hugs alltid tørre sko liggande i bilen som ventar på deg!
Vonleg blir ikkje denne turen med på stikk ut-kartet neste år.
Men som alltid: Alltid kjekt å sjå kortaste vegen heim :)

Myr og myr og myr...

Grønlivatnet med fjella heime i bakgrunnen.

Grønlia er ein blå tur, og ligg på 628 moh.
Utsikt mot Halsa og Aure.



Utsikt mot Surnadal. Fjella ein ser på bildet er Hjelmen (til venstre) og Bølia (midt på bildet).

Utsikta mot Sunndal. Midt i bildet ser ein den karakteristiske halvøya Nesøya mellomÅlvundfjorden og Stangvikfjorden.

Så var det utsikta heim då. Skjorta, Goksøyra, Breifonntinden <3

søndag 20. august 2017

Turblogg: Glimt frå siste vekes kliss-klass-turar

Denne veka føler eg at eg har stort sett vore meir våt enn tørr på beina når eg har vore på tur.

Det heile starta forrige søndag. Då tok broderen og eg laus for å gå til Grønnfjellet på Eidsvågfjellet. Eg såg jo at det skya over, og eg hadde med regnklede. Det viste seg at det var best å få dei på før vi starta å gå. Etter kvart som vi gjekk oppover, vart eg blautare og blautare på beina, og veret vart dårlegare og dårlegare. Som eg har fortalt om tidlegare her, er det godt merka oppover, så vi visste Broderen hadde med vindmålar, og på toppen av Grønnfjellet målte han 12 m/s - det er visst mesta kuling i styrke det. Det var best å skunde seg ned att. Eigentleg hadde eg lyst å gå på Kjerringnebba når eg først var ute og gjekk, men det var ikkje nubbesjans.
På denne turen vart eg påmint om at ein skal vere førebudd for uver også på korte turar.

12 m/s og skikkeleg dårleg sikt!

Ein skikkeleg styggeverssjølvie :D
Neste tur var måndag. Då fekk eg med meg ei turvenninne på blåtur i Angvika i Gjemnes om ettermiddagen. Den første turen gjekk til Fagerlihøgda (du kan lese meir om turen her). Det er fleire stiar å velje for å komme til toppen, og Friluftsrådet vil du skal ta den lengste vegen. Vi valde likevel den kortaste vegen. I teksten om turen i frå Fagerlia skisenter, står det at det er myrlendt terreng i starten, og ein kan få inntrykk av at ein kjem fort opp over skoggrensa og det våte myrterrenget. Det er eg ikkje einig i. Det kjentest ut som at det var vått og vått heile vegen opp, men det var noko likare heilt øvst. På toppen der stikk ut-postkassa står, var det ei fin utsikt utover frå 474 moh. Så må det og nemnast at etterpå fekk eg vite at stien om Bytbekken er ein langt tørrare og finare sti.

Her startar stien ved Fagerlia skisenter.

Her er det veldig vått.

Fann oss ein underleg kar på vegen.

Fin utsikt utover Gjemnes, mot Tingvoll, Sunndal og Surnadal.

Og sjølvsagt måtte eg fotografere kortaste vegen heim :)
Frå Fagerlihøgda gjekk vegen over dalen til Åbakkfjellet. Den turen gjekk eg i fjor vår (det skriv eg litt om her). Der skreiv eg ingen ting om kor langt det var, så eg hugsa ikkje det. Men det var både lengre og våtare enn eg hugsa. Heldigvis hadde eg bytta sko etter turen til Fagerlihøgda, men det er få ting som er så godt som å skifte til tørre sko etter ein tur.
På toppen av Åbakkfjellet hadde vi ei artig oppleving. Midtvegs i lia kom det ein kar halsande etter oss. Då vi kom opp, såg vi han for omkring og leita etter noko. "Skal han slå opp telt?" spurte turvenninna mi. Nei, då viste det seg at teltet skulle opp i lufta og bringe han luftvegen ned i bygda igjen.

Utsikt over mot Fagerlihøgda, kor vi var først.

