Totalt antall sidevisninger

torsdag 14. november 2013

Bursdagsmat på menyen

Eg lovte for ei stund sidan å bringe menyen for feiringa av dagane våre her i heimen. Det fine med bursdagsfeiring er at ein kan fråtse litt i matvegen!

Eg likar godt å prøve ut ymse oppskrifter eg finn på ymse bloggar. På min eigen bursdag prøvde eg ut ei fiskesuppe frå Trines Matblogg (det er favorittbloggen min :) ). Oppskrifta på suppa er slik:

400 gram torsk (eg brukte torskeloins eg skar opp i høvelege bitar)
1 liten lauk grovskoren
1/2 raud chili oppskoren (og fjerna frøa inni)
2 gulrøter oppskoren i bitar
2-4 fedd kvitlauk finskoren
1 bit sellerirot i bitar
1 ss tomatpure
1 boks hakka tomatar
7 dl vatn
1 terning buljong (fisk- eller grønsakbuljong)
salt og pepper
frisk dill
aioli
rista brød (eg bakte foccacia i staden)

Skjær opp lauken og steik den i ei panne. Ha etter kvart oppi chili, gulrøter, kvitlauk og sellerirot ferdig opphakka i steikepanna og fres det, men pass på så det ikkje blir brent. Tilsett tomatpureen og la den stå og godgjere seg i panna eit par minutt. Ha oppi hakka tomatar, vatn og buljong. La suppa koke til grønnsakene er så vidt møre - det bør være litt tyggemotstand i gulrotbitane, og smak til med salt og peppar til slutt. Strø frisk dill oppå suppa før ho serverast.



Aioli/ heimlaga majones

1 eggeplomme
ca 1 ts sennep (eg brukte ein grov type)
1 dl smaksnøytral olje
1 fedd kvitlauk opphakka
salt og peppar
litt nypressa sitronsaft
evt litt vatn

Det er svært viktig at alle ingrediensane har romtemperatur! La dei stå ein time eller to framme på kjøkkenbenken før du startar å lage aiolien. Det kan vere smart å skille plomma frå kvita først som sist.
Ha eggeplomma og sennepen (eller kvitlauken viss det skal bli aioli) i ei bolle og rør det saman. Tilsett olja i bolla medan du visper heile tida. Ha samstundes oppi sitronsafta og og rør vidare. Vatn er meininga å bruke om majonesen blir for tjukk.
Eg bakte foccacia som vi smurde aiolien på. Det smake utruleg godt!

Til dessert laga eg ein kjempe-kjempegod dessert som var ostekaker med oreo og nutella (Oppskrift funnen på www.sivbakerogsteiker.com).

12 oreokjeks
3 ss smør
1 pk (200 gram) Philadelpiaost
4 toppa ss Nutella (heimlaga)
1 ts vaniljesukker
2,5 dl fløte

Til dekor:
* Krem                                * Rista hasselnøtter utan skal                  * Hakka sjokolade

Tak fram dei dessertskålene du skal servere desserten i. Hakk først kjeksen i smular i ei kjøkkenmaskin/ blender. Bland kjeksen med smelta smør, og ha omlag ei skei med blandinga i kvart dessertglas. Sett det til avkjøling i kjøleskåpen så lenge.
Bland sjokopålegg og ost saman med vaniljesukker i ei kjøkkenmaskin. Når det er godt blanda saman, hellast litt og litt fløte oppi og blandast saman med resten. Må piskast til det blir ein god og luftig krem. Fordel kremen i porsjonsglasa, kan gjerne bruke sprøytepose (sjølv om det er litt griseri og, synest no eg). La desserten stå til avkjøling nokre timar til, før du har på litt krem på toppen med sjokolade og rista nøtter. Nammings :)

NB! Sjokoladekremen kan byttast ut med revet skal av sitron, eit par teskeier sitronsaft og omlag 2 dl bringebær som lagast til på same måten :)




onsdag 6. november 2013

Det er meir mellom himmel og jord...

Eg trur ikkje på det paranormale, trur ikkje på eit liv på Mars, og har heller ingen sjette sans, men...



