Totalt antall sidevisninger

torsdag 27. februar 2014

Maktskifte i Sunndal KrF

Denne veka kunne lokalavisa Driva melde at det hadde vore maktskifte i Sunndal KrF. Arne Chr. Drøpping hadde overlate leiinga av lokallaget til underteikna.


Eg kunne vel ikkje vore meir ueinig i framstillinga enn det eg skal presisere her.
Det Driva ikkje fortel noko om, er om dette sokalla maktskiftet utgjer noko endring. Og i såfall: For kva eller kven skulle denne endringa ha noko å seie? For lokallaget Sunndal KrF? For folk elles?
Eg reagerte altså mest på at leiarskiftet vart kalla eit maktskifte. Makt er eit sensitivt omgrep, og dei færraste vil vel innrømme at dei søker makt. Å delta i eit politisk parti er ei form for maktsøking. Makt- og demokratiutredninga som vart lagt fram i 2003 viser at makt knytta til politiske parti har hatt ei endring dei siste tiåra. Parti som før samla store massar, har no i større grad vorte nettverksparti. Å kjenne dei rette personane har blitt meir og meir viktig. Dei største partia har greidd å senke sugerøret ned i kassa til store organisasjonar og bedrifter, og pengar og makt heng uløyseleg saman, det er ei kjensgjerning.

Noreg har noko som vert kalla mindretalsparlamentarisme. Det vil seie at det er faktisk mogleg å oppnå politisk makt utan at ein har vunne valet. Dette har ein sett i fleire regjeringskonstellasjonar dei siste 16 åra. 1997 var eit tidsskilje i det politiske landskapet i Noreg, då mindretalsregjeringa Bondevik I vart skipa, og viste seg og å vere svært levedyktig. Regjeringa viste seg og å vere svært handledyktig, og fekk sett fleire viktige saker på dagsorden og vedtatt til trass for at dei tre regjeringspartia hadde berre 42 representantar på Stortinget.

Mitt klare inntrykk er at folk flest ønskjer at denne mindretalsparlamentarismen skal oppretthaldast. På den måten har dei små partia – uavhengig av fløy – høve til å kunne søke reell makt og påverking. Men ein stiller seg lagleg til for hogg! Det har det siste halvåret vist, kor presset mot det vesle 5,5 %-partiet har vore hardare enn nokon gong. KrF gjekk inn i reelle forhandlingar om å vere i regjering saman med Venstre, Høgre og Framstegspartiet. Då det viste seg ikkje å vere mogleg, fekk likevel både KrF og Venstre reell påverking av regjeringspolitikken, deriblant i fleire saker som har skapt sterke dragningar i debatten. Det er det slettes ikkje alle som tåler, men er fullt og heilt ein legal måte å søke makt på.

Den gong eg studerte statsvitskap, fekk vi høyre at politikk handlar om «how we talk and how we act». Ja, tale og handling heng saman! KrF ønskjer på same måten som andre parti å kunne setje sin politikk ut i handling. Å kunne vise at ein har evna til å handle er å vise at ein har makt. Det er ikkje alltid det er verken pengane eller storleiken som bestemmer kor mykje makt ein kan utøve.

Sunndal KrF har hatt eit leiarskifte. Det vil ikkje medføre verken meir eller mindre makt til lokallaget. Makta er fortsatt den same, men vi skal bruke den til å påverke i det som er små og store saker i sunndalssamfunnet. Så får vi heller sjå om styrkeforholdet er endra når stemmene ved kommunevalet i 2015 er opptalt.


fredag 21. februar 2014

Den lille, svarte mannen

Eit lite fredags ettermiddag-dikt.
















Eg hadde møtt han før
den lille, svarte mannen
Stadig nær mi dør,
men utan gode ord "på tannen"
Eg hadde møtt han før,
så eg kjende han igjen,
Men han var slettes ikkje min ven.

Han kom til meg om dagen,
kom til meg om natta
Kom, og så høgt han kunne skratta.
Eg hadde møtt han før,
så eg kjende han igjen
Men han var slettes ikkje min ven.

Han kom på skuldra og fortalte
Om alt og ingen ting
Men det var ikkje av det gode,
han fekk tankane mine i sving
Han kom både titt og ofte,
så eg kjende han igjen,
men eg spurde aldri om han ville bli min ven.

No sitt han der fortsatt, på skuldra mi
Det er ikkje plana at han skal få bli
For den lille, svarte mannen
skal få høyre mi røyst:
Eg vil ikkje vite av deg, eg treng ikkje trøyst!
Eg ristar han av meg, går vidare fort
Gjer det eg må for å få mannen bort!

Eg hadde møtt han for ofte,
og kjende han igjen
Den lille, svarte djevelen blir aldri min ven!




torsdag 6. februar 2014

Og så gjer eg som haren...

...nemleg å hoppe vidare...! Og no: Over til bakekroken!

