Totalt antall sidevisninger

tirsdag 4. juli 2017

Turblogg: Ei reise over Eikesdalsvatnet

Og der - midt ute på Eikesdalsvatnet i 8-tida om morgonen tenker eg "Dette er min stad, dette er mi tid".







Hytta mi er ikkje hytta mi. Det er barndomsheimen min - og kan derfor ikkje bli ei hytte. Men det er feriestaden min, og det er feriestaden i mitt hjarte. Heldigvis er det feriestaden i ungane mine sine hjarte og.
Eg har skrive om denne staden - Hoemsetra ved Eikesdalsvatnet tidlegare, men det begynner å bli nokre år sidan.

Dei mest sakrale stundene i livet har eg nok når eg får fare sakte over blikkstille vatn. Eg nemnte så aller snarast i dette blogginnlegget - om båtturen over Eikesdalsvatnet mens fjella spegla seg i blikkstille vatn som var opplyst av månen. Det var den aller, aller finaste båtturen eg har hatt. Eg hugsar eg tenkte at han må aldri ta slutt.

Eigentleg synes det kan vere eit herk å dra over vatnet med pappa sin ekstremt saktegåande båt - korfor kan vi ikkje ha ein båt som går fort, slik som naboane har...?!
Men så blir eg litt og litt eldre, får det stadig litt og litt meir travelt, og då kjenner eg på eit stadig større behov for å senke skuldrane. Skuldrane senkast best når Hoemsetra openberrer seg for meg i det eg kjem ut av tunnellen på Vike på veg oppover Eikesdalsvegen. Aller best er det når vatnet ligg blikkstille og freistande tilgjengeleg. Og då blir til og med pappa sin ekstremt saktegåande båt "helt ålreit".
For å vise at vatnet ikkje berre er freistande tilgjengeleg, men kan vere svært så lunefull, skal eg ta med bilde frå heimturen etter påskeferien.

Slik såg det ut oppover mot Eikesdalen då vi drog over Eikesdalsvatnet 1. påskedag.
Utover mot Øverås såg det slik ut, og ein tjukk eling med snø var på tur ned Hoemdalen.

Det tok ikkje lang tid før elingen kom innover mot Hoemsetra og la seg som eit tjukt teppe over lia.

Men denne veka var eg endeleg tilbake igjen ved Eikesdalsvatnet. Og vatnet låg mesta blikkstille å venta på meg. Eg elskar å sjå korleis fjella speglar seg i vatnet. Dei følgande bilda er tatt i 12-13-tida på fredag. Nokre bilete er tatt frå andre sida av vatnet, og nokre er tatt frå båtturen.

Fjella mine. Drøymeturen min går bak fjella der. Frå venstre Lavransløyfta, Rangåtind, Hauduken og Breifonntind.

Der ligg Hoemsetra bada i sol og venter på oss <3 Lengre ut ligg Hoemsbu. Fjella heiter Breifonntind, Hoemtind,
Nyheitind, Sjøvdøla og Sigridtind.

Der ligg Mardalsfossen, Nord-Europas høgaste fossefall, og speglar seg i Eikesdalsvatnet.

Sjå kor Rangåtind og Hauduken speglar seg.

På veg over Eikesdalsvatnet mens Goksøyra held vakt.



Ettermiddagsbilete frå Hoemsetra:

Endeleg framme! No får humla og flya suse!

Goksøyra speglar seg i ettermiddagssola.

Når Ågottind speglar seg slik, kjennest livet ut til å vere på det aller beste.


Heldigvis vakna eg opp til omtrent like fint ver neste morgon - før sola hadde vunne å stå opp. Men rundt kl 07.30 kom ho fram oppe i Olgaskaret. Pappa skulle køyre meg over vatnet om morgonen, og det kjentes ut som at vi hadde vatnet og verda for oss sjølve.
Akkurat der ute på vatnet - omkransa av høge fjell og vill natur - kl. 8 om morgonen, kjente eg at "dette er min stad, dette er mi tid".
Dei følgane bilda er frå denne turen i pappa sin ekstremt saktegåande båt.











onsdag 12. april 2017

Med rett til å jakte

"Kva skal du med det? Har du gevær? Har du telt? Kven skal slakte?" Spurte opphavet då eg sa eg skulle ta jegerprøva.

