Totalt antall sidevisninger

mandag 25. juli 2016

Turblogg: Endeleg vart det min tur :)


 

Endeleg vart det min tur å bli tindebestigar! Eg har latt auga kvila utover heile Nordmøre og Romsdal! Dagens mål var Blåfjellet og Blånebu på 1192 moh.

NB! Redigert inn fleire bilde frå turen søndag 10.september 2017.

Klart for start på Meisalvatnet. Her er utgangspunkt for mange turar. Blåfjellet i bakgrunnen.
Utgangspunktet for turen i dag var at han var sett opp som ordførartur. Det tenkte eg var eit godt høve for endeleg å kome meg til denne tinden som har stått på stikk ut!-kartet i fleire år. Eg tenkte og at det var eit godt utgangspunkt for å kome i gang med topptursesongen min. Den har eg snakka om ei god stund no.
Eg skjønar eigentleg at det berre har vorte med praten, for toppturar er tyngre enn vanlege turar. Det krevst meir på ein raud tur med minst 600 meters stigning. Så eg er glad eg har utsett den sesongen så lenge som muleg.
Turen startar i slakt terreng. Første gongen eg gjekk turen, var det veldig blautt på myrene. I 2017 har det vore gjort godt dugnadsarbeid, og det er lagt ut fleire bruer der det er som mest blaut myr. Dermed er det tørt og fint heile vegen når det har vore ein lang tørrversperiode.
Stien er lett å fin å gå opp til rundt 850 meters høgd. Derifrå går det oppover og oppover, men det er 350 effektive, korte høgdemeter. Skal ein ha med ungane på topptur, kan ein gjere denne turen.
Du kan lese meir om turen på Moroturs sider.

Fjellet kler seg i haustfargar i september, det gjer også Blåfjellet.

Turen startar i slakt terreng.

Utsikt har ein heile vegen på turen. Dette er ein flott tur for ungar med ei fin utfordring for å komme seg opp.

Og oppover går det dei siste 350 høgdemetra.

Kjekt å ha med onkel som godt turselskap :)

Mitt motto på tur er: Kor hen eg er i verda, vis meg kortaste vegen heim :) Den går i direkte line rett bak meg.


Her er fjella tydelegare å sjå enn på bildet av meg. Fjellet i framgrunnen er Vardfjellet. I rekke nr 2 ligg Goksøyra (turen til Goksøyra kan du lese om her), og bak Goksøyra ser ein Breifonntinden, Sjøvdøla, Gjuratinden saman med fleire toppar eg ikkje er sikre på. Men eg trir eitt av dei bakerste fjella er Kyrkjetaket i Isfjorden.
Turen gav rom for ei fantastisk utsikt over store delar av Romsdal og Nordmøre. Vi såg til Rauma, Molde, Gjemnes, Averøy, Tingvoll, Sunndal, Surnadal, Halsa. Dei med gode auge greide å sjå heilt ut til vindmøllene på Smøla! Det vil seie at ein såg tvers over Halsa og Tustna. Reinsfjellet stod i vegen for utsikta til Kristiansund.
For øvrig kan du lese meir om turen til Blåfjellet og Blånebu, steinbua kor du kan ta ei overnatting om du vil, kan du lese meir om på stikk ut!s nettsider.

Sommar: Utsikt utover Langfjorden - heilt ut til Sekken og Veøya.
Haustbilete av same utsikta.
Midt i bildet ligg Svarttind, kor eg fortalte om turen for eitt år sidan.


Sommar: Utsikt utover Nordmøre. I framgrunnen er Sunndalsfjorden med Rotås og Ballstad. I bakgrunnen er Tingvoll. Fjella bakerst høyrer til Aure kommune - Tustnastabbane midt i bildet.
Samme området i september. Viss du zoomar, ser du Smøla og vindmølleparken midt i bildet - til venstre for Tustnastabbane.
Tenk å ha ei slik panoramautsikt på turen :)

Her er det utsikt over Sunndalsfjorden mot Hanemsvatnet, Meisingset og Vågbø i Tingvoll. I bakgrunnen er mellom anna Strengen som ligg på Kvanne i Surnadal. Den turen fortalte eg om her. Fjorden i bakgrunnen er Ålvundfjorden,


Reinsfjellet, til høgre, er lett å få auge på frå heile Nordmøre og ein del av Romsdal. Her kan du lese om turen dit.Til og med vi ved Eikesdalsvatnet kunne såvidt skimte Reinsfjellet, og det var og derifrå vi hadde tv-signala våre. Den er og på stikk ut!-kartet (i 2016 - ikkje 2017). Fjorden mot venstre er Batnfjorden og Gjemnessundet. Ein kan sjå Gjemnes kyrkje, og ein kan skimte Averøy baki der og.

Reinsfjellet sett på avtand utan zoom.