Fallskjermhopparen gav oss ei verkeleg overrasking.

Sjå kor sola skin på Goksøyra, som er midt i bildet.

Utsikt mot Fosterlågen.
På veg ned att hadde vi ei artig oppleving. Vi hadde kikka på hestane og sauene som beiter på Åbakken. Då vi hadde sett oss i bilen og begynt å køyre nedover mot fylkesvegen, fekk vi plutseleg auge påein elgkalv som stod og grunna på noko på åkeren. Eg rygga attover for å sjå han betre, og endå reagerte han ikkje. Etter ei lita stund, sprang han over vegen.
Vi hadde ikkje før snakka ferdig om elgkalven, før vi, nede på fylkesvegen, fekk auge på ein svært svolten rev. Han heller reagerte ikkje på at vi stoppa og prata med han. Begge dei syna vart ei hyggeleg avslutning av ein fin, men våt turettermiddag.
(Resten av turveka kjem i eigne blogginnlegg).

Flotte sauer! Òg alle hadde horn.

Hestane og var flotte dyr.

Men det var no noko eige å sjå denne elgkalven på ganske nær avstand.

Denne svoltne reven tok eigentleg kaka av alle synsinntrykka.

Han var mest opptatt av å sikre seg mat, han Mikkel Rev.

lørdag 12. august 2017

I dag tenner eg lys for Geir

I dag er fetter Geir 50 år. Dette blir mi helsing til søskenbornet mitt som har vore borte sidan 8.oktober 2013. Borte frå syne, men ikkje frå sinnet. Derfor skriv eg teksten i du-form.

Geir slik eg hugsar han i ungdommen på Hoemsetra.
Du, Geir, er det søskenbornet eg traff mest i oppveksten. Sjølv om du var oslogut, var du hoemsetergut i hjartet. Aldri ei påske eller ein sommar utan at du var der, og det til stor glede for oss tre som vaks opp på Hoemsetra. Spesielt stor glede til bror min, for dokker var like gamle, og dokker leika seg mykje saman. Kven minnes vel ikkje hytteprosjektet dokkar ved dammen - sjølv om det er snart 40 år sidan. Eller doningane de laga i akebakken ei påske. Eller seglbåten din, som vi og fekk låne. Eller båten din, loppa - den gjekk skikkeleg fort. Eller kven kan gløyme berre den overstrålande gleda di over å få vere på Hoemsetra?
Slik var det, og du høyrte like mykje til der ute i øydemarka som vi som vaks opp der.

Hytta de begynte å snekre, kan reknast som eit forprosjekt til det at du blei snekkar. Du var energisk, starta eige firma, vart byggmeister, hadde lite fri. Du likte ikkje å ha fri heller.
Det var det du forklarte det med sjølv at du blei sjuk då for snart tjue år sidan. For mykje press i jobben gjorde at psyken begynte å svikte. Men likevel hadde du så enormt mykje positivitet og optimisme i deg. Du kunne sjå livet ditt med eit enormt skråblikk. Som den gongen du kom ned på ditt vante vis til huset vårt på Hoemsetra for å slå av ein prat. Bror min sat og klagde og sytte. Då kom det ironisk frå deg: "Ein skulle tru det er du som er sjuk og ikkje eg".

Tidvis kom du vekk for meg, men det trur eg var like mykje mi skuld som di. At eg var travel og budde nordpå, og det var Hoemsetra som var møtepunktet vårt. Men du var alltid der om somrane, også når du var sjuk. Satt under verandaen på hytta til onkel, far din, og søkte ly, men alltid i nærleiken av familien din.
Då søster mi flytta til Valdres, vart hennar heim eit nytt ankerfeste. De to kunne gå fjellturar saman, du trakk pulken på skitur, og du og eg stod saman på kyrkjegulvet då hennar gut nummer to vart døypt. Du hadde ditt rom i huset du kunne trekke deg tilbake til når det vart for mykje støy.
Eg tok meg i å tenke på at vi var i lag og feira tante sin bursdag i Brønnøysund. Då eg og ein slektning stod og målte magar, sidan vi hadde termin samme dag, og du tok bilde av oss. Det var langt på natt, men det var slik ein fin kveld - det trur eg du og syntes. Du var der, du var med - du var ein av oss.