Kortreist jaktglede. Foto: Knut Arne Vike
Det var dette bildet som trigga det heile. I fjor haust la naboen ut bilde på Facebook av kortreist jaktglede. Bildet er tatt på rundt 750 meters høgde over Eikesdalsvatnet eit lite stykke innanfor Hoemsetra. Der endte reinsbukken sine dagar - på det eg karakteriserar som MIN eigendom. Som kommentar til bildet skreiv eg at no er det på tide å få tatt jegerprøva. Rett skal vere rett - eg har tenkt på det eit par-tre år, og det er jo slik det er med meg: Det må mogne seg fram over nokre år. 
Derfor fann eg ut i vinter at no var tida komen! Kurset starta i vinterferien - 10 samlingar med teori og skyting + eksamen. Eg nærmast grugledde meg då eg ringte og høyrte litt om kurset same dagen som det starta. Då ville det bli fem som starta inkludert meg. Det artige var at etter kvart kom det fleire med, så vi vart ti som gjekk opp til eksamen - fire av oss damer.

Apropos damer og jakt: No nyleg vart det publisert ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå som viser at det er stadig fleire kvinner som ikler seg gevær og jaktklede og mønstrar på i ei eller anna form for jakt. Omlag kvar sjuande jeger er kvinne. Mesta ein halv million nordmenn står registrert i Jegerregisteret (Kjelde: www.ssb.no), som er eit register over alle som er kvalifisert til å drive jakt. Å vere kvalifisert blir ein gjennom å ta jegerprøva, men begynte du å jakte før jegerprøva vart etablert, treng du ikkje ta den. For å kunne gå på jakt, må ein betale jegeravgifta, og i følge den same statistikken frå SSB, var det i det siste jegeråret i overkant av 200 000 som betalte inn denne. 
Viss ein ikkje skal gå på jakt, er det ikkje så nøye om ein betalar eller ikkje, men skal ein på jakt, også på eigen eigendom, må ein betale. Og du skal rapportere seinast ved utgangen av jaktåret (31.mars) kva du har skote. Jaktåret går nemleg frå 1.april til 31.mars.

Læreboka som er på over 400 sider. 
Tilbake til kurset. Det er mykje teori og mange tema ein må få med seg for å kunne greie prøva. Det gjeld lovar og reglar, som mellom anna naturmangfaldlova og viltlova. Så gjeld det kunnskap om våpen - kva våpen brukar til kva for ein type jakt, kva er våpenet samansett av, kva ammunisjon brukar du? Og det er mykje artsbestemming. Du skal vite forskjell på rype, jerpe og rugde, og du skal vite forskjell på enkeltbekkasin, som du kan jakte på, og dobbeltbekkasin, som er freda. Blant anna. Og eg hadde ærleg talt aldri høyrt om verken enkeltbekkasin eller dobbeltbekkasin... korleis skulle dette gå?
Så var det dette med gevær og skyting. Heime hadde vi knappast lov å ta pekefingeren bort på geværet til pappa. Eg har eigentleg aldri tenkt på at det er noko som heiter hagle og rifle. Når skyt du med hagle og når skyt du med rifle? Kor langt når dei ulike patronane? Og eg som aldri hadde tatt i eit skytevåpen før... Her kunne det med andre ord gå kva veg som helst. Er det rart pappa var skeptisk?
Men eg kom meg i gang med teorien i februar, og eg syntes det var veldig interessant. Følgde godt med i timane, kasta meg utpå i det eg kunne kaste meg utpå i, og grugledde meg noko innmari til vi skulle på skyting. 

