Totalt antall sidevisninger

torsdag 13. oktober 2016

Turblogg: No ser eg snart heim!

Nokre turar er eit større must enn andre å ta! Svartvassbu var definitivt ein slik tur! For ein dag og for ein tur!



Eg kan så vidt minnast at eg var innom Svartvassbu for over 30 år sidan. Då gjekk vi frå Hoemsbu og opp Hoemdalen, bak Gjuratind, før pappa visste ein snarveg, slik at vi slapp å gå heilt ned i Grøvdalen før vi gjekk opp att. På Svartvassbu står det eit skilt som seier det er 10 km til Hoemsbu, så det var ikkje så verst tur for å vere meg den gongen.

Tilbake til tysdagens tur. Den hadde vi planlagt lenge, og med det veret som har vore den siste veka, var det berre å glede seg ! Vi var fire saman som starta oppover lia frå Meringdalen. Heile vegen opp gjekk vi i skugge, så det å møte på sola på toppen av Røndølskaret, var ganske kjærkomment. God temperatur var det og, så det var ikkje mykje å klage på.

Her startar turen. (Foto: Siri Muldbakken)
Turen er på mesta 900 høgdemeter fordelt på 5 km. Ein startar på ca 20 moh i Meringdalen ved Eikesdalsvatnet, og derfrå går det - for å seie det på Coldplays vis: up and up! Men det er ein utruleg fin og lett skogssti heilt opp til ein kjem ovanfor skoggrensa, og det var utruleg tørt og fint. Ein får fort høgdemeter på turen, og eit stykke oppi får ein første inntrykk av den utruleg fine utsikta.

Så begynner utsikta å openberre seg oppe i lia.

Midtvegs oppe i lia kjem ein til restane etter ei seter.
På oppovertur mot sola, og gjengen er ved godt mot.
Då vi gjekk oppover, prøvde vi å rasjonere på tida, men ein del stopp for å fotografere vart det likevel. Eg hadde sett på eit kart frå turistforeininga at det var stipulert fire timar fram til hytta, og syntes det var mykje, og dei som er raske og superspreke, treng sjølvsagt ikkje så mykje tid. Vi brukte opp mot fire timar til hytta. Når du kjem opp på skaret og kjem til Renndølskarvatnet, er det nemleg fortsatt eit lite stykke att til Svartvassbu. Så seint på året som det er, var det og litt snø og glatt, så ein måtte sjå seg ekstra godt føre i det øvste partiet. Vi hadde ikkje med broddar, men eg er veldig glad eg hadde gåstavar.

Endeleg oppe i sola. I bakgrunnen er det utsiktspunktet som er eit must å leggje turen bortom.

Endeleg framme ved sikringsbua og stikk ut-postkassa.

Ved sikringsbua går stigen vidare opp over kammen mot Grøvdalen og Hoemsbu.
Ser ein på registreringa på Stikk ut-sida, er det berre i overkant av 100 som har registrert seg på denne posten i år. Vi møtte fleire ivrige stikk ut-turistar på turen, så det er nok mange som har venta heilt til sist på sesongen med denne fine turen. Det er jo sjølvsagt vermessig risiko, men så fin oktober som det har vore no, betalte det heile turen.

Svartvassbu er ei lita hytte eigd av Molde og Romsdal Turistforeining. Den er på stikk ut-lista i Nesset, men ligg faktisk like innanfor grensa til Rauma. Inne i hytta er det seks sengeplassar, og så er det eit par sengeplassar i den sikringsbua kor stikk ut-postkassa heng. Den kjem ein til først før ein kjem til hovudhytta. Frå hytta har ein nydeleg utsikt over Svartevatnet som låg spegleblankt då vi var der tysdag.

Hovudhytta ved Svartevatnet.

Ein liten kuriositet i hytteboka. Ein trønder som samlar på besøk i turistforeiningshyttene i heile Noreg. Eg er imponert!
Då vi gjekk nedover att, begynte sola å gå ned, og mørkret seig fort på. Ein ting vi ikkje gjorde på oppovertur, men som vi gjorde på heimveg, var å gå ut på kanten av Renndølskaret. Då har ein panoramautsikt lang veg, og det var eit fantastisk flott syn for ein eresfjordpatriot som meg. Det er, i følgje meg sjølv, eit must å ta den avstikkaren til utsiktspunktet. Du vil ikkje angre!
Denne turen er fin å ta som dagstur, eller ein kan overnatte på Svartvassbu og gå vidare til Vasstindbu, Isfjorden eller Hoemsbu. Mange brukar og hytta som utgangspunkt for toppturar i rundt, som til dømes Sjøvdøla, dit 71 grader Nord på TV Norge har vore to gongar.

Eg er iallfall veldig glad for at eg endeleg fekk meg ein fjelltur heime ved Eikesdalsvatnet. Og i jakta mi på å sjå kortaste vegen heim, kjenner eg at eg nærmar meg :) Turen vart avslutta i sakte fart over eit blikkstille Eikesdalsvatn, kor Ågottinden spegla seg i vatnet. Og plutseleg kom månen, så sterk og så gul, fram bak Bjørktinden. Ei perfekt avslutning på dagen!

Ny turblogg vil vonleg komme i løpet av helga :)

Alltid trygt å leggje kursen ut frå dei raude t-ane.

Blåbæra kjempar med nebb og klør om å overleve ei stund til.

Svartevatnet låg blikkstille då vi besøkte Svartvassbu tysdag.

Her er to av dei eg gjekk i lag med samla ved ein av dei mange steinane som er merka av tuistforeininga. For di sikkerheit!

Haustleg stemning ved Røndølskarvatnet.
Fortsatt litt blåbær å finne på turen.

Så glad blir ein av å gjere ein så fin tur med så fin utsikt!

Mitt neste turmål, Goksøyra, speglar seg i Eikesdalsvatnet. 

På veg ned farga sola himmelen raud over Eresfjord. Heimbygda mi <3

Fløtatinden er i ferd med å ikle seg vinterdrakta.

Då eg kom til fergekaia på Øverås, stod månen i sør og skein så klart.


Ingen kommentarer:

Etiketter