For nokre dagar sidan bakte eg brød som vart så god at eg er mesta misunneleg på meg sjølv.
Det starta med at eg fekk ei bok med oppskrifter med speltmjøl til bursdagen min - Bak med spelt av Mone Eli Sæland.
Eg har ikkje hatt speltmjøl ståande heime dei siste månadane, så boka har ikkje vore i bruk. Men for nokre veker sidan kjøpte eg inn litt ymse utval av sorten, så det begynte å nærme seg tida for å få det brukt.
Eg bladde meg fram til ei oppskrift som eg syntes vekte mi interesse, nemleg valnøttbrød.
Eg valte å sløyfe valnøttene, men prøvde å følgje oppskrifta slik høveleg elles. Her er oppskrifta med mine endringar i tillegg:

Til 2 brød:
2 dl vatn
2 dl appelsinjuice
2 dl biola eller yoghurt naturell
3 ss rapsolje eller smør
1 pk fersk eller tørr gjær
2 ts salt
2 ss (lønne)sirup
2 ts revet muskat
1 ts malt ingefær
2 dl sikta rug
2 dl speltflak
6 dl sammalt spelt
4 ss fiberhusk
8-9 dl sikta spelt
4-5 stk mosa kokt potet
1-2 dl raspa gulrot

Eg varma opp vatn, juice og yoghurt til nærare 40 grader. Så blanda eg det saman med alt det tørre i ein miksmaster og blanda saman. Potet og gulrot hadde eg oppi til slutt.
Fiberhusk er eit bindemiddel. Før trudde eg at ein berre brukte det når ein baka lavkarbobrød for å få det til å hengje saman, men no ser eg at det passar godt å ha oppi vanlig brøddeig og. I tillegg står det på pakka at det gjer baksten saftigare. Om det var fiberhusken eller samansetninga av alt i brødet som gjorde det saftig, skal vere usagt, men saftigare brød enn det her, har iallfall eg aldri bakt før!
Eg lot det stå og heve ei stund, før eg baka ut to brød. Alminnelig steiketid: Ca 200 grader i rundt 45 minutt på nedste rille!
Eg har iallfall aldri bakt betre brød! Lykke til :)



søndag 2. februar 2014

Nokre tankar om døden - og livet!

For kvar gong kreftspøkelset tar med seg ein til inn i døden, kjenner eg det skrik i meg. NEI, eg vil ikkje! Kan nokon stoppe han?!




Denne veka vart Anbjørg Håtun begravd, og i dag kom meldinga eg visste ville komme snart: Handballtrenar Karl Erik Bøhn var død. Kreftspøkelset tok to nye inn på lista si - to ressursmenneske i sin beste alder.
I løpet av dei siste 14 månadane har fem bekjente av meg - alle fem i rundt min alder - sagt takk for seg på denne jorda på grunn av kreft. Det er klart det gjer noko med ein når to bekjente i løpet av ei veke blir borte, slik eg opplevde i sommar. Eg gløymer ikkje så lett Anja Merete som gjennom bloggen sin Solsiden fortalte om den smertefulle vegen mot døden. Det er klart eg tenker på dei tinga - det kjennes fortsatt som at eg sjølv lurte kreftspøkelset.
Før jul kom det i løpet av nokre få dagar to tunge nyheiter: Først at Anbjørg Håtun sin kreft var spreidd seg til hovudet, og så det at Karl Erik Bøhn hadde fått dødsdommen. Det står respekt av det Bøhn gjorde - å fortelje det til pressa allereie same dag! Eg har tenkt på det! Ville eg tort å vere like open som han?
Eg er neimen ikkje sikker på det. Eg har kalla mi eigen openheit for mitt bidrag til eit opnare og varmare samfunn. Eg har fått tilbakemeldingar på at det har vore verdifullt det eg har gjort! Men når sjukdom rammar blir ein liten. Borte er Supermann og Superwoman, og ein står nokså aleine - det er ingen andre som kan ta behandlinga for deg! Vonleg vil nokon vere der saman med deg! Det å ha familie og venner rundt seg som er med på reisa, er av uvurderleg betyding, og gjer den tunge tida litt lettare.

Eg trur ein må ha opplevd sjukdommen hardt på kroppen for å kunne skjønne kor avkledd ein gjer seg når ein står fram på denne måten som til dømes Anbjørg Håtun og Karl Erik Bøhn har gjort. Det gjeld ikkje berre kreft, det er den eg forheld meg til. Det gjeld alle alvorlege sjukdommar, også psykiske sjukdommar.
Eg har prøvd dei psykiske bølgedalane og. Eg har kjent på angsten som grip rundt meg medan eg tenker "no blir eg sjuk att, no blir eg sjuk att". Eg vonar eg ikkje kjem dit att. I dag kunne eg fleipe rett frå levra om januardepresjonen eg gløymde å ha i år... Viss eg skal rekke den før sola kjem på torsdag, må eg skunde meg...