15 meter rifle på bane: Slik gjekk det med dei ti første skota i begynnelsen av mars... Ikkje heilt gale, vil eg seie...:)

På Sunndal Jeger og Fisk sin bane i kjellaren av rådhuset.
Slik er det bra å sitte og sikte når ein skal på jakt.
Fortsetjinga den kvelden var ikkje så gale den heller...
Så det er ikkje til å undrast over at eg vart veldig (for å seie det mildt) oppstemt av innsatsen på skytebanen i kjellaren på rådhuset. 15 meter rifle gjekk som ein leik! Her var det berre å lese og pugge vidare for å greie prøva.
Eg må nemne nokre ord om dei to som hadde kurset. Arvid og Reidar. Pompel og Pilt :) Dei har jakta i mange, mange år, og kunne verkeleg sine ting. Men det er ikkje alltid enkelt å få teknikken til å fungere. Og dei sa heile tida "dette må de lese på til eksamen, dette får de spørsmål om på eksamen". Og eg noterte.
Då eg starta på kurset, sa eg at eg ville bli medlem i Sunndal Jeger og Fisk. Den eine grunnen til det var for å få lågare pris på kurset - sjølv etter å ha betalt medlemskontigenten var det fortsatt nokre hundre kroner i differens på kursavgifta som ikkje-medlemmar betalte. Den andre grunnen var at ein må vere medlem i ei aktuell foreining (jeger og fisk, skyttarlag eller idrettslag) for å kunne kjøpe våpen. Det er jo forresten mange fordelar med å vere medlem i Jeger- og Fiskeforbundet. Ein kan bruke anlegga til Jeger og Fisk gratis eller med rabatt (her i Sunndal gjeld det skytebanen i kjellaren på rådhuset  leirduebanen på Vinnu og anlegget ved Driva bru), får magasinet Jakt & Fiske i posten, kan fritt nytte 100 båtar rundt omkring i landet, og du får sjølvsagt og tilgang til rabattar på mangt og mykje (hotell, drivstoff, straum +++). 

Det gjekk ikkje så veldig gale då eg tok ei ekstratrening på banen nokre veker seinare heller :)
Eigentleg skal ein gjere ferdig skytinga før ein har teorieksamen, for ein bør jo ha litt praktisk erfaring med forskjellane mellom hagle og rifle. Her i Sunndal var ikkje det mogleg på grunn av rasfare og snø på anlegget på Vinnu. Så vi gjennomførte prøva først og skytinga så.
Leirdueskytinga var spennande og utfordrande. Plutseleg var siktet dårlegare enn det er på rifla, og attpåtil står ikkje det du skal skyte i ro... det kjem flygande. Poenget med hagle er å peike, ikkje sikte. Det tok litt tid før eg skjønte korleis ein skulle treffe, og vart naturleg nok kjempeglad for det første treffet. Men som skytetrenar Ole sa der: "Det er ikkje meininga ein skal bli ein meister å skyte første kvelden". Så eg må nok dra tilbake til Vinnu når sesongen startar og skyte nokre seriar til. Sjølvsagt er ikkje fire treff på 25 moglege all verdens, men fortsatt seier eg: Før kurset hadde eg aldri tatt i eit våpen, så læringskurva mi var steinbratt, men god!

Korfor i all verden gjekk eg i gang med dette prosjektet? Eit lite steg for verdssamfunnet, men eit stort steg for Ingunn...! Det skulle vi svare på den første dagen av kurset, og eg svarte som sant var, at eg har eit jaktterreng å forvalte. Som grunneigar frå Hoemsetra har eg nokre særskilte rettar knytta til forvaltning av alt frå botnen av Eikesdalsvatnet til toppen av Breifonntinden (for å seie det veldig enkelt, men kanskje ikkje heilt sant). Kva som eigentleg er jaktterrenget vårt, er eg ikkje heilt sikker på, men har forstått at det tilhøyrer det attraktive vestområdet, det vil seie vest for Aursjøvegen. Men no viste altså fjorårets nabojakt at eg ikkje treng veldig langt heime frå Hoemsetra for å kunne ha sjansen til å skyte reinsdyr. Den som orkar å ta kampen mot lia, kan gjere det bra.

