Totalt antall sidevisninger

søndag 15. oktober 2017

Turblogg: Viktig melding 1: Følg stimerkinga!

Det ser jo ganske tullate ut - at to kvinnfolk gjer seg klar for fjelltur opp i høgda når regnbygene og skodda truar seg stadig lengre ned i dalsidene i Sunndal.



La meg seie det med ein gong: Turen blei såpass innhaldsrik, at eg må fortelje om han i to delar. Del 1 handlar om oppturen, del 2 handlar dermed om nedturen. Og om forteljinga har ein moral? Ja, den ligg i tittelen: Det er ein grunn for at vi har merka stiar!

Vi starta altså avgarde torsdag morgon - vi var litt tvilande, men vervarselet for distriktet utanfor Sunndal var bedre enn i Sunndal, så vi valde å stole på Yr. Og lykka stod oss to kjekke bi - då vi kom ut av tunnellen mellom Jordalsgrenda og Fredsvika, var det klårver så langt auga kunne skode. "Dette blir ein bra dag," var vi einige om.

Så turen vår gjekk til Osmarka skistadion, kor vi parkerte. Der såg vi umiddelbart turmålet vårt: Duå.

Frå Osmarka går starten av den 7 km lange løypa til Duå, som ein skimtar i bakgrunnen.

Reinsfjellet har ein og utsikt til på turen.
Turen starta lett bortover i skiløypa og langs grusveg og traktorveg eit langt stykke. I følgje Moroturs omtale av turen (som du finn her) er det faktisk 4 km med slikt dekke før du kjem ut på anna underlag.
Og la det vere sagt med ein gong: Viss du skal gå denne ruta: Les turomtalen nøye, så sparer du deg for mykje "løye" (artig) - du får ei bedre turoppleving med å gå turen slik den står nøye omtalt. Det er det aller beste rådet eg kan gi for turen.
Grunnen til at vi valde å starte turen frå skistadion, var fordi det er den løypa som står omtalt på Moroturs sider, og sidan vi ikkje er lokalkjende, gjorde vi det valet. Det kjem eg nok tilbake til seinare.

Ganske tidleg på turen passerte vi Hanasettjønna.

God skilting som viste kor vi skulle gå vidare.

Her var det merking både med stikk ut og Friluftsrådet.

Undervegs kjem ein til informasjonsplakatar om det biologiske mangfaldet.
Etter å ha gått i mesta 1,5 time, kom vi fram til idylliske Duålisetra. Der passa det heilt perfekt å ha matpause, for der var det benkar å sitte på. Då alle tre hadde spist seg mette, var det tid for å starte på den verkelege turen.

Duålisetra - verd ein tur i seg sjølv.

Benkane er sponsa av Osmarka Bygdelag.

Her er det tid for å legge turen inn i dei heggemske/ osmarkske skogar.
Så begynte altså turen oppover. Det var ganske greit terreng, nokre våte område, men ikkje verre enn at eg tenkte at her kan eg kjenne på turgleda. Prins var fornøgd og, og turen gjekk rett så bra ei lang stund. Så begynte landskapet å endre seg. Vi kom opp i eit skar - Duålia står det på kartet, og vi møtte ei pil som viste kva retning vi skulle. Litt seinare fekk vi auge på stikk ut-skiltet eit stykke frami. Det skiltet viste vegen til der stigninga verkeleg starta. Herfrå skal ein opp mesta 300 høgdemeter.

Når du kjem opp i skaret og ser desse stokkane: Følg dei!

Framme i skaret her startar turen oppover til venstre.

Anne Grete studerer kor vi skal gå vidare.

Her startar dei siste 300 høgdemetera.

Her opp går stien. Følg stavmerkinga oppover.

Fin utsikt nedover Skeidsdalen.
Dei siste 300 høgdemetera var tunge, og her kjem eg tilbake til overskrifta: Følg stimerkinga! Det er sett opp stavar oppover heile fjellsida. Stort sett er dei lette å sjå, men nokon plassar er det litt for langt mellom stavane, og då vart vi meir usikre på kor vi skulle gå.
Ein plass hamna eg ut på eit lite svaberg, og før eg visste ordet av det, mista eg festet og begynte å gli nedover. Heldigvis gjekk det bra med Prins, som jo hang fast i meg, og heldigvis fekk eg god hjelp av Anne Grete til å kome meg på sikker grunn. Men det var ei veldig ekkel oppleving.

