Totalt antall sidevisninger

onsdag 27. februar 2013

Nokre tankar om eit varmare samfunn

Eg kjenner at eg fortsatt kretsar i tankane rundt alle dei tinga eg tenkte på før jul, dei tinga eg skreiv om i Kyrkjebladet og som eg snakka om i intervjuet i julenummeret av Aura Avis. Heldigvis er eg ikkje i dei tankane heile tida, for då hadde eg vorte meir rar enn smårar, men jamnleg dukkar tankane opp og sett seg som tunge klør i kroppen: Kvifor er det så vanskeleg å vise litt omsorg for andre menneske, spesielt dei som har kriser i livet? Kvifor opplever eg sjølv så sjeldan at folk bryr seg oppriktig? Masar eg? Er eg for opptatt av den kaffekoppen eg gjerne ville ha delt saman med nokon andre? Har eg for god tid her eg sitt heime i sofaen? Kanskje det er opp av sofaen eg skulle komme meg? Kvifor kjem ikkje nokon og hjelper meg ut av sofaen?

Eg veit ikkje - men eg veit at som menneske er omtanke og omsorg blant dei basale behova som trengs å bli dekt. Eit barn kan faktisk dø om det ikkje får den basale omsorgen. Og kanskje er det vel slik at vi vaksne og kan dø - både bokstaveleg og i overført tyding - av å mangle dette i livet. I Bibelen brukar Paulus uttrykket "å leve for seg sjølv" - og eg trur med handa på hjartet at dei færraste er så egoistisk og sjølvopptatt at dei vil leve berre for seg sjølv! Og eg trur dei aller færraste vil vere så einsame at det er berre ein sjølv i livet og ingen andre! Eg trur dei fleste reagerer med sjokk når ein les at eit menneske kan liggje død i ei leiligheit i fleire månader utan å vere sakna!

For det er vel ikkje ei slik verd vi vil ha?

I intervjuet i julenummeret av Aura Avis sa eg at eg høyrer til eit parti som har "et varmere samfunn" som motto, og at derfor synes eg at det er viktig å fokusere på det. Ja, det stemmer! Og eg trur strengt tatt at det ikkje er berre KrF som vil ha eit varmare samfunn - Dei aller fleste vil vel ha eit samfunn som er trygt og godt å leve i, og kor ein kjenner at ein har sin plass som menneske - uavhengig av om ein er stor eller liten! Usemja er jo kva veg ein skal velje til målet!
Kanskje er det derfor eg undrar meg: Viss folk flest faktisk vil ha eit trygt samfunn - kvifor er det då så vanskeleg å vise omtanke til andre? Kvifor er det då så vanskeleg å invitere til eit besøk eller invitere til å gjere noko saman? I eit trygt samfunn må det vere rom for det å vere medmenneske - det er viktig å bry seg!

Eg har sagt det før, og eg kan godt gjenta det: Det er ofte ikkje så mykje som skal til for å utgjere ein skilnad: Viss eg kom i tankane dine, så ring meg eller kom og besøk meg! Spør meg korleis eg har det!
Det hjelper ikkje meg å vere i andre sine tankar når eg ikkje ser det i resultat av ei handling - eg har ikkje nokon magiske tankeoverføringskrefter!
Mor Theresa har sagt følgjande: "La ingen nokon gong komme til deg utan å forlate deg lykkelegare!" Det er litt av ei oppgåve vi har som medmenneske, men kan vi ikkje berre prøve litt på det? Og så finn vi kanskje til og med ut at det er hyggeleg og berikande å vere eit medmenneske - det er berikande å utgjere ein skilnad i andre menneske sine liv!

Men kvifor skal det vere så vanskeleg å få oppleve det? Og kvifor skal det vere så vanskeleg å gjere det?

Korleis få eit kjedeleg pølsemåltid til å bli eit gilde!

I blant så kjennes det som at eg berre går og "spenner skank", som ein gammal kjenning av meg sa ein gong. I blant så dukkar kjensla av "another day off" fram. Eg trur kanskje det er mange som av ymse grunnar blir verande heime, og som ikkje kan eller har ein jobb å dra til, som kjenner det slik. Livet mitt er slik no at det vil bli fleire slike "another days off" - eg kan like det eller ikkje like det, men slik er det!
I dag var det heldigvis og definitivt ikkje ein slik "another day off"-dag! Eg har hatt veldig mykje å styre med, fordi vi skulle få besøk av søster mi og dei tre ungane hennar! Veldig kjekt sidan vi berre sjåast slik dann og vann! Ikkje så rart når dei bur i Valdres og vi bur her!
Sidan eg likar å lage ting skikkeleg for tida, og ungane sin livrett handlar om pølser og lomper - ikkje så mykje pølsebrød - fekk det vere dagens meny! Eller for å seie det heilt presist: På dagens agenda stod det at eg skulle bake pølsebrød, hamburgerbrød og lomper + lage hamburgerar og vaske! Etter å ha brakt junior til barnehagen på hans "Rolls Royce" - akebrettet! Siste dag i dag med akebrettfrakt dessverre! I morgon er det gode føret borte - det vil seie at det blir tryggare å komme seg ut heilskinna på to føter!

