Totalt antall sidevisninger

lørdag 2. mai 2020

Turblogg: Sykla i gang stikk ut-sesongen

Når det vart litt vanskeleg å gå i gang stikk ut-sesongen, var det berre ei råd: Å trø i gang det heile.


Her på parkeringa til HOvslykkja kyrkjegard kan ein starte stikk ut-turen i Fagerhaugane.
La det vere sagt med ein gong: Eg er ikkje fornøgd med at det ikkje er nokon Stikk ut-postar mellom Sunndalsøra og Gjøra, men når eg ikkje får gjort noko med det, må eg finne på noko anna.
Eigentleg skulle junior og eg dra ut på Ålvundeidet og teste oss på skogsvegen opp til Reinsetvatnet. Men klokka tikka og gjekk, og vi kom oss ikkje av garde. Då lot eg han ta ansvar for hundelufting, så bestemte eg meg for å ta sykkelen fatt. I dag vart det ein skikkeleg sykkel-stikk ut!

Startklar heimefrå.
Bygda eg bur i, Grøa, ligg ein fin sykkeltur frå Sunndalsøra. Det er mesta 10 km frå meg og ned til sentrum. I år ligg tre postar samla i rundt sentrum, alle tre kan ein nå med sykkel eller ta det som ein trilletur om ein har små barn.
Eg sette meg på sykkelen og starta nedover på gang- og sykkelvegen som går frå Grøa og ned til sentrum. Det er under to veker sidan eg starta sykkelsesongen, men no har eg begynt å bekymre meg om at eg ikkje har god nok helse til å komme meg på dei brattaste og lengste fjellturane i sommar. Lysta og lengselen etter å kome til fjells er så sterk, men eg må gjere eit stykke arbeid for å trene meg opp att etter beinbrotet i fjor sommar og skada eg fekk i vinter. I tillegg slit eg med nevropatiske seinskader i beina etter kreftbehandlinga, og det gir ein del smerter, særleg når eg går lange, tunge turar. Heldigvis har eg gjort ei super oppdaging no når eg har begynt å sykle: Nevropatiske smerter er som dugg for sola når eg syklar :) Herved er tipset gitt til alle som slit med dei same smertene som eg.
Den første postkassa eg skulle oppsøke, er på Fagerhaugan. Den turen kan du lese omtalt her, og er ny av året. Det området ligg i friluftsområdet mellom skole- og idrettsanlegga på Sande og Holten. På nettsida står det foreslått to stadar å parkere. Den første ser du på bildet under her. Der ligg parkeringa til Fagerhaugan Idrettspark, og herifrå tar ein vegen oppover mot lysløypa som ligg rett under fjellet.


På veg opp mot lysløypa kan du passere denne bunkersen frå krigens dagar.
Frå eg kjem opp på lysløypa, er det berre nokre hundre meter bort til postkassa. Den ligg rett bak fotballbanen Rotvoll. Ikkje noko prektig turmål, akkurat, men i det minste praktisk og lett tilgjengeleg.

Posten sett bakfra mot fotballbanen.
Herifrå kan du gå anten til høgre mot Sande eller til venstre mot Hovslykkja kyrkjegard.
På nettsida ser eg at det allereie er 73 registrerte innsjekkingar på denne posten første dagen, så den blir nok populær, vil eg tru.
Frå posten i Fagerhaugane gjekk sykkelturen vidare nedover mot sjøen gjennom kyrkjegarden. Først stoppa eg foran den flotte engelen som Ola Stavseng har laga på Hovslykkja kyrkjegard. Foran porten til kyrkjegarden er det parkering kor ein kan starte turen.

Ved porten til Hovslykkja kyrkjegard når ein kjem frå Fagerhaugane.

Det er vel verd å ta ein kort stopp ved den flotte engelen på kyrkjegarden.
Så var det å sette seg på sete for å komme seg vidare nedover mot sjøen. Først innom der den neste turen startar. I omtalen om turen til Fjordparken står det at ein kan parkere på plassen foran Europris og starte turen her ved dette vegskiltet.


