Totalt antall sidevisninger

mandag 10. oktober 2016

Turblogg: Kortreist ferielykke

I helga har ungane og eg gjort noko vi eigentleg aldri har gjort før: Hyttetur saman med vener. Og det freista til gjentaking!


Målet for turen: Grøvudalshytta.
Vi drog "mannsterk" innover til Grøvudalshytta i Grøvudalen på laurdag: fire vaksne (av dei ein mann!), tre tenåringsjenter, ein tolvåring, to åtteåringar og tre femåringar!
Grøvudalshytta er ei perle som ligg sju kilometer frå parkeringa på Hallen innanfor Røymoen og Hafsåsen. Det er på omlag 850 meters høgd over havet. Ein kjempefin og lett tur for dei aller fleste ungar og vaksne.
Landskapet inst i Sunndalen, ovanfor Gjøra, er heilt unikt. Viss ein studerer kartet, finn ein lange, flate dalar så langt auga kan sjå: Grødalen forbi Vangshaugen, Grøvudalen, Reppdalen og Linndalen. Det gir heilt unike turmulegheiter!

Om sommaren er Inner Gammelsetra, som ligg rett ovanfor Grøvudalshytta, open, og då kan ein gå dit for å kjøpe seg kaffe og vaflar. Det er faktisk alltid det mine turar til Grøvudalen har handla om. Eg hadde berre så vidt vore innanfor døra på turistforeiningshytta og sett meg om.
Men no var det altså dags for å ta det heile eitt skritt vidare - overnattingstur på hytta saman med vener. Det krevst ein del innsats i pakkinga, og det krevst og ein sterk rygg for å frakte det innover. For meg var dette trening i fleire greiner.

Lita jente i stor ørken :)

På veg mot Grøvudalen. Sol og blå himmel så langt auga kan sjå :)

Grøvudalen sett frå motsatt kant.

Grein 1: Tung sekk: Ganske mykje som må vere med på ein slik tur - sjølv berre for eit døgn med strålande vervarsel. Mest mat som skal med - og ein sovepose. Litt godis (kake) og litt mat til Prins og sjølvsagt. Om ein treng trening i å bere litt tung sekk, er vegen inn til Grøvudalshytta veleigna. Eg tippar sekken min var rundt 15 kg då vi gjekk innover, men eg trur eg har enno eit par-tre kilo å gå på ut frå erfaring og dagsform.
Grein 2: Sosialisering. Eg kan godt innrømme at det er trening eg treng. Og eg fekk i rikeleg monn på denne turen. Som sagt var det første gong vi har vore på ein slik vennetur, og eg håpar sjølvsagt at det ikkje er siste gongen.

Turistforeiningas hytter er ypperlege! For den som ikkje har råd til å eige hytte sjølv, eller som ikkje har nokon som inviterer ein med på hyttetur, kan ein finne seg ei lokal hytte i høveleg nærleik å besøke og late som ein eig ho. Og sanninga er jo at om du melder deg inn i Turistforeninga, gjer du jo eigentleg det.
Standarden er stort sett enkel; dei fleste hyttene har enkel standard (det vil seie fleirmannsrom til overnatting, utedo og ingen straum), alle kan komme dit og vere ei eller fleire netter. Enkel standard betyr låg kostnad for å vere gjest på hytta (kr. 345,- for ei natt om du ikkje er medlem). Nokre få hytter er betente, men dei aller fleste er ikkje det. Då må du ha med deg det du treng, eller du kan kjøpe det i kioskutsalet på hytta. På den måten er det eigentleg begrensa kor mykje du treng å ha med deg av mat i sekken. Og det er jo veldig praktisk om ein skal gå frå hytte til hytte over fleire dagar. Det er draumen min - men det kjem eg tilbake til. Vedlikehaldet på hyttene blir utført på dugnad. Turistforeininga blir driven av dyktige og ivrige ildsjeler! Utan ildsjelene blir standarden dårlegare.