Oppskrift på pølsebrød og hamburgerbrød funnen på Trines Matblogg:


  • 1,5 dl vann
  • 1,5 dl melk
  • 1 ts honning
  • 2-3 ss olivenolje
  • 25 gram fersk gjær (eller 1/2 pakke tørrgjær)
  • 150 gram sammalt hvete, fin
  • 300 gram hvetemel (feks Vinjett av vårhvete)
  • ca 1/2 ts (hav)salt
  • 1 egg, til pensling
  • sesamfrø
Eg blanda saman alle indgrediensane - mjølka og vatnet varma eg opp til fingertemperatur. Så fekk deigen heve seg ei god stund, før eg baka han ut til pølsebrød og hamburgerbrød. No heva ikkje min deig seg så mykje som han skulle først, så for å vere sikker på at kvar leiv skulle bli stor nok ferdigutbaka, laga eg dei litt stor i utgangspunktet. 


Dei vart mesta litt i største laget, iallfall pølsebrøda. Eg burde ha laga eit par stykker til, så vart dei andre litt mindre! Men skitt au!
Dei vart steika ved 225 grader midt i omnen i omlag eit kvarter.

Lomper - oppskrift funnen på brodogkorn.no (Opplysningskontoret for brød og korn sine sider):

1 kg potet
1 ts salt
1 1/2 dl kveitemjøl
1 dl sikta rugmjøl

Her fulgte eg oppskrift slavisk frå begynninga av: Eg kokte opp potetene med skalet på. Så tok eg skalet av, og potetene skulle mosast saman med saltet.
Her er eg noko usikker på kva som er den likaste måten å mose på - eg prøvde i blender først, og då vart den poteta som knivane rakk tak i mosa omlag til mos. Så eg bytta til miksmaster, og hadde inn mjølet. Skal ein gjere det på den måten, er det viktig at ein har skore poteta i små bitar før ein har det i bolla. Imidlertid viste det seg at poteta rett og slett sugde mjølet til seg, og at det var behov for langt meir mjøl enn det står i oppskrifta.
Eg kan jo attpå til fortelje om ei tabbe eg gjorde og: Eg skulle vere dyktig husmor, så eg baka ut alle leivane - det vart i rundt 20 leivar - og la dei i ein svær haug. Så for eg på trimturen for å hente junior i barnehagen. Sidan poteta fortsette å trekke mjølet til seg, vart heile hopen med dei utbaka leivane klissate og hengde seg saman. Enden på visa vart at eg måtte bake alle ut på nytt før eg steikte dei på rimeleg sterk varme på takka mi. Og eg kan stadfeste at det er potet i lompene! Ikkje noko juks!



Slik såg det ut då eg steikte lompene på takka!


Så steikte eg hamburgerar. Denne oppskrifta er ei samanhoping av oppskrifter frå Trines Matblogg:

1 pk kjøtdeig, 400 gram
1 egg
Eit par spiseskeier ketsjup 
Eit par sjalottlaukar finskoren
Salt og pepper

Bland alt saman, og steik det på litt høg varme. Pass på at dei blir mest muleg gjennomsteikt etter at dei er steika på begge sidene. Og voilà: Hamburgerar klare til å legge inn i midten saman med salat i dei nysteika hamburgerbrøda!


Slik såg det ut då Ingunns heimesnekra hamburger var klar til servering! Til og med den fleire dagar gamle salaten greier å lyge på seg litt freshere farge enn det som sant var :)



Pølse og brød klar til å etast!



Og pølse med lompe :)


Rett så hyggeleg stemning rundt matbordet og Ingunns meir eller mindre heimsnekra pølsegilde !






tirsdag 26. februar 2013

Dagens bilde!

I går hadde Aleksander og eg den gleda at vi kunne ta akebrettet til barnehagen! Det var berre over brua det ikkje gjekk an å bruke det, men ellers var det supert akebrettføre: 100 % glattis!!! Vi får nyta det så lenge vi kan, for skal ein tru yr.no, så blir det mykje regn frå torsdag av! Då er det nok slutt på både ski-, skøyte- og akeføre her i bygda ja! Akk o ve!


lørdag 23. februar 2013

Heimsnekra taco og alkoholfritt øl!