1. mai er sjølvsagt flaggdag.
Turen ned til Fjordparken går ned gjennom sentrum mot sjøen, men nede ved Best-stasjonen tar ein av mot høgre og går baksida nedover vidare mot sjøen. Heilt nede på Hydrokaia ligg Fjordparken. I fjor prøvde dei å anlegge badeplass, men det var ikkje spesielt eigna. Plassen kor bilane stoppar der, kallast Litj-Harry'n. Då tunnellen stod ferdig var det snakk om at det ikkje skulle vere mogleg å køyre ned til sjøen der, og det vart ramaskrik. Skulle politikarane ta bort Litj-Harry'n frå sunndalingane? Etter underskriftskampanje vart det ei einigheit, og sluttproduktet er ein fin plass kor ein kan dra og sjå på båtane som legg til på Hydro, nyte fjella og sjølufta. Ein kort og grei tur på asfalt, veleigna for sykling og trilling, frå sentrum.

Stikk ut-posten i Fjordparken.

Fine muligheter for å sette seg ned i Fjordparken. Fine plener for å ha piknik er det og.

Denne steinformasjonen kjenner eg ikkje historia til, men er fin for ungar å klatre på.
 Frå Fjordparken gjekk sykkelturen vidare opp til sentrum og over brua som vi er veldig stolte av. Den har formasjon etter den brua som var der før, og har ein link til Sunndals gamle anleggshistorie, frå då det var togbane ned i frå fjellet til sjøen.
Det var utruleg spennande å følge med byggeprossen og ikkje minst flytteprosessen av brua for nokre år sidan. Centimeter for centimeter vart ho flytta på plass. Verkeleg god ingeniørkunst.


Like over brua må ein legge vegen til høgre. Rett ved krysset er Sunndal Jeger og Fisk sitt anlegg. Der startar den neste turen, nemlig bortover til Småbåthamna, eller Håsøran som turen heiter. Også her er det mogleg å sette seg ned, men eg er usikker på om det er lov å fyre opp grillen der.

Her startar turen til Småbåthamna, den siste posten eg skal besøke.


Langs elva og sjøen slynger grusvegen seg bortover mot Småbåthamna. Du kan lese meir om turen her. Eg får auge på eit par stokkender som svømmer fredeleg. Eg tenker eg skal vere stille og prøve å ta eit fint bilde av dei. Men eg var ikkje stille nok, og dei rakk sjølvsagt å flyge. Ser du dei på bilda?



I småbåthamna finn du rekka med naust som er velkjend frå mange bilde. Eg har vore fleire gonger og tatt bilde av dei sjølv. Du finn nokre døme på det på instagramkontoen min, budeiaingunn.
I dag var det ingen ting spesielt sjarmerande med dei eller sjøen. Men når sjøen ligg spegelblank er det veldig fint :)


På dette bygget er postkassa festa. Dei held på å snekre noko utanfor, ser ut som veranda. Fint å sette seg ned her.
Då har eg gjort ferdig alle dei tre postane på Sunndalsøra, og eg kan legge vegen heimover. Eg syklar over fylkesvegen og forbi Tredal skole. Litt lengre bort i Tredalsvegen legg eg vegen oppover dalen mot Hovin. På Håsen stoppar eg ein kort augenblink og helsar på hestane før eg syklar vidare.


Like ovanfor Hovin, som er midtvegs mellom Tredal og Grøa, står ei gammal, litt sliten løe bygd opp av stein. Eg kikkar på ho, tar eit par bilde og syklar heim. Tre postar på min sykkel-stikk ut og rundt 25 km sykla er ein heilt grei start :)



søndag 26. april 2020

Endeleg tid for å gå i kyrkja igjen

Den koronatilstanden er ikkje så bra - han set ein stoppar for veldig mykje. Mellom anna gudstenestene. Men no kan du gå i kyrkja i Hov kyrkje på Sunndalsøra.

Endeleg kunne eg dra på gudsteneste igjen.
Sidan 12. mars har samfunnet vore mesta ute av drift. Det er ikkje mykje ein kan ha gjort i alle desse vekene etterpå - vekke var døgnrytma kor eg slo opp rundt kl 05.30 for å komme meg avgarde heimanifrå kl. 06.30 til jobb. Vekke var og alle fritidsaktivitetane - alle møta eg skal på. Og gudstenenestene eg prøver å dra til så ofte som mogleg.
Så kom organisten Ingebjørg Charlotte i Hov kyrkje på den geniale ideen om at kanskje ein kan ha gudstenester kor ein melder seg på. I samråd med smittevernlegen i kommunen vart det einigheit om at ein kan ha gudstenester med 25 menneske i kyrkjerommet - inkludert dei tilsette.
Først gjekk tilbodet til dei som kjem fast til kyrkja - ein fin handfull aldrande som ikkje er så bevandra i internettverda. Eg fann ut før helga at det skulle vere fint å gå i kyrkja igjen.