Tidleg i august i år la eg ut ei melding på facebook om at eg hadde sett ein meteoritt, og i tilfelle ingen trudde meg, visste eg at eg hadde ein som kunne stadfeste det for meg, som såg det samme som meg. Det var ei fin sommarnatt vi satt på trappa på Hoemsetra, og medan vi satt der og prata, såg vi i kanskje to sekund ein meteoritt over Vikesaksa. Eg må seie eg vart ein augenblink betatt av å ha sett dette fenomenet frå verdsrommet, eller kor no meteorittane held til og blir danna.

Eg tenkte sjølvsagt ikkje på det der og da, eg er jo ikkje synsk, men kunne denne meteoritten over Vikesaksa ha vore ei slags forvarsling om at det kom til å skje noko der ved Vikesaksa? Eller var det berre tilfeldig at det var akkurat der han for forbi?
Sikkert eit merkeleg spørsmål, vil nokon meine, men eg tek det ikkje heilt ut av ingen ting heller. Familien min har nemleg opplevd noko liknande ein gong, og korleis kan ein forklare naturvitskapleg ei hending som er utanfor det naturvitskapleg sannsynlege?

Hendinga var som følgjer:
23.desember 1987 utpå ettermiddagen - Hoemsetra - heile familien på fem satt benka rundt kjøkkenbordet og gledde seg på julehøgtida. Vi snakka om alt og ingen ting - ute var det ein mild, fin desemberdag, det var mange plussgrader, og det var heller ikkje snø. Medan vi satt der og snakka og åt, tok - rett og slett heilt ut av det blå - ein snøball som plutseleg kom rett på vindauget ved bordet merksemda vår. Kor kunne snøballen komme frå? Ikkje var det snø på garden, og ikkje var det andre mennesker enn oss der heller. Endå så mange år etter, lurer vi fortsatt på kor snøballen kom til vindauget.
Vi tenkte ikkje meir på snøballen, og la ikkje noko meir paranormal betyding i den heller. Men neste dag, juleaftan, døydde mamma si mor. Mamma har fleire gonger undra seg på om snøballen var eit slags forvarsel om dette.
Nokre få år før det hadde ho og pappa saman med eit par andre sett noko dei meinte på kunne vere ein ufo. Akkurat det vil eg ikkje ta stilling til (litt søkt i hovudet mitt...), men eg trur ikkje det er området ved Eikesdalsvatnet som dreg til seg meir paranormale fenomen enn ein kan finne andre plassar. - For det må vel ha noko med ei elektrisk/ elektronisk utstråling eller tildraging å gjere, vel? (Og her vil eg helst ikkje ha ei lang utreiing frå nokon om dette, for eg har verkeleg ingen naturvitskapleg peiling, og er ikkje spesielt oppteken av det heller!)

Eg har ikkje studert dette vitskapleg, og det kjem eg nok ikkje til å gjere heller. I mi enkle tru er eg fortsatt i tvil om verda vart laga ved eit sokalla "big bang", evolusjonelle endringar gjennom tusenvis/ millionvis av år eller gjennom historia om lys som blei til og jord og himmel som vart skilte frå kvarandre. Eg har aldri greidd å slå meg til ro med at jorda har utvikla seg gjennom millionar av år - og endå ser eg ikkje på meg sjølv som verken fundamentalistisk eller konservativ. Men eg har tenkt mykje på det, men eg "still haven't found what I am looking for," - for å seie det slik!