I dag brukte eg mesta to timer på å gjere klar tacomåltidet - og det var verd det! Og i dag var måltidet heimsnekra tvers gjennom! Det å lage heile måltidet sjølv, gir for det først ein god kjensle av å utøve kokkeyrket på heimebane! Dernest er det så utruleg mykje sunnare og betre og ete noko ein veit kva er - mesta heilt utan e-stoff og søtningsmiddel!


Fredagsstemning i stua med rundt 30 tente ljos!

Eg laga guacamole etter denne oppskrifta:


1 avokado

Litt opphakka chili
Litt opphakka purre
Nokre dråpar sitronsaft
Litt salt og peppar

Del avokadoen i to, og ta ut steinane. Bruk ein gaffel og mos avokadokjøtet. Bland i chilien og purren, og smak til med sitronsaft, salt og peppar til ein god smak. Server!


Salsa:


1 boks hakka tomatar

1 liten lauk, t.d. ein charlottlauk
Litt opphakka chili
1 fedd kvitlauk som raspast fint
Ca 1 ss olivenolje
1 ts spisskummen
Litt salt og pepper

Hakk opp i små bitar lauken og chilien, og rasp kvitlauken på eit rivjarn. Surr dette i ei steikepanne saman med olivenolje, og bland i tomatane. La det stå og småputre i 20-30 minutt. Smak til med krydderet. Server!

(NB! Det er viktig å lese oppskrifta nøye og så gjere slik det står i oppskrifta... Det gjorde ikkje eg, så min salsa var ikkje koka, slik det står i oppskrifta. Muleg det var difor eg synes salsaen smaka noko beskt. Eg tek difor og kokar han i 20-30 minutt no, så ser eg korleis den er på smak då :) )


Heimlaga salsa (dog ukoka...) og heimlaga guacamole!


Heimlaga tacokrydder:


4 ts spisskummen

1 ts malt koriander
2 ts paprikapulver
1 ts hvitløkspulver
1-2 ts chilipulver
2 ts salt
1/2 ts pepper
1/2 ts tørket koriander
1/2 ts tørket oregano
1/2 - 1 ts chiliflak
1/2 ts cayennepepper

Bland alle indgrediensane saman. Til ein porsjon steikt kjøtdeig på 4-600 gram treng du omlag ei spiseskei med kryddermix. Det kan vere lurt å koke dette saman med omlag 1 dl vatn. Smakar heilt fenomenalt!!!

TIPS! Lurt å to-tredoble samanblandinga i eit glas og ha ståande. Ein kan og ha blandinga i eit glas og gi vekk i gåve til andre tacoelskarar!


Eit glas med heimlaga tacokrydderblanding - heilt fritt for kunstige tilsetningsstoff og søtningsmiddel!


Heimbaka tortillalefse:


Eg har prøvd fleire ulike lefseoppskrifter i det siste, med større eller mindre hell! Det som er viktig når ein bakar desse lefsene, er å kjevle dei så tynne som det er muleg å få til!

I dag brukte eg følgande oppskrift:

4,5 dl siktet kveitemjøl
3 dl sammalt kveite grov
2 ts bakepulver
1 ts salt
2 ss feitt (smør, olje)
2,5 dl lunka vatn


Bland mjølet og bakepulveret saman med saltet. Eg brukte fullkorn kveitemjøl for å få lefsene litt grovare. Så brukte eg omlag halvparten sammal kveite grov og fin. Bland feittet saman med vatnet og bland saman med mjølet. Rør saman til deig, og ta den på bakebordet for å kna den skikkeleg saman. rull ut deigen til ei pølse, og del den opp i åtte jamne delar. La deigen kvile eit kvarters tid, før du kjevlar det ut til lefser - aller best så runde som muleg!

Steik dei på ei varm usmurt steikepanne, omlag eit minutt på kvar side - eller gjer som eg: Steik dei på ei steiketakke på høg varme omlag eit minutt på kvar side!


Tortillalefsa på steiketakka!


Lag ein supersuper salat å ha ved sidan av saman med rømme og hakka raudlauk! Betre kan ikkje fredagstacoen bli!!!



Eg pleier alltid å blande alle salatindgrediensane saman til ein salat, men det er jo ei smakssak! Dagens salat var av ruccola, purre, stangselleri, tomat, paprika, agurk, mais og ananas.



DRIKKE!