Her var det dyr i fjor, men er det dyr i år? Den som jaktar, får sjå. Foto: Knut Arne Vike.
Då vi budde på Hoemsetra, var det ikkje hjort i skogen der. Etter at vi flytta, har hjorten blitt kongen av både lia og garden. No tenker eg å mønstre på jaktlaget til hausten.
Frå barndommen hugsar eg då pappa skulle på reinsjakt 20. august kvart år. Eg kan til og med hugse at eg trudde det som er varden på Vikesoksa var pappa. Det var det sjølvsagt ikkje, for reinsjakta er ikkje på 1800 meters høgd. Spenninga var alltid stor på om pappa hadde skote noko. Stort sett trur eg han alltid gjorde det då eg var fortsatt ung. Dei seinare åra har eg skjønt at det er mange faktorar som påverkar resultatet, og eg trur pappa, som no trass alt har bikka 75 år, treng ei som kan jakte saman med han. Då kan vi vere tre i følget; to jegarar og ein sherpa/ turkamerat - det kan bli bra.

Så kom altså dagen for teoriprøva. Gud skje lov og takk at eg har lang veg til og frå jobb, så eg kunne bruke bussturane til å lese og pugge. Heilt til siste minutt før eg gjekk av bussen ein halvtime før eksamen, pugga eg artar. Under over under - dei greidde eg alle rett på :) Og med alle som hadde eksamen, var det ein ting som gjekk att: Same kor mykje kursleiarane våre sa at vi skulle terpe på lovar og reglar, var det der vi var dårlegast. Men 41 rette på 50 spørsmål var nok til å stå, og eg fekk bestått på prøva.
Herved er eg altså uteksaminert med rett til å jakte! No skal eg aller først betale jegeravgifta som gjer at eg kan jakte både elg, hjort og reinsdyr (den kostar kr. 422,-). I sommar skal eg sørge for å ha tatt skyteprøve - der er det berre eit problem, og det er at det må gjerast på det våpenet du skal jakte med. Og sjølvsagt må eg bruke timar på å studere kart og finne ut kor mitt jaktterreng er. Det er med andre ord fortsatt mykje som står att før eg er startklar. Viss eg får vere med på jakt i haust og sjå korleis det gjerast, er eg eit skritt nærmare noko. Eg er optimist - følg med vidare i neste episode av Ingunns jakt på dei gode opplevingane ute i naturen :) God påske!

Watch out! Slik skal ein skyte leirduer.

Alt i alt var ikkje det gale med ni feil! Eg er nøgd, og har no rett til å jakte :)


mandag 13. mars 2017

Turblogg: Bli med på utflukta mi i går!


I dag vil eg starte med å takke Raudsand Idrettslag og Norsk Folkehjelp Sanitet for at dei køyrte opp løypene, sørga for trygg ferdsel og mykje folkehelse til oss omlag 150 store og små som gjekk Grenseløpet i går, søndag.


Slik ser løypa ut med markeringar for Norsk Folkehjelp sine plasseringar og matstasjonen.
Det var 48. gongen Grønnfjellrennet vart arrangert, men likevel var det min første tur. I dag høyrde eg fjellet rope - og eg angrar ikkje på at eg høyrde etter :)
Grønnfjellrennet er 17 km langt, og starten går frå Gammelsetra Camping på Gussiåsen. Dei første kilometra går jamnt oppover til Rødsetrin, som ligg på rundt 400 meters høgde. Sjølv om det var mildt, og sola ville trengje gjennom, var løypene ganske fine. Nokre plassar kunne ein sjå at det var knapt med snø, men totalt var det veldig bra løyper.
Nokon av dokker lesarane hugsar kanskje at eg fortalte om ein fjelltur til Grønnfjellet i fjor sommar - det var nemleg Stikk ut-tur dit. Frå løypa i går kunne eg skue opp på Grønnfjellet, som og har gitt namn til skirennet.

Eg gjekk frå starten av på feller under skia, men då eg hadde komme så langt opp at det begynte å flate ut, fann eg ut at det var på tide å ta av fellene. Problemet var berre at skia vart forferdeleg bakglatte. Og då var sjølvsagt gode råd dyre. Akkurat då var hjelpa nærast. Eg gjekk nemleg i følgje med ei triveleg dame frå Norsk Folkehjelp, og sambuaren hennar kunne hjelpe meg med skismurning. Det visste eg for så vidt, for eg hadde snakka med han litt tidlegare om det. Så då eg hadde fått på klister på skia, gjekk det som smurt (ja, rett og slett som smurt!).

