Totalt antall sidevisninger

søndag 13. april 2014

Kake til påske :)

Treng du eit lite innspel på ei kake å bake til påskehelga? I helga har eg baka mi eiga påskekake: Mandelbotn med appelsinfromasj! Påska er verkeleg ikkje god utan appelsinfromasj!



Oppskrifta på mandelbotn er nokså enkel:
200 gram malte mandlar
4 egg
150-200 gram sukker
2 ss kveitemjøl
1 ts bakepulver

Mal mandlane fine med stavmiksar, food processor eller ei kvern. Eg brukte stavmiksar, og då vart det nokre små bitar med mandlar og - eg synes det er godt når det gir litt tyggemotstand.
Pisk eggedosis av egg og sukker, og rør forsiktig inn mandlane, mjølet og bakepulveret.
Eg hadde knapt med egg - berre fem stk, og sidan eg skulle lage fromasj og, piska eg alle saman, og delte røra slik omtrentleg i to. Eg kunne faktisk latt meir gått til fromasjen, for røra hever seg i omnen.
Kaka skal steikast i rund form, ca 22 cm, på nedste rad i ca 50 minutt.
La kaka avkjøle på rist før du breier over ho fromasjen. Det er viktig at kaka er inni forma når du skal leggje fromasjen oppå.

Appelsinfromasj:
6 plater gelatin
1/2 dl kokande vatn
3 egg
6 ss sukker
3 dl kremfløyte
1 appelsin

Legg gelatinen i blaut i kaldt vatn ei lita stund, før du smeltar dei i litt kokande vatn. Pisk eggedosis - viss du gjer det på same måten som eg gjorde, treng du ikkje ha på ekstra sukker, då held det med det som er oppgitt i kakeoppskrifta. Eg endte opp med å ikkje få eggedosisen stiv då eg skulle piske han opp att og lage fromasj, men det gjorde ingen ting. Eg hadde oppi gelatinen i fin stråle i eggedosisen, før eg raspa skalet av appelsinen og kresta ut safta av den og hadde oppi. Eg var redd for at det vart for mykje væske til å få fromasjen stiv, men det gikk "fole" godt! Avslutt med å piske kremfløyta stiv, og bland alt forsiktig saman.
Brei til slutt fromasjen over kaka, og sett det til kjøling ei stund.

Eg er kjempedårleg på å pynte kaker, og hadde ikkje så mykje aktuelt tilgjengeleg å pynte med. Det vart tre oppskorne kiwiar og ein oppskoren raudappelsin. Nokså fargerikt om eg skal seie det sjølv!
Kaka smakte heilt fortreffeleg, og eg gir helgas bakst terningkast 6 :)

Lukke til - og ha ei riktig god og smakfull påske :)


tirsdag 1. april 2014

Kva skal vi med boksesporten?

Det heiter seg at ein ikkje kan bli profet på eigen heimstad. Fredag kveld vart den funksjonshemma idrettsutøvaren Nils Erik Ulset feira av si eiga heimbygd som ein helt.



 Idrettsutøvaren med 24 medaljar, berre fem færre enn Bjørn Dæhlie har, frå Paralympics og VM for funksjonshemma i skiskyting og langrenn, trenar 600 timar i året – det er ein knapp time mindre for dag enn dei topptrente, funksjonsfriske idrettsutøvarane gjer. Med sitt humør, høge moral og mentale styrke er han eit forbilde for svært mange.
Onsdag sist veka: Norges Bokseforbund vart suspendert frå det internasjonale bokseforbundet (AIBA), boksesporten i Noreg er i krise. Herreboksarane får ikkje bruke hjelm i nasjonale konkurransar. Straffa er at alle dei som ikkje har krav på seg til å bruke hjelm, det vil seie kvinneklassa og juniorar, også blir utestengt frå deltaking på den internasjonale boksearenaen.
Den norske «knockoutlova» som gjeld for boksing på norsk jord har regel rett slått boksesporten knock out inntil det kjem ei ny lov frå Høgre/FrP-regjeringa.