Når alvoret tek meg, så kjenner eg på angsten for å dø. Angsten om at ungane skal bli att åleine - kven skal tak seg av dei då? Å møte døden som ein ven er per i dag ikkje eit alternativ for meg. Å erkjenne at ein må på eit eller anna tidspunkt møte døden, er eg og usikker på om eg kan. Det må i såfall vere langt fram - når eg ein gong blir gammal. Veldig gammal.
Eg har i eit tidlegare blogginnlegg snakka om døden som kom som ein tjuv i natta. Eg har og beskrive ein periode i livet mitt som tung, fordi det var so mykje død i livet mitt, så eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg. Som kristen skal eg visstnok vere på lag med døden når tid han måtte kome. Men eg er ikkje der. Eg vil ikkje vite av han. Eg vil seie som Bjørn Eidsvåg seier i songen "Eg vil ikkje dø":

"... me vil vere her i uendelige tider...
For ein håpløse ide at me ein gong skal bli borte ...
me skal aldri legg oss ned - det er livet alt for kort til,
og fra forfallet og døden tar me avstand"

Eg innser at døden ikkje kan fortrengast bort - eg kan ikkje late som at han aldri fins. Som mennesker er det vel ikkje sikkert at det fortrengje han vi vil - kanskje heller overvinne han. Som mennesker vil vi og våre superkrefter vere større enn det som skal vere vårt siste. Det handler ikkje berre om å leve kvar dag som om han er den siste, men at vi gjer alt vi kan for å trasse naturlover, eller iallfall leve i yttergrensene av naturlovene.
"Memento mori" sa dei gamle romarane - hugs at du skal døy! Viss eg kan få lov å gløyme det for ei stund, skal eg hente det fram att seinare - når det passar (for det gjer det jo aldri). Det er livet og kjærleiken eg lever for på jorda - ikkje for døden.

Husk å leve mens du gjør det, husk å elske mens du tør det <3

onsdag 8. januar 2014

Skråblikk på legebesøket!

I dag måtte eg til legen ein tur - litt akutt. Litt raudleg og hoven på den eine kjaken gjorde at eg trudde eg hadde fått kusma.

Så eg "las meg opp" på kusma før eg for. Var rimeleg sikker på at det var det som feila meg, og at eg dermed måtte ha ei vekes sjukemelding. Eg såg for meg meldinga eg skulle leggje ut på facebookveggen min, og den skulle vere lydande: "No trekk eg meg tilbake til dei indre gemakk ei vekes tid for å pleie kusmaen min! Ønsker om god helbred/ legedom kan signerast her :)"
Så eg var altså førebudd på omtrent det verste då eg for nedover til legen. Ønska om god bedring ville nær sagt velte inn, og endeleg var det nokon som kunne synes litt synd på meg og! Eg har nemleg sett på facebook at når halsen er litt raudleg, ein nys eit par gonger, og kroppen kjennes noko tyngre enn vanleg, så er facebook rette plassen å "få ut gørra!"

Så eg for altså nedover på legesenteret, og der var det tomt på venterommet då eg kom! Då kom den eine legen ut, sikkert for å sjå etter ein pasient, og sidan det var berre oss, slo han av ein prat. Då han fekk auge på den raude veska mi, fekk han store auger og kommenterte sjølvsagt Ferrari-merket på ho! I same slengen fekk eg ei historie om då han hadde vore med i eit fly som braut lydmuren over Ukraina! Uansett trur eg han syntes veska såg staseleg ut.
Så kom legen min ut for å hente meg. Også han fekk med ein gong auge på den raude veska mi med stort Ferrari-symbol. "Fin veske du har," kommenterte han, og eg syntes det var fornøyeleg at legane hadde lagt merke til veska mi! Eller Ferrari-symbolet som det faktisk var! Ironien i det er at eg hadde enno ikkje komen meg fram til legekontoret for å fortelje kva som feila meg...

Tenk at denne veska tok to legar sin merksemd!
Eg syntes det med legane var sopass humoristisk, at eg måtte leggje ut dette biletet på faebook og skrive om det. Det avstadkom ein del humor, og ei lurte på om veska var kjøpt i utlandet... Nei, men eg skulle sjølvsagt ønske det! Sanninga er at ho er kjøpt på det som truleg er Noregs rimelegaste Puma-butikk! Og eg gjorde verkeleg eit scoop!

