Totalt antall sidevisninger

onsdag 15. juni 2016

Turblogg: Turdag og turglede i Julsundmarka :)



Fotografert på Gammelsetra.
I går, tysdag, var eg på stikk ut-tur i Julsundmarka. Og med handa på hjartet: Eg kjente verkeleg på at turgleda kjem innanfrå.
Redigert 22.september 2017 etter ein fin hausttur i Julsundmarka med fleire bilde.

Sett frå Gammelsetra i september.
Det var ein vakker dag, mild vind og mykje sol, og eg hadde tenkt eg skulle gjere nokre stikk ut-turar før eg drog vidare på det møtet eg skulle på. Det er lurt å planlegge stikk ut-turar i forbindelse med andre gjeremål.
Dette innlegget handlar om turane eg gjorde i Julsundmarka, som ligg på fastlandsdelen av Aukra kommune. Akkurat i dette området ligg det fleire postar nokså tett, så det er rimeleg effektivt å kunne samle fire-fem postar på nokre få timars rundtur. Fordi eg synes det er veldig praktisk, er det det eg vil fokusere på.

Eg parkerte ved gamleskulen i Julsundet, slik det står på stikk ut-nettsida (om turen til Fangholsetra kan du lese her). Frå der ruta startar, kan ein gå først til Gammelsetra, så vidare anten mot Storklauva, Eidskremheia og Rishaltheia (i Molde), eller ein kan legge vegen forbi Svartnakken, og så gå opp Storklauvstien til Storklauva. Det er fritt val, og eg trur eg synes det var greit å gå opp Storklauvstien i staden for å gå han ned.

God skilting opp frå Hola, som det heiter der.












Ved starten står det ein stor informasjonsplakat om turmulegheitene i området. Frå der går det ganske rett oppover på ein grusveg, og den første posten eg kom til, var Gammelsetra. Då hadde eg gjort eit val om kva veg eg ville gå, og eg valte venstre. Gammelsetra er eit flott utkikspunkt på ca 153 meters høgdemeter, og har utsikt til både Molde, Vestnes, Midsund og Aukra.

Så var det dette med å leite etter kortaste vegen heim :)



Frå der gjekk eg vidare på stien som ein ser godt. Stien gjekk litt opp og litt ned, over stein og berg og med mange lette parti. Sidan det var berre den stien eg kunne velje, rekna eg med at eg var på rett veg. Etter ei stund, vanskeleg å seie kor lenge, kom eg til ein kryssande veg som skilta stikk ut mot venstre. Hadde eg tatt mot høgre, hadde eg hamna på Fangholsetra, men nokre damer eg møtte sa eg måtte ta til venstre for å komme til Storklauva - og åtvara meg om den bratte bakken. Jau, den går oppover, men ikkje verre enn at ein treng sopass bakketrening.



Då eg kom opp på Storklauva, fekk eg endå betre utsikt utover - også mot Fræna. Storklauva ligg på 312 moh. Frå der kunne eg sjå randen av havet som gjekk som ein boge i den ytterste ytterkanten. For eit innlandsmenneske som meg er det alltid fascinerande å komme nærmare havet. Hadde eg kunne velt, hadde eg naturleg nok ville vore der ved solnedgang langt utpå kvelden for å sjå dei flotte fargane det gir.


Flott utsikt i mange retningar frå Storklauva.

Utsikt mot Bjørnsund i bakgrunnen for Gossen.

Veldig kjekt å vere på venninnetur :)
På Storklauva hadde eg begynt å få litt tidsnaud, så eg skunda meg vidare. Etter ei lita stund kom eg fram til det som eg ser på som det mesta flottaste med heile turen, nemleg Fangholsetra. For ei perle! Der var det bålpanne og eit solid bord, slik at ein kan ha ein lang og god matpause der, om det er behov. Eit utmerka turmål i seg sjølv.

Fangholsetra :)


Endå ein gong låg Fangholdsetra der som ei perle - ein skatt i skogen.

Venninnelunsj på Fangholsetra i godver og t-skjortetemperatur blir ikkje feil!
Redigert 22.september 2017:
Denne gongen gjekk vegen rett opp til Fangholsetra. Verken Gammelsetra eller Storklauva er stikk ut-postar i 2017, men det er Fangholsetra. Derfor tok eg med venninna mi, Sissel, dit for å ha piknik i det fri. Og Fangholsetra leverte 100 %!
Etter lunsjen tok vi ein svipptur til Storklauva for å nyte utsikta før vi skilte våre vegar. Eg ville nemleg nyte dagen ute i Julsundmarka. I motsetning til i fjor, kor eg måtte gå nedover igjen, tok eg denne gongen retning mot Eidskremheia. Derfor kjem bilda frå Eidskremheia her. Eg gjekk her med ei venninne i fjor sommar, men då starta vi på Eidskrem, som er nokre kilometer nærmare Molde.