Då Cecilia Brækhus boksa VM-kamp for snart to månadar sidan i Københamn, var det mange statusar på facebook som hylla hennar idrettsprestasjon. Eg var ikkje blant dei. Det er sikkert stor grunn til å hylle hennar innsats som idrettskvinne, men boksing appellerer ikkje til meg. Brækhus boksar på internasjonale arenaer, og der er det fritt for hjelm. Forsking viser at boksing kan gi alvorlege skadar på hovudet, mellom anna er det auka sjanse for demens i alderdommen, men det internasjonale bokseforbundet (AIBA) bryr seg opplagt ikkje om slike «bagatellar».
Eg spør meg: Kva skal vi eigentleg med boksesporten? Treng vi han? Må vi ha ein idrett som går ut på å slå laus så hardt og brutalt som mogleg ? Kva tilfører eigentleg boksesporten idretts-Noreg? Mykje har vore sagt og skrive om dei som slår i Guds namn, men er det no meir heilagt å slå i idrettens namn?
Det er ikkje mange år sidan det var innført påbod om å bruke hjelm i internasjonal sykkelsport og i alpint. Mange idrettar har slike reglar som er eit sikkerheitstiltak for utøvarane i idrettar som har stadig større fokus på vinning av tidelar. I ein av verdas farlegaste innandørsidrettar skal det altså ikkje vere slike sikkerheitstiltak i følgje internasjonale reglar. Dei reglane seier AIBA skal og gjelde i Noreg.
Cecilia Brækhus tar inn rundt 2 millionar kroner i sponsorstøtte for sine bokseprestasjonar. Therese Johaug er blant dei best betalte kvinnene i langrennssporten, også ho med millioninntekt gjennom sponsoravtalar.

Då var det andre bollar då Brå brakk staven i ski-VM i Oslo i 1982! For norsk skiidrett var det eit lykketreff at det var akkurat Terje Bogen, sponsorgeneralen, som stod der då Oddvar Brå trengte ein ny stav. Det var den tida då vi endå kjente eit eigarskap til dei norske langrennsutøvarane, då alle fortsatt var nokså likestilte økonomisk.
Det er ikkje akkurat den kjensla eg får når eg ser skiløparen frå Trøndelag som får eit større tosifra millionbeløp for å gå med reklame for Kooperativen på drakta – Kooperativen som alltid har vore litt mitt og litt ditt. No sponsar dei Petter Northug jr med nokså mange millionar for at han skal vere privatpraktiserande skiløpar. Når att på til OL i Sotchi slo feil for skiløparen, er det vel stadig færre som kjenner på dette eigarskapet til den COOP-finansierte Northug jr. Det er fristande å kalle dette for den nye stormannsgalskapen.

Det var og noko heilt anna på Vågbø grendahus fredag kveld. Ein beskjeden kar med tre medaljar kom ruslande inn. Nils Erik Ulset, ein av tidenes beste norske idrettsutøvarar innanfor idrett for funksjonshemma, har onkelen si bedrift, Tingvoll Interiør, som hovudsponsor – dei bidrar med 15 000 kroner i året! I tillegg til det får han inn nokre kroner frå Olympiatoppen og skiskytterforbundet, men det er knappast nok til å halde karriera i vater. Med enormt pågangsmot til trass for funksjonshemminga og til trass for manglande inntekter i idretten, står han fram som ein liketil kar med sunne verdiar.
Det var der på grendahuset i den vesle grenda i Tingvoll eg kjente på eigarskapet til ein idrettsutøvar som fremmer idrett på ein sunn og ukommersiell måte. Nils Erik Ulset er ein god representant for den idrettsgreina han representerer. Med få midlar og med oppvekst i ein mikroprikk på verdskartet, har han gjennom idretten besøkt og konkurrert i store delar av verden. Som romsdaling busett på Nordmøre kjente eg at eg kunne eit augeblink dyrke Ulset som den idrettshelten han er – og kjenne at han faktisk er litt min og!

mandag 31. mars 2014

Havrebrød

Sist laurdag hadde Liv Inger Mæle ei oppskrift på brød med havregryn i spalta si i Aura Avis. Dei har eg bakt i dag :)