Prins var startklar då vi gjekk frå Gammelsetra Camping, og gledde seg på tur.

"Sjå deg ikkje tilbake," heiter det, men det er jo flott å sjå bakover for å sjå kva ein har tilbakelagt :)
Midtvegs mellom Gammelsetra og Raudsand, det vil seie rundt 8-9 km frå kvart punkt, stod arrangørane og tilbydde varm saft. Då hadde eg gått i eit par timar, og eg kjende at det var på tide å få i meg litt mat. Min trufaste turvenn, Prins, var og glad for å kunne få ete då. Kjøtkakebitane gjekk ned på høgkant, mens tørrforet ikkje var populært. Han hadde halde god fart, vil eg seie, heile vegen, så det var ikkje rart at svolten melde seg. Så då vi hadde kvilt beina og fylt opp magen, var det berre å gi seg avgarde mot målet på Raudsand.

Løypa går slakt oppover heile vegen frå startpunktet, men dette er den brattaste bakken opp.

Dette trur eg må vere starten av Måsvatnet. Drikkestasjonen var på andre sida av åsen borti der.
Mission completed: Eg ser fjella heime :) Bak åsen kan ein sjå spissen av Goksøyra, Fløtatind og Vikesaksa.

Skjorta fekk eg og sjå på turen.
På drikkestasjonen midtvegs. Det er berre å gi seg avgarde.
Rett fram trur eg mesta det er sjølve Grønfjellet du ser.
Rett bak stasjonen ligg Kjerringnebba, som og var Stikk ut-post.
Som nemnt var det fint ver. Heldigvis ikkje for varmt, men med eit varsel på opp mot 8 grader, var spørsmålet korleis ein kler seg for turen. Eg endte opp med ulltrøye, tjukk fleecejakke og tynn utanpåjakke ovantil og ei tynn turbukse under skibuksa nedantil. Utanpåjakka vart tatt av ganske fort, for den var det for varmt til. Likeså gjekk lua og vottane av etter kvart og, og eg vurderte om eg skulle ta av buksa. Då eg kom opp til drikkestasjonen, merka eg at det var lågare temperatur der, og fleecejakka, som var opa, måtte lukkast, for det var litt smogen trekk. Og slik gjekk eg resten av turen.

Når ein ser Sunndalsfjella, veit ein at turen snart vil gå i nedoverbakke.

Ein liten sjølvi høyrer med :)




Når ein begynner å sjå fjella i Sunndalen og Sunndalsfjorden, skjønnar ein at ein skal snart starte på nedfarten frå Raudsandvatnet til Raudsand Samfunnshus. Då er det att rundt 4 km å gå, og nedfarten var litt hard til beina. Då var det godt å finne benkar utplassert for å ta ein pust i bakken. Traséen er nemleg stien som går opp til gapahuken, og er fin å bruke sommarstid og.
Langt nedi dukka det opp eit skilt om at det var att 2 km, og mesteparten av løypa gjekk bortover. Då vi såg samfunnshuset, vart nok både Prins og eg veldig glade. Han hadde hatt ein super tur som kompanjong -  verdas beste turkamerat sviktar aldri!


Då går det nedover.
Grønnfjellrennet er absolutt eit turrenn eg vil framsnakke og gjerne gå igjen! Sjølv om det er 17 km langt, kan ungar gjerne gå, for terrenget er stort sett så lett at ein knappast merkar at ein går kilometer etter kilometer. Så får vi berre håpe at det blir nok snø neste år til å arrangere rennet for 49. gong.

Kvikk Lunsj-bilde høyrer med :)

Den beste turkamerat ein kan ønske seg - Prins <3 

søndag 26. februar 2017

Med atterhald om vér og føre - filosofi på ein søndag

Denne veka fylte kong Harald 80 år, men som kjent, er feiringa utsett til i mai. Kong Harald og svigerfar min var fødd same veka. Det trur eg svigerfar eigentleg var litt stolt av. 