Det er no ein gong slik at turen blir både lettare og trivelegare å gå når ein får gå i lag med trivelege folk. Gunhild og Ola Jakobsen er så absolutt i gruppa av trivelege folk, og dei fortener ein plass i bloggen :) Gode førebilete for eldre menneske som er dyktige på å gå turar og halde seg i form. Ola er vaksen opp på Bugge, og i oppveksten for han og fiska i tjernet ein kan sjå til venstre i bildet.
Tilføying september 2017: Trur du ikkje eg møtte desse to sprekingane oppe på Blånebu?!

No comments! Ganske fornøgd med eigen innsats!
Yes! Høgderekord for denne guten her! Første topptur med ungane. Taket på Blånebu måtte prøvast.

Sjølvie med fjella heimover i bakgrunnen. Ein ser Åbittinden, Skjorta, Goksøyra og Breifonntinden ganske tydeleg.


Hausten er utvilsomt den finaste tida å vere i fjellet <3

Tid for å gå ned att same vegen.

Ein liten kvil på heimovertur på ei av dei fine bruene som er laga i sommar.
Som ein oppvarmingstur til søndagens fjelltur var bror Terje og eg på ein kveldstur til Myrsetvarden. Vi gjekk opp frå garden Myrset i Eidsvåg, men du kan og starte ved Meisalvatnet kor ein startar mot Blåfjellet. Då sparar ein seg for mykje stigning, men ein sparar seg jo og for verdifull trim - og det var vel ikkje meininga?
Broderen og eg rakk att sola, som stod til venstre for Reinsfjellet. Det var ein utruleg nydeleg kveld, temperaturen var 17-18 grader, og eg kjente at det var ein maksimal oppstartar til søndagsturen!


Her startar turen til Myrsetvarden, som ligg midt på bildet i toppen. Ein utruleg flott tur!
Poenget med turen er å skrive seg inn i boka - stikk ut!-boka :)

Broderen på Myrsetvarden laurdag kveld i rundt kl 22.30. Reinsfjellet i bakgrunnen.



Utsikt utover Sunndalsfjorden. 

Utsikt mot Eidsvåg og Langfjorden

torsdag 14. juli 2016

Kjærleg helsing frå din venn, Staten


I dag var eg heldig - eg fekk to helsingar frå min venn Staten i posten. 

Det var ganske tilfeldig at eg fekk begge breva i posten på same dag. Helsing 1: To brev med innbetalingskrav på baksmellen eg fekk på skatten. Helsing 2: Frikort ut året på helsetenester.
Eg har sagt det før, og eg kan godt seie det igjen: Eg betalar min skatt med glede! Eg har sett kva nytte mine skattepengar gir når ein kjem i ein vanskeleg situasjon. Eg har sogar brukt meg sjølv som eksempel når eg har undervist om velferdsstaten i samfunnsfag i vidaregåande skole.
Velferdsstaten er det som gir oss redusert betaling i barnehagen, gratis skulegong i minst 13 år, gratis lege og tannlege til ein er 18 år, og i den andre enden får dei som har lite pengar og verdiar redusert betaling på sjukeheim.
Det er velferdsstaten som gjer at eg slepp å betale heile rekninga når eg er til legen, den gjer at eg slepp å betale for operasjonar og liggedøgn på sjukehuset, og eg slepp unna med ein liten eigendel å betale i offentleg behandlingssystem, som til dømes fysioterapi.
Velferdsstaten sørga og for at eg kunne vere sjukmeldt i eit år, både då eg fekk kreft og då eg gjekk ned for teljing to år seinare. To år ute av arbeidslivet med full løn då eg trong det som mest.
Det var velferdsstaten som tok seg av meg og mine då vi vart åleine for fire år sidan. Då fekk eg - sjølv om eg om så var ikkje hadde betalt inn ei krone i skatt - rett på ei ekstra barnetrygd, og ungane fekk rett på barnepensjon. Den kjem kvar månad til dei blir 18 år. Eg fekk utbetalt ein periode etterlattepensjon som var rekna ut etter løna mi.
Eg er glad vi har ein slik veletablert velferdsstat! Derfor var det ganske greit at frikortet frå HELFO kom i posten i dag. Då kan eg gå til legen og eg kan kjøpe medisin på blå resept resten av året utan at det kostar meg ei krone til!