Etter å gått eit lite stykke, kjem ein til eit vegval. Eg fulgde sjølvsagt stikk ut-skiltinga. Delar av stien hit var myrete og våt.

Oppover gjekk det, men ikkje verre enn at det var greit å gå utan stavar.

Kvilarsteinen.

September er definitivt min månad til å gå i fjellet <3

Endå eit vegval - Eidskremheia eller Julaksla (Rishaltheia)? Det vart for langt til Rishaltheia denne gongen og.

Eg vel meg september <3

Eidskremheia på ca 500 meters høgd og med nydeleg utsikt til mange kommunar - Aukra, Sandøy, Fræna, Molde, Vestnes, Misund, Nesset, Rauma

Ein sjølvie må vere lov ;)

Eg peilar etter fjella heime...

Må berre skryte av skoa mine - goretex fra Merrel, kjøpt i fjor! 
På Fangholsetra blir ein møtt av nok eit val: Gå vidare oppover mot Eidskremheia og Rishaltheia eller rusle vegen nedover att og avslutte turen. Eg måtte velje det siste, men eg vart sopass opprømt av å ta denne turen, at eg er heilt sikker i mi sjel på at eg skal ta vegen mot dei nemnte heiene i løpet av sommaren.

Etter at eg avslutta denne turen, køyrte eg nokre kilometer vidare for å ta turen til Hundetjønna, som har parkering på første avkøyrsle etter avkøyringa til fergeleiet mot Gossen. Den var litt vanskeleg å finne på grunn av litt dårleg skilting oppi bakken. Då eg fann fram - til nok ein idyll i Julsundmarka - stod det skilting av sti mot Storklauva. Det betyr at om ein har planlagt turen litt godt og parkerer ein bil der ein kjem ned frå Rishaltheia, ikkje langt frå avkøyringa til Mordalsvågen fergeleie, kan ein gjere ein lang og god tur på tvers av heile Julsundmarka. Det er eg sikker på at eg kjem til å gjere - om ikkje i år.


Denne turen frambrakte mengdevis med turglede og turlyst som kom rett frå hjartet og gjekk til hjartet. Då dagen enda, hadde eg klatra ytterlegare nokre plassar på stikk ut-lista, og det var heller sjølvsagt ikkje noko minus :)
Dette er mesta garantert ein tur som vil liggje på 10 på topp-lista av stikk ut-turar eg har gjort!

Hundetjønna i juni.

Hundetjønna i september.
Hundetjønna i september.                             
Eg var og innom Ramshaugen, som har denne artige benken.
    
Nydeleg utsikt frå Ramshaugen innover fjorden mot Molde og Nesset - og fjella heime :)

søndag 5. juni 2016

Turblogg: Eg fortel dette kun for EIN grunn!

"Undrer meg på hva jeg faar at se -over de høie fielle..." :)

Då har eg (endeleg) vore på Eidsvågfjellet for første gong. I kveld gjekk eg opp på Grønfjellet/ Skåla - ein tur som eigentleg er heilt ordinær!

Ja, det er heilt sant! Eigentleg er turen opp til Skåla, som dei fleste i bygda seier, er ein ganske enkel tur - ikkje er løypa vanskeleg, ikkje er ho lang, og ikkje opplever du spesielt mykje.
Turen har startpunkt ved bomvegen oppe på Øvre veg i Eidsvåg. Der har ein to alternativ: Anten å starte å gå frå parkeringa ved bommen, eller betale 50 kr og køyre opp til den øvste parkeringa. Då sparar ein seg for truleg ein times gåing totalt, så om ein har litt knapt med tid, slik som eg, så kan det vere greit å betale den femtilappen.

Løypa oppover er ganske grei. Ikkje mykje blaut heller, så lette tursko er suverent på turen. Turen er merka blått, og er ein mellomting av lett og tung - nokre parti er litt tunge, men eit langt stykke går det så slakt oppover, at ein ikkje merkar at ein stig i høgda. Toppunktet på turen ligg på 678 moh, men sidan parkeringa på bomvegen ligg forholdsvis høgt, sparar ein nokre høgdemeter - tippar startpunktet då er på rundt 300-350 moh. Eg brukte 45 minutt opp - då gjekk eg passe hardt, og hadde ingen pauser på oppovertur. Nedover att gjekk eg på rundt halvtimen - men då brukte eg litt tid på å fotografere.

Så var det det med det spesielle med turen då... Det er omtrent ingen ting spesielt med turen - heilt til ein kjem opp!

Når du kjem opp, breier landskapet seg ut i alle retningar! Her i retning Sunndal.
Då utvidar landskapet seg i all sin fylde, og du ser milevidt omkring i alle retningar! Eg pleier ofte å seie, mest på spøk, men og med alvor: Uansett kor eg er i verden, vis meg kortaste vegen heim! Og når ein kjem på toppen av Skåla, er det ikkje tvil om kva som er kortaste vegen heim.