No var det ikkje kusma som feila meg, så det vart ingen sjukemelding. Det vart dermed heller ingen facebookmelding som kunne sanke inn ein haug med "god bedring-"meldingar. For eg er ikkje sjuk, har berre ei betenning som skal kurerast med pencillin. Det er faktisk ingen ting å tenke på, det er berre litt ubehageleg.
Den som kjenner meg godt, trur eg veit at ingen med litt sår hals eller med ei forkjøling vil få ei god bedring-helsing frå meg. I staden kjem eg med forslag på kva ein kan gjere for å bli frisk fortare. Eg vil ikkje hevde at eg er noko ekspert i smerte og sjukdom, men eg har vel prøvd så mykje at eg synest forkjøling faktisk ikkje er så mykje å sutre over! Som menneske treng vi litt sjukdom og smerte for å herde oss for det som kan komme som er verre.
Eg skal heller gi meg eit slags nyttårsforsett for dette året: Viss eg les eller høyrer om nokon som er sjuk (har ikkje vurdert enno kor sjuk ein skal vere), så skal eg heller prøve å ta kontakt og høyre om det er noko eg kan gjere av praktisk hjelp. Det trur eg er ein langt bedre medisin enn ei god bedring-helsing. Kanskje det kan lette bekymringar som dukkar opp om praktiske gjeremål.
På same måten vonar eg og at nokon vil spørje meg om eg treng hjelp om eg faktisk blir sjuk. Eg skal iallfall love at eg kjem til å bli svært takksam!

tirsdag 7. januar 2014

Den gode lærar - det er vel eg det!

I adventstida hadde eg min eigen framsnakkingskalender på facebookveggen min. Det stimulerte meg til å gjere det oftare. I dag skal eg framsnakke meg sjølv - og nokså mange andre likesinna!

Det er sunt å øve seg på å framsnakke! At eg gjorde det mesta kvar dag i adventstida gjorde noko med mi eiga bevisstgjering om det å vise andre respekt - sjå andre menneske ein gong til! Somme dagar var det mine eigne venner eg framtala, andre dagar var det viktige ressurspersonar i lokalsamfunnet.

I dag skal eg framsnakke mellom anna meg sjølv - oss lærarane! På veg til jobben som lærar på Tingvoll Vidaregåande Skole i dag, kunne nyheitene melde at leiaren av NHO, Kristin Skogen Lund, meiner at lærarane må få resultatorientert løn - slik som i næringslivet. I valkampen sist haust var det mykje snakk om den gode læraren. Og då er det eg vil spørje: Kven er den gode læraren - den som fortener høgare løn enn dei ikkje fullt så gode? Kva er ein god lærar? Kva for eit barometer og kva for ein parameter skal vi måle på for å finne den gjennomsnittleg gode læraren?

Eg skal visualisere det med ulike historier frå mitt eige liv. Og ja: Eg skal framsnakke særskilt eit par lærarar eg har hatt! Og det er  lærarar som befinn seg i kvar sine endar av lærarskalaen. For kva slags faktorar er det vi tar med når vi ramsar opp kva som gjorde ein særskilt lærar god? Er det han eller ho som gav oss gode karakterar, er det den læraren som greide å halde på arbeidsroa gjennom heile timen? Er det den læraren som greide å omgjere undervisninga til relevant kunnskap? Er det den som ein hadde god kjemi med i skuletida? Er det han eller ho som viste at kvar enkelt elev vart sett og verdsatt? Rett og slett den læraren som utgjorde den lille skilnaden?

16.mai 2001.
Datoen sitt spikra i minnet. Mitt hittil beste minne som lærar. Klasse 10A ved Langveien Ungdomsskole i Kristiansund. Eg hadde hatt klassen i KRL tidleg på vinteren, men vart overflytta til anna undervisning. Både elevane og eg var skuffa. 16.mai 2001 - ein time vikar i KRL i klassen. Dei visste ikkje at eg skulle dukke opp, dei var lystne på å avslutte skuledagen for å feire nasjonaldagen neste dag. Eg kom inn i rommet, og der sitt rundt 25 elevar med store smil og spørsmål om eg skal ha dei igjen - og eg blir møtt med applaus! Eg gløymer det ikkje, for det gjorde eit uutsletteleg inntrykk og sette seg i minnet! Det var deira umiddelbare tilbakemelding på at dei hadde likt undervisninga mi tidlegare i skuleåret, og vonleg at dei likte meg som menneske og.
Sidan har eg sjølvsagt samla meg minner som lærar som dekker heile skalaen frå pluss- til minussida.

Som mor, lærar, samfunnsengasjert og politikar er eg sjølvsagt genuint opptatt av skulen! Som mor er eg opptatt av at mine eigne born skal få med seg god kunnskap og gode minner frå skuletida si - at det blir eit fundament å byggje liva sine på. Som samfunnsmenneske er eg opptatt av skulen som institusjon i lokalsamfunnet. Vi er oss sjølve nærast, og heldigvis var det jo ikkje skulen i mi bygd som var nedlagt! Nedlagte skuler i bygde-Noreg er gjennomgåande eit hinder for vidare lokalsamfunnsutvikling. Som politikar er eg opptatt av at skulane gis gode rammevilkår for drift - både bygningsmessig og i undervisninga. Eg er opptatt av at skulen skal vere navet i lokalsamfunnet! Som lærar er eg opptatt av å kunne tilby kvalitet i undervisninga til elevane mine. Eg er opptatt av at undervisninga skal vere relevant som framtidig kunnskap.