I dag såg eg berre konturane av svigerfar si grav i snøen.
Så derfor hadde eg tenkt i dag å gå på grava hans og markere 80-årsdagen hans.
No er jo saka slik at det har kome ganske mykje snø her dei siste dagane, så sjølv om det vart mildvér i dag, er det fortsatt bra med snø. Eg begynte å tenke på det då hunden min, Prins, og eg sparka bortover langs vegen (ja, vi var på sparketur!). Kanskje det ikkje var liv laga for lystenning likevel til han svigerfar?

Kanskje eg rett og slett måtte sette atterhald om vér og føre for å markere dagen hans? I min familie er ikkje det så uvanlig praksis, men dette er trass alt svigerfar!

Det minte meg på ei historie som er mesta tretti år gamal, og eg fekk ho fortalt av venner av meg som hadde sett notisen i Dagbladet -  av alle plassar! Ho Oleanna i Eikesdal skulle feire 100 års dagen sin, og på den tida budde ho på trygdeheimen i nabobygda, i Eresfjord. Dagen skulle etter plana feirast på grendahuset i heimbygda, men når dagen fell litt uti mars, kan vér og føre vere høgst uvisst - særleg når ein skal fare langs Eikesdalsvegen med alle sine rasutsette stader. Derfor sette familien i notisen i avisa noko slikt som: 100-årsfeiring av Oleanna Sæter på Eikesdal Grendahus - atterhald om vér og føre.

Det var kanskje ikkje så rart at Dagbladet fatta interesse for den notisen... Vanlegvis vil ein vel sette atterhald om at jubilanten lever, men vér og føre?

Jaja, så det gjekk eg altså og tenkte på i dag då eg fann ut at eg ikkje var så interessert i å vee til knes i snø bort til svigerfar si grav. Svigerfar tilgjev meg nok heilt sikkert - fordi eg tenkte trass alt på han. Det var kanskje meir enn han ville ha rekna med.
Iallfall veit eg at han ville syntes det var heilt greit at eg gjorde litt humor ut av dette.

søndag 19. februar 2017

Turblogg: Om du berre skal gå ein skitur...

... så bør du gjere den turen eg gjorde: Laurdagskveld med fullmåne og rundt 10 kuldegrader. Gnistrande skiføre og mange folk i løypa. 


Det var lys både innomdørs og utomdørs på Gjevillvasshytta då vi kom fram om kvelden.
I januar inviterte turistforeiningshytta i Gjevillvassdalen i Oppdal til fullmånetur, og eg tenkte det hadde vore artig å bli med på. Det høvde seg ikkje slik då, men då eg fann ut at neste fullmånetur skulle vere ein laurdagskveld, tenkte eg at det måtte eg absolutt få til. Og som tenkt, så gjort!
Eg hadde alliert meg med turvenninna mi, Anne Grete, som eg var på fleire fine turar i lag med sist haust. Ho er atskillig meir skivant enn eg.

Vi starta avgårde laurdags ettermiddag frå Sunndal, og då vi kom på parkeringa i Osen i rundt kl. 19 i den enden av vatnet som er nærast Oppdal, viste gradstokken i bilen -15 grader. Det var allereie mange bilar på parkeringa, og ut frå kor mange som tok oss att i skiløypa, kom det endå fleire bilar etter kvart.
Vegen innover til Gjevillvasshytta er slakk og lett å gå. På skiltet stod det 8,8 km i Osen, men på eit anna skilt seinare, stod det 9,5 km, så ein plass mellom 8,8 og 9,5 km er det.

Avstandsskiltet som står i Osen.
Litt seinare fann vi dette skiltet, så det er ikkje heilt lett å bli klok på kor langt det er i frå Osen til Gjevillvasshytta.