Kva ein skal drikke til tacoen er jo ei smakssak, og ofte avgjort av kven ein et saman med. Eg et saman med ungane mine, og velger derfor vekk drikke med alkohol. I det siste har eg imidlertid fått auga opp for den velfylte hylla med alkoholfritt øl som Bunnpris på Sunndalsøra har! Både Clausthaler og Munkholm har kommen i boks i tillegg til flaske, og Munkholm har til og med utvida sortementet med fleire smakar! Dette synes eg er så bra, at eg gir det herved ein porsjon redaksjonell omtale og reklame!!! 



Det er mange som seier at skal ein drikke alkoholfritt øl, kan ein like så godt drikke vatn! Det er eg ikkje sams i!Som KrF-politikar er eg opptatt av at det skal finnast gode alkoholfrie alternativ å drikke, og at ein skal skåne born frå å sjå vaksne sitje å drikke! Viss det alkoholfrie ølet har ein like så god smak som det alkoholhaldige, er det ingen grunn for å velgje alkoholhaldig framfor alkoholfritt! Eg drikk dette stort sett til mat i helga, og klart smaken er viktig.
I kveld drakk eg ein boks av eit utanlandsk merke som heiter Estrella - som er sponsor av FC Barcelona! Sponsorar eller ei: Smaken var absolutt ikkje bra nok! Denne kjem eg ikkje til å kjøpe igjen! Derimot har eg smakt før, og gler meg på å smake igjen Hansa Pilsner Null %. Den er velsmakande både som matdrikk og kosedrikk!



Med dette på hjartet, er det berre å ønskje alle ei mat- og drikkeglad helg!!!







søndag 17. februar 2013

Cupcakes på ein sundag :)

Ingvild har besøk av bestevenninna si Nora, og dei nytta høvet til å bake litt cupcakes! I haust var Ingvild og eg på cupcakekurs, og det er jo viktig å vedlikehalde kunnskapen ein lærte seg der!
Eg har ikkje sjekka med jentene kva slags oppskrift dei brukte, men viser gjerne fram litt av aktiviteten deira med ulike frostingar og pynting og greier! Og godt smakte det til slutt og!

Ingvild viser fram det ferdige resultatet! (Er det nokon som ser noko spesielt med håret hennar?)

Her har det vore handla på opphørssalet på Brio ja! Ulike typar smakstilsettingar til frostingen!

Rosa frosting. Den var litt for søt.

Lilla frosting - denne var den beste!

Muffinsen er ferdigstekt i lekre former frå Åhlens! Kjøpt på sal på Moa i romjula :)

Hektisk aktivitet på kjøkkenet!

KOSentrasjon om jobben :)

lørdag 16. februar 2013

Då guten på fem vart rockestjerne for ein dag!

I går var det dags for karneval i barnehagen - det siste for Aleksanders del - og han gledde seg noko voldsomt på å kle seg ut som ROCKESTJERNE!!! Eigentleg var temaet "Det skal eg bli når eg blir stor", og då var plana klar for Aleksander sin del: Han skal bli rockestjerne, og skulle kle seg ut som det.
Torsdag var det hektisk innsats på fleire frontar for å kjøpe inn det naudsynte utstyret til dagen: Grønn hårspray, ansiktsmaling, ny tøff dongerybukse og svart naglebelte!!!
Då klokka skulle vekke oss om morgonen, var allereie gjengen vak, og Aleksander var klar for den store forvandlinga frå å vere ein vanleg femåring til å bli ei rockestjerne! Med god hjelp av Ingvild!


                       Ein liten video som viser korleis Ingvild sminka den vesle rockebroren sin!

Her er ein tøff rockegut klar til sminking!


Då er sminkinga i gang, og Aleksander skal få eit
Gene Simons look alike :)

Grønn hanekam og kvit stjerne!

Hanekammen!


Då var festen over...

Då karnevalet var over, var Aleks svært nøgd! Han hadde lært seg å skrive autografar - ein A med nokre krussedullar - og gitaren vi lånte på SFO hadde vore kjekk å ha! Dei hadde nemleg lytta til KIZZ på You Tube!!! Men sminka i ansiktet var forvunnet...Heilt sikkert eit godt teikn på at dagen i barnehagen var vellykka!!!



onsdag 13. februar 2013

Sjølskryt SKAL ein lytte til for det kjem rett frå hjartet!