MEN: Eg vart frykteleg arg då utbetalingsblankettane for baksmellen kom. Dei siste åra har eg kome ut i baksmell. Ein grunn til det var endring av skattesystemet for einslege forsørgarar. Opprinneleg var det ein skatteklasse 1 og 2, og då eg vart åleine, var eg snar om å ordne meg over i rett skatteklasse. Dessverre vart det endring året etter, og det skulle godskrivast ein viss del på sjølvmeldinga som frådrag. Når plutseleg økonomien endra seg, var det ikkje lett å vite kor mykje skatt ein skulle betale.
Sist år skjedde det og ei ny endring i skattepolitikken: Det er blitt vanskelegare å få frådrag for reising tur/retur heime - arbeid. Sjølv eg som har 120 km reising fire dagar i veka har fått kjenne det på frådragslista. Derfor har det resultert i baksmell.
Dei siste par åra har eg lært. Dermed har eg skrudd opp skattetrekket mitt. No går meir enn 1/3 av inntekta mi til skattetrekk - sjølv om eg har gjeld som overstig inntekta minst 300 %. Forstå det den som kan, og det er mange andre i liknande situasjon som seier det same.

Poenget mitt er:
Det er ikkje nøye om inntekta er høg eller låg. Som einsleg forsørgande ønskar eg at staten og samfunnet skal anerkjenne dette og i skattepolitikken. Eg skal ikkje vere nøydd å betale like mykje i skatt som om det er to hovudforsørgarar i heimen. Det er noko som er fundamentalt galt når det er slik det blir!

Turblogg: Eg er nyforelska ;)


Dette vart ein dag for minneboka! Eg trur eg har funne mitt paradis... I dag har eg vore på Bjørnsund - det nedlagte fiskeværet ute på Romsdalskysten. Eg fall totalt, og presenterer her eit stort knippe bilete frå turen.

Øybjørn er båten som tar deg utover til Bjørnsund - i sommharlvåret frå Bud og i vinterhalvåret frå Harøysund.




Eg har besøk frå det høge nord av venner, og svaret i dag på alle spørsmål var Bjørnsund. Vi kom oss avgarde frå Sunndal tidleg, slik at vi rakk båten Øybjørn kl. 11 frå Bud. På onsdagar og laurdagar går båten slik at ein kan vere 1 1/2 time på kvar av dei to øyane. Kl. 14.40 returnerer båten til Bud.
Vi starta dermed turen på Søndre Bjørnsund. Her er det mykje å sjå på. Berre husa og dei smale smuga på tvers av øya er ein attraksjon i seg sjølv. Vi fann fotballbanen med mulegheit for å setje seg ned, så der hadde vi lunsjpause.





Så tett på havet, naturen og livet budde folket her ute.

Det er museum på øya, men der måtte ein ringe eit nummer og bestille opning, så det gjorde ikkje vi.
Etterpå rusla vi langs moloen utover mens vi venta på at båten skulle gå. Der kom vi over eit par monument som var reist til minne om dei som døde på havet. Med utsikt utover mot Ona lengst ute i horisonten, blir ein påmint om kor tett på naturen folket på Bjørnsund levde fram til det vart fråflytta.

Langt der ute kan ein skimte Ona fyr.

Øybjørn er klar til å ta med passasjerar over til Nordre Bjørnsund.


Øybjørn tok oss over det vesle sundet til Nordre Bjørnsund. Der er det både open kafe, kyrkje, leirskule/ campingmulegheiter og turen ein kan gå utover til fyret. Og det var jo derfor vi skulle utover til Bjørnsund: Stikk ut!
Vi gjekk avgarde til fyret først; det tar omlag 45 minutt i sakte fart (med mykje fotografering). Etterpå fann eg ut at det luraste kanskje hadde vore å stoppe på kafeen først før vi gjekk utover mot fyret. Grunnen til det var at Øybjørn skulle komme til hamna rett ved fyret og plukke opp passasjerar, og då hadde vi spart oss for turen attende. Men sidan vi trong den trimmen, gjorde det ikkje så mykje.
Rett bak leirskulen er det eit isbjørnmonument til minne om alle dei falne i perioden 1850 - 1950.

Kafeen ligg rett ved kaia på Nordre Bjørnsund.

Fire tenåringsjenter klare til å oppdage Nordre Bjørnsund.







Bjørnsund er eitt av fleire fiskevær på Romsdalskysten. På heimesida til Nordre Bjørnsund - www.bjoernsund.com/ - finn ein meir om historia til øya. Ein gong var det to store livskraftige fiskevær som ikkje berre var sentral som fiskemottak, men også som handelsstadar med postkontor og bakeri. På slutten av 1940-talet budde det til saman rundt 600 menneske på dei to øyane. Nyskulen som i dag er leirskule, stod ferdig i 1961.
Så begynte sentraliseringspolitikken å ta eit sterkare tak i væra enn nokon annan orkan hadde gjort. Dei fastbuande fekk stønad til å flytte frå væra til fastlandet, og i perioden 1968 - 1971 flytta alle i frå Bjørnsund. Butikken og posten vart lagt ned og skulen stengde dørene. I dag er det ferieidyllen som rår på dei to øyane.

Blomstane klamrar seg fast med nebb og klør til det dei kan klamre seg til.