Ganske bratt opp nokre parti, ja.

Prins tok seg tid å kikke på utsikta frå ytst på ein kant kor det gjekk rett ned.
Endeleg høyrer eg eit forløysande ord frå ho framom meg - Yes! Vi er oppe. Vi hadde komme oss opp på Duå på 797 moh. Eg trudde den kanskje var 100 meter høgare - blant anna fordi det verka slik. Men vegen opp var bratt og delvis farleg - eg ville ikkje ha tatt med ungar opp der. Då eg kom opp på toppen til varden, oppdaga eg at det var ungar der... Korleis hadde dei kome seg opp. Jau, dei hadde gått frå Botterlia. Seinare på kvelden fann eg ut at den vegen er mykje lettare og kortare - dei går der på ski faktisk.
Så korfor er det då den bratte, mesta farlege ruta som står oppført i Stikk uts rutekart? Det er for meg ei gåte, og eg irriterar meg over det. Men: Nedturen skal eg altså fortelje i eit nytt blogginnlegg - og det vil heite: Viktig melding 2: Følg stimerkinga!

Varden på Duå.

Hadde det vore eit lettare skydekke, hadde vi nok sett heilt ut til Smøla. Litt til venstre er vel Freikollen.


Litt usikker på kva retning ein ser her.

Utsikt mot Trollvatnet og retning Molde.

Her trur eg bestemt at eg ser fjella heime på ein dag med mindre skyer.

Utsikt med retning Romsdalshalvøya og Sekken.

onsdag 11. oktober 2017

Turblogg: Sunndals godt gøymde hemmelegheit

I år etter år har det stoppa bilar på Holskeidet, mellom Holsanden og Grøa, for å beundre Vinnufossen. No kan ein endeleg ta fossen endå nærare i augesyn.

Ikkje mykje vatn i Vinnufossen no.
Det har vore snakka mange gonger om å ha eit utkikspunkt kor ein kan ta fossen nærmare i augesyn. Fossen er rekna for å vere ein av dei høgaste fossane i verda, og fortener med sin villskap å bli vist fram på nært hald.
I sommar tok grunneigaren affære, og fekk rydda stien opp til fossen. Fortsatt var det ikkje så veldig mange som visste kor stien starta, men heldigvis var det ein snartenkt ålvundfjording som heiv seg rundt og fekk sett opp eit par skilt.

Her er skiltet som står på avkøyringa på Holskeidet.

Nokre hundre meter lenger bort står skiltet som viser kor ein skal gå oppover lia.
Det første partiet av stien er reine autostradaen. Det er traktorveg eit lite stykke før det blir litt smalare sti. Då går det slakt oppover. Men det blir brattare mot slutten, men det er fin sti, så det er ikkje veldig bratt. I dag då eg gjekk, var det ganske tørt og fint, men hadde det vore meir regn, hadde det vore ganske sleipt å gå.
Merkinga må nemnast. Den er ikkje berre bra, men eksepsjonelt bra! Det er heilt umuleg å gå seg vill, for det er raude merker oppover heile vegen som viser kor ein skal gå.

Veldig god merking heile vegen.

Autostrada på begynnelsen av stien.

Hallo, la oss gå!
Etter mesta 15 minutt i min litt sedate gangfart kom vi opp til fossen og postkassa. Akkurat no er det veldig lite vatn som kom ned, men det skulle vere artig å vere oppunder fossen der når han er skikkeleg stor. Boka i postkassa viste at det har vore ganske bra med besøk der, til trass for at stien og merkinga er fortsatt ny.
Frå fossen har ein fin utsikt tvers over dalen mot Mæhlesida. Eg kan tenke meg at ein er på rundt 200 - 250 meters høgd. Nedover går det fortare, så turen er unnagjort på ein halvtime.
Sidan eg skriv dette innlegget om denne turen, er det fordi eg meiner at denne turen må bli stikk ut-tur neste år. Mitt forslag er: Inn med Vinnufossen - ut med Åsbrona!

Framme ved postkassa!

Vinnufossen :)

Fin utsikt frå der fossen kjem ned over mot Mæhlesida.

Turblogg: I grenseland

I månadsskiftet fekk eg ungane mine og broderen med ut i grenseland - på stikkuttur på kommunegrensa mellom Nesset og Gjemnes.