Det er heller ikkje ut av ingen ting eg skriv om det i kveld, for eg fekk nokre nye tankar då Prins og eg var ute og gjekk tur. Då vi hadde kommen frå Leikvin og opp på fylkesvegen, stoppa eg for å studere ei stjerne litt nærmare. Eg var usikker på om det var ei stjerne, eller om det kunne vere ei lykt av nokre seine kveldsvandrarar i ei fjellside. Og akkurat medan stjerna blinka litt ubestemt til meg, fekk eg auge på eit raudt ljos i mellom meg og fjellsida i sør som blinka eit par-tre korte raude blink til meg før ljoset vart borte. Eg såg det ikkje igjen, men eg kan ikkje forklare kva det var som blinka til meg, men sidan eg ikkje er heilt komfortabel med slike lysfenomen, skunda eg meg å gå vidare. Eg rakk å sjå noko som kunne vere eit stjerneskot før eg var koma heim.
Eg berre fekk mange tankar rundt dette på kveldsturen, men som eg skreiv lenger opp: Eg har ei enkel tru - og i den trur eg ikkje det er rom for det som ligg innanfor dette som eg har tatt opp her. Jau, eg vil gjerne vite kva det raude, blinkande ljoset var, men eg må nok slå meg til ro med at det ikkje kan bli forklart. Og det er greit, for eg lever godt utan å få vite noko meir om det. Men eg har funne ut at ein kan godt kalle det blinkande raude ljoset for HUFO! Det står for Heilt Uidentifisert Flygande Objekt!
Men som dei seier i dei rojale kretsar og: Det er meir mellom himmel og jord enn nokon annan plass!

tirsdag 5. november 2013

Elskede, eg ser deg

Elskede, eg ser deg
Når du sørgjer og saknar
Eg høyrer deg
Når du med røysta di
lar fortvilinga 
komme fram i dagen
med ditt sarte rop
Og når eg kysser kinnet ditt,
kjenner eg smaken 
av dine salte tårer
Eg kan berre
ta i rundt deg
og stryke deg over 
det unge, mjuke kinnet ditt
Elskede - morshjartet mitt
føler sorgen og saknet ditt
- og det blir mitt eige.





onsdag 30. oktober 2013

Mi lyriske krå

Oppskriftene på den gode maten eg laga, lar vente på seg, men eg har skrive nokre dikt.

Vegen.

Det heiter seg
at vegen blir til
medan ein går
I blant tenker eg
at det er bra
at vegen kan vere
kronglete
Fordi det tar lengre tid
å gå den kronglete vegen
Men eg veit ikkje kor
vegen går
Eg veit ikkje når
eg kjem fram
Men eg kjenner meg trygg på
at eg kjem fram!



Ved spegelen

Vi stod der ved kvar vår spegel
og pussa på kvar våre fjes
Strauk over slitne furer
Tok bort det som ikkje skulle ses

Litt raudleg rouge i kinna
og augenskugge må til
Når maska er festa på huden
Kan vi møte verda med eit smil

Ho var nok godt under 20
eg kunne ha vore hennar mor
Vi smilte beskjedent til kvarandre
før vi bort i frå spegelen fòr.


Spegelbiletet

Eg stod ved spegelen
og såg på mitt eige bilete
og tenkte det var
over måte godt
Det dogga på spegelen
og eg tørka det bort
Då var det ikkje meg,
men ein annan eg såg
Eg smila mot spegelen
og det dugga igjen
Då eg tørka det bort
såg eg ikkje min ven
For der eg først kunne sjå to
Stod eg aleine igjen no.


torsdag 24. oktober 2013

Heimlaga Nutella sjokopålegg

I dag har eg prøvd noko nytt, nemleg å lage heimlaga sjokopålegg. Det fins fleire oppskrifter på ymse bloggar, men eg valde ein litt fruktig sak :)

Fordelen med å lage slikt heimlaga pålegg, er at det blir heilt fritt for e-stoff og andre tilsetningsstoff. Oppskrifta inneheld omtrent berre reine produkt. (Henta frå Kjøkkentjeneste sin blogg)


75 gram dadlar, utan stein (ein kan og bytte ut nokre av dadlane med tørka aprikosar)
75 gram hasselnøtter
1,5 dl fløte 
75 gram usalta smør 
75 gram sjokolade (eg brukte billeg kokesjokolade, men det er best egna med sjokolade med høgt kakaoinnhald)


Først må ein få av skalet på nøttene, og det gjer ein med å ha dei i tørr steikepanne på høveleg varme. Når dei blir oppvarma, vil skalet kunne ramle av/ dragast av.