I dag har eg av alle ting vore ute på ski - berre ein halvtimes tur - men likevel! Prins og eg for ein tur ut i lysløypa her, og det sette han stor pris på! Etter 3 1/2 år i huset her - og omlag to-tre turar i lysløypa - kan eg konstatere at det er både praktisk og kjekt å ha ei lysløype rett utanfor stovedøra!
Sola skin allereie i rundt 40 minutt inn stovevindauget, og eg tenkte altså i dag at det er kjempefint å komme seg ut i sola!
Dermed kan eg altså konstatere: Eg er uviss på om verda står heilt til påske... Eg er ikkje kjend for å dra på slike "ekspedisjonar" slik utan vidare! Og sjølvskrytet er at eg var flink i dag!!!

Turen i dag ga meg og eit visst flashback til barndommens skiturar på Hoemsetra. Det var ikkje mykje oppkøyrde løyper der, nei! Nei, det var ikkje oppkøyrde løyper der, nei! Men ut for vi, og løypene gjekk vi opp sjølve - innagjerdes og utagjerdes! Utanfor gjerda måtte vi vere litt påpasselege, for ofte om vinteren var det fonnfare, og då gjaldt det om å halde seg så nære huset som mogleg. Men mange dagar var det nydeleg ver med nydeleg skiføre, og då var det ikkje mykje "kjære mor"! Faktisk kan eg mesta ikkje minnes at vi vurderte å sleppe å fare ut på ein skitur ettermiddagstid!

Forresten må eg berre nytte høvet til å mimre ei artig skihistorie! Eg har ikkje gått for mykje på ski dei siste tjue - 25 åra, det skal vere sant og visst! Og utstyret har dermed ikkje vorte fornya for ofte heller. Så var det i 2005 vi drog oppi Grødalen på skitur - Runar, Ingvild, Hilde, Emilie og eg, og alt var berre fryd og gammen! Ingvild satt i beremeis på Runar sin rygg, men vi hadde med akebrett til ho, så ho kunne leike seg litt - heldigvis! Da vi hadde gått eit lite stykke utover dalen, skulle vi sette oss å raste. Vi skulle sitje ved ei hytte i ei skråning, og då eg skulle gå opp den litje bakken, merka eg at det var noko som skjedde med skia. Og då eg såg ned, oppdaga eg til mi store forskrekking at skotuppen hadde brekt! Alfaskoa frå 1980-talet ville ikkje gå lenger!!! Heldigvis hadde vi med oss akebrettet, slik at eg kunne gå på ei ski og eit akebrett tilbake til Vangshaugen, der bilen stod! Måtte vere eit kosteleg syn, og eg veit Hilde har den videosnutten på lur ein stad! Skulle vere artig å sjå den - og leggje den ut her! Då vi kom heim, gjekk skoa rett i søpla, og skia blei og sett vekk! Det var dags for å skaffe seg nytt skiutstyr!!! Men stavane er fortsatt dei same då!

No er det berre eit par dagar att til det blir vinterferie her! Skal ein tru vervarslinga, blir det fortsatt høveleg kaldt og høveleg lite nedbør :) Då gjenstår det berre å skaffe ski til frøkena, slik at vi kan komme oss ut ein tur eller to på ski!

Prins nytta høvet til å sole seg litt :)

Ut på tur og ikkje sur :) - og godt påkledd!

Skiutstyret er i orden! Madshus ski frå 2005 eller var det -06 (tida går så fort!) og stavar frå det forrige årtusenet!!!

Det er berre så flott når sola kjem ned Grølia!!!

søndag 10. februar 2013

Winter Wonderland Gjøra




Eg har ikkje klaga på vinteren sidan den første snøen kom i oktober, og eg må vel seie det kort og greit: Herren har vore god mot meg i vinter! Det har ikkje vore mykje å klage på, og med det fine veret som vart i dag, altså i går - laurdag - er det vel mesta berre overskrifta som er dekkande beskriving av slik vi har det akkurat no! Blå himmel så langt ein kunne sjå og nydeleg solskin!!! Og mange kuldegrader - 13-14 kuldegrader iallfall! Det er faktisk lett å bli vinterentusiast når det er så fint ver!

Dagen vart først brukt til å dra på karusellrenn på Gjøra. Og for eit par dagar sidan erklærte eg at vintersesongen kom som julekvelden på kjerringa...og eg skunda meg å skaffe til hus nye skisko til ungane - eit par budbrakt frå Surnadal og eit anna par innbrakt frå uti fjorden. Skoa frå fjorden fekk eg sjekka ut var samme type som bindinga på skia... men det var jo heilt ut av hovudet å tenke på til dei andre skia... Det oppdaga vi då vi i siste liten skulle få skia på beina på jenta og det var eit minutt til ho skulle starte...Og sko og bindingar passa ikkje saman.... Jaja... Så no manglar vi i grunnen nye ski til ho... og nye stavar - og dei gamle rosa Frost-skia leggast herved ut for sal!!!

Så då vart det kortaste vegen til pitstop på grendahuset! Nyttar ikkje å tenke på fysisk aktivitet utan mat i magen! Då vi gjekk ut frå grendahuset kom det lakonisk frå junior: "Det er den beste skituren eg har hatt..." Ja, den guten - den guten!
Men Ingvild skifta frå skisko til skeiser, og Aleksander og eg tok oss ein runde i skiløypa rundt skeisebanen. Og det artigaste av alt var å sjå kor mykje flinkare guten var blitt til å gå på ski frå då han hadde ski på beina i fjor vinter - det er då mesta eit år sidan! Det er vel ikkje fritt for at eg tenkte at pappaen skulle sett han då!
Det likaste av alt på Gjøra var likevel sola! Ho skein og ho skein! Og då vi for i rundt 15-tida var ho ikkje forsvunnen enno... For oss som kjem frå lenger ned i dalen, var dette ein kjempeopptur, og veide godt opp for ein noko kjedeleg start på turen!
Etter at vi kom heim, vart det full pizzabaking med eting saman med venner frå bygda, og det resulterte og i at Prins vart heilt nyklipt! No ser han ikkje ut som ein liten gutkvalp lenger... heller ein gutkvalp som er på tur å bli vaksen :)

Her går Norges nye skihåp :)

Kanskje litt meir sol enn vi er van med!

Fotosession i cirka 13-14 kuldegrader :)

Upåklageleg god stil med skeiser!

Så var det bloggredaktøren då...

torsdag 7. februar 2013

Litt om kva eg har laga denne veka


At eg knappast har nemnt ordet mat eller baking med eit ord denne veka, betyr definitivt ikkje at eg ikkje har holdt på med eitt eller anna.
Det eine var Ingvild sitt store ønske om å lage kokosbollar... For nokre dagar sidan lot eg ho få lov til det. Det var litt meir prikkelarbeid enn eg tenkte i utgangspunktet, men for å sei det kort og greit: Herligt, herligt, men farligt, farligt... Det blei rett og slett så farleg godt at vi må vente ei stund på neste gong vi lagar det...
Vi brukte ei oppskrift kor ein piskar eggekvitar stive og så har oppi melis. Det er vel nokså hipp som happ om ein brukar melis eller sukker. Så skal ein ha oppi litt vaniljesukker i tillegg til eit par plater gelatin. Dette må stivne litt og så skal ein kle det med sjokoladetrekk.
Etter at desse var ferdiglaga, kom eg over ei oppskrift kor ein først koker sukkerlake, før ein har oppi smelta gelatin. Dette skal så piskast stiv i ein miksmaster i eit kvarters tid. På den måten sparar ein bruken av egg i denne oppskrifta. Muleg eg prøver det ein annan gong!

Herleg, herleg, men farleg, farleg...


I går, onsdag, laga eg ein kreativ middagsrett eg fann oppskrift til på Fru Timian si nettside. Retten heiter kylling og pølser i langpanne.  Eg skar opp potetar i skiver som eg la nederst i ei eldfast form. NB! Husk å smøre forma før du begynner...
Så hadde eg oppi nokre kvistar med broccoli, nokre fedd kvitlauk - uoppskjært, nokre charlottlaukar delt i to, nokre cherrytomatar delt i to, noko pølse delt i mindre bitar og øvst på toppen så mange kyllinglår som du planlegg å servere maten til. Husk å ha på litt ferske urtar på toppen og ha over nokre skeier olivenolje. Kyllinglåra skal krydrast med salt, pepper, paprikapulver og gurkemeie!
Dette blir så steika ved 200-225 grader i omnen til alt er gjennomsteikt. 225 grader, midt i omnen i 35-40 minutt.


Kylling og pølser i langpanne/ ildfast form. Smakte nokså godt!



I dag laga eg ein ny porsjon med polarbrød, og denne gongen eksperimenterte eg fram mi eiga oppskrift. Forrige gong eg bakte det, syntes eg det mangla ein bestemt smak på polarbrøda, og denne gongen prøvde eg å rette opp det med eit par teskeier aniskrydder.