Vetafjellet

Dette var ein av desse fine dagane med fortsatt varme og heldigvis ganske tørt terreng oppover.  For å kome til startpunktet, må ein ta av der det står skilta Fosterlågen på Gussiåsen. Etter å ha køyrt vegen nokre hundre meter, kjem ein til ein bomstasjon. Vipps 60 kr til bomeigarane, så er du gjennom. MEEEN: Det er ikkje veldig langt frå bommen til parkeringa, så om du vil spare deg for 60 kr, kan ein setje att bilen ved bommen og gå den vesle biten opp til parkeringa.

Her startar turen - på motsett side av parkeringsplasssen.

Eit lite stykke oppi kjem ein til eit vegskille. Då må ein følgje stikk ut-skiltinga/ skilting mot Vetafjellet.

Turen startar på andre sida av vegen for parkeringa. Då er du på ca 180 moh. Vetafjellet ligg på 612 moh.
Det er ein fin sti som bringer deg rett inn i skogen, og etter kvart oppover skogen. Ein får små påminningar undervegs at ein er på tur oppover i høgda, for ein har litt utsikt. Nokre plassar er det litt vått, så det er lurt å innrette skotøyet etter akkurat det.

Ein får ganske fort god utsikt utover mot Istad og Kleive.

Ein gammal trestamme som måtte prøvast.

"Kom an, la oss kome oss avgarde!"

Dette partiet kan nok vere ganske vått til vanleg.

Eit stykke oppi fann vi denne genseren på ein påle.

Skal tru om han heng der ennå, eller er heime hos eigaren igjen?
 Nedst i lia ser ein ikkje så mykje fjell. Ein får utsikt utover mot Kleive og Istad, men ikkje spesielt mykje utsikt i noko annan retning. I det du begynner å stige over skoggrensa, skjønnar du at det vil bli kjempefin utsikt i bonus for slitet.
Som mange veit, har eg jo som motto "Vis meg kortaste vegen heim", og også på denne turen openberra den vegen seg. Etter å ha sett at ein kan sjå Skjorta frå Fræna og, er eg svært fascinert over kor viden om ein kan sjå dei høge, prektige fjella innover Eresfjord.

Så stein Skjorta. Goksøyra og fleire fjell rundt Eikesdalsvatnet fram.

Haust på Vetafjellet.
Før ein kjem opp på toppen, går ein opp ei litt bratt skråning, men då er ein veldig fort framme. Hytta kor postkassa er, ligg litt nedanom ei stor mast på fjellet. Eg gjekk visst litt fort og konsentrert, så eg hamna først opp til denne masta. Og det var no greit, for då fekk eg utsikt i litt fleire retningar.

Ei stor mast på toppen av fjellet.

Ein stor varde på toppen.

Utsikt utover Fosterlågen og mot Reinsfjellet, som ligg i Gjemnes kommune.

Verdas beste turkamerat <3

Utsikt utover Osvatnet og Fannefjorden i Molde kommune. Kommunegrensa ligg like bortanfor.
Ungane og broderen hamna rett til den vesle hytta som er på Vetafjellet. Det er ei lita bu med plass til å setje seg ned og spise matpakka. Her var sjølvsagt det viktigaste for meg å skrive meg inn i stikk ut-boka.
Eg minnes ikkje kor lang tid vi brukte opp, men eg trur det var mellom 1 og 1,5 time. Eg likte denne stien/ turen kjempegodt. Passe bratt, fin tur gjennom skogen, og ein blir belønna med ei kjempefin utsikt. Og så var vi heldige som gjekk på ei tid kor det var ganske tørt terreng.

Hytta på Vetafjellet med postkassa lett synleg.

Broderen studerer utsikta utover mot Molde.

Zooma litt for å sjå bedre. I følgje broderen er det mot venstre Hauduken, så Breifonntind og midt i bildet er Gjuratind.  Heilt til høgre er vel kanskje Kyrkjetaket i Isfjorden.
Nydeleg haustdag!
Viss du alt har betalt deg gjennom bommen, er mitt tips å ta ein liten køyretur vidare mot Fosterlågen. Der er det fleire andre turmoglegheiter, og det er og plassar å setje seg med nista. Då vi kom der, var det utruleg fin ettermiddagssol som avslutta den fine turen.
Eg gir turen til Vetafjellet terningkast 6!

Fosterlågen.

Retning Reinsfjellet.

Eg trur det er Åbakkfjellet ein ser baki der.

Etiketter