Og derfor må eg berre vise fram nokre bilde frå turen i kveld. Det er så fantastisk å komme opp og sjå seg så vidt omkring. Eg hadde litt lite klede, og til trass for sola, var den kalde snoen ganske påtrengande. Det gjorde at eg forsvann nedover fjellet ganske fort då eg var ferdig å fotografere på toppen.
På nedovertur la eg merke til ein viktig ting som eg vil gi ekstra skryt for til dei som har ansvaret for løypa (det er vel Eidsvåg IL?): Merkinga av løypa er framifrå, og i tillegg er det merka med refleks på stolpane for dei som vil gå med hovudlykt i mørket. Dette synes eg var ekstra bra!

Konklusjonen min er: Denne turen vil eg anbefale på det sterkaste! Det er verkeleg ein av dei flottaste eg har vore på!

I retning mot Tingvoll.

Verdens beste turkamerat, Prins, var sjølvsagt med på turen.
Her ser ein i retning Molde.

Kommentar overflødig :)


Uansett kor eg er i verda, vis meg kortaste vegen heim :)


tirsdag 31. mai 2016

Turblogg: Helsing frå Tingvolls tak

Utsikt mot Nesøya og Stangvikfjorden frå toppen av Kjerkjeberget.
 På tide med ein turblogg att! 1.mai starta stikk ut-sesongen att, og etter ein månad, vil eg no fortelje om dei to hardaste turane så langt! 

I dag bikka eg turmål nr. 20 i stikk ut. Ganske så nøgd med det, og spesielt fornøgd med turmålet eg besøkte i dag på Tingvoll. Eg må seie denne turen var like hard som då eg gjekk Trollheimsmarsjen i august sist år (den kan du lese om her).
Valet stod mellom to forskjellige turar. Alternativ 1 var dei to postane på Gylfjellet - til saman rundt 11 km tur opp på 600 meters høgd. Alternativ 2 var Kjerkjeberget, som er noko kortare (berre litt over 8 km) - men like fullt opp på 600 meter det og. Så av ymse grunnar, blant anna at eg mangla turkameraten Prins, valte eg Kjerkjeberget i dag.

Turen startar ved Sellanrå Grendahus. I starten er det fin sti oppover, men etter kvart går den over til å gå gjennom myrlendt terreng. Det gjeld om ikkje å miste stien av syne, for det er ikkje merka på noko slags vis oppover. Dessutan er det viktig med gode sko på grunn av myrane. Elles kan ein ganske fort bli blaut. Eg hadde turstavar, og det var heller ikkje så dumt selskap. Det er også greit å vere klar over at det er knappast noko drikkekjelde tilgjengeleg på turen, og den eine bekken ein møter på, såg ikkje spesielt innbydande ut.


Eit stykke oppi møtte eg skodda, men den var ikkje veldig tung, så eg vart ikkje forstyrra av ho på noko vis. Midtvegs oppi lia var det ein gauk som gala, men sjølvsagt tidde han bom stille då eg prøvde å feste lyden på telefonen. Pytt. pytt, tenkte eg. Det var berre å komme seg vidare, for terrenget bratna til, så skulle eg komme meg opp, kunne eg ikkje tenke på gauken i lia iallfall.

Det som er frustrerande med turen opp, er at ein ikkje veit akkurat kor langt det er att. Ein ser berre at fjellet fortsett oppover, men ein er mesta heilt oppe når ein endeleg får auge på varden. Då er ein framme på Kjerkjeberget 611 moh! Alt slitet opp dei siste 100-150 høgdemetra er verd det når ein kjem opp. Utsikt langt utover, og i følge turinformasjonen som du kan lese meir om på morotur.no (her), er det ei kopparplate med pil til alle fjelltoppane ein ser på varden. Det trur eg at eg var alt for sliten til å legge merke til (irriterande nok hadde eg oversett den infoen i turguiden). Oppoverturen la eg tilbake på omlag 1 1/2 time, og det trur eg eigentleg ikkje er så aller verst. Iallfall ikkje når ein går aleine, og eigentleg er mest bekymra for at ein kanskje er på feil veg på grunn av den manglande merkinga.
Uansett: Eg fekk skrive meg inn i boka og registrert turen - det er god nettdekning på toppen.


Kjære Gud, ikkje la det komme frost på desse i sommar :)


Fjellfie :)


Utsikt mot Vågbø og Surnadal. Fjellet med toppen trur eg må vere Strengen i Surnadal, som og er stikk ut-mål.

På nedovertur kom skodda igjen sigande, og låg i starten så tett at eg berre såg 50-100 meter føre meg. Då var det iallfall viktig ikkje å miste stien ut av syne. Nedoverturen gjekk på rundt timen, slik at turen totalt vara rundt 2 1/2 timar inklusive kviletida på toppen.