Turistforeiningas hytter ligg plassert strategisk til på deira rutenett. Grøvudalshytta ligg, som nemnt. berre sju kilometer frå parkeringsplassen. Frå hytta kan du gå vidare over mot Torbudalen, eller du kan gå innover dalen forbi dei andre setrene der på vegen mot Åmotdalshytta. Frå Åmotdalshytta kan ein gå vidare til Snøheim via Snøhetta. Det er min draum! Det skal eg gjere neste sommar. Ein rekk det på ei helg. Viss du går inn til Grøvudalshytta fredag, vidare til Åmotdalshytta laurdag, og så over Snøhetta til Snøheim søndag. Derfrå går det buss til Hjerkinn, og frå Hjerkinn kjem ein seg lett både sørover og nordover med toget.
I Sunndal ligg det ikkje mindre enn ti turistforeiningshytter (dei fleste eigd av Kristiansund og Nordmøre Turistforeining), og eg trur alle er i bruk i større eller mindre grad. Det gir ei unik mulegheit til å utforske den sunndalske fjellheimen - uansett om du vil i retning nordover mot Trollheimen, austover mot Dovrefjell eller sørover mot Eikesdalsfjella (som er ein del av felles naturvernområde med Sunndalsfjella).
Du kan lese meir om hytta her.

Og no trur nok alle at eg skriv dette for å reklamere for ein organisasjon eg sjølv er medlem av. Men det er heilt feil. Eg har ikkje vore medlem i DNT sidan ungdomsåra (og eg skjønnar eigentleg ikkje korfor eg var medlem der då!), men no har eg lyst å bli medlem, slik at eg til litt rabattert pris kan bli ein omstreifar i fjellheimen.

Omstrifar Ingunn og omstreifar Prins :) Rastepause på veg til Grøvudalshytta.
Eit lite apropos til 8.oktober og ein omstreifar i fjellheimen.
Laurdag var eg invitert til å vere til stades på visninga av filmen som slektningen min Edvard Arntzen Karijord har laga om onkelen sin, og søskenbarnet mitt, Geir Karijord. Han var ein fjellets mann - han var lokalkjent i heile området mellom Lesja, Bjorli, Sunndalsfjella og Eikesdalsfjella. 8.oktober 2013 var siste gongen han vart sett, og sidan har han vore borte. Eg vil vere ein omstreifar i fjellet som kan minnast den friske, sterke Geir når eg går i dei løypene han gjekk i. Fjellet gir og fjellet tar - og det skjedde og i går (søndag) i Goksøyra ved Eikesdalsvatnet.

Eg hadde ein kjempeflott tur til Grøvudalshytta. Det trur eg og ungane mine syntes, sjølv om det vart litt knapt med sømn for den som låg og fraus om natta, og sjølv om isen ikkje var heilt trygg å gå på, og sjølv om dagen starta med -10 grader. Men veret var upåklageleg, månen rakk å kaste litt glans til oss om laurdagskvelden, og sola kom med sine strålar i rundt kl. 11.30 om føremiddagen.
Noko av det finaste var å sjå stjernehimmelen utan lysforureining! Å kunne bøyge hovudet attover og sjå ein lang veg over himmelen av stjerner! Ungane meinte dei såg stjerneskot og.
Dette er ein tur eg vil anbefale til kven som helst!

To gode kompisar på veg til Grøvudalen.
Tre små venninner på lang tur.

Søndag føremiddag gjekk Prins og eg oss ein tur til Litjgrøvu for å kikke.

Etter at sola hadde gått ned, vart himmelen farga rosa.

Inner Gammelsetra i 11.30-tida søndag føremiddag akkurat då sola kom. Til sommaren blir det atter servering av kaffe og vaflar i tunet der :)

Grøvudalslaget har sett opp mange slike plakatar innover for å fortelje om den lange Grøvudalens lange historie som jordbruksbygd i gamle dagar.

Sjølvportrett :)

Var no ein kar som var ganske sliten etter turen!

Ingen kommentarer:

Etiketter