Dadlane må delast opp, slik at ein får tatt ut steinane. Dadlane skal leggast i ein kaserolle med litt vatn og kokast møre i eit par minutt (og i ærlegheita sitt namn: Dette gløymde eg faktisk å gjere då eg heldt på, men trur det vart bra likevel).
Så leggast dadlane og nøttene i ein food prosessor og køyrast saman til det blir ei glatt masse. Tilsett fløyta litt og litt og køyr på til det blir ein fin masse. Smelt smør og sjokolade på svak varme, og ha det oppi resten av massen. Ha blandinga oppi glas som setjast i kjøleskåpen. 
Det fins som sagt fleire oppskrifter på nettet, men eg valde denne fordi eg likte det at det var litt frukt i den.

Bon appetit :)


PS! Delar av pålegget er allereie hamna inn i ein dessert eg laga, men den kjem det oppskrift på om eit par dagar :)




fredag 11. oktober 2013

Stjernedans, himmelsang

Det er ikkje så ofte at ein tekst kjem til meg med ei slik kraft at han krev å bli nedskriven. Denne teksten har arbeidd i meg medan stjernene har leika seg på himmelen over Grøa i haust, og så fekk eg endeleg mot til å arbeide han ned på papiret.




Eg stod og såg ut over stjerneskin

leita i universet etter stjernen din
Undra meg kor du er
og spurde kva du gjer
Då blinka ei stjerne
- hei, eg er her!

Eg følte at du såg meg
Kjende du forsto
du kviskra at du visste,
og vart glad for at eg lo.

Stjernedans, himmelsang
eit liv utan deg vart livets gang
Himmelsang, stjernedans
- Universet må vidare utan stans.

På Karlsvognas sete der fann eg deg
- Ein bane rundt jorda er no din veg
Når Karlsvogna blinkar,
veit eg du ser
Vi tørka bort tårer
og du smilte til meg.

Eg såg at du vinka
og vart glad då du lo
Mellom himmel og jord
vi byggjer ei bro.

Måneglans, solgangsbris
- å miste deg er kjærleikens pris
Solgangsbris, måneglans
- Universet må vidare utan stans.

onsdag 25. september 2013

Når bileta fortel ei historie

Eg har tenkt ein del på desse motsetningspara som fins i språket. Svart og kvit. Liv og død. Kjærleik og hat.

I blant er eg innom ulike kyrkjegardar. Eg ser på steinane og tenker på dei som ligg der som eg ein gong kjente. Frå tid til anna blar eg i fotoalbum eg har liggjande. Ser på bilete av slektningar, venner, bygdefolk - alle har dei felles at dei ikkje er her lenger. Og eg ser på Runar si dødsannonse, som fortsatt heng på kjøleskapdøra, og tenker at det er ikkje bare han som er borte - i løpet av ni månader døydde både han, mormor hans og stefar hans. Ein periode var det så mykje død og sorg i livet mitt, at eg visste mesta ikkje kor eg skulle gjer av verken sorga eller meg sjølv.

Det er rart å sitje å sjå i album slik og minnes menneske som har betydd noko særskilt for meg. Bileta fortel historier om noko som vi hadde felles - eit møte der og da, ein tur, ein artig episode, ei trist hending. Bileta fortel så mykje, og når menneska i bileta er borte, får dei ny betyding.

Familiebiletet av oss fire på veggen her heime er eit slikt bilete. Aleksander var nyfødd. Runar hadde tinga frisørtime til meg på veg heim frå sjukhuset. I tillegg hadde han tinga time hos fotografen. "Det er fullt!" fekk han beskjed om. Det var trass alt første veka i desember. "Jammen no har eg fått ein son, og eg skal reise til Hammerfest på arbeid onsdag, og eg vil gjerne få vist han fram på eit familiebilete til jul, så det her må du ha tid til," argumenterte Runar. Og fekk det slik han ville!
Ein liten familie på fire smiler glad mot fotografen. Gleda over den vesle guten, berre seks dagar gammal, i armane er stor. Vi hadde litt dårleg råd i den tida, så det vart berre ei halvstor forstørring. Det fekk plass lengst borte i stua.
Då Runar var borte, kjente eg behov for å få biletet større. Og nærare. No heng det i sine fulle 40x50 cm rett ved sofaen - ingen som kjem inn i stua, kan unngå å sjå det. Ingen kan unngå å sjå den stolte faren som held rundt familien sin.