Alt er klart for den som vil komme i kyrkja.
Det er rart med det med å gå i kyrkja, trua på Gud og alt det her store som er vanskeleg å sette ord på. Etter å ha stått som medlem i Baptistsamfunnet sidan eg meldte overgang dit som 20-åring, gjekk eg tilbake til Den Norske Kyrkja då jenta mi skulle konfirmere seg for tre år sidan. Då hadde eg hatt eit avstandsforhold til alle gudshus ganske lenge. Gjekk omtrent ein gong i året, og det var på allehelgensdag første søndag i november for å minnast han som var borte.
Litt ironisk nok fekk eg ein telefon ein gong om eg ville stille til val på soknerådsvalet. Då måtte eg berre seie at det ikkje var aktuelt sidan eg ikkje var medlem. Men at det kunne vere aktuelt om eg meldte meg inn att.
Så kom tida for at dotter mi skulle starte konfirmasjonsførebuingane. Det første var at ho måtte melde seg inn i Den Norske Kyrkje for å kunne bli konfirmert. Då ho vart døypt i Kristiansund som baby, vart ho nemleg automatisk medlem der eg var medlem. Då bestemte eg meg for at det var dags for å melde overgang - eg synes det er ein fin verdi at heile familien står samla same plassen.
Når ein konfirmerer seg, må ein i kyrkja på ein del gudstenester, og jenta trong ein sjåfør. Nokre gudstenester vart det på oss, og eg kjende det gjorde godt for heile meg.

Så stoppa det opp då konfirmasjonen var ferdig, og eg var tilbake i det same sporet som før. Då det nærma seg tida for å sette i hop liste til soknerådsvalet, tilbydde eg mitt namn på lista. Av alle ting kom eg rett inn i soknerådet, og eg var ønska som ny leiar.
Men kva skulle eg gjere med det nye vervet og i det vervet?
Eg velte det mest nærliggande: Å begynne å gå oftare i kyrkja. Vise interesse for den organisasjonen eg er leiar for. Putte pengar i kollektskåla og gå til nattverd. Så enkelt og så vanskeleg.

Derfor var det ganske uhøveleg med stenginga av samfunnet, for eg kom ut av den gode søndagsrytma mi.
Men endeleg vart det tid for gudsteneste att. Og det er vel sjeldan ein kan seie at kyrkja er fullsett - men etter gjeldande standard var ho det. Av 25 menneske som var veldig glade for at vi endeleg kan møtast att i gudstenestefellesskap - med antibacdynka never og i god avstand til den ved sidan av. For å synge salmar, høyre bibeltekstane lest og høyre på preika.
I tala minte soknepresten om tidlegare epidemiar og pandemiar som har herja verda. Ein av dei var spanskesjuka, som tok fleire menneskeliv enn 1. og 2. verdskrig til saman. Presten ba oss hugse at også dei før oss hadde hatt tøffe tider. Det fekk meg til å tenke på at bestefar Franz hadde hatt to søstre, Inga og Anna, som begge døydde av spanskesjuka i rundt 1920. Vi visste ikkje av dei før eg begynte med slektsforskning og då fann namna deira og dødsårsaken i folketellingane og kyrkjebøkene.
Å avrunde gudstenesta med kyrkjekaffe i midtgangen med god plass mellom kvar av oss, var det som gjorde gudstenesteturen min til ei kinderegg. Det tredje elementet var nemleg sykkelturen til og frå kyrkja. Det er mesta 10 km kvar veg, og det var rett og slett vidunderleg å starte dagen med ein slik frisk sykkeltur.
Mens eg satt der i benkerada, tenkte eg at det var rett og slett ei stor glede å få komme tilbake til kyrkja igjen - ei så stor glede at eg ville fortelle om det her.

