I dag måtte eg faktisk ut og gå på ski etter å ha tatt Aleksander på akebrett til barnehagen! Sola skein fortsatt i lysløypa, og eg hadde kledene allereie på meg - berre å bytte sko! Ingen grunn til å gå i gang med husarbeidet i staden for litt meir tid ute i sola!
Å ha lyslypa rett over vegen er luksus - ein blir bortskjemt om ein likar å gå på ski! No har ikkje eg nokon særleg stor lidenskap for å gå på ski, men det er under bearbeiding - eg innrømmer det! Eg liker meir å gå på ski no enn for eitt år eller to sidan! Sånn formmessig er det fortsatt ikkje lange turane det blir, men viss eg greier å forbedre kondisen utover dette året, har eg tru på at familien kan ta seg nokre litt lenger skiturar neste vinter! Det er greit å tenkje langsiktig!!! I år vonar eg verkeleg at eg har ork og helse til å gå Sunndalsmarsjen i august!
Derfor skal eg no presentere dagens skrytebilete frå skiløypa her på Grøa!!!
|
Det er mars og det er sol og det er onsdag :B |
|
Grødalen og Åsbrona i solskinnet! |
|
Fossa er fortsatt frossen, men om ikkje lenge blir det liv i elva igjen! |
|
Vakkert i Grøabygda når sola kjem att og det går mot vår! Men ennå går ikkje sola over Stoplan, slik at eg har sol på huset heile dagen! Men det er ikkje lenge igjen! |
|
Klart Prins var med på turen!!! |
|
Hopp og sprett og tjo og hei! |
|
Desse vottane er mine beste venner på kalde dagar! Dei har tante Kristine strikka, og er eit kjært minne etter ho! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar