Totalt antall sidevisninger

onsdag 20. mars 2019

For ei lykke! No tar sola overhand!

"For eit kav det har vore i vinter, det er godt at det stunder mot vår", står det i "Har du haurt" frå "Lady Arbuthnott". Men i dag er natt og dag like lange, og no vil sola ta overhand!

Desse bilda var tatt tidlegare i vinter. Det er snø her no.



Vårjamndøgn, som betyr at natt og dag er ganske like lange, kan komme på 19., 20. eller 21. mars. For nerdar som meg er det artig å vite at den dagen har gitt presedens, altså avgjerande betyding i all ettertid, for når tid påska vart stadfesta. Og hadde vårjamndøgn denne gongen komme 21. mars, hadde det vel vore påske til helga. I staden må vi vente ei stund til... Men det var ikkje det eg skulle skrive om.
Det viktige for meg er at i dei kommande månadane vil det vere meir dag enn natt, og kanskje meir sol enn regn. For det har vore eit kav i vinter...
Denne veka er det skodespelar Linn Skåber som har andakten i radioen. Ho snakkar heilt enkelt om dei viktige ting i livet - om korleis vi er mot kvarandre, korleis vi må hugse å stille opp for kvarandre. Om einsemd og nestekjærleik.
I dag snakka ho om kor viktig det er å ha ein avtale. Det er ikkje alltid ein treng hjelp til noko bestemt, men ein treng det å ha ein avtale som fortel at nokon kjem på besøk. På måndag snakka ho om det å vere nabokjerring - at ein stilte spørsmål om det var nokon i gangen i blokka ein ikkje hadde sett på ei stund. Det er sjølvsagt ikkje ord til frelse det ho tilbyr, men det er gode ord for dagen som gir påminning om dei små, men viktige tinga.

Når eg vel å fortelje dette, er det kanskje mest for å minne meg sjølv på at eg kom meg gjennom vinteren. Då eg skreiv noko om at det hadde vore den verste vinteren nokon gong på Facebook soldagen (4. februar på huset mitt), var det fleire som kommenterte at vinteren i Sunndal blir vanskelegare og vanskelegare.
Akkurat det gjorde det godt å få støtte på. Eg tenkte kanskje dei innfødde frå dalen hadde vent seg til mørketida gjennom mange år. Sjølv sa eg vel allereie etter første vinteren her i dalen at mørketida i Tromsø var som ein sommardag i forskjell...

Men no har eg altså velt å gi all mi glede til denne dagen - den internasjonale dagen for lykke - og altså vårjamndøgn! No håpar eg alle kan glede seg saman med sola - no er det ho og lyset som skal ta overhand i nokre månadar framover.
No legg eg dei tunge månadane som har prega vinteren bak meg og begynner å sjå framover. Litt og litt, skritt for skritt.

søndag 17. mars 2019

Turblogg: Ei oppleving av dei sjeldne!

Eg tenkte eg skulle gjere eit intervju med den dyktige naturfotografen Oddvar Olafsen, gjerne mens vi gjekk ein tur. Eg fekk ei turoppleving av dei sjeldne!


Vi avtalte å starte tidleg heimefrå laurdags morgon, og Oddvar plukka meg opp litt over kl. 8 om morgonen. Nokre få kuldegrader på Grøa auka på etter kvart som vi nærma oss Oppdal. Det var meldt rundt -10 grader på Kongsvoll, og då vi kom der rundt kl. 10, skein sola. Her var det berre ein ting å gjere: Å komme seg ut i terrenget!


Kongsvoll 9. mars kl. 10.
Med stor skam å melde: Eg hadde aldri stoppa på Kongsvoll før... Ja, ein gong må vere den første. Og det var no.
Tenke deg: Du stoppar på parkeringa (eller eventuelt jarnbanestasjonen - alle tog stoppar på Kongsvoll!) - og når du kryssar over E6, er du ute i terrenget! Så enkelt og så greit!
Frå Kongsvoll har du mesta all verdas moglegheiter for turar. Det er både sommar- og vintermerka sti til turisthytta Reinheim, i følge ut.no er det 14 km å gå. Frå Reinheim kan du gå straka vegen mot Sunndal (KNT-hytta Åmotdalshytta) eller mot Snøheim og Snøhetta. Vi skal ta retning Stroplsjødalen og Reinheim, men så svinge av mot høgre.
I det vi passerar over brua over Driva, høyrer vi at det klukkar i elva.


Greit å starte turen med ein sjølvie - Oddvar Olafsen og eg :)
Det er fleire aktørar på strekninga Oppdal - Dombås som tilbyr moskussafari, også frå Kongsvoll Fjellstue. Dei varer 4-7 timar og kostar 4-500 kr per vaksen, men går for det meste i sommarmånadane.
Men - du treng ikkje bruke så mykje pengar på det, sjølvsagt avhengig av kor informert om moskusen sitt liv og lagnad du vil vere. Det er nemleg laga til ein eigen moskussti som kvar og ein kan følge for eigen risiko. Her får du guiding av skilta innover i terrenget.
Eg hadde invitasjon frå Oddvar om å bli med på privat moskussafari. Han elskar å ta bilde av moskusen - uansett årstid. Og denne dagen var håpet hans at det skulle vere eit lett drag av snø i moskuspelsen.

Her startar moskusløypa. Følg merking.
Men korleis tar ein seg innover i terrenget ein vinterdag? Jau, no var det endeleg dags for å få prøve meg på truger - det hadde eg aldri gjort før, så det gledde eg meg på.
Oddvar er ein mann med mykje utstyr, så han hadde sagt frå på førehand at han skulle ta med broddar, stavar og truger til meg. Med andre ord: Alt var i dei beste hendene. Trugene var av ganske god kvalitet - prisklasse rundt 1500 kr. Viss ein skal ha trugar for å gå ein del turar, er det nok like greit å investere i kvalitet. "Du får det du betalar for", seier Oddvar. Sjølv har han noko dyrare truger.
Jaudå, så etter å ha passert under jarnbanebrua og opp ein liten bakke, er det klart for å ta på oss trugene. Litt hjelp for å skjønne korleis dei festast, men så er det berre å stabbe seg avgarde. Eg føler meg som ein unge som har fått på seg sko for første gong...
Det funkar heilt greit å gå, litt tungt, men greit. Vagt begynner eg å minnast siste turen med fjellskia i fjor - den som gjekk innover Geitådalen...Fekk litt same tunge følelsen... Eg har ikkje tatt av fellene enno... 
(Du kan lese meir om den turen her).


Kongsvoll ligg på 900 m.o.h., og vi skal opp på 12-1300 meters høgd. Slakk og fin stigning oppover - ikkje nokon veldig bratt motstand. Som sagt var det rundt 10 kuldegrader, knappast eit vinddrag og sol frå blå, blå himmel. Vi må finne ut kor mykje eller lite klede vi skal ha på oss mens vi går. Dunjakka går av først, og eg går med ullskjorte og ei god fleecejakke eg har. På beina er det stillongs og den nye og solide vinterbuksa mi. 
Etter ei stund finn eg ut at eg må bytte: Av med fleecejakka og på med dunjakka. Etter kvart som vi kjem oppover, kjem det ein litt kald trekk sigande, eller skal eg seie smygande, for han var mesta umerkeleg. På att med fleecejakka og. Ikkje lett å bli klok på kva som er for mykje eller for lite.




Allereie her har Oddvar fått auge på to moskus oppe på haugen til høgre. I tillegg har han lagt merke til at det er to menneske der oppe og. Vi ser spor i snøen etter andre som har gått føre oss. Det går greit med trugene; det er ikkje for mykje snø, og det er heller ikkje for lite snø.


Her går vegen rett fram gjennom Stroplsjødalen mot Reinheim, men vi tar til venstre.

Så begynner Rondane å stige fram.




Etter kvart som vi kjem høgare og terrenget blir meir goldt, stig meir og meir av Rondanes fjellrekker fram.
Etter ei stund må vi ha mat. Nista smakar suverent godt i kulda. Det begynner å bli nokre timar sidan vi drog frå Sunndalen, og vi har allereie gått eit par-tre kilometer. Maten fortærast mest i stillheit mens vi skodar på fjella i rundt og grunnar på kor mange moskus vi skal sjå i dag.


Mens vi satt og åt, sat vi og fulgte med dei to menneska som var ikkje så veldig langt frå dei to moskusane. Vi gjekk i den retninga dei var - vi skulle trass alt sjå på moskus. 
Dei to karane viste seg å vere frå Nederland, og dei var ute i same ærend som oss, om enn i ei litt meir ekstremutgåve - teltovernatting i ei veke i fjellheimen!
Vi tok av trugene ved steinen der dei stod, og slo av ein prat med dei. I og med at eg tok bilde av dei til avisa og, fekk eg namna deira, og info om sosiale media blei utveksla. Nye venner på Facebook og følgarar på Instagram er alltid kjekt :)


Truger, broddar og stavar var dagens turutstyr.
Dei to moskusane gjekk fredeleg og beita, og dei let seg ikkje affisere av at det var skodelystne turistar rundt dei. Det er no mest som eit under at det er nok mat til dei i området der. 