Men så gjekk det gradvis nedover. I takt med det, vart det stadig fleire og lengre turar i fjella i Romsdalen og Sunndalsfjella. Frå du var ung hadde du pleid å ta toget til Bjorli og gå til Eikesdal, eller tok toget til Åndalsnes og gjekk over frå Isfjorden til Hoem. Du var lokalkjend i desse fjella, og eg beundra deg for at du kunne vere så i pakt med naturen.
Eg hugsar du fortalte om ruta du skulle gå ein gong. Grøvudalshytta og Vangshaugen var på lista over hytter du skulle innom. Nokre dagar seinare var eg på Vangshaugen for å lage ei reportasje, og då fekk eg høyre du hadde vore der.

Tenk om eg hadde kunne gått desse turane i lag med deg - berre for å gi deg selskap og for å lære stiane. Lære meir om fjella og om å vere i pakt med naturen. Men du var visst aldri meir i pakt med naturen enn at overnattinga føregjekk på turisthyttene.

Så kom sommaren og hausten 2013. Det er fire år sidan no. Det må ha vore mykje uro i deg og rundt deg. Ei uro som tok deg hit og dit - i eit mønster som vel var heilt uforståeleg for oss andre. Men eg høyrde du hadde vore i distriktet før du for vidare. Eit helikopter som var ute og såg etter deg, men ikkje nokon formell leiteaksjon.
Ikkje før i slutten av oktober. Ingen hadde sett deg på mange veker. Etter kvart fann ein ut at siste livsteikn var 8.oktober. Det vart leiteaksjon og etterlysning i lokalavisene. Ingen fann noko.

Bildet av Geir som vart brukt i etterlysninga av han. Screenshot fra Åndalsnes Avis.

Screenshot frå Åndalsnes Avis av intervjuet med
fetter Knut om leiteaksjonen.
  
Så lagde nevøen din, Edvard, film om deg - "I det fri". Film om kva som kunne ha skjedd med deg. Eg fekk endeleg sett filmen i sommar. I stua på hytta til familien - på det filmskaparen sjølv kalla Hoemsetra Filmfestival. I filmen var det intervju med dei som møtte deg den siste dagen. Nokon på Bjorli og nokon oppe i Romsdalen. Det kom fram at du hadde lege i ei grøft då det stoppa to bilar - først ein privatbil og så ein trailer. På spørsmål om du trong hjelp, svarte du at du berre låg og kvilte deg. Så køyrde bilane, men ein ambulanse vart tilkalla. Då han kom ei stund seinare, var du borte. Det er det siste vi veit.

Eg har tenkt mange gonger på deg, Geir. Tenkt på kva du gjekk gjennom siste hausten, på kva som hende, på kor du vart av. Det å ha svar er så uendeleg viktig, men alt eg har, er berre spørsmål.
I det siste har eg henta fram fleire minne om deg - dei minna som ikkje handla om sjukdom, men om deg, om det fine søskenbarnet mitt. Når du i dag fyller 50 år, er det dei minna eg vil trekke fram, dei minna eg vil hugse.

Gratulerer med dagen, kjære Geir - i dag skal eg tenne eit lys for deg <3

(PS! Filmen "I det fri" var ei bacheloroppgåve Edvard Karijord lagde på Westerdahls skole. For tida gjer filmen det ganske bra på filmfestivalar rundt i verda. Vonleg vil NRK kjøpe han og vise han - enn så lenge er han berre tilgjengeleg på ein filmfestival ein plass i verda.)
Du kan sjå filmen på denne linken.

Coverfoto til filmen "I det fri", som handla om korleis Geir forsvann. Med tillating frå Edvard Arntsen Karijord.

Ein plass i dalen her forsvann du. (Bilde: Henta frå "I det fri" av Edvard Arntsen Karijord)




Etiketter