Så velsigna godt med Ingebjørg Charlotte og Helge Storset som tar ansvar for kyrkjefolket sitt.

På vegen heim måtte eg legge vegen om Hovslykkja kyrkjegard, kor du finn denne engelen.

søndag 22. mars 2020

Turblogg: Ver derfor ikkje urolege for morgondagen...

...morgondagen skal uroe seg for sitt. Denne dagen gav ingen uro, og eg bekymrer meg ikkje for morgondagen.


Akkurat i dag kostar eg på meg å kalle meg sunndaling. Til kvardags er eg ikkje det, berre busett i Sunndal. Men akkurat i dag, på denne solrike dagen, var det utruleg godt å kjenne på at eg var "sunndaling".
Og korfor akkurat i dag?
Jau, koronatilstandane er svaret. Forbodet mot å dra på hytta si når ho ligg i ein annan kommune enn ein bur i. Og eg føler med alle som har hytta si i ein annan kommune - inklusive meg sjølv, for det betyr at eg ikkje kan dra på Hoemsetra, feriestaden min, mens denne krisa pågår.

Det kan vel skape bekymring for mange akkurat dette. Men her er mine tankar rundt det:
Første gongen det gjekk opp for meg kva dei betyr desse orda (som jo er henta frå Bibelen), var då eg stod mesta bokstaveleg talt med snø til halsen i Tromsø for over tjue år sidan. "Trur du eg kjem meg avgarde på arbeid i morgon?" sa han som då var min kjære. Så kom det berre i frå meg: "Ver derfor ikkje uroleg for morgondagen, morgondagen skal uroe seg for sitt". Og vi hadde verkeleg nok å stå i med den snøen som lava ned. Vi trong ikkje tenke på snøen som skulle komme neste dag, for vi hadde meir enn nok med den som allereie var der.
Seinare har eg tenkt at vi må vere akkurat der vi er - vi kan ikkje forflytte oss til verken ein annan stad eller ei anna tid. Her nyleg var det ein lærar som stilte spørsmål inne på ei facebookside om vi hadde begynt å tenke på korleis neste skuleår ville bli. Det trur eg dei færraste lærarane har skjenka ein tanke. Og då ramla det berre ut av meg og ned i tastaturet: Ver derfor ikkje urolege for morgondagen, morgondagen skal uroe seg for sitt.
Og når eg alt siterer skrifta, heiter det og at ein ikkje skal prise seg lukkeleg over morgondagen, for ein veit ikkje kva han ber i sitt fang.


Men heldigvis har vi i Sunndal nokre fjell vi kan dra på og til i ei slik stund. Og då meiner eg ikkje topptur, for det synes eg verkeleg ein ikkje bør halde på med no - fordi det kan skje noko, og eg trur/ veit at både Raudekrossen og Norsk Folkehjelp har langt viktigare oppgåver enn å dra til fjells og berge folk - særleg dei som let eventyrlysta ta overhand.
Men Grødalen - hjarte - hjarte! I dag fekk vi restituert oss frå brakkesjuka og dratt til Grødalen saman med ei venninne og dotter hennar. Og mykje folk å møte, mange å seie "hei" til. Men og mange som berre såg rart på oss når vi sa "hei"... Her trur eg mange må inn i seg sjølv og hente fram si indre helsestyrke...! Det er ein uskriven regel at vi helsar i fjellet - også sjølv om Grødalen er ein sivilisert del av fjellet.

Tenk å ta vatn frå elva på flaske og sette den rett til munnen!
Dette var første skitur og skikkelege trimtur etter at eg skada meg for snart to månadar sidan. Det gjorde godt både i kropp og sjel. Så eigentleg lar eg desse bilda tale for seg sjølv.
(PS! Det kjem noko meir heilt til sist!)

Sjølvportrett nr 1:

Sjølvportrett nr. 2





For ein dag! For eit føre! 