Oddvar (.v.), Niels og Gertjan i ein god samtale om til dømes kamera :)
Småe menn i stort landskap.
Der borte er Grønbakken, kor eg gjekk i frå i fjor til Snøheim. Det finn du meir om i dette blogginnlegget.
Etter å ha snakka ei lita stund med våre to nye nederlandske venner og beskua moskusane på høveleg avstand, er Oddvar rastlaus og vil vidare. Han har vore fleire gonger i området tidlegare i vinter, og veit at det pleier å stå moskus lenger inne i fjellet. Vi må vidare, og seier "ha det" til både karane og moskusane.
På vegen møter vi på skilting som ser ut som på bildet under. Vi er på rett veg - dette er merkinga for moskusruta.


4 km var det å gå frå parkeringa til dette skiltet. Enno har vi i eit stykke att å gå.

Fotosession :)
Der Oddvar har sett moskus tidlegare i vinter, ser han at flokken står og ventar på oss. Han teller opp 18 moskus på god avstand. Orkar eg å gå heilt bort dit? Jau, klart eg gjer!
Inne ved området kor dei er, heiter det Høgsnyta, og vi er på 12-1300 meters høgd.


Artig å sitte og betrakte den prektige flokken av dyr på god avstand. Vi går utover denne kammendu ser for å sjå dei litt nærare. Men det er viktig å understreke at du må halde god avstand! Viss moskusen begynner å komme mot deg, har du ikkje mykje å stille opp med... 


Ein skikkeleg hustrig sjølvie :)
Moskusen hadde ikkje snø i pelsen, men Oddvar var fornøgd med fotomoglegheita.
Også i dette området ser vi andre folk. Dei er frå Sveits, og var ei vekes tid på Dovre for å studere moskusane. Etter å ha tatt dei bilda vi ville, snudde vi og begynte på tilbakevegen. Det er lettare å gå ned enn opp...pussig det der...
Vi møtte att Niels og Gertjan der vi møtte dei på oppovertur. Moskusane hadde gått sin eigen veg, men på nedoverturen såg vi mange spor etter dyra og moskusbæsj.
På oppoverturen spurte eg Oddvar om kor mykje snø det var mogleg å gå på truger i - når blir det for mykje snø... På nedovertur hamna vi inn i skogen... og der var det mykje snø... Så eg fann iallfall ut kor mykje snø det var for at eg skulle synes det var for mykje til å gå med truger... Eg gjekk, ramla, reiste meg opp att, gjekk, ramla, reiste meg opp att... 
Eg var utruleg sliten då vi kom ned att til bilen. Men det blei gått rundt 15 km totalt, det var friskt og godt, og gjorde godt for heile meg :)
No kan du kikke litt meir på bildene under her, så kjem det nok vonleg ein ny turblogg om ikkje for lenge. No går det mot lysare tider og litt meir turaktivitet :) 







søndag 20. januar 2019

Turblogg: No er skisesongen begynt!

                     På tide å børste støv av bloggen - skisesongen er i gong! 


Litt ungdommeleg initiativ gjorde at vi kom oss ut i skiløypa i dag. Mens junior ikkje higa så sterkt etter skitur, var vi på damesida litt meir interesserte.
For første gong på veldig lenge, kjentest det ut som at det var eg som var eigar av tida mi - det var ikkje noko lærararbeid som hasta eller avisarbeid som skulle gjerast - og det kjentest veldig befriande.
Det var eg som bestemte kor vi skulle, og sidan vi aldri hadde vore i Storlidalen i Oppdal før, vart det dagens turmål. Ein viktig grunn til det, var at det skulle vere sol der... Jaja, så feil kan ein ta - sola har ikkje kome attende der enno i år... Så viss det er sola du leitar etter - ikkje dra til Storlidalen i januar...


Vi parkerte ved Storli gard (det kostar 50 kr - kan vippsast eller betalast kontant), for der startar skiløypa innover dalen i retning Tovatna. Først slakt og fint, men etter kvart litt meir oppoverbakkar. Det hadde kome ganske mykje snø i Storlidalen siste dagane, og i går (laurdag) vart det trakka opp spor i den sentrale delen av dalen og innover til Tovatna. Ser på Facebook no at dei har trakka ganske mykje spor i rundt dalen i dag. Om du vil halde deg orientert, kan du like sida til Storli gard.