Frå Kjerkjeberget ser ein over mot Gjemnes og ymse toppar der. For nokre veker sidan var eg på Åbakkfjellet ved Angvika. Den er mesta like høg som Kjerkjeberget - 590 moh, men berre litt over 6 km tur/retur. Sidan dette var akkurat då det hadde vore så varmt tidleg i mai, var heldigvis mesta all snøen smelta. Eg trur ikkje eg hadde orka å gå om det var mykje snø.

Frå Åbakkfjellet i Angvik tidlegare i mai.

Utsikt frå Åbakkfjellet mot Tingvollfjorden og Gyl.

Her og var det viktig med gode sko, slik at ein ikkje vart blaut. På toppen av fjellet ser ein ganske vidt utover. Det er jo det som er bonusen for alt slitet. Men eg må no likevel seie at på dagar som i dag, når det var 15-16 grader og opphaldsver, er det ein stor bonus i det heile tatt å kunne vere ute i naturen på denne måten.

Eg brukar aldri noko musikk på øyrene når eg går. Eg vil ha full valuta for alle sansane - spesielt syn, hørsel og lukt. Musikk vil forstyrre den opplevinga ganske mykje. Eg føretrekker å høyre på gauk og sisik, trast og stær, for å seie det slik, mens eg trekk inn den gode lukta av kvitsymre og hegg.

No legg eg nye planar framover for nye turar som eg gler meg veldig på. I år har eg verkeleg fått prioritert stikk ut, så eg gir meg ikkje med dette.


onsdag 18. mai 2016

17.maitale på Bergtun Grendahus i Eidsvåg

17.mai var eg så heldig å få halde 17.maitalen på Bergtun grendahus i Eidsvåg. Her er talen i sin heilskap.

Den fine buketten eg fekk som takk for talen eg heldt :)

Kjære nessetgjeldinger!

Tusen takk for invitasjonen hit i dag! Ekstra kjekt er det når invitasjonen kjem frå nokon eg reknar som mine eigne. I dag gjorde eg som Bjørnson: eg velte meg Nesset. Det er i grunnen ikkje så vanskeleg: Ein gong nesssetgjelding, alltid nessetgjelding!
Tema for tala mi i dag er identitet. Identitet er viktig, og utgangspunktet for ordet er henta frå matematikkens verd, og betyr "det samme" eller "lik". Utover 1900-talet vart omgrepet tatt inn i den psykologiske og sosiologiske verda.
Eg likar godt å snakke om å spegle seg - finne noko eller nokon ein kan spegle seg i. Når vi er ute i verda på reise, blir vi glade når vi møter nokon vi ser og høyrer er norske. Då snakkar vi som om vi har kjent kvarandre lenge berre fordi vi møtes på ein annan kant av verda. Dei fleste av oss har vel både høyrt og snakka om historier kor ein møter kjentfolk tilfeldigvis på ein heilt annan kant av verda. Klart det er artig at verda er så liten. Då bankar det norske hjartet ekstra hardt.

På 1800-talet kalte ein det i litteraturen "nationalkarakter". Frå 1850-talet og utover var nasjonalromantikken på sitt høgste i kunst og litteratur, og ein kan rett og slett ikkje halde tale 17.mai utan å nemne Bjørnson, iallfall ikkje i Nesset.
For Bjørnson var identitet viktig. Han var ikkje først og fremst det eine eller det andre, han var ein verdsborgar. Allereie i 1870, berre seks år etter at han hadde publisert "Ja, vi elsker", skreiv han eit hyllingsdikt til Norden. 
Men sjølv ein verdsborgar treng ein stad han kan kjenne på som det som er heime, ein stad kor ein kan spegle seg med både naturen og folket. Midt i blant fleire hyllingsdikt til Noreg og det norske, skreiv han og hyllingsdikt til det området som han skal ha sagt gjorde han til diktar, nemleg Nesset og Romsdal.

      Dette er Romsdalens stride land! 
Nu er jeg hjæmme; 
ti alt, som jeg ser, har øje og stemme! 
Og folket ? - Jeg kænner hvær eneste mand, 
om aldrig jeg så ham. Her er han tolket: 
kænner du fjorden, kænner du folket.

Sa Bjørnson i det kjente diktet "Romsdalen" frå 1879-1880. Pappa sa eg måtte nemne at det står om Skjorta i diktet og (men skjorta med liten s). Bjørnson spegla seg i både naturen og folket her i Romsdal. Litt seinare i diktet skriv han om romsdalingar som likesæle, lunefulle og heftige. Eg er vel ikkje heilt sikker på at det ligg berre positive skildringar i dei adjektiva han tilskreiv romsdalsfolket mot slutten av 1800-talet.

"Af vejen små-folk! - Der inne "skjorten"!