Oppskrifta er som følgjer:

1 l skumma melk
1 pk gjær
3 ss soyaolje (rapsolje funkar like bra)
3 ss (mørk) sirup
1 ts salt
400 g (store) havregryn
400 g fin eller grov sammalt kveite
(avhengig av kor grovt du vil ha brødet)
400 g kveitemjøl
havregryn oppå

Varm opp mjølka til fingervarm temperatur. Viss du brukar fersk gjær, blandar du den med mjølka. Viss du brukar tørrgjær, blandar du det i mjølet. Ha i olje, sirup, salt og havregryn i kasserollen, og la havregryna bli litt mjukare.
Ha alt samla i ei bakebolle og rør godt saman deigen. Viss ein brukar maskin, skal 4 minutt på halv styrke vere passe. Dekk deigen til og hev han i minimum 45 minutt.
Del deigen i to stykkar og bak ut brøda og ha i kvar si form. Hev dei i minimum ein halvtime. Pensle med vatn, mjølk eller anna (eg brukte nøytral yoghurt), og strø med havregryn på toppen  før dei blir steika nedst i omnen på 190-200 grader i ca 45-50 minutt. Husk bakepapir i forma.
Liv Inger Mæle skriv at det er ein hovudregel at ein ventar til neste dag når brøda er heilt avkjølt med å skjære i dei... det gjekk bra om dei berre hatt stått i ein times tid og avkjølt seg og, men blir heilt sikkert saftigare om ein ventar til neste dag.

Lykke til :)

lørdag 29. mars 2014

Natta vi delte



Natta vi delte
var kald og klår
Stjernene lyste
- natta var vår
Ei kjensle av nærleik
på ein farbar veg
- eit endelaust rom
med varsomme steg

Dagen vi delte
 fylt av liv og lått
- ei kjensle av lykke 
og at vi hadde det godt
Bortanfor var verda
origo var vi
For oss var det
sentrum og periferi

Natta vi delte
var vårt Tir N'a Noir
Eit unikt paradis
medan timane glir
I denne galaksa var  
det berre oss
ein robåt på himmelen
kor vi kasta loss

Natta var di
natta var mi
Himmelen var klår
tida var vår
Veker, timar og minutt
- heilt til du ein dag
gjorde det slutt
I hjartet mitt
nynner ein fin melodi
om den natta som var 
di og mi


søndag 23. mars 2014

Eit vondt barndomsminne

Historia denne veka om Karoline med psykisk utviklingshemming som ikkje fekk vere med på klassetur til Gran Canaria, tok meg over 30 år tilbake i tid.




Ein liten fådelt skule. Fire lærarar. Sju elevar i ungdomsskulen. Ni elevar i barneskulen. Ei lita jente på ni år åleine i tredje klasse.

I barneskulen heldt dei på med eit opplegg som handla om brevutveksling mellom ungar i Noreg og ungar i Afrika. Dei norske ungane heldt til i rundt Hamar-kanten. Eine læraren på skulen kom og frå Hamar-kanten. På den måten dukka ideen opp om å dra på klasse-/skuletur til Hamar opp. Alle i barneskulen var med på opplegget, og då skulle vel alle vere med på turen og?
Planlegginga av turen kom i gang, og det var mykje som skulle opplevast. Både domkyrkjeodden på Hamar og Skogbruksmuseet i Elverum skulle visst besøkast - blant anna.

Skuletimane gjekk, dagane og vekene gjekk, men den vesle jenta i 3.klasse skjønte etter kvart at det var noko som ikkje stemte. Ho var ikkje inkludert i turplanane. Det viste seg at turen var for dei i 4., 5. og 6.klasse, og det til trass for at den vesle jenta var med på undervisningsopplegget.
Sørgmodig måtte ho sjå at søstera drog på tur medan ho sjølv måtte vere heime.

"Det var jo uansett ikkje plass til meg i ein av bilane," tenkte jenta om hamarturen ho ikkje fekk vere med på. "Kanskje eg var for lita," tenkte ho og. Men uansett fekk ho aldri nokon forklaring på kvifor ho ikkje fekk vere med på den turen - ho hadde jo så lyst. Var det verkeleg berre ho som ikkje skulle på skuletur den våren?
For i samme tida dukka det og opp at elevane i 7., 8. og 9.klasse skulle vekk på ein todagarstur til Oppdal. Ikkje så langt, men uansett: tur. Sørgmodig stod den vesle niåringen  og såg på at broren og drog avgarde på klassetur.

I ettertid er det lett å tenke at lærarane kanskje var offer for eit system - eit system eller ei handling dei ikkje skjønte konsekvensen av.  Det er og lett å sjå at det var heilt feil det dei gjorde. At ein ikkje ekskluderer ungar i eit system der alle skal vere inkludert.

Den vesle jenta var eg. Eg ber ikkje lenger nag til lærarane - dei visste nok ikkje kva gale dei gjorde. Oppstanden rundt turen Karoline ikkje fekk vere med på, har aktualisert det å inkludere alle i skulen. Historia om Karoline brakte meg 32 år tilbake i tid. Minnet om den gongen eg var den einaste eleven på skulen som ikkje fekk på skuletur, er eit vondt minne - og eg fortel denne historia for å vise at Karoline si historie dessverre ikkje er unik.

torsdag 13. mars 2014

Hei, så kjekt å sjå deg...

Kvar gong eg ser sjefen min, seier eg "hei, så kjekt å sjå deg på jobb" til ho, og vonar ho synes det er hyggeleg å høyre.



Og vonar at ho ikkje stiller det spørsmålet som vi menneske som oftast gjer: Meiner ho det verkeleg?
Det er ikkje så unaturleg at ein vil tenke det. Vi nordboarar er ikkje så van med å handtere hyggelege komplement, og treng å trene oss på det.
Eg har tenkt på kva som skjer når eg seier "hyggeleg å sjå deg!" I kommunikasjonsteorien snakkar vi om sendar - bodskap - mottakar. Sendaren (eg) seier bodskapen "hei, så fint å sjå deg" til mottakaren (sjefen min). Ein ting er kva sendaren formidlar, noko anna er jo korleis mottakaren oppfattar bodskapen.
Det er mulegvis ikkje mitt ansvar korleis mottakaren oppfattar det. Så lenge det er hyggeleg meint når eg seier det, så er det opp til mottakaren å bestemme seg for korleis bodskapen oppfattast.

Eg kan illustrere det med to sjølvopplevde historier.
Den første historia fann stad for ca 25 år sidan, då eg gjekk på gymnaset i Molde. Eg hadde sett dag etter dag på dei trufaste reinhaldarane på skulen. Ein dag eg gjekk forbi ho eine, ho skulle sikkert bli pensjonist snart, for ho var kvitleg i håret. Det vart sagt litt platt og plumpt frå meg: "Signe arbeidet!" Då stråla ho opp, tok etter meg og sa dei orda eg hittil ikkje har gløymt: "Åh tusen takk, du er den første som har sagt det på 30 år!"

Den andre historia er frå no i haust. Eg var på eit møte i partisamanheng, og hadde tatt på meg arbeidet med å registrere dei som kom. Det datt ein tanke ned i hovudet om at eg skulle handhelse på kvar enkelt. Det sette sjølvsagt deltakarane pris på, og før kvelden var omme, hadde eg handhelsa på alle dei omlag sytti menneska som var der. Då gjekk det opp for meg at det ikkje var berre dei som sette pris på det - det kjentes veldig godt å gjere det for meg sjølv og, og eg bestemte meg for at den jobben tek eg på meg på årsmøtet til helga og.

Dei to historiene er for meg sjølve bileta på kor viktig det er med den vesle frasa "hei, så kjekt å sjå deg!" Nokre gonger meiner ein det kanskje ikkje så veldig når ein seier det, men det er noko med at ein blir det ein fyller seg med. Fyller du deg med grums, blir det jo dette grums og, medan om ein fyller seg med ting som er godt, så vil denne fråsegna og vere god. Og eg kjenner sjølv at eg blir glad sjølv av å seie at det er hyggeleg å møte den eg pratar med!

Denne veka hadde vi kurs på arbeid, og kurshaldaren introduserte "5-1-regelen". Den går ut på at for kvar negative sanksjon/melding du gir, skal du komme med fem positive fråsegn. Døme: Du må sitje stille!  Åh, så flink du er å sitje stille! Kor hyggeleg vi har det her no... (+ tre til). Eg prøvde den på junior i dag ved middagsbordet. På den fjerde fråsegna putta han fingrane i øyra, og nekta å høyre meir...

Det hjelper på det meste det å vere positiv! Gode tankar og gode ord sprer glede på vår jord :)

lørdag 8. mars 2014

Eit bilete av livet



Vakre Mille snakka ofte
om det eg kunne sjå.
Ikkje alt var slik ho sa det,
for det var utanpå.
Men inni var det kaos,
- eit mørkt og dystert rom
Frå Milles triste stemme,
kom det ut eit stille ljom.

For Mille levde livet, 
men var slettes ikkje fri
Og av tråden som vart renning,
vart det vevd eit skilderi.
Det ga eit bilete av livet
slik Mille ønskte at det var
- men skilderiet i frå livet
bringer ikkje alle svar.

Milles liv var blitt til fargar
- både kvitt og svart og grått.
I eit bilete av livet 
vises både stort og smått 
- På golvet tennes gloa 
som i farta blussar til,
tar raskt eit tak i veggen,
det er barnets leik med ild.

Og biletet av livet
heng ikkje på veggen lenger no,
for det som var i kvitt og grått,
vart farga raudt av blod.
I oskehaugen ligg restane 
av det som eingong var
For biletet av livet
gir ikkje alltid meining,
og heller ikkje alle svar.

Ut av oskehaugen 
reiser Mille seg opp på ny,
finn ein annan stad i livet
kor ho kan søke ly.
I oskehaugen finn ho
ein bit av det som var,
for i eit bilete av livet,
treng ein både mor og far.

Ingunn

torsdag 6. mars 2014

Siste nytt frå turfronten


Det er no ein gong slik, at om ein går litt høgt ut med kva ein tenker og planlegg og har til målsetting i livet, så gjer ein vel kanskje litt ekstra for å følgje det opp og !


Dette blir min turguide i år!

Derfor går eg litt høgt ut med eit mål eg har sett meg for 2014: Gjennomføre alle dei tretti turane som står omtalt i boka "30 trimturer i Sunndal". No seier somme at nedturen frå Flaggnuten er dryg, så eg får halde opent om eg gjennomfører den, men dei andre turane må eg bestrebe meg på å gå!

For så vidt starta eg i vinterferien, for då var eg fem turar til Knutsliøya, men offisielt starta eg i går, og det er den turen eg bringer glimt frå her!

Gårsdagens turmål var til Skrøu i Falelia. Ein ikkje alt for lang tur, og heller ikkje alt for tung. Postkassa står eit stykke opp i lia på samme stigen som du kan gå vidare over til Innerdalen - men det tek ein god del med timar ekstra. Men slettes ikkje umuleg at eg tek den utfordringa etter kvart. Vi parkerte bortanfor samfunnshuset på Fale, og gjekk det som er gammelstigen oppover.
Det er ein ting eg har lagt meir og meir merke til denne vinteren, og det skuldast jo mykje det at det ikkje har vore snø, men det å gå tur i skogen - det er helse og sjelebot i kvart eit steg! Det er kjekt å traske langs asfaltkledde vegar, men å gå i skogen er noko for seg sjølv! Eineståande! På turen i går kunne vi på nært hald sjå kor langt våren har kommen - kjenne på luktene av tre som knoppar!

Sjå kor langt våren er kommen, og vi enno i starten av mars!

Trea er i gang med knuppe seg !


Mi gode turvenninne Tone!

