Totalt antall sidevisninger

søndag 23. mars 2014

Eit vondt barndomsminne

Historia denne veka om Karoline med psykisk utviklingshemming som ikkje fekk vere med på klassetur til Gran Canaria, tok meg over 30 år tilbake i tid.




Ein liten fådelt skule. Fire lærarar. Sju elevar i ungdomsskulen. Ni elevar i barneskulen. Ei lita jente på ni år åleine i tredje klasse.

I barneskulen heldt dei på med eit opplegg som handla om brevutveksling mellom ungar i Noreg og ungar i Afrika. Dei norske ungane heldt til i rundt Hamar-kanten. Eine læraren på skulen kom og frå Hamar-kanten. På den måten dukka ideen opp om å dra på klasse-/skuletur til Hamar opp. Alle i barneskulen var med på opplegget, og då skulle vel alle vere med på turen og?
Planlegginga av turen kom i gang, og det var mykje som skulle opplevast. Både domkyrkjeodden på Hamar og Skogbruksmuseet i Elverum skulle visst besøkast - blant anna.

Skuletimane gjekk, dagane og vekene gjekk, men den vesle jenta i 3.klasse skjønte etter kvart at det var noko som ikkje stemte. Ho var ikkje inkludert i turplanane. Det viste seg at turen var for dei i 4., 5. og 6.klasse, og det til trass for at den vesle jenta var med på undervisningsopplegget.
Sørgmodig måtte ho sjå at søstera drog på tur medan ho sjølv måtte vere heime.

"Det var jo uansett ikkje plass til meg i ein av bilane," tenkte jenta om hamarturen ho ikkje fekk vere med på. "Kanskje eg var for lita," tenkte ho og. Men uansett fekk ho aldri nokon forklaring på kvifor ho ikkje fekk vere med på den turen - ho hadde jo så lyst. Var det verkeleg berre ho som ikkje skulle på skuletur den våren?
For i samme tida dukka det og opp at elevane i 7., 8. og 9.klasse skulle vekk på ein todagarstur til Oppdal. Ikkje så langt, men uansett: tur. Sørgmodig stod den vesle niåringen  og såg på at broren og drog avgarde på klassetur.

I ettertid er det lett å tenke at lærarane kanskje var offer for eit system - eit system eller ei handling dei ikkje skjønte konsekvensen av.  Det er og lett å sjå at det var heilt feil det dei gjorde. At ein ikkje ekskluderer ungar i eit system der alle skal vere inkludert.

Den vesle jenta var eg. Eg ber ikkje lenger nag til lærarane - dei visste nok ikkje kva gale dei gjorde. Oppstanden rundt turen Karoline ikkje fekk vere med på, har aktualisert det å inkludere alle i skulen. Historia om Karoline brakte meg 32 år tilbake i tid. Minnet om den gongen eg var den einaste eleven på skulen som ikkje fekk på skuletur, er eit vondt minne - og eg fortel denne historia for å vise at Karoline si historie dessverre ikkje er unik.

Ingen kommentarer:

Etiketter