På yr.no stod det at temperaturen skulle vere rundt -10 grader i dag... Etter kvart som vi nærma oss Storlidalen, kraup målaren lenger og lenger ned på bilen vår. -18 grader stod det då vi kom fram til parkeringa der...Og vi hadde ikkje tenkt tanken at det kunne bli så kaldt.
Det var berre å starte opp og gå for å halde varmen.


Dette er jo stien som Turistforeininga driftar sommarstid, og på skiltet visast vegen mot Kårvatn øvst i Todalen og til Innerdalen i Sunndal. Storlidalen er jo super fordi det er mange moglegheiter for lange, gode turar i Trollheimen - anten du vil fortsette mot Gjevilvasshytta, Innerdalen eller Todalen.
Turen inn til trimposten ved Tovatna, tippar eg (basert på kartlesing) er rundt 5 km. Det er to vegar ein kan gå, så vi tok den øvste innover og motsatt tilbake igjen. Tida vi brukte, er vel ikkje all verda å skryte av, men vi er enkle fotfolk på tur med smørefrie, treige ski. Forresten må eg nemne at Aleks har nye ski denne veka - felleski, må vite. Mor er i gang med å finne ut korleis ein kan ha best mogleg utbytte av skia...
Inne ved snuplassen ordna vi oss litt plass så vi kunne sette oss og ete nista. Det skal godt gjerast i -18 å ete utan vottar... Og stakkars hunden hutra av frost.






Det var rett og slett ikkje vanskeleg å trivast i slikt vakkert landskap. Eg satsar på at vi drar fleire turar dit i vinter. Storli gard er nemleg open med kaffiservering på søndagane. Det kan vere ein fin måte å avslutte turen på.
Blant anna på grunn av eit fall eg hadde, vart iallfall eg isepine kald, og då vi kom til bilen, var det varme i setet det einaste eg lengta etter.
Det gjorde godt i både kropp og sjel å kome seg ut og gå på ski. Hovudet har vore nedsylta i alt for tunge tankar den siste månaden, og det gjorde så godt å komme meg ut og tenke på noko heilt anna og kjenne at den friske lufta gjorde meg godt.
Overgangen frå jul til det nye året er generelt sett ei ganske dårleg tid for meg - det skjer det same kvart år, og eg sig ned i ei dryg form for sjølvmedliding. Når eg endeleg ser at det har blitt lysare dagar og at sola er på tur å komme, blir det meste bedre. No driv eg nedtelling til sola kjem på huset mitt 4. februar :) Det er rart kor mykje sola og lyset har å seie for eiga oppleving av seg sjølv.
Så om du slit med mange tunge tankar og spinn i eige gørr - då er mi oppfordring at du må komme deg ut og kjenne frisk luft i nasen. Det gir ei ubetaleg sjelebot <3


lørdag 20. oktober 2018

Turblogg: Hausten i Innerdalen - magi i verdsklasse!

I haustferien i forrige veke rakk eg meg og opp i vakraste Innerdalen ein tur - hausten i Innerdalen er magi i verdsklasse! Sjå bildeserien frå turen, og gjer deg opp di eiga meining!


"Jeg er så glad jeg lever i en verden der det fins oktober" 
(Lucy Maud Montgomery) <3 

Det er få gjeremål som kan måle seg mot det å ta seg ein tur til Innerdalen. Arne Næss senior skal ha sagt at det er vakraste dal i Noreg per kubikkmeter - visstnok.
Eg har faktisk tenkt lenge på at eg skulle skrive noko meir om Innerdalen her på bloggen, men tenkte eg skulle kombinere det med å fortelje om ein tur der. Jau, det har eg for så vidt gjort - det kan du lese om i dette innlegget. Men iallfall vart det ikkje noko anna tur i rundt Innerdalen, men no tenker eg at dette innlegget gjer nytta! 


Ein går i pakt med fjella og naturen oppover dei 3,5 - 4 km til Innerdalen. På bildet over ser ein Skarfjellet frå parkeringa i Nerdal. På bildet under ser ein Grasdalen med blant anna Dronningkrona og Kongskrona ein plass bak der. Til venstre for dalen ligg Tritindan. I fjor haust kunne eg hamna over til Grasdalen på turen eg fortalte om i dette blogginnlegget, men enn så lenge har eg altså ikkje vore i det området.