Desse motsetningspara er ikkje som høgre og venstre i politikken. Dei er nærare som så. Eit snart 42 år gammalt liv har lært meg at hatet ligg tett inntil kjærleiken, svart ligg tett inntil kvitt, og at døden ligg tett inntil livet. Og sorgen og gleda vandrar saman. Ein augenblink med sorg og vemod glir over i noko anna å gle seg over.

I dag har Runar og eg sju års bryllaupsdag. I kveld sette eg roser i vasen på grava og tente lys for han. Det var veldig spesielt. Det var første gong eg tente lys i den kolba som står på steinen hans. Det kjentes meiningsfylt å tenne lys for han og det livet som var.
Samstundes kjente eg på det gode: Eg har lov å gå vidare! Livet har noko anna til meg som eg finn like rundt neste sving.

Da er vi rette ektefolk - 24.september 2007 i Sjømannskirka på Mallorca.

"Vi har gifta oss!" erklærte Ingvild!































Dei fem siste bileta var tatt av ein fotograf i Palmanova. Det var ei heilt enkel vigsle kor vi lova å elske og ære kvarandre til døden skulle skilje oss. Etterpå gjekk vi på stranda og bada!

24.september 2013.

mandag 16. september 2013

Å vere pårørande

VG hadde ein større artikkel i sundagsutgåva 15.september om det å vere pårørande av ein kreftsjuk. Eg har tenkt ein del på det å vere ein pårørande.

Som mange veit, vart eg sjølv kreftsjuk i 2010 - det er allereie godt over tre år sidan eg fekk påvist kulen, og eg har på mange måtar lagt det bak meg! Eg har ikkje gløymt den junidagen eg kom heim frå legen og fortalte Runar om kulen i brystet. "Men det skal vi då greie saman," sa han og tok rundt meg.
I ettertid er det lett å tenke at vi ikkje visste då alt vi skulle gjennom, så det vart lettare sagt enn gjort.
Eg får aldri vite med Runar korleis han opplevde det var å vere pårørande, dei tankane tok han med seg i grava, og det var ikkje noko vi snakka spesielt mykje om medan behandlinga pågjekk. Hadde eg visst at han plutselig skulle bli borte for meg, hadde eg vel kanskje spurt han.

Når ein knappast har vore pasient før, er det ikkje lett å vite korleis ein skal involvere familien som pårørande. Ungane var fortsatt små - 2 1/2 og 7 1/2 då eg vart operert og starta behandlinga, så det var ikkje så lett å dele tankane med dei om å ha ein farleg sjukdom. Og så er det lett å tenke at ein vil beskytte dei for kva som kan vere sanninga. Sjølv om eg innstilte meg på at eg skulle skynde meg gjennom behandlinga, kunne eg ikkje sjølv vite utgangen på den.
Kanskje var det beskyttingsinstinktet som gjorde at eg beskytta Runar og. På same måten som eg lot han sleppe å bli med på fødestua då ungane meldte sin veg inn i denne verda. Ein tanke slår meg at det å beskytte han var å beskytte meg sjølv. Vi var rastlause begge to, og det å sitje å se på at ein annan får cellegift, er nok ikkje for kven som helst.

Eg var inne på det i gravferdstala til Runar - om oktobermåndagen då eg skulle starte på ein annan kur same dag som Runar starta på fagprøva. Kroppen min tålte ikkje innsprøytinga av gifta, og då eg plutseleg fekk ei kjensle av å bli kvelt, trudde eg min siste time var komen. Mamma var med den dagen på sjukhuset, men akkurat då var ho ute og handla. Eg greidde akkurat å ringje ho med beskjed om å komme. Runar fekk melding utpå dagen, og kom til meg på sjukehuset. Ungane måtte eg få ordna pass av i bygda, for heimreisa blei fleire timar utsett som følgje av dette.
Nokre dagar seinare fekk eg så ulidelege plagar av denne kuren, at eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg. Det gjekk ikkje så bra med Runar på denne fagprøva - eg trur tankane var meir hos meg enn dei var på det faget han vart testa i. Men eg spurte han jo aldri om det.