Oppskrifta på dagens polarbrød var som følger:
150 g havregryn
300 g kveite fullkorn
50 g kveitekim
200 g sammal kveite fin
100 g grov rug
1 pose gjær
50 g sukker
3,5 dl mjølk
4,5 dl vatn
2 ts aniskrydder
100 g smør

Framgangsmåte:
Bland alt det tørre i ei bolle. Smelt smøret i ein kjele, og ha oppi mjølk og vatn så det blir fingervarmt. Bland det i deigen, og elt deigen til den får ein mjuk og god konsistens. Muleg det kan vere lurt å kna den ein runde på bakebordet før du sett den til heving ein knapp time.
Del deigen så i fire. Kjevle ut kvar leiv til tynne lefser, og stikk ut med ei skål av høveleg storleik. Av den storleiken eg brukte, vart det totalt 23-24 leivar. Viss du ikkje gidd denne kjevlinga, kan du rulle ut deigen til ei lang pølse, og så dele den opp i 6 leivar som du kjevler ut kvar enkelt til tynne lefser. Ulempen er at dei kanskje ikkje blir like store, og så kan det fort bli ukurante former. Å gjere det på min måte, gjer at alle blir like store. Det blir plass til rundt fem leivar på ei steikeplate.

Det blir fem leivar på ei plate av den storleiken eg lagar dei.

Hev dei ei stund til. Før du har dei i steikeomnen, må du prikke kvar leiv med ein gaffel, for elles vil dei blese seg opp inni omnen til pitabrød! 
Steikast på midterste rad i eit kvarters tid på 180-200 grader.

Nysteikte polarbrød med brunost!


Lykke til :)


onsdag 6. februar 2013

Så kom ENDELEG dagen eg har venta på!


I dag var endeleg dagen eg har venta på heilt sidan slutten av oktober i fjor - sola kom ned gjennom Grødalen og skein så vakkert på huset mitt! Og ikkje berre det - ho skein i over 20 minutt med ein gong!


No skinner sola i vinduskarmen :)


Her i Norge er folk flest vant med at sola er borte ei stund på vinteren - for somme berre nokre få veker, medan for andre er det snakk om fleire månader! I det første huset eg budde i her på Grøa, Follestad, var sola borte frå 12.oktober til 1.mars! Det er forferdeleg lenge, og det var ikkje for ingen ting eg har uttalt fleire gonger at mørketida i Sunndal er verre enn mørketida i Tromsø!
Eg har opplevd den og! Folk flest trur mørketida nordpå er så tung, og det er den for såvidt! I Tromsø er sola vekke i to månader, men allereie ved nyttår merkar ein at dagane har vorte lysare! Å merke at lyset kjem smygande og blir meir og meir dominerande for kvar dag - det er sjelebot!!!

Her i Sunndal er fjella så ymse plassert, at det faktisk er plassar som har sola gjennom heile vinteren, her på Grøa kom ho frå og med i dag - men dei siste i bygda har ho ikkje før om ein månads tid! 20.februar er den offisielle soldagen i kommunen!
Eg synes det er alt for lite markering av at sola kjem attende her i Sunndal! Det virkar som at det blir mindre og mindre av det med åra, og det er synd! I Tromsø - som eg meiner er heilt nærliggande å samanlikne seg med ;) - får alle born i skulane og barnehagane solbollar og kakao på soldagen! Det er soldagen sin det!!!
Det heiter seg at det er fire plassar i Noreg som markerer soldagen - Tromsø, Sunndal, Rjukan og Longyearbyen! På Wikipedia står det at solfesten i Rjukan har tradisjonar heilt tilbake til 1925! Men så har dei ikkje sola før 14.mars, så det har eg full forståing for!

Men no kom endeleg sola på huset mitt i dag! Det er rart kor mykje meir optimistisk ein blir av at ho vender tilbake til oss her i dalføret! Hunden vår, Prins, skjønte visst ikkje heilt kva det var slags lys som kom, og han stod og bjeffa og bjeffa! Men no er det iallfall dags for å feire solfest hos oss! Det vi lagde i går - ein skulle rett tru at vi trudde det var feitetysdag! - kan etast i dag for å feire sola! Sundag er det morsdag og fastelavnssundag! Alltid noko å feire med andre ord!!!


Prins helsar sola velkommen :)

Så er endeleg sola attende i hagen vår!


Slik ser det ut når sola kjem ned Grødalen!