Turgåing er mesta kjekkast når ein har triveleg lag, og eg var så heldig i går at eg hadde følgje av mi gode (tur)venninne Tone. Ho hadde med kaffe i sekken, og eg hadde med gjærbakst og sjokolade, og så satt vi og nytte utsikta, skravla og hadde ein kjempekjekk piknik - sjølv om sola ikkje akkurat var veldig påtrengjande.

Piknik i høgda! 

Eigentleg er det litt søkt at eg er på tur å bli slik turentusiast, men med det fine veret som har vore sidan i fjor sommar, er det vanskeleg å bli sittjande inne og sjå ut! Derfor prøver eg å snu om på heile mi mentale haldning, og arbeider hardt med å komme meg ut kvar dag! Det er forresten eigentleg ikkje så vanskeleg når ein har hund. Han treng trim og eg treng trim. Hunden vår, Prins, er verdas beste turkamerat!

Verdas beste turkamerat, Prins!

Kor mykje kjekkare turen er i godt selskap!



tirsdag 4. mars 2014

AHHH... Det kitlar...

...i nasen... Det er feitetysdag og den internasjonale pannekakedagen! Og eg kjenner meg lukkeleg :)


Halvgrove pannekaker, bacon, tomatsuppe og heimlaga saft! Det var feitetysdagen sin det!

Fordi det har dufta i huset av heimlaga mat i heile ettermiddag og kveld! Det er faktisk veldig få ting som slår det å kjenne lukta av heimlaga mat i huset! Særleg gjærbakst! Og eg skal på venninnetrimtur i morgon og ha piknik ute i det fri!!! Er det rart eg er lukkeleg ?!

Kva gjorde vi så med feitetysdag og pannekakedagen? Jau, svaret er ganske så enkelt! Vi laga pannekaker - halvgrove - og hadde steikt bacon til! Og i dag valte eg heimlaga tomatsuppe til! Eg er veldig lite begeistra for posesuppe! Men mamma si heimlaga tomatsuppe derimot er noko heilt anna! Og det tar ikkje noko meir tid enn å koke posesuppe! Men smakar altså veldig mykje betre!
Oppskrifta på suppa er omtrentleg slik:

7-8 dl vatn kokast opp
2-3 ss mjøl i litt vatn rørast inn
2 ss tomatpure blandast i saman med
2 grønsakbuljongterningar
Kokast ei lita stund på svak varme
Bland i litt mjølk eller fløyte til slutt saman med ein neve kokt makaroni

I tillegg gjorde eg følgjande for å spisse suppa:
ca 1/4 chili småhakka
1/2 charlottlauk småhakka
1 fedd kvitlauk småhakka
- vart hatt oppi suppa samstundes med makaronien.

Og eg syntes det smakte rimeleg bra - kanskje litt sterkt - medan Ingvild syntes det vart drygt hot!

Sidan eg altså skal på piknik i høgda i morgon, har eg bakt noko eg ikkje har bakt på over eitt år, nemleg det eg kalla for mat i svingen (http://ladyingunn.blogspot.no/2013/01/mat-i-svingane.html). No gler eg meg veldig til turen, praten, baksten og sjokoladen vi skal ete!

Så slik gjekk altså min feitetysdag :)

Mat i svingane - nybaka - klar til piknik ute i det fri i morgon!

mandag 3. mars 2014

Tar du utfordringa???

Så er det over oss igjen! Dagar og veker kor vi skal dekorere facebookveggen vår med det eine og det andre! Er det ikkje bilete av bartar, farga på bhen eller kor du vil fare på ferie, så er det hjarte! Og alt i det skjønne formål: Vise at ein har solidaritet med dei som har fått kreft! Spesielt oss damer som er ramma!



HALLO FOLKENS! Vakn opp! Slike små symbol i seg sjølv er ikkje nok til å skape merksemd rundt kreftsaka! Eg vågar denne påstanden: Ikkje eitt menneske kuttar ut røyken av å sjå eit hjarte på facebookveggen din! Ikkje eitt menneske gjer ei plutseleg endring i livet for å redusere si eiga kreftfare av å lese kva farge du har på bhen på facebook! 
Verda er ikkje slik! Verda fungerer ikkje slik! I eit mediasamfunn kor dei viktigaste virkemidla er å presentere store bilete og rope høgast, kjem desse små symbola vekk i mengda. Men lyttar du til P4, veit du at mars månad, Vinterlyd og kreftforeininga er tre sider av samme sak!