Men kven er den gode lærar? Kva parameter meiner NHO at ein kan måle det på? For vi kan vel ikkje berre måle det i form av det resultatet elevane oppnår på prøver og innleveringar?
Som mor til ein førsteklassing tenker eg at det er den læraren som er den aller viktigaste i eit born sitt liv! Her skal gode arbeidsvanar lærast, gode samarbeidsevner med andre utviklast og dei første tala og bokstavane skal drøvtyggast igjen og igjen! Er det lærarens faglege dugleik eller pjokken min sine gode evner som gjer at læringa hans går langt betre enn eg turde å forestille meg? Eller er det samspelet mellom alle elevane i klassen?
Er det berre gode resultat og karakterar som fortel kven som er den gode læraren? Eg er kanskje ikkje så sikker på det. Mang ein gong må ein vel tenke på lærargjerninga som eit frø ein sår, men det er ikkje sikkert det er du sjølv som får sjå veksten av det frøet. Det kan ta lang tid - mange år - før det kjem til blomstring! Det er ikkje alltid at ein kan måle resultata umiddelbart!

Medan eg skriv dette, tenker eg tilbake på gode lærarar eg har hatt. Opp gjennom åra har eg møtt mange lærarar, og slettes ikkje alle var like bra. Nokon hadde eg ikkje kjemi med, nokon hadde ikkje evna til å lære frå seg - det er skikkelig keisamt å høyre på uengasjerte professorar på universitetsnivå! Men eg har bestemt meg for å framprate tre lærarar eg har hatt i løpet av skulegangen min.
Den første eg vil fortelje om er han som blir 60 år i dag - Ingvar Øien! Dette er min gratulasjon til han! Ingvar kom som nyutdanna lektor til Eikesdal for over 30 år sidan, og var læraren min gjennom fire år i barne- og ungdomsskulen. Når eg tenker tilbake - det tok altså mesta 30 år! - så tenker eg at det var Ingvar som lærte meg mykje av det som har vore mest relevant og essensielt i alle åra etterpå! Då eg gjekk i 7.klasse, ønskte eg avis som valfag. Ei anna såg eg hadde skrive det, og skreiv det på si ønskeliste. Det kom eit nokså umiddelbart ja frå Ingvar, og det året vi seks elevane i ungdomsskulen hadde som redaksjon av Eikesdalingen, har vore ei svært viktig årsak til mi lyst og glede i å skrive og tak bilete! Ingvar stod på seint og tidleg for at vi skulle få avisene klare til sal, køyrte oss til Eidsvåg, slik at vi fekk trykt avisa på kommunehuset, og sørga for at avisene vart distribuert ut til ei stadig større kundegruppe! Til slutt stilte Ingvar og Gunnhild opp som sjåførar då vi fekk bruke dei innsamla pengane til skuletur til Kinsarvik i Hardanger!
Jau, han gav meg vel gode karakterar, han Ingvar. Men det er ikkje derfor eg tenker tilbake på han som ein av dei beste lærarane eg har hatt! Eg har skrive i eit tidlegare blogginnlegg om kor vanskeleg skuletida i Eikesdal var. Likevel er det i all hovudsak positivt det eg minnes av Ingvar sin skuletimar. Han lot oss elevane få prøve oss der andre kanskje ville ha stoppa oss.

60-årsjubilanten Ingvar Øien slik eg minnes han som lærar for snart 30 år sidan!
Her saman med Siri, Ingebjørg, Aina, Gunnhild, Viggo og Jan Petter på veg til Kinsarvik!

Den andre læraren eg vil nemne, er Oddgeir Overå! Han var mattelæraren min første året på Molde vidaregåande. Eg har mange gonger sagt at det var iallfall ikkje han si skuld at eg fekk dårleg karakter i matematikk. Eg var skikkeleg dårleg, og fordi eg var dårleg, var eg ikkje spesielt god på å prøve å bli betre! Likevel kunne eg merke at Overå var ein god lærar, han var god på å undervise frå seg til oss elevane! Sjølv om han ikkje greidde å dra meg oppover på karakterskalaen, presenterte iallfall Overå matematikken på ein slik måte at eg ikkje fekk den i vranghalsen. I dag er Overå rektor på Molde vidaregåande - sjølv er eg midtvegs i eit masterstudie, og det har vi greid heilt utan resultatorientert løn !
Den siste eg vil framtale er religionslæraren på Molde Vidaregåande - Bitten Linge. Sjølvsagt var religion det faget eg hadde utpeika som faget eg skulle ha toppkarakter i. Bitten Linge levandegjorde faget, og er i høgste grad ein viktig årsak til at eg har valt å studere faget vidare! Bitten Linge med sitt blide, optimistiske syn på livet var ein viktig brikke i det puslespelet tre år på vidaregåande skule kan vere - og ho fargela puslespelet mitt med lyse fargar!