What a perfect day - I'm glad I spent it with you <3


21.mars er for øvrig ein dag kor det er mykje som skal eller kan markerast. Det gjorde eg på Facebook med dette diktet:
På verdens poesidag
Skulle jeg skrevet til behag
På den internasjonale dagen imot rasehat
Kunne jeg skrevet noe om persisk mat
For det er også persisk nyttår
Det kan vel bli en vakker vår
For mang en perser
Som unngår kontroverser
På denne verdensdag for skogen
Kunne jeg tatt fram plogen
Men tar på ulike sokker
Som jeg håper kanskje rocker
For de med ett for mye kromosom
Som derfor fikk Downs syndrom


Ein annan grunn til at det akkurat no er freistande å kalle seg sunndaling, er fordi det akkurat no er idolfeber her i dalen. Eg har ei tru og ei von om at den kan overstige koronafeberen. Det er utruleg artig når ein gut på 18 år, Tore Pedersen - som eg har visst kven var sidan han var seks år og sang i kor saman med dotter mi - frå Sunndal er kommen heilt til livesendingane på Idol, og allereie er blitt topp 9. Eg har stor tru på Tore, og dette er mi lille promotering av han.
Kommande fredag må du slå på TV2 kl. 20, gå inn på tv2.no og logg inn og avgi tre gratisstemmer - på Tore. Og send avgarde nokre ekstrastemmer på sms og i same slengen.
Men aller først må vi ta morgondagen slik han kjem og slik han er. Det einaste sikre er det sekundet du er i her og no!




mandag 27. januar 2020

Turblogg: Ein festdag for Prins - men ikkje for meg...

Det er ein dårleg vinter om vi ikkje er på skitur i Grødalen... Med andre ord: I fjor var ein dårleg vinter... Så derfor tok vi sats og starta skisesongen sist søndag. Prins var iallfall lykkeleg. Eg er litt meir amper...


Så vi starta heimefrå med retning Grødalen. Etter kvart som vi steig oppover i høgda, fekk vi sjå at det var område med ganske lite snø. Men vi skulle heilt inn til Vangshaugen, for der visste eg at det var nok snø.


På parkeringa på Vangshaugen var det meir eller mindre klart for å spenne på seg skia. Det var ikkje snø på brua, så det beste er å bære dei over til andre sida.



Så då var det berre å gi seg avgarde innover dalen. Det var ok føre i løypene, men på veg å bli litt vel skareaktig - litt for hard.
Grødalen er kjempefin fordi han er barnevennleg. Første gongen vi var på skitur der, var i 2005, hugsar eg - vi hadde bodd på Grøa i berre 1 1/2 år, og Ingvild var 2 1/2 år og sat i bæremeis. Vi var i lag med ei venninne og hennar dotter på 4 1/2 år. Mitt skiutstyr var ikkje brukt så all verda dei siste åra, og dei begynte å dra på åra... Eit stykke innover i dalen, skulle vi gå opp til ei hytte og sette oss å spise nista. Plutseleg var det eitt eller anna som skjedde, og eg ser ned, og eine skia har ramla av... Det var rett og slett skiskoen som var så gammal og porøs at han knakk rett over.... Då er gode råd dyre inne i fjellheimen... Heldigvis hadde vi med oss eit akebrett, så tilbake att til bilen, gjekk eg på ei ski og eit akebrett :D Her hadde det høvd godt med den videofilmen som vart tatt av seansen, men den veit eg dessverre ikkje kor er.


Prins var skikkeleg gira på å komme seg avgarde. Han var underernært på tur, og var kjempefornøgd med å få springe bortover snøen. Det er jo ikkje mange bakkar og ikkje nokon spesielt store bakkar, og i det som vel ikkje eigentleg var ein bakke, skjer fall nr. 1. Ok, tenkte eg - det skjedde fordi eg skulle prøve å filme Prins som halsa etter ungane...Altså, ikkje verd å gjere det igjen.

Like før hadde vi sett ei som kom køyrande i mot oss, ramle, og grunnen er på bildet under. Det er knapt med snø i Grødalen, og rundt bekkane tinast det fort. Denne hola er like ved avkøyringa til Alfheim, men på den løypa som er lengst bort. Så hugs å ha augene med deg når du er ute på ski - det er ein spesiell vinter.


