Totalt antall sidevisninger

mandag 11. mai 2020

Turblogg: Ei vinterleg vårvandring

Dei siste par dagane har veret lagt seg mykje i nordvestleg retning... Og då kom det...snø... Derfor tok eg meg ein tur ut i kveld og fotograferte. Kom mai, du skjønne, milde...

Skorga sett frå den eine Torske-garden.


Eg har ei rute her i bygda eg likar godt å gå, og det er heimefrå mot skulen og inn i skogen gjennom gravfeltet med graver frå bronsealderen, over elva Skorga og bort og opp til Philipshagen, hagen som er att etter Lort Philip. Om gravfeltet kan ein lese litt meir her. Det første eg støter på etter gravfeltet, er kverna ved Skorga.

Kverna ved Skorga.
Skorga renn ut i Driva like nedanfor kvernhuset. Av og til ligg det stokkender og duppar der, men no er det ei stund sidan eg har sett dei. I bokstaveleg forstand går stien vidare over stokk og stein og opp ein kort bakke til Philipshagen.
Eg googla Philipshagen, og her er ei rekke av fine bilete frå Instagram som viser hagen i sin vakraste skrud rundt midtsommars. Ethelbert Lort Philip sette verkeleg sitt preg på Sunndal med sin heilt eigenarta byggekunst. Han hadde eit hus der Philipshagen ligg, Vangshaugen i Grødalen har han bygd, Tredalsbakken på Sunndalsøra og Philipshaugen i Øksendal, og i tillegg også Todalshytta i Todalen i Surnadal. Han var ein drivkraft for oppstarten av lakseturisme i Sunndal på slutten av 1800-talet. I denne teksten frå Digitalt Museum kan du lese meir om Philipshagen.
Den ein gong vakre hagen har blitt vanstelt gjennom åra, og i dag er det kommunen som eig han. No er planen å lage ei venneforeining som skal bidra til å få inn pengar for å sette han i stand slik han ein gong var i fordums prakt.
Dei første rododendroane har allereie begynt å blomstre frå seg, men om ikkje lenge står heile hagen i full blomstring når dei neste rododendronslaga står for tur. Det kan vere verd å få med seg!



Ved sidan av Philipshagen ligg det som var Lady Arbuthnotts hus, Elverhøi. Det er i dag i familien Bridgeman som eig denne eigendomen. Tidlegare eigde og han Philipshagen, men overgav hagen i gåve til kommunen i 2012. I denne artikkelen frå Digitalt Museum og i denne artikkelen frå Digitalt Museum kan du lese meir om korleis lakseeventyret kom til Elverhøi og Sunndal. Lakselordar og rikmannsfolk frå Skottland og England henta Sunndal inn i verda. Vil du vite meir, finn du og fleire artiklar om dette på Digitalt Museum.


Philipshagen
Rett over vegen for Elverhøi ligg Leikvin, som er museet i Sunndal. Sunndal Bygdemuseum er ein del av Nordmøre Museum. Her er det mange bygningar, og dei eldste er frå 1600-talet. Viss ein vil ha meir innsikt i sunndalshistoria, og spesielt lakselordhistoria, er Leikvin ein flott stad å stoppe innom. Museumsstyrar Jarle Stavik har ein flott blogg kor han samlar artiklar om Sunndals historie, og her kan du lese om den gamle Oppdølslåven som har ein inskripsjon frå 1639.
Snøen låg som eit lett teppe over Leikvin om kvelden 11. mai.
Løa i bakgrunnen er, så langt eg hugsar, den eldste bygninga på museet. Holtstuo kan du lese om her.
I 2013 fortalte eg i bloggen her om ein liknande rundtur, kor eg viste fram fine vårbilde. Der omtalte eg blant anna flyttinga av Flåstua som skulle skje seinare det året. Den skal vere Nordmøres eldste bygning, og her kan du lese ein artikkel på NRK om ho.

Flåstua til venstre, smia til høgre.
Neste stopp på runden var Løykja kyrkjegard. I kveld var det ikkje først og fremst for å sjå til gravene til mine eigne, men for å ta nokre bilde av kontrasten grøn skog og kvit snø.
På kyrkjegarden ligg mellom anna Lady Barbara Arbuthnott begravd med sine næraste rundt seg. Kyrkjegarden ligg på ei mark kor det er gjort mange funn frå heilt tilbake til romartida.
No er det Hov kirke på Sunndalsøra som er hovedkyrkje for sognet; det har ho vore i meir enn 300 år. Før det var det ei kyrkje på Løykja som var hovedkyrkja. Jarle Stavik har skrive meir om kyrkja og kyrkjegarden i dette blogginnlegget. Vil du vite endå meir om utgravingane som er gjort, kan du lese denne rapporten frå NTNU.