Desse tre lærarane har vore viktige for at eg skulle komme meg gjennom skuletida - på kvart sitt vis! Sjølv om karakterane mine ikkje var berre gode, har den kunnskapen dei lærarane gav meg vore viktig. Eg er usikker på om NHO ville tilgodesett dei med bonusutbetaling på løna på bakgrunn av mine resultat, men for meg har dei vore viktige brikker i skulegangen.
Slike viktige brikker trur eg finst i alle sine liv! Ein eller annan lærar som greide å dra oss eit stykke vidare på vegen, ein som fekk oss til å hente ut eit potensiale vi kanskje ikkje sjølv visste vi hadde. Eg kan godt skrive ut ein ekstrasjekk til slike lærarar - dei er gull verd i den einskilde eleven sitt liv, og dei er gull verd i eit samfunnsøkonomisk reknestykke og.
Men det fins mange ulike typer lærarar - tenk berre på sundagsskulelæraren, danselæraren eller kulturskulelæraren. For enkelte born er det dei som utgjer den lille skilnaden, men eg trur aldri NHO eller andre vil bruke ekstramidlar på å løne deira innsats. I eit samfunnsøkonomisk perspektiv kan deira innsats vere vel så viktig som den innsatsen eg og andre lærarar med meg yter i grunnskulen eller den vidaregåande skulen.

Eg trur eg er den gode læraren! Eg vonar andre lærarar og har like høge tankar om si eiga gjerning! Som lærar må eg vere godt førebudd, kunne faga mine, kunne å presentere dei, og eg må og prøve å ha god kjemi og godt samarbeidsklima med elevane mine. Som lærar må eg vere bevisst mine gode sider som lærar, og vidareutvikle dei. Eg må og vere bevisst mine ikkje fullt så gode sider, slik at eg kan arbeide med å bli betre i det eg ikkje er god i. Som lærar må eg tru fullt og heilt på mitt eige prosjekt og på det eg skal presentere til elevane. Det må eg for at dei skal prestere! Eg må tru på min bodskap like mykje som det Ole Gunnar Solskjær gjer for at hans fotballag skal prestere! Derfor trur eg med handa på hjartet at eg er ein god lærar! Som lærarar skulle vi vere mykje flinkare til å vere bevisst vår eigen dugelegheit!

Lærar Ingunn anno hausten 2013!

fredag 27. desember 2013

"Verdas verste jul!"

"Mamma, er det ingen som likar meg?" spør seksåringen meg når julekvelden med gåveopninga er avslutta.

Skuffinga var stor - julegåvene hans fekk plass i ein høveleg stor gåvepose frå KappAhl, og kjensla av å vere kveldens tapar, var ikkje god hos den fortsatt vesle guten min.

Han sa det allereie då han opna augene om morgonen juleaftan: "Verdas verste jul!" Og det var ikkje talet på gåver som var i tankane hans. Eg minnes vel ikkje ordrett korleis han sa det, men noko slikt som "kvifor måtte sjukdommen ta bestevenen min?" Han sa det fleire gonger gjennom dagen - "verdas verste jul!" - og saknet etter bestevenen pappa var enormt!



Eg begynte å merke det dei siste dagane før jul sjølv og. Dette med at jula er ei familiehøgtid - at ein skal vere saman med dei ein er glad i. Når ein ikkje kan vere saman med den ein er mest glad i, blir sorga og saknet mykje større.
Eg merkte det på musikken eg sette på cd-spelaren. Mesta umedvitent er det Jan Werner Danielsen som hamnar på spelaren når saknet blir stort. Jan Werner døydde så alt for ung, og når eg høyrer han syngje, saknar eg han og! Han var ein framifrå liveartist og songar!



Eg trudde eg hadde gjort førebuingane til jula så godt at høgtida skulle gå greitt. Men eg greidde ikkje å arbeide så fort og rasjonelt som eg tenkte. Alt gjekk så mykje treigare enn eg trudde, så då vi måtte reise avgarde juleaftan ettermiddag for å rekke julefeiringa hos foreldra mine, var det fortsatt både skittent og rotete hos oss. "Ja, ja, eg tek det att 4.juledag," tenkte eg, og så reiste eg.
Eg trur eg gjekk på ein smell denne jula! Det er sikkert andre og som har gjort samme erfaringane som eg. Den første gongen ein gjennomgår høgtidene utan den som er borte, er det forventa at det kan vere vondt og tungt. Saknet og sorga merkast godt. Eg trudde jul nr. 2 skulle gå betre. Eg trudde førebuingane mine skulle dekke over saknet etter Runar. Berre eg laga nok god mat som kunne spisast saman med mine aller næraste, berre eg vaska og rydda og hengte opp nye gardiner på nyvaska vindauge, så ville vel jula gå bra. Men jo saktare eg fekk gjort arbeidsoppgåvene som stod att, jo meir frustrert, skuffa og sint vart eg. Kroppen sa frå på sin måte.