Det er no fint i Grødalen :)


Vi hadde ikkje gått veldig langt frå det første fallet då eg ramla igjen... Tauet til Prins kom i mellom skia og meg på ein måte, og eg skjønte at no ville eg gå over ende. Og då eg ramla, kjende eg det reiv i av smerte på same plassen eg braut foten i august...
"No har eg anten brote foten eller forstua han noko grusomt", ropte eg til ungane, og Ingvild kom for å hjelpe meg opp. Det var kjempevondt.
Vi kom oss bort til gapahuken som er litt lengre inn. Den er kjempefin å ta ei pause ved. Ein kan fyre opp grillen, og det er og ski-Stikk ut-post. Så der fekk eg strekt ut og kvila foten. Eigentleg skulle alle saman gå vidare eit lite stykke til utover dalen, men eg kjente fort at det var så vondt, at eg ikkje kunne tenke på det.
Men først måtte det vere litt fotoshoot...

Fotoshoot!
Noko av det aller finaste med turen var å få eit glimt av sola. Ho var det lenge sidan eg hadde sett, og endå er det ei veke att til ho kjem på mitt hus.
Avslapning i gapahuken på Stortæla.

Fotoshoot!


Går du langt nok i den retninga, kjem du ned på Grøa. Men det er berre sommarstid.
Så måtte eg starte på vegen tilbake til bilen - eg trur det er omtrent fem km. Eg møtte nokon som gav meg nummeret til Raudekrossen, men eg vurderte det dithen at det hadde tatt to timar før dei kom om eg ringte...Så derfor gjekk eg vidare - og det gjekk sakte. To timar brukte eg på løypa frå gapahuken til parkeringsplassen...
Etter ei stund heime, var det tid for å ringe legevakta. Legen kunne ikkje sei om det var brudd eller ikkje, men anbefalte å dra direkte til røntgen i Molde. Det var ikkje berre brot - det var oppslått det brotet som eg fekk i august...!
Ja, så det var altså den skisesongen - kort og gale - det er vel tvilsamt om eg kjem meg ut på ski i påska. Dette var for sikkerheits skuld den første skikkelege turen eg hadde ut i naturen etter forrige beinbrot... Så det vart meir som ei sjuårs ulukke...! Så skal eg skrive blogg no framover, må det bli om andre tema, og det kan godt hende - den som venter, får sjå!
Vil du lese om då eg braut foten forrige gong, kan du lese om det her.


fredag 3. januar 2020

Nyttårsforsett: Eg vil bli meir lik Ari

Gjennom heile romjula har eg tenkt mykje på Ari Behn. Kor tragisk det var at mørkret skulle ta så makta over han at han velte å avslutte livet. 

Faksimile Dagbladet 27. desember 2019
I dagane etter Ari Behns død har godorda om han strømma på gjennom media. Noko av det som har gjort mest inntrykk, er å lese om korleis han var mot andre menneske. Han var ein som såg og anerkjente den han møtte, han hadde alltid eit godord på lager til andre, og han kunne hugse att folk etter mange år. Det har vore sagt i veka som har gått, at han skulle fått godorda om seg mens han levde. Det er jo alltid lettare å skrive ein nekrolog enn å tale rosande om ein som er i live.
I nyttårstalen snakka Kongen om akkurat dette. "Vi skal gjøre alt vi kan for å se denne (livs)kraften i hverandre og løfte den frem". Og så sa han dei fine orda som er på bildet under her (bildet funne på Facebook). 
Kanskje var det frå Ari han lærte kor viktig det er å sjå kvarandre og gi kvarandre dei gode orda?