"Dette er Romsdalens stride land! ... kænner du fjorden, kænner du folket"

Sjølv legg eg aldri skjul på at eg er romsdaling og nessetgjelding. Det er det slettes ikkje grunn til. Heime har vi litt diskusjonar om kven vi er og kor vi kjem frå. Midt i den heitaste kommunereformdebatten erklærte dotter mi: "Det er ikkje så nøye med Sunndal, men Møre og Romsdal er viktig! Det er bra å kunne seie at ein er frå Møre og Romsdal!" 
Identiteten er ikkje alltid der ein veks opp, men kan vere knytt til mange andre forhold. Dotter mi hadde vore med på fylkesfinalen av UKM, og hadde nok ei god oppleving av det å vere frå fylket vårt.
Då eg vart spurt om å halde denne tala, vart det spurt om eg kunne seie noko om korleis 17.mai i Eikesdal føregjekk. Og det kan eg, sjølv om eg aldri har omtalt meg sjølv som eikesdaling. Det var berre ein stad eg gjekk på skule, men identiteten min ligg i Eresfjord og det å vere eresfjording.

Då eg vaks opp, var eg meir enn sikker på at Bjørnson meinte Eikesdalsvatnet når han skriv i "Ja, vi elsker" "furet, værbitt over vannet". Eg er fortsatt sikker i mi sak, for i følgje Edvard Hoem var denne teksten først tiltenkt å vere i "Arne", som Bjørnson sat og skreiv i Eikesdal. Du skal rett sjå det var ein av dei mange roturane over vatnet han skreiv inn i nasjonalsongen.

Kvart år fram til eg var ferdig med 8.klasse feira eg 17.mai i Eikesdal. Og desse 17.maifeiringane hugsar eg ikkje først og fremst for strålande ver (for det var det sjeldan), ikkje for fergeturar eller båtturar oppover frå Hoemsetra (vi slapp heldigvis å ro - det ville eg nok hugsa!), ikkje for strålande musikk (for det var det ikkje, for det kom aldri korps til Eikesdal), ikkje for underhaldninga vi skuleungane hadde eller for det fantastisk lange toget (som gjekk til Reitan og ikkje til Arne-steinen i Utigard). Men det eg faktisk hugsar når eg tenker tilbake, det er det eg saknar mest i dag, nemleg at dagen var for alle, og mesta heile bygda stilte opp - både gammal og ung. Du kunne telje på to hender dei som ikkje var til stades, og det var dei eldste. Elles var alle der, og på den måten kunne og vi som var ungar bli kjent med dei som var gamal, eller eldre som det vel helst heiter.
Ja visst hugsar eg både Petronelle, Marit og Helga som stilte opp i sine flotte bunadar på 17.mai, sjølv om dei vart etter kvart gamle dei og. Eg trur dei hadde like stor glede av å sjå på potetløp og sekkeløp som oss som deltok.

For ein del år sidan satt eg i 17.maikomiteen i Tromsø (og nei, det var IKKJE då NRK hadde sending frå feiringa i byen!), og noko av det aller viktigaste vi i komiteen gjorde, var å inkludere våre nye landsmenn i feiringa. I dag, då eg var på feiring på Sunndalsøra, var mesta halvparten av dei som var på Øratorget og feira dagen, dei som er våre nye landsmenn i Sunndal. Det er bra og viktig å inkludere dei i vår feiring, og vise at dagen er for alle.

I dag trur eg svært mange barn ikkje veit av andre eldre enn sine eigne slektningar. Når eg tenker tilbake på 17.mai som unge, er det historiene om at alle var inkludert eg vil trekke fram. Sjølv om eg aldri fekk min identitet til Eikesdal, er eg ikkje i tvil om anna enn at det er nettopp slike fellesskap som bind bygda og folket saman. Derfor håpar eg de nyt dagen i saman her, både barn og vaksne i alle aldrar, og har ei feiring de kan minnest ein gong i framtida og.

Gratulerer med dagen, og takk for meg :)



Hoemsbu ved Eikesdalsvatnet pynta til pinse- og 17.maifeiring.

Eikesdalsvatnet i sin finaste skrud 16.mai.

onsdag 2. mars 2016

Fem år etter kreften - face your fears!

I dag er det fem år sidan eg var ferdig med dei siste 30 sekunda med stråling – eit åtte månader langt «fengselsopphald».



2. mars 2011 var ein gledas dag for meg. Det regimet eg gjekk inn i då eg vart operert for brystkreft rundt St. Hans året før, var endeleg avslutta. I ettertid var det medisinering og kontrollar som skulle gjelde. Slik er det fortsatt. Frykta for å få det att heng alltid over meg, men eg nyt dagane og livet, og tenker at eg er frisk – heilt frisk.