Det er alltid inspirerande og energipåfyll å sjå vatn i fri utfalding. Det er så mange elver og så mykje vatn tilgjengeleg i Innerdalen. Denne elva har, ut frå slik eg las kartet, sitt utspring i eit lite tjern oppe på 1000 meters høgd. For meg er denne elva fast fyllestasjonen på flaska på veg opp i dalen.


"Så vakkert bladene eldes. Så fulle av lys og farge er deres siste dager"
(John Burroughs).


"Høsten går over jorden og alt er for lengst for sent og for tidlig" 
(Erling Christie).


Etter å ha gå gått oppover og oppover i eit par-tre kilometer, kjem ein til eit punkt kor det å snu ikkje er eit alternativ. Ein grunn til det er den flotte utsikta ein blir møtt med. Ein annan grunn er at ein kan sette seg ned der og kvile, og den siste, men beste grunnen er at det begynner å gå slakt nedover den siste kilometeren bortover til Renndølsetra. Og når du har komme ned bakken, kjem du til Innerdalsvatnet. Rein idyll ventar :)

Sjå korleis det blå feltet til venstre for Innerdalstårnet er speglvendt av fjellet.
Litt portrettfotografering må til :) Sjå på bilda korleis skyene formar ei spegelvending av Innerdalstårnet. Det som var veldig merkeleg, var då eg fotograferte turvenninna mi, Anisa, på hennar telefon. Då var dette himmelrisset heilt identisk med Innerdalstårnet; då gjekk toppen i motsett retning. Det varte berre ei kort, kort stund, så då vi skulle fotografere med min telefon, var det snudd.


"Delige høst! Min sjel er viet til den, og hvis jeg var en fugl, 
ville jeg fly over jorden på jakt etter kommende høster" (George Eliot).


Kanskje vi rett og slett skal sette oss nytt mål for 2019, Anisa? Innerdalstårnet?!
Anisa og eg snakka om det på turen - at skogen er meir gul enn vi kan minnast å ha sett han nokon gong (ja, eg kan jo trekke det i partipolitisk retning...). Kanskje kan det ha noko med den unormalt lange, tørre sommaren å gjere? Før har vel blada vore meir raudlege, men no kjennest det mesta ut som at ein omgir seg med gull!


"Nu farer en høst over Herrens jord" (Knut Hamsun).


"Høsten...Den svale, fine årstid da allting skifter farge og forgår" 
(Knut Hamsun).


Det er høst. Sommeren er forbi, den forsvant like så hurtig 
som den kom; akk hvor den gikk hurtig" (Knut Hamsun).


Renndølsetra med Skarfjellet i bakgrunnen. Til venstre for Skarfjellet ser ein Trolla.
Vi hadde med litt å spise, men måtte ein tur opp til Innerdalshytta for å studere hausten der og. Det er ikkje skikkeleg innerdalstur utan å ha besøkt begge hyttene. No er dei jo stengt for sesongen. Einaste overnattingsmoglegheita no er i låven oppe ved Innerdalshytta. Ein må ha med seg Turistforeiningas universalnøkkel for å bruke hytta.
Dette var jo fredagstur vi hadde, og det var utruleg mange andre og som la turen opp til den vakre dalen. Mange skulle tydeleg vis overnatte - anten i telt eller sikkert oppe på låven. Det var mildt og fint, så eg er sikker på at dei hadde ein kjempeflott tur!

Fluo og Renndøla møtast til slutt i Innerdalsvatnet.

Innerdal Turisthytte er kledd i all sin vakraste haustpryd.

Innredalshytta som Kristiansund og Nordmøre Turistforening eig.
Vaflar på Renndølsetra lar det sikle godt i munnen... Men no er det vinterstengt, men ein kan begynne å telje ned til neste sommarsesong. Rundt 20.juni er det vel det opnar att.
Eg var så heldig å få gå turen saman med Anisa - det var ei stund sidan forrige tur, så det var riktig så triveleg. Vi er i gang å "planlegge" neste tursesong :) Då har eg eit stort lønnleg håp om å få med Anisa på overnattingstur til ei hytte.

Ein lett turlunsj utanfor Renndølsetra før vi skulle gå ned att. Til sommaren blir det vaflar der <3


"Hausten er min.
Den sorgtunge bragda vert song i mitt sinn.
Han løyner ein sumar
i frø som fell.
Vonene våre vert blomar"
(Tor Jonsson).


"Skogen finner jeg er skjønnest
i høstgeniets fantasi,
og ikke, når den står som grønnest"
(Bjørnstjerne Bjørnson)


"Straks sommeren er endt, blir løvet tent" (Nils Collett Vogt).


Etiketter