På heimveg tar eg ein liten kikk på utsikta ned dalen - mellomsnøbygene...den 11. mai!

lørdag 9. mai 2020

Turblogg: Ettermiddagste ved Seljebøvatnet

Eg har vore til Seljebøvatnet tidlegare - har til og med spist frukost der på veg til arbeid. Men eg trong ei påminning om kor vakkert det er der :) Mesta eventyrleg!


Seljebøvatnet i Ålvundfjord er stort sett kvart år ein stikk ut-post. Men det er ikkje kvart år eg kjem meg dit likevel. Men i år arbeider eg ganske hardt for å finne tilbake til den gode, gamle turforma mi, og då er dette ein fin plass å starte. Og så fekk eg veldig godt turselskap av Anisa - mi gode turvenninne. Vi har vore på fleire turar saman, og no gler vi oss over å finne turforma saman.
Det meste du treng å vite om turen, kan du lese på stikk ut-sida, men du køyrer utover riksveg 70 mot Kristiansund frå Ålvundfossen (om du kjem frå Sunndal/ Surnadal). På veg nedover ein lang bakke, kjem du til ei 60-sone. Like før der er det ein veg inn til venstre. Når du køyrer den eit par hundre meter, kjem du til parkeringa. Det er litt dårleg skilta. Så er det berre å parkere bilen og starte på den fine turen oppover mot Seljebøvatnet.



Når ein går oppover mot vatnet, har ein Stortuva i bakgrunnen - den er og stikk ut-post.

Ein benk å kvile på er det og på veg oppover. Anisa kviler til ære for fotografen.
Denne vegen oppover er ikkje veldig gammal. Om eg ikkje tar feil, vart han jo laga for å frakte ut tømmer frå skogen. I utgangspunktet er jo ein brei grusveg litt stussleg, men ein er jo i naturen, så det er fint å gå. Og det er ein ekstremt populær tur å gå - vi møtte mykje folk som var ute. Den er jo ikkje spesielt lang, turen, og sjølvsagt treng ein ikkje å sette seg ned når ein kjem fram.
For å forskjønne naturen undervegs, har det blitt måla steiner og plassert ut på stubbar på vegen oppover - veldig koseleg.



Det er lett å finne vegen oppover, for han er godt merka. Tar du til venstre,
kjem du til eit anna lite vatn som ligg bortanfor Seljebøvatnet.
Her tenker eg at det er på sin plass å fortelje om første gongen Anisa og eg skulle til Seljebøvatnet. Det var faktisk den første gongen vi gjekk på tur saman, og det vart dagen for villfaring... Eg hugsar ikkje året, men truleg 2015, og det var ikkje, så langt eg hugsar, så fin veg oppover dit då. Villfaringa starta allereie rett etter parkeringa, fordi vi tok opp ein veg som går til høgre. No har åra gått, og minnet er litt vagare, men iallfall hamna vi rett ut i eit myrlendt terreng, og vi greide ikkje å finne Seljebøvatnet. Løysinga vart at eg ringte ein av våre politikarvenner i bygda, og han prøvde så godt han kunne å forklare. Vi begynte å gå nedover, og endte opp heilt nede ved avkøyringa til campingplassen, så vi var verkeleg ute på villtur...! Og ikkje minst klissvåte på beina. Vi flirer godt av denne historia enno :) Omtrent akkurat det samme skjedde då vi skulle til Myravatnet den same dagen, men den fann vi.

Utsikt mot Smisetnebba og Flånebba - også to stikk ut-postar.
Endeleg framme ved Seljebøvatnet :)
Etter ein halvtime - tre kvarter er vi framme oppe ved den flotte gapahuken som har blitt sett opp ved vatnet. Her er det ordna til slik at ein kan grille og sitte tørt og godt når ein spis. Det er gratis ved inne i gapahuken ein kan bruke. 
I Seljebøvatnet er det fint å bade, og det skal og vere småfisk der. Litt lengre borte fra gapauken er det ein plass ein kan vere om ein vil ha det litt meir fredeleg.
Anisa og eg hadde tatt sikte på å ha med te og ha tepause for riktig å nyte ettermiddagen. Fotografering høyrer sjølvsagt med - og heldigvis kom det ein høveleg kar vi kunne gripe fatt i for å fotografere oss. Det endte med at vi inviterte han på teselskapet vårt :)



Gapahuken sett nedanfrå.