I etterpåklokskapens ljos ser eg at det å vere pårørande kanskje kunne vore lettare viss eg hadde funne dei rette spørsmåla å stille. Men eg hadde ikkje krefter til så mykje meir enn å tenke på meg sjølv og den elendigheita eg sjølv var innballa i. Det som frå hans munn var meint som omtanke, vart oppfatta som alt anna enn omtanke når det nådde øyrene mine. På den måten vart det ikkje så godt klima for å finne ut av ting saman.
Eg har lagt meg opp ein god del erfaring om det å vere sjuk, men eg vonar eg aldri får bruk for den igjen. Vonar at ingen skal trenge å vere min pårørande, og eg vonar eg slepp å vere nokon sin pårørande i ein slik pressa situasjon, kor familielivet får seg eit alvorleg skot for baugen. Det er vel kanskje ikkje så rart at det heiter seg at ein må vere frisk for å takle det å vere sjuk...

lørdag 7. september 2013

Kjekjøtt.... MMMMMmmmmm...... :)

For nokre veker sidan var eg så heldig at eg fekk skaffa meg eit 16 kg stort kjeslakt! Berre tanken på kor mange herremåltid vi skal ha her i garden, gjer meg vatn i munnen...

Da eg vaks opp, hadde vi geiter heime på Hoemsetra. Meir trufaste venner enn geitene var uråd å få, og eg var ei skikkeleg fjøsjente! Alle kjea fekk namn etter kvart som dei kom til!
I mars 1981 ringte eg inn til radioprogrammet "Hei" og fortalte om kjeet Albert som vi akkurat då hadde på kjøkkenet! Historia var at pappa fann mora daud ein sundags morgon, og ved sidan av ho låg Albert nyfødd. Då tok pappa med seg han inn på kjøkkenet, og vi hadde han i ei pappeske ved omnen, og sørga for at han fekk nok mat. Etter ei lita veke var han restituert nok til å komme ut til dei andre geitene i flokken att. Dessverre overlevde ikkje Albert sommaren i Haudukteia - han blei truleg eit herremåltid til ein rev eller ei ørn.

Første gong eg smakte kjekjøtt, var då eg nokre år seinare hadde geit som 4H-oppgåve. Då slakta pappa eit kje, og eg trur vi lagde kje-i-kål. På den tida var eg vel ikkje spesielt glad i slike kålrettar, så eg trur ikkje eg satt att med noko inntrykk av kjekjøtet heller.
Då var det noko anna då ein kamerat og eg var på restauranten Arctandria i Tromsø og åt ein gong på slutten av 90-talet! Eg tinga kjelår, og eit gigantisk fat med eit stort lår kom på bordet - og det skulle vere berre til meg! Eg gjekk iallfall ikkje svolta frå den restauranten den kvelden!

Det var vel derfor ikkje så rart at eg var rimeleg snar med å hive meg rundt då geitbonden eg kjenner averterte eit kjeslakt på 16 kg til salgs! Jakttid eller ikkje no i haust - kjeet skulle eg ha! Heldigvis har eg ei mamma som kunne hjelpe meg å partere kjøtet. Det første av dyret som stod på menyen, var knokane som vart kokt med formål kjøtsuppe!

Knokane koka i si eiga kraft i eit par timar - til det slapp frå beinet. Då tok eg dei ut av kasserollen og hadde oppskjærte grønsaker oppi. Det var eit par poteter, nokre gulrøter, purre, stangselleri, vårløk, rødløk, Eg kunne sjølvsagt og hatt oppi brokkoli, blomkål og kålrot og, og det skal eg hugse neste gong!
Når grønsakene hadde kokt seg møre, hadde eg skore av kjøtet frå beina og hadde det oppi gryta igjen. Då var det mesta klart for servering!
Etter å ha spist opp mesta altsom var i skåla og forsynt seg med ein ekstra porsjon med kraft, erklærte Ingvild: KJEKJØT ER GODT!