Sorg og sakn tar ikkje juleferie - det tar aller minst juleferie! I kvardagens kjas og mas om skule, lekser, måltid og fritidsaktivitetar er det ofte ikkje tid og rom for å sakne. Men når høgtida legg seg over landet, og det er mange feriedagar utan program, blir det plutseleg tid til å kjenne etter.
Ein romjulsdag for eit par år sidan skreiv eg ein nokså provoserande, men og veldig frustrerande, status på facebook om dei statusane som fortalte om trivelege, familiære og venskaplege juleselskap - kor det var så mykje folk at veggane mest revna...
Eg fryktar dei statusane fortsatt. Kanskje mest fordi eg ikkje har så mange å ha slike juleselskap saman med. Familien min er liten, og det merkast spesielt i høgtida. Og det merkast endå meir når ein er borte.
Fortsatt kjenner eg meg både skuffa og sint over han som var innom oss på besøk i haust, og som meir enn ymta om at det var på tide å rydde vekk bilete og minner etter Runar. Eg kunne jo lage eit minnerom, sa han. Eg vart vel først og framst provosert på at nokon berre kom inn i min heim og fortalde korleis eg skulle ha det. "Du må komme deg vidare, det er ei tid for alt!" Eg vart mesta provosert til å ta fram fleire ting som kunne minne oss om Runar!
Nei, sorg og sakn tar ikkje ferie - det er då det kjennest mest tungt!


Aleks tok med seg "verdas verste jul"-tanken gjennom dagen. Julenissen var innom for å prøve å spreie glede. "Det er bestefar," sa han med ein gong nissen kom opp trappa til stua. Da han hadde lagt seg, sukka han tungt: "Det var det eg sa - verdas verste jul. Og julenissen var bestefar. Eg som håpa at det skulle komme ein retteleg julenisse!" Og eg tenkte i mitt stille at det var vel ikkje dagen for å ta frå guten nisseillusjonen...
Tredje juledag, då butikkane opna att, for vi avgarde og brukte litt av pengane han hadde fått til jul. Eit par leiker frå leikebutikken fann vegen ned i Aleks sin pose, og guten reiste glad heim. Verken pengar eller ting erstattar saknet etter faren, men for ei lita stund kan det lindre smerta og gjere jula litt betre!



søndag 8. desember 2013

Grøa by night

Det er sjeldan eg tek kveldsturen ein gong til fordi eg blir så overvelda av den majestetiske naturen - og må prøve å få det inn på kameraets minnekort! Eg trur mesta det aldri har hendt før!



Det var ein heilt magisk kveld! Kaldt, blå-blå himmel med millionar av stjerner, mykje snø - og konturane av fjella i rundt. Å vere ute i mørket med berre ei lommelykt som belysning! Snøen hang tung på trea - Grøa-bygda Var på tur å dyssast inn i ein fredfull nattesømn! Prins og eg hadde skogen og mørket for oss sjølv.
Desse bileta er eit forsøk på å gjengi litt av naturens eiga magiske kveldsstemning.




















Dessverre er ikkje biletekvaliteten av det beste - eg bør nok begynne å ønskje meg eit større kamera. Derfor kan eg og fastslå at verkelegheita/ røynda er betre enn det biletet viser fram! Derfor måtte eg gjere det i kveld.

fredag 6. desember 2013

Free, Nelson Mandela!

"Your candle burned out long before your legend ever will"


Eg minnes eg vaks opp med deg. Vaks opp og lærte innhaldet av ordet 'apartheid' - raseskilje. Prøvde å skjønne innhaldet i "handelsbokott". Og eg tok avstand. Men du satt fortsatt i fengsel og kjempa den stille kampen for deg sjølv og dei andre fengsla menneske i det elskede landet ditt med same hudfarge som deg sjølv!
Eg hugsar eg såg filmar på slutten av 1980-talet som handla om kampen mot raseskiljepolitikken. Eg hugsar songen "Free, Nelson Mandela", og ei heil verd drøymde om at du skulle bli satt fri!
Så vart du fri - og president for det elskede landet ditt. President for dei som hadde undertrykt deg og folket ditt. Og du viste vegen til tilgjevinga! Den rause vegen - den som fører til fred.

Eg hugsar då du fekk fredsprisen. Køyrande på veg til Oslo frå Bærum, vart vi stoppa ved bomstasjonen. Like etter oss kom president William de Klerk sitjande i ein av dei mange svarte limousinane som passerte. Vi drog på gudsteneste i Oslo Domkyrkje for å høyre på at du snakka om fred og kjærleik! Eg visste ikkje då kva for stor mann du var! Du tok ikkje æra sjølv, men delte den med dei mange som hadde stått rundt deg og kjempa kampen saman med deg.