Skeia ut med ein sjølvie for ein gongs skuld :)


Prins er alltid lykkeleg for å få vere med på tur :) Han er mest som ein liten kjendis blitt :)

Eg er verkeleg takksam for det gode turfellesskapet Anisa og eg har i kvarandre <3

Stort bord og benke å sitte ved inne i gapahuken. Kjempeflott område for å ha triveleg lag med fleire :)

Så er det tid for å ta vegen tilbake - og heller komme att ein annan gong :)

søndag 3. mai 2020

Turblogg: Til Skorpa i +5 og regnver

Det er ikkje alltid ein kjem seg avgarde på tur mens det er opphaldsver... Då må ein gå i regnver! Om så i +5 og regn og vind...


I høve turen vår til Kristiansund i dag, var ein tur til Stikk ut-posten på Skorpa, ei lita øy utanfor Gomalandet, planlagt. Ikkje alle i familien som hadde vore der - sjølv var eg der for tre-fire år sidan saman med ein tidlegare kollega, men fann fort ut i dag at det hadde endra seg der i løpet av dei åra. Blant anna har parkeringa blitt flytta litt, og då kollegaen min og eg gjekk, gjekk vi over dei slettene som er på framsida av Skorpa.
Parkeringa er romsleg og lett å finne. Der ser ein stikk ut-skiltet, så er det berre å starte å gå bortover berga. Posten er omtrent på enden av øya. I følge skildringa om turen er heile rundturen rundt 2,5 km. Meir om korleis gå ein rundtur litt seinare.


Mesta flatt bortover om ein går oppå øya.
Etter å ha gått eit kort stykke, kjem ein til den varden som er på bildet på Stikk uts nettside. Her har eg fått to av dei finaste damene i livet mitt å stille opp for fotografen :)

Ingvild og Tove på Langhaugen:)
På andre sida av sundet, ved verftet på Nordlandet, ligg eit stort cruiseskip. Det hadde eg ikkje fått med meg før eg drakk kaffi saman med vener litt tidlegare på dagen. Skipet la til land i Kristiansund då koronaen tok av, passasjerane fekk dra heim, men personalet - ca 300 frå ymse kantar av verda - er på skipet og ventar på at dei kan få dra vidare i juni... Viss dei går på land og myser på livet, får dei ikkje kome ombord igjen etterpå. Ein ganske håplaus situasjon.


Ein ambulansebåt er på veg utover sundet.
 Vi ruslar vidare, og det er stort sett greit å finne vegen bortover. Nokre plassar må ein klive litt. Mi klare oppmoding er å følge ruta slik ho står skildra på nettsida.
På bildet under her er det eit skilt som viser kor ein skal gå vidare. Og så kjem det fleire bilde av landskapet.




Så kom vi endeleg fram til postkassa. Ungane hadde sjølvsagt vore ein del raskare enn oss "aldrande damene". I følge nettsida var det 92 som registrerte turkoden 1. mai - men berre 24 den 2. Og vi var tre av dei.  Litt posering måtte vi gjere i regnveret og vinden...:)



I følge nettsida heiter haugen ved postkassa Pikhaugen og er restar frå krigen med ei skytestilling. Området har gode bademoglegheiter og fine fiskeplassar.



Så var det dette med retur... Like ved postkassa fann vi ein sti som går nedover mot baksida av øya. Eg er litt usikker på kva som skjedde - vi blei usikre på stien vidare, plutseleg kom vi bort frå kvarandre - ungane strente opp svaet på bildet under her... og eg etter... Ikkje særleg gunstig måte å komme tilbake på stien. Så i grunnen vart det litt tøysete retur.
Men sjølv i desse usle 5-6 plussgradane og med regn og vind, vart det ein bra tur :) Eg er opptatt av at vi må prøve å bevege oss ut av komfortsona, og det synest eg denne turen var. Viktig å bevise for seg sjølv at ein orkar ut å få fine naturopplevingar i dårleg ver og!

Opp svaet her.... Nei, dropp det!


Tove fann ein sti nede langs kulpane som var praktisk å gå... Eg skulle tatt følge med henne...

På veg tilbake kom eg plutseleg til ei bru eg måtte over. Den såg eg ikkje på bortoverturen.

Etiketter