"Ta langrennsskia, du kan jo mesta stake innover heile vegen," sa ein kollega av meg... Hei, vent litt. Her må vi bryte ned informasjonen litt...
For det første: Langrennsskia. Det la eg ganske fort merke til på turen innover til Gjevillvasshytta: Det er ganske mykje av farta som kjem av bra utstyr... og det var ganske mange som hadde betre gli enn meg. Faktisk har eg inntrykk av at absolutt alle hadde betre gli enn meg... Fordi eg har smørefrie ski, og på ein gnistrande vinterkveld glir ikkje dei spesielt fort.
For det andre: Stake heile vegen. Vel har eg mesta heilt nye stavar, men stake 9 km? Nei, så sterke musklar i armane har eg ikkje, og særleg ikkje når skia ikkje glir så lett heller.
For det tredje: Korleis står det eigentleg til med skiforma mi? For når alt kjem til alt, hadde eg faktisk aldri gått så langt på ein skitur før... Men det er ganske mykje som kan gjerast med sta vilje!

Så vi staka og kava oss altså innover, og sjølv om det var ganske mange som tok oss att og for forbi, hadde iallfall eg ein suveren tur. Då vi kom fram til hytta i mellom kl. 20.30 og 21 ein gong, var eg mektig sliten, men gledde meg over varmt hus og nydeleg måneskinn. Månen skein over over på høgresida vår då vi gjekk innover, og då måtte vi bruke hovudlykta.
På Gjevillvasshytta var det mykje folk og godt traktement. Eg fann ut eg trong toddy innanbords, og etter å ha gått den lange turen i rundt 10 kuldegrader, var det godt å få varma meg på toddy. No var faktisk desse kuldegradane mesta umerkelege.

Litt å styrke meg  på før returen tilbake.

Så kjekt å endeleg komme meg innover til Gjevillvasshytta for første gong.

Eg hadde nemleg kledd på meg nokre lag ull. To lag under buksa og eit lag + fleece under dunjakka. Etter å ha gått meg varm, måtte eg ta av meg fleecejakka, så då heldt ullskjorta og dunjakka i lange banar resten av kvelden.

Då vi tok laust på heimveg litt utpå kvelden, var det ikkje nødvendig å tenne på hovudlykta - månen tok seg av den jobben absolutt - kva skal eg seie: strålande :) Det flaug eit fly over himmelen, og månen lyste opp flystripa, som vi såg seig avgarde i stor fart.

Tenk å kunne sjå flystripa segle bortetter himmelen :)

Eg veit eg ikkje hadde noko stor fart iallfall - vi brukte rundt 1 1/2 time kvar veg. Men eg hadde ei utruleg flott naturoppleving! Og eg hadde ein utruleg fin trimtur. Nokon vil kanskje seie at prisane på hytta er stive - 30 kr for bakverk og 35 kr for drikke. Men pengane går til ein ideell organisasjon, altså Turistforeininga, og det å ha skispora oppkøyrte inn til hytta, er ei stor glede for alle som nyttar seg av dei. Då vi gjekk innover, var det vel truleg 2-300 andre menneske - eldre og yngre - som gjorde det same. Alle som gjekk denne turen, fekk ein god porsjon folkehelse - og ei like fin oppleving som eg fekk.

Kva lærte eg så av turen?
For det første: Legg ikkje ut på langtur utan trening! Eg var heldigvis i stand til å gå desse to mila på ski, vel å merke med ei pause i mellom, men eg kjende det røynde hardt på.
For det andre: Sekken eg klaga mi naud over i haust, har ikkje blitt noko likare i løpet av vinteren. Hugs det til neste dagstur! På tide å få kjøpt seg ein skikkeleg dagstursekk.
For det tredje: Viss eg skal gå på fleire slike litt lange turar, vil det bli utruleg trådt å fortsette å gå på dei smørefrie skia mine... Då må eg bli meir kvalitetsbevisst med utstyret enn eg har vore tidlegare.
For det fjerde: For eit utruleg flott område som er tilgjengeleg i ganske umiddelbar nærleik - eg hadde aldri vore i Gjevillvassdalen før, men dit skal eg sanneleg tilbake, og då skal ungane og vere med og gå innover til hytta.

Langt borte der ligg Osen, kor vi parkerte, men vi har fortsatt nokre kilometer å gå i endelaust måneskinn.


Etiketter