Fyret på Nordre Bjørnsund kor Stikk ut!-posten er.

Likaste stikk ut!-posten eg har besøkt!


Isbjørnmonumentet til minne om dei som havet tok i perioden 1850 - 1950.

Den nedlagte skulen som i dag er leirskulebygg. Her kan ein hyre seg inn sommarstid.

Viss ein vil besøke dette spesielle og nostalgiske fiskeværet, finn ein båtrutane her på Fræna kommunes heimesider. Det er muleg å bestille overnatting på Bjørnsund Leirskole - meir om dei på leirstadens nettsider. I løpet av sommaren er det mykje som skjer der ute i havet.
Eg vart iallfall heilt forelska i denne ferieidyllen som var totalt annleis enn den ferieidyllen eg nokon gong har opplevd.

Bloggskribenten på Bjørnsund-tur.

Heile reisefølgjet på kaia i Bud - fem barn/ungdommar og to vaksne :)

tirsdag 21. juni 2016

Korleis blir det med meg om eg får kreft att?

For å seie det med ein gong: dette handlar ikkje berre om meg. Dette skriv eg for alle mine medsystre og medbrødre på Nordmøre som går med den stadige angsten.

Dette skriv eg for kreftpasientar på Smøla, i Aure, Halsa og Surnadal. Alle oss som har lang veg til sjukehuset i Ålesund.

Måndag denne veka kom nemleg meldinga om at det nye sjukehuset på Hjelset ikkje skal tilby nokon form for kreftbehandling. Iallfall ikkje brystkreft og føflekkreft. I ein artikkel på Tidens Kravs nettside (lenke nedst i artikkelen) vil det ikkje, i følgje to av legane ved Molde sjukehus, bli mulegheit til å få utført kirurgiske behandling ved det nye sjukehuset. Dette vil gjelde «både utredning, behandling og kontroller», i følgje legane Dahl og Torjussen. Årsaka er at behandlinga av desse sjukdommane skal sentraliserast til storsjukehusa i Ålesund og Trondheim.
Det er ganske mange på Nordmøre som ikkje soknar til Trondheim, og som derfor må gjennom omfattande søknadsprosess for å få behandlinga si der. Det er ikkje ein sjølvfølge om ein kjem frå Smøla, Aure, Surnadal eller Halsa at ein kjem til det sjukehuset som ligg nærast for å få behandlinga.
Då eg las denne artikkelen, kjente eg at eg var meir redd og skremt enn sint. For kva skal det bli med meg om eg blir sjuk att?

Korleis blir det når ein skal reise minst tre timar kvar veg, og endå meir for dei som har to ferger, for å få tre-fire timars polioklinisk behandling for sin kreftsjukdom? Eg tenker på dei som skal ha cellegift. Ein er ikkje alltid like pigg etter desse behandlingane. Vil det gi rett til drosje for oss nordmøringar som må til Åse sjukehus for å gjennomføre det? Eller må vi ta buss om vi ikkje har nokon som kan køyre med oss?
Det er trass alt ikkje alle som har nokon som kan setje av ein heil dag til å følgje på sjukehusturen. Om ein er aleineforelder slik som eg, trengs kanskje nokon heime for å ta seg av ungane når mor er borte på behandling.
Dagen ein må starte heimefrå grytidleg morgon for å rekke fram til å starte cellegiftbehandlinga i rimeleg tid, blir fort lang om ein ikkje kan dra heim straks behandlinga er ferdig. Kanskje skjer det med andre det som skjedde med meg. At det blir komplikasjonar under behandlinga. Det kan bli sein kveld før ein er heime att på Nordmøre.
Eller gir det rett til overnatting på sjukehotellet? Uansett vil det bli både dyrt og tidkrevjande, og eg tenker med skrekk og gru på alle dei sjuke pasientane som skal bruke timevis på å komme seg til behandling.

Så tenker eg på alle oss som drar på årlege eller månadlege undersøkingar for å sjekke om helsa er fortsatt ok. Tenke seg om ein skal dra frå Smøla eller Aure til Ålesund for å gjennomføre ein kontroll som tek maksimum ein time.

Eg er stygt redd for at dette ikkje vil vere til særleg god lekedom for dei mange sjuke pasientane. Kanskje tenker Helse Midt at det jo er berre rundt 80 nye pasientar i året som kjem til behandling i Molde. Men sanneleg: Dei 80 pasientane er menneske dei og, og dei har rett på ei forsvarleg behandling. Ei lang reise i forkant og etterkant er ikkje til det beste for sjuke pasientar som ligg nede slik det allereie er.   
Eg vonar Helse Midt tenker seg om både to og tre gonger før dei vedtar at det nye sjukehuset på Hjelset ikkje skal ha alle dei viktige behandlande avdelingane.

Etiketter