Gjett om eg gler meg på nye rundar med kjekjøtt! Det skal eg fortelje meir om :)

Gode minner frå barndommen!

torsdag 29. august 2013

Har kokkelert litt denne veka :)

No fekk eg lyst å dele litt av det eg har sysla med på kjøkenet denne veka! 

For nokre dagar sidan bakte eg polarbrød etter oppskrift frå Trines Matblogg. Eg må prøve å bake dei fleire gonger før eg legg ut oppskrifta, men ho ligg lett tilgjengeleg i matbloggen hennar.
I tillegg bakte eg ein ny runde med knekkebrød. Oppskrifta fann eg på baksida av havregrynpakka frå Coop eg kjøpte, og eg brukte ho til punkt og prikke med eitt unntak - i staden for havregryn brukte eg tilsvarande mengde med frokostblanding med mellom anna tørka rosiner og bananar. Det tok eg og knuste litt i ein blender, slik at det vart mindre bitar. Det vart skikkeleg gode knekkebrød :)



Her er oppskrifta originalt:
4 dl grov sammal rug
4 dl store havregryn
2 dl solsikkekjerner
1 dl sesamfrø
1 dl linfrø
1 ts salt
7 dl vatn

Eg rørte alt saman til ein tjukk deig. Så tok eg på bakepapir på tre steikebrett, og smurte røra så tynt som mogleg utover på bretta. Eg sette alle tre bretta inni varmluftsomnen og steikte dei på 160 grader i ca 15-20 minutt. Då tok eg dei ut og ruta opp i høveleg storleik - 16-20 firkantar på kvart brett. Temperaturen vart senka til 150 grader, og steikt vidare i 45-50 minutt. Det er lurt å bytte på kor bretta står i omnen, slik at det blir jamn fordeling av varmen. Hugs å lufte ut damp frå omnen undervegs fleire gonger. Avkjølast på rist!

I går lagde eg for første gong i mitt liv blomkålsuppe. Eg er ikkje så veldig tradisjonell av meg, så eg brukte oppskrifta eg fann på Trines Matblogg, og den inneheld både purre og bacon.



Her er oppskrifta:
1 stort blomkålhovud i bitar
1 liten lauk finhakka
8 dl kyllingkraft (kyllingbuljong eller utblanda kyllingfond)
2 dl mjølk
2 ss creme fraiche eller rømme
1/2 purre strimla
150 gram nysteikt bacon
Salt og peppar
Frisk persille
Brød til
Først kokte eg opp kraft og mjølk, før eg hadde oppi blomkålhovudet saman med lauken, og let det koke mørt, ca 15 minutt. Køyr suppa jamnt med ein stavmiksar, og tilsett litt creme fraiche/ rømme før servering.Gi suppa eit oppkok, og tilsett salt og pepper. Like før servering har ein oppi nysteikt bacon saman med purren. Baconet kan erstattast av sprøsteika spekepølse eller chorizo.

I dag hadde vi omnsbakt torsk til middag, også dette med oppskrift frå Trines Matblogg.
Eg brukte eit stykke torskeloins til kvar av oss. Desse vart først salta og skylt, før eg hadde på meir salt og nykverna pepper. Eg hadde det i ei eldfast form og steikte det i ca 15 minutt i steikeomnen på midterste rille. Så tok eg aluminumsfolie over forma og lot ho stå til maten skulle serverast.
Ved sidan av torsken serverte eg ein blomkålpurè.


Oppskrifta er slik:

1 blomkålhovud oppskjært i bitar
1 potet i bitar
1-2 fedd kvitlauk, heil eller grovhakka
1-2 ss smør
salt og peppar

Kok grønsakene saman til det er mørt, og slå av vatnet. La det dampe tørt i kaserollen nokre minutt. Bruk ein stavmiksar og mos alt saman, og ha oppi smør og salt og peppar til slutt.
Serverast saman med fisken. Eg hadde på sprøstekt bacon i tillegg!
Verkeleg godt vart det!!!

Dette var kort om litt av det eg har sysla med her i heimen denne veka!

Etiketter