Gjennom dei siste seks-sju åra har eg i desembermånadane prøvd på akkurat dette. Når adventa kjem, framsnakkar eg ein eller fleire kvar dag på veggen min på Facebook. Eg begynte med det fordi eg høyrte ei på radioen som fortalte om at ho gjorde det ein dag eg var på veg til arbeid. "A ha, det kan eg og gjere", tenkte eg, og starta med det med ein gong. No har det blitt ein viktig førjulstradisjon for meg. Kroppen min og bevisstheita mi innstiller seg på det allereie ein gong i november.
Eg hugsar og at ho som no er fylkesordførar tente på ideen samstundes. Etter nokre dagar eller veker vart det ikkje meir med ho. Kanskje oppdaga ho det som slår meg kvart år. At det krevst både tid og omtanke for å gjere det. At ein ikkje berre framsnakkar dei som er nærmast, men at det og gjerne bør vere ein god grunn for at nettopp det mennesket får sitt namn nemnt den dagen - og at eit menneske blir hugsa for den ein er meir enn det ein gjer. Derfor er det faktisk litt meir intellektuelt å gjere det enn ein kanskje trur. Det ligg meir arbeid bak enn berre dei orda som når den som les.
Å hugse å framsnakke kvar dag, krevst litt ekstra merksemd og hugs. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar på desse daglege boosta av gode tankar. Mange av vennene mine på Facebook synest det er hyggeleg å sjå kven eg vil trekke ekstra fram dei dagane.
Men eg kjenner eg møter meg sjølv støtt i døra - fordi i blant står eg rådlaus og lurer på kven som skal få sitt namn nemnt. Kven er det eg ikkje har nemnt før? Det skapar stress og panikk hos meg om eg ikkje har fått det til - det som eigentleg skal vere berre triveleg førjulsskribleri på veggen min.
Eg skal ikkje rose meg sjølv opp i skyene for at eg gjer dette, men ønsker å understreke at det å gi godord til andre er eit bevisst val ein tar. For Ari Behn låg dette tydelegare framme i bevisstheita enn det gjer hos folk flest.
Dei siste dagane har eg lest og høyrt frå fleire hald at han var den utvilsamt mest oppmerksame ein kunne vere i same rom med. "Ari var den varmeste og vennligste, en som fikk enhver han møtte til å føle seg som den eneste", skreiv Fredrik Skavlan i sosiale media i romjula (sitat: Dagbladet).

Gjennom romjula har eg tenkt mykje på Ari Behn. "For en fin fyr var", som Astrid Meland i VG skreiv. Eg har tenkt at eg ønskar å bli meir lik Ari Behn. Eg har lyst å bli flinkare til å sjå dei menneska som er i rundt meg - ikkje berre dei, men folk eg møter, folk eg ikkje kjenner, folk eg berre råkar på. Eg har lyst at fleire skal oppleve at dei er spesielle for meg. I 2020 vil eg bli flinkare til å gi fleire godord.

Men korfor skriv eg dette her?
Jo, fordi at det å få det til, krevst enorm merksemd og åtgaum frå mi side, eg må bli meir opensinna i møte med folk. Det gjer noko med heile det mennesket eg er. Fordi eg vil bli eit bedre menneske - eg vil tenke at eg har eit potensiale på å bli enda snillare og hyggelegare. Og det er ikkje fordi det skal vere noko eg skal skryte av eller gjere meg stor på. Når eg skriv det her, stiller eg samtidig strengare krav til meg sjølv - for at du som lesar kan spørre meg om korleis det går i dette "prosjektet". Eg vil nådig bli svar skuldig...
I følge Blomster-Finn skal Ari Behn ha sagt at han ikkje har tid å tale dritt om andre. Det er noko å strekke seg etter. Tenk om vi i 2020 kunne ha det travelt med å ikkje snakke dritt om andre - men ha god tid til å vere saman med kvarandre.
Å tale vel om andre og til andre gjer noko med heile mennesket. Det påverkar sinnet ditt, det gjer at du ikkje får lyst til å spreie ut så mykje gørr som kanskje elles kan komme. Det gjer deg sterkare i møte med dine medmenneske.
Om du er i lag med menneske som er slik, vil det vonleg spreie seg. Ein kjenner at ein skjerper seg på å vere eit bedre menneske - og er ein skjerpa lenge nok, blir det ein vane. Eg tenker at folk flest ikkje har vondt av å skjerpe seg...
Viss det som var Ari Behns sinnelag kan gjere at mange fleire blir meir oppmerksame på menneska i rundt seg. Viss mange fleire blir litt flinkare til å gi gode ord til både kjende og ukjende - viss vi startar leite etter livskrafta i kvarandre, slik kongen sa i nyttårstalen - då trur eg vi er med og bygge eit bedre samfunn rundt oss.
Ari Behn viste i praksis Kongens ord om at alle er like mykje verd - no har han kasta hansken over til deg og meg: No er det oss det står og fell på!
Ein på Twitter skreiv at vi no må gjere som Kongen befalar. Eg vil gjere det slik Ari praktiserte <3

Faksimile VG 27. desember 2019

Etiketter