Litt rot i stua, men for ei glede å få sola inn stuevindauget!

mandag 4. februar 2013

Snev av gammel nostalgi :)


 I blant er vi ikkje så nøye på kva dag vi lagar godsaker på. Det kan jo faktisk hende ein treng ei lita oppmuntring ein måndags ettermiddag! Så i dag var det forespurnad om å lage noko godt... Eigentleg var det kokosbollar som var ynsket, men i mangel av kokesjokolade, vart det ei gammel, nostalgisk oppskrift på sjokoladekuler! Oppskrifta er henta frå "Mat for små kokker" av Britt Kåsin - ei kokebok for born eg fekk då eg var rundt 10 år gammal! Og gjett om boka er brukt... Det er notert i den (på den likaste kakeoppskrifta har broderen ymta frampå om at det er for mykje margarin i oppskrifta - "litt mykje - prøv med 150 gram først" står det notert), det er flekkar etter smør og mjøl og kakao - you name it! Med andre ord ei kokebok som har gitt meg utruleg mykje glede i alle dei år! Inni kokeboka ligg det stablar av nedskrivne oppskrifter som har blitt lagt dit - då veit eg kor dei er!
Denne sjokoladekuleoppskrifta er ei av dei mange eg har funne ein annan plass og skribla ned i boka. Eg har mykje artige minner frå sjokoladekuleproduksjonen i oppveksten på Hoemsetra... :) Det hadde vore artig å leita fram frå ein plass eit bilete frå den tida... Vel... enkle greier å hive i hop - litt kakao, litt smelta smør, litt vaniljesukker og melis til røra blir slik at ein kan forme kuler av den med to teskeier på eit brett! Og så sette kjøleg, og då er det berre å sitte og vente på at dei skal gomlast!
Det er ikkje tvil om anna enn at sjokoladekuleproduksjonens tidsalder har nådd heimen min og mine born!



Ingvild førebur sjokoladekulene.


Aleksander syntes sjokoladekulene var kjempegode!
Er det nokon andre som minnes denne kokeboka?


Straks klar til eting :) Nammings!!!




Det skal visast at oppskrifta er brukt nokre gonger!!!

lørdag 2. februar 2013

Så måtte snøen komme...


For den som elsker snø og alle muligheitene snøen gir, er det sikkert litt abnormt å høyre meg lange slik ut mot snøen som eg i blant gjer! Eg har nokon ufyslege aversjonar mot snøen! Snøen er i blant som ein tyrann som kveler meg! Og kvifor det er slik?

Jau, det er eit 16 år langt snøtyranni! Heilt i frå då eg budde i Tromsø i 1997, og det kom noko så alldeles for mykje snø! 2,40 meter 29.april står snekra inn i det evige minnet! Eg minnes den vinteren veldig godt - og den var altså så lang.... Det vart ikkje noko betre tre år seinare - eg minnes godt den vinteren og! Eg skal ikkje fortelle om alle gongene eg ringte NAF, som eg gudskjelov og takk var medlem hos, for å be dei taue fram bilen min av snøfonna... Etterpå innførte NAF 500 kroner i eigenandel for å bli berga.... I say no more...! Men 14.mars 2000 var det altså 2,14 m snø på Vervarslinga i Tromsø.... Med alt det andre eg bar på den vinteren som var veldig tungt, la altså desse 2,14 metra med snø seg som ei blytung bør på skuldrene mine! Einaste råda var å komme seg heim - som snøflyktning! Det er heilt sant - Hilde kan bekrefte storyen! Eg sendte tekstmelding til ho om at naudhjelp kunne droppast over Hagetun i Eidsvåg!!! Så med ein god porsjon naudhjelp frå dei i rundt meg, kom eg meg gjennom det, og kunne leggje vegen tilbake til Tromsø. Men eg flytta sørover den hausten - og då visste eg at eg nok aldri kom til å flytte nordover att! Eg trur nok dessverre det fortsatt er slik! Ikkje så langt nord iallfall!

I dag kom årets første mesta uhandterlege snøfall! Eg kjente allereie då eg opna døra i formiddag at eg likte dårleg dei heslege floksene i lufta! Og lurte verkeleg på kva eg skulle finne på for å sleppe unna spetakkelet og basketaket med elendet! Var på nippet til å ta ein kopp te ekstra...
Men det er utruleg kva som går når ein berre innstiller seg på det! På med kleda på meg og junior og ut og arbeide! Og etter kvart fekk Aleks-gutten selskap av to kompisar, og då gjekk det an å vere ute sjølv om snøen var både blaut og tung!
Eg fekk maka heile innkøyringa, og kjente at årets første styrketrening var vel overstått! Og det utan eit einaste ukvemsord til snøen! Eg er imponert over meg sjølv!
Men no sitt eg her då og gruar meg for morgondagen! Men som det står i skrifta, og som eg brått skjønte då snøen lava ned i Tromsø: Bekymre deg ikkje for morgondagen, for kvar dag har nok med si eiga plage!



Ja, det ser nokså uoverkommeleg ut å komme i gang å make denne snømengda!




Men du verda kva ein får til om ein arbeider ei stund!



Og den aller beste belønninga etter hardt arbeid ute i halvdårleg ver, er nystekte vaflar :)

Etiketter