Denne vinteren har eg blitt minna på om kor heldig eg har vore. Saman med elevane mine har eg lest «Regines bok» av Regine Stokke frå Kristiansund – jenta som døydde av leukemi i desember 2009 berre 18 år gammal. Eg trur det har gjort stort inntrykk på elevane å lese bloggen hennar – «Face your fear» - som vart til denne boka. Første gongen eg las boka, var den sommaren eg vart sjuk. Det var sikkert ikkje veldig smart, men eg låg kvelden før operasjonen på sjukehuset og las det siste kapitlet – «Etter Regine». Tårane trilla.

Det gjer dei fortsatt når eg les boka hennar – for det mot og den livsvisdom ho hadde. Eg har tenkt mykje på det: «Face your fear» - Gå i møte med fryktene dine. Det er noko alle burde gjere, for ein bør ikkje tillate seg at fryktene skal ha kontroll over deg. Det er du som skal kontrollere fryktene.
Eg har blitt meir bevisst mine frykter dei siste åra, og prøver bevisst å overvinne dei. Eg likte ikkje å gå aleine ute i skogen – derfor starta eg med det, med hovudlykta og hunden som følgjesvennar.

Eg skal fortelje om ei frykt eg har hatt som har prega livet mitt i alt for stor grad i mange år. Når eg kan fortelje om den no, er det fordi eg har greidd å ta kontroll. Eg har hatt stor angst for snø. Eg kunne kjenne at det knytte seg inni meg av angst når eg såg det snødde, og eg bad til Gud om at det måtte slutte. Det heile starta vinteren 1997 medan eg budde i Tromsø. Det bøtta ned med snø, og det slutta ikkje før det nådde 2,40 meter i slutten av april. Neste gang det bøtta like mykje snø ned i Tromsø, var hausten-vinteren 1999-2000. Eg forbinder det med død. «Rekk eg å måke?» spurte eg mamma då ho ringte og sa eg måtte komme til tantes dødsleie. Eg måka, og då eg kom fram, var ho død (hø døydde av kreft). Det i saman med vantrivsel i jobben gjorde at eg utpå vinteren vart sjukmeldt. Eg sendte sms til venninna mi og fortalte at det var ein snøflyktning på veg sørover. Etter nokre veker sørpå var eg klar til å forsere endå meir snø. Frykta for snøen og saknet av tante var to av dei viktigaste grunnane til at det ikkje var så vanskeleg å vende nasen sør utpå hausten. Frykta for snøen har følgd meg, og eg har skrive tidlegare om den gongen venninna mi Lone hjelpte meg med å skaffe ein til å måke for meg (det kan du lese om her). Først det siste året har eg tatt kontroll over denne frykta. Eg har sett på snøen som bøtta ned her, og visst at det er berre å gå ut å måke den bort, så blir det litt betre. Det kjennes godt å ha vunne den kampen!

Eg kan sikkert ramse opp fleire frykter eg har, men dei skal ikkje få eige livet mitt.
For det var det kreften gjorde – i det som eg kallar fengselsopphald. For det var ikkje eg som eigde kroppen min, det var kreften og alle dei plagene behandlinga resulterte i.  Du veit ikkje kor godt du har det før du har prøvd det motsette. Vi fryktar sjukdom og død, men eg har opplevd at eg måtte forsere begge dei fryktene i løpet av kort tid.

For nokre veker sidan la eg ut eit slikt før- og etter-bilde som ein får mulegheit til å fikse på Facebook. Før-bildet var frå 2009, etter-bildet var frå i fjor haust. Teksten eg la ut, kan du sjå på bildet her. 



No er Krafttak mot kreft i gang over heile landet. I år går pengane til forsking på behandling som skal vere livsforlengande, og til tilbod til dei som aldri blir frisk frå kreftsjukdommen. Det er viktige prosjekt, og eg vil gi mi varmaste oppmoding om å støtte aksjonen med mykje pengar. Viss du går inn på denne linken, kan du gi gåva direkte: Krafttak mot kreft

onsdag 27. januar 2016

Eg kjenner eg blir skremd...

Bilde funne på Facebook.


I religionstimen i dag tok eg utgangspunkt i teksten om «Den miskunnsame samaritanen» frå Bibelen. Nokre las teksten og nokre dramatiserte den.
Etterpå snakka vi om kva det vil seie å vere godhjarta, eller miskunnsam som nynorsk bibeloversetjing skriv. Både det ordet og ‘neste’ er framande ord i kvardagsnorsk, og det er ikkje fordi handlinga i dei ikkje er i bruk.  Det passa godt å snakke om dette temaet når det er #godhet (godheit) i NRK denne veka, og eg viste fram ein artikkel om professor Per Fugelli, som vel er godheitas fremste eksponent i norsk media i dag. Og frå Fugelli gjekk vi vidare til å snakke om det motsette av godheit. Kan ein vere fødd vond? Per Fugelli hevdar at det å vere god er ein medfødd eigenskap i oss menneske. Men viss ein berre har opplevd vondskap, kan ein likevel vere god?
Eg har ikkje svaret sjølv. Vi prata om vondskap. Dei fleste elevane og eg bur i kvar våre små lokalsamfunn, og eg spurte om dei kjente til bygdedyret. Bygdedyret er – slik eg ser det – prototypen på vondskap i små samfunn. «Er det dei damene som sitt borte på kafeen og skravlar,» spurte ein av elevane. Ja, ofte kan det vere dei, sa eg, og viste til ei historie om kva bygdedyret kan gjere med folk i eit lokalsamfunn.