Kreft rammar heilt uvilkårleg! Dei aller fleste kjenner opptil fleire som er sjuk eller har vore ramma av kreft! Alle kjenner vi nokon som døydde av det! Dessverre kan ein aldri oppnå ei dødsrate på 0 av denne sjukdommen. Men mange reddast - og stadig er det fleire som reddast - som takka vere auka kunnskap kjem seg tidsnok til legen! Som blir friske og får eit godt liv etter kreftbehandling. Eg synes eg er eit godt bevis på det sjølv!
Eg minnes frå oppveksten bestemor mi som mangla eit bryst. Legane meinte på at ho måtte fjerne det på grunn av ein kreftsvulst. Truleg var det på 1950-talet, og kunnskapen og metodane var ikkje kommen så langt! Etterpå hadde det vist seg at brystet var friskt, og eg trur det var bestemor si store sorg at ho måtte fjerne eit friskt bryst. Hadde dette vore i dag, hadde nok bestemor sitt bryst vorte spara. 

For å komme fram til ny viten om kreftsjukdommen, ny kunnskap om medisin, nye behandlingsformer, for å kunne ha store informasjonskampanjer i media, for å kunne arrangere kurs for pasientar og pårørande, for å drifte behandlingssenter +++ : I det heile tatt: For at det skal bli færre som rammast og færre som døyr av kreft, trengs det PENGAR! Utan pengar stoppar kunnskapen opp! 
I år er temaet for Krafttak mot kreft personleg tilpassa behandling! Kvart menneske er individuelt, og for å kunne utarbeide behandling tilpassa kvar enkelt pasient, trengs det forskingsmidlar! Det trengs pengar til å auke kunnskapen om kva sjukdomsmekanismar som fører til at nokon er meir disponibel for kreft enn andre.
I 2012 brukte Kreftforeningen 183 millionar kroner på forsking. Dei siste ti åra er det langt over 1,5 milliard kroner brukt på forsking - av pengar samla inn av deg og meg og mange andre! Forsking gir resultat - men fortsatt er det 11 000 mennesker i Noreg som døyr av kreft kvart år! For å kunne redusere talet på kreftsjuke, treng ein informasjonskampanjer i alle ledd - frå barnehage til skule, på arbeidsplassane og like til sjukeheimane kor dei eldre bur! Vi treng auka kunnskap om korleis vi kan få eit sunnare liv - treng nokon som motiverer oss til å starte å trimme og gjere noko med dei dårlege matvanane våre.

Eg er medlem av Kreftforeningen. Det kostar meg 200 kroner i året. 200 kroner er ikkje mykje. Den enkle seddelen frå meg er nok knappast nok til meir enn traktementet til fem mennesker på eit styremøte i kreftforeininga. Men viss du som les dette tar oppfordringa frå meg om å bidra med 200 kroner under årets Krafttak mot kreft-aksjon, så vil det utgjere mykje! Viss du bringer denne oppfordringa vidare, vil det komme endå meire pengar inn! Om alle mine venner på facebook bidrar med 200 kroner, vil det aleine utgjere rundt 22 000 kroner! Og då begynner vi å snakke om at det faktisk kan utgjere ein skilnad!

Derfor: Dropp hjarter, bh-farga, bartebilete og alt anna! Når russen kjem på døra di torsdag, så sit klar med 200-lappen (bør vere eit minimum)! Viss russen ikkje kjem på døra di, eller du ikkje er heime når dei passerer, så har du følgande mulegheiter: 

* Betal inn til følgande kontonummer: 1503.07.66056* Gi pengar via sms: Send GAVE til 2277, og du gir automatisk 200 kroner!

Så då vonar eg du tek denne utfordringa! Lykke til! Ta vel i mot russen som tar eit #Krafttakmotkreft på torsdag!

Etiketter