Eg hadde lyst å vere saman med deg i Tromsø - mesta 12 år etter gudstenesta i Oslo Domkyrkje. Du priste midnattsola, naturen og folket - og sjølvsagt fridomen! Anda mi var der og sjela mi var der, men kroppen var ikkje der saman med deg! Men eg burde vore der.
I kveld fekk eg so trang for å gå ein tur på kyrkjagarden og tenne ljos. Det var før eg visste at du var borte. Det ljoset brenn for deg og, Nelson. Men som Elton John song i songen til prinsesse Diana: "Your candle burned out long before your legend ever will!"

Fleire, blant dei kong Harald og tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik, har sagt at det største mennesket dei har møtt er deg! Det seier ikkje så reint lite om kven du var. Du ikkje berre var. Du ER fortsatt! Når du er borte frå jorda, er orda dine og handlingane dine her fortsatt!
På det som vart din siste dag sluttar eg meg saman med resten av verda som hyller deg og den gjerninga du har gjort!

FREE, NELSON MANDELA!


søndag 1. desember 2013

HALLOOO... Internett... Er det ope sundag?

Eg innrømmer det ganske so enkelt: Overskrifta er laga for å skape merksemd - for overskrifta har eigentleg ingen ting å gjere med deg eg skal skrive om! Men eg vonar du vil lese vidare! Dette handlar om OSL<3VE!




For å forklare overskrifta først: Eg var på helgetur i Oslo no i helga, og i går kveld, laurdag, var eg på forestilling med tidlegare teatersjef på Den Nationale Scene i Bergen, Bjarte Hjelmeland. Det var ei fantastisk artig forestilling! "Gud, kor gøy" den var! Overskrifta var noko han sa i ein av dei mange sketsjane i forestillinga.

Nokre timar før forestillinga var eg på kurs på KrF-kontoret. Vi snakka mellom anna om det å ha respekt for kvarandre. I bland pleier eg å raljere litt med det "Med all respekt å melde"-uttrykket, spesielt på facebook. Men kva betyr det eigentleg å ha respekt for kvarandre. Då kom det så klokt frå ein av dei andre deltakarane: Respekt betyr heilt direkte "å sjå ein gong til". Det vart ein tankevekkar for dei fleste av oss som var der. Viss eg skal ha respekt for andre, treng eg rett og slett å stoppe opp og sjå etter ein gong til!

Eg tok med meg dette ut i desemberettermiddagen på travle Karl Johan. Eg gjekk og sulla og lurte på kva eg skulle kjøpe medan eg venta på ein kompis eg skulle treffe. Eg hadde akkurat tenkt nokre tankar om kva jula er for meg. Eg ønskjer meg ikkje mange gåver, men vonar dei to vekene med ferie kan fyllast med triveleg samvere med mennesker eg sett pris på og er glad i. Viss eg får til det, har jula mi vore meiningsfylt!
Då kom ein ung kar gåande, og han spurte om eg ville kjøpe boka hans - juleboka til =Oslo. Eg stoppa og prata med han, fekk han til å fortelje kva som var i boka, og han nemnte i ei bisetning noko om frå då han gjekk på stoff. "Gjer du det enno?" spurte eg. Nei, no hadde han komen i gang med  behandling. Han var berre 22 år gamal. Eg fortalte han kva eg akkurat hadde gått og tenkt på, og han hadde sine tankar om det. Så kjøpte eg boka av han, ga han ein tohundrelapp for den, ønskte han ei god førjulstid, og gjekk vidare - for å finne bursdagsgåver, julegåver og kalendergåver eg skulle kjøpe. For ein langt høgare pris enn 200 kroner!
Hadde ikkje han på kurset sagt det han sa, er det aldri sikkert eg hadde stoppa og prata med ungguten, men eg tenkte at han fortente mi respekt! Han går og sel bladet =Oslo, og no juleboka deira, dag etter dag uavhengig av vèr. Han gjer eit ærleg arbeide!

Eg er glad for at det blei meiningsfylt for meg å stoppe og prate med han. 22 år - det er for ungt å øydeleggje livet sitt! Eg er glad for at han får hjelp til å bli rusfri! Det er mange som skulle fått den hjelpa! Rusomsorgen har vorte for byråkratisert, og ofte er det berre tilbod gjennom offentleg behandling rusmisbrukarar får - det resulterer i at dei må stå lengre tid i kø for å komme inn på den aktuelle institusjonen. Det er ein uverdig situasjon for den som vil kome seg ut av rusmisbruket sitt!
Eg vonar den nye regjeringa - med KrF som aktiv pådrivar - vil arbeide for at rusmisbrukarane skal få kome fortare inn på avrusning enn det som er tilfelle no, og at privat behandling skal vere like respektert og anerkjent som den offentlege!

Og MED ALL RESPEKT Å MELDE: Den respekta fortener dei verkeleg!

Etiketter