«Det er jo at alle kjenner alle,» sa ein av elevane. Nettopp, ei viktig forklaring på korfor bygdedyret får mangfaldiggjere seg i same farta som kaninane. I sunndalsk språkdrakt finn ein det same igjen i teksten «Har du haurt» frå musikkspelet om Lady Arbuthnott. For har du verkeleg høyrt kva som vart sagt og kva som vart gjort?
«Viss ein har køyrt i fylla, veit jo alle det ein halvtime etterpå,» sa ein annan.
For spørsmålet er ikkje kanskje alltid at dei fleste veit noko om dei fleste, men kva ein gjer med den informasjonen. Lagar ein den informasjonen til folkeprat som er allment tilgjengeleg på bygda, eller tar ein den motsette strategi, og gøymer det i hjartet?

Då eg kom til arbeidspulten min etter skuletimen, slo eg på facebook. Med ein gong fann eg ein artikkel som var lagt ut frå ei av landets nettaviser. Artikkelen var eit lesarinnlegg frå ei som er lokalpolitikar i den kommunen, og som opplever å bli hetsa av vanlege vaksne folk på grunn av sitt engasjement. Ho og familien flytta tilbake til hennar barndomskommune for nokre år sidan, men no veit ho ikkje om ho orkar bu der lenger på grunn av folkeprat og andre negative opplevingar med det å bu i ei av bygdene der.
Eg skrolla meg litt lenger ned på sida på facebook, og der fann eg eit anna lesarinnlegg publisert under tittelen «Bygdedyrets herjinger». Av ei dotter som forsvarte far sin, fordi han var gjenstand for mobbing og folkeprat i den bygda og den kommunen kor dei bur. Ikkje berre folkeprat, men også tagging av husveggen og respektlaus latterleggjering på den lokale revyen.

Eg kjente eg blei skremt. Eg har ikkje opplevd lokaldemokratiet på denne måten. Heldigvis må eg seie. Men kva lokalsamfunn er det vi ønsker oss når vi vaksne ikkje greier å oppføre oss? Vi vil gjerne ha bukt med mobbing på skulane rundt om, men sjølv eksponerer vi formar for mobbing og trakassering som er like lite akseptabelt som det våre ungar gjer i skuletida.
Tale er sølv og tie er gull, heiter det. Må vi alltid kommentere kva andre seier og gjer? Unner vi andre å gjere det bra og lykkas i det dei held på med? Bringer vi vidare til andre det vi veit eller det vi trur vi veit om nokon?

Det er desse tinga som trugar lokaldemokratiet. At vi blir nær sagt tvungen til å avgrense våre liv fordi andre reagerer på det. At vi ikkje oppmuntrar kvarandre til å stå på det litje ekstra for lokalsamfunnet vårt. Det norske samfunnet er bygd på idealisme – vi skal stille opp for lokalsamfunna våre, og vi skal bygge lokalsamfunna politisk og organisatorisk. Men korleis vil nokon orke å bidra når ein blir møtt med motvilje og betrevitskap frå andre?

«Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv» (Arnulf Øverland).


onsdag 28. oktober 2015

For ei naturoppleving!!!

Eg har lenge tenkt på at eg skal gå til Kongelhjellan ein tidleg morgon for å fange morgonsola. I kveld fekk eg fanga månen der.


Då har eg besøkt Kongelhjellan i mørket! For ei oppleving!

For meg er det god trening i å ta meg sjølv eit steg lenger. Eg er ikkje så flink på slike ting, men kjenner at desse utfordringane trivst eg med. Det starta med at eg måtte ha variasjon i turane til mitt næraste turmål, Knutsliøya. Då begynte eg med desse haulyktturane i fjor haust. Seinast i går var eg ein tur dit saman med hovudlykta og hunden, men det var på tide å få tatt turgåinga eit skritt lenger. Derfor vart det Kongelhjellan på Fale. Den stien kjenner eg godt, og det ser eg på som ein fordel når ein skal gå i skogen i mørket. Skikkeleg godt skotøy ser eg på som ein anna viktig fordel.

Kongelhjellan er eit supert turmål. Eg har skrive om den før ein gong og. No var det ei god stund sidan sist eg var der, og det slår ikkje feil: Eg begynner mesta å mase på meg sjølv: Er eg framme snart? Er eg framme snart?

I dag var det eigentleg berre ein tanke bak turen: Sjå på månen.
Mesteparten av vegen opp, låg han bak fjellet, og det var eigentleg plana mi og. Tenk å vere oppe på Kongelhjellan i det månen kliv opp bak Ottemfossen? Han kom meg i forkjøpet, månen, men då fekk eg nydeleg månelyst sti resten av vegen.


Oppe på toppen får eg den utsikta eg likar så utruleg godt: Nedover heile Sunndal heilt til sjøen. Dessverre har eg ikkje så bra fotoutstyr at eg kan gjengi skikkeleg det eg såg frå utsiktsplassen på Kongelhjellan, men prøv å sjå forbi det litt skjevande inntrykket og førestill deg korleis det er å sjå over ei mil nedover dalen, heilt knallblå og stjerneklar himmel.
For ei mektig naturoppleving!

Litt skjelvande: Utsikt mot Sunndalsøra og Sunndalsfjorden.

Ja, det er Stikk ut-turmål. Og dette var sesongens 60.turregistrering for min del!




Det handlar om å bry seg

I haust har eg fått jamnlege oppdateringar frå Facebook om kva eg har skrive på veggen min tidlegare år. Heldigvis har dei skåna meg frå alt grugget frå tida eg var kreftsjuk.

Ein ting dei ikkje skånar meg for, er dei meldingane i dei månadane som var etter at eg vart åleine. I fjor haust, for nøyaktig eitt år sidan, la ein god kjenning av meg ut eit likedan bilde:


Han og eg har lik kalender, og vi har begge opplevd å miste kvar vår ektemake, så vi har nok opplevd akkurat dette, og han hadde så kloke tankar om det å bry seg.
Eg har snakka mykje om det å bry seg. Fordi eg har opplevd det motsette - at folk ikkje har brydd seg.
Som ved ei styring eller heilt tilfeldig (vel det som du synes passar best), har eg ei særskilt hending om akkurat det å bry seg frå denne dagen for tre år sidan.

For å gi litt bakgrunn til utbrotet, var mykje snø ein medverkande årsak til at eg flytta sørover att frå Tromsø. Eg var ein periode sjukemeldt medan eg budde nordpå, og då titulerte eg meg som snøflyktning. Men det var altså eit tilbakelagt kapittel.
27.oktober 2012 ga det seg til å snø. Dotter mi skulle ha overnattingsselskap for å feire 10-årsdagen, og det var mykje som  skulle førebuast. Det passa mildt sagt dårleg med snø den dagen. For meg var det meir enn nok å greie å handtere huset, om eg ikkje skulle ut å måke og. Derfor la eg ut følgande melding på facebook: "Finnes det ETT snilt menneske på Grøa som kan hjelpe meg - dvs ta seg av måkinga her??? E makter ikkje med den, og Ingvild får gjestar kl. 18. Finnes det bare en???" (sjå skjermbiletet). Det var ikkje mykje hjelp å få. Dei fleste skjønte ikkje problemet, og meinte at det var berre å kle på seg og gå ut å gjere det.
Så ringer telefonen. Det var Lone lenger bort i bygda. "Eg kan ikkje hjelpe deg å måke, men er det ikkje nokon vi kan ringe til," sa ho. Så snakka vi att og fram. Lone skjønte korleis eg hadde det. Og då vi hadde snakka litt att og fram, vart vi einige om at ho kunne ringe til pappaen til ei av dei som skulle i selskapet her seinare på dagen. Leif Kåre kom og måka heile innkøyringa, og etter kvart slutta det å snø.


Denne historia har blitt viktig til meg. Den er grunnen til at eg og Lone blei så gode venner. At ho brydde seg då eg trengte det mest, var godt å oppleve då eg kjente meg heilt aleine.
I haust har eg gått nokon rundar med meg sjølv på akkurat desse tinga som handlar om å bry seg. Kanskje fordi dei eg forventa mest av, var dei som svikta tydelegast.

Korfor skal det vere så vanskeleg å vise litt omtanke for andre, spesielt for dei som slit og har det vondt, som har opplevd ting som er vanskeleg ? Korfor kan ein ikkje prøve å gi ei lita oppmuntring?
Eg har snakka fleire gongar om dei som seier at dei har tenkt på meg. Men eg kjente ikkje at dei gjorde det. Eg har ikkje tankens kraft som overfører dei tankane.
Lone si enkle melding på telefonen er noko av det finaste eg har opplevd nokon gong. Fordi det var berre dei enkle orda eg trong: "Eg vil hjelpe deg".
Ikkje ver så redd for å vise at du bryr deg - om det blir litt hjelpelaust, er det betre enn ingen ting!

Eg fortalte denne historia i Aftenposten i sommar i deira serie om å bry seg :)

Etiketter