Totalt antall sidevisninger

mandag 26. mai 2014

Turblogg: Ljøsåa opp!

Sist laurdag var eg på min første skikkelege tur i Øksendalen! Eg må berre innrømme at eg har vore alt for lite på tur der i bygda.

På laurdag arrangerte idrettslaget bakkeløpet Ljøsåa opp, og det er endeleg både langt nok og bratt nok. Ja, langt og langt - det er visst 1,8 km, så det er jo ikkje så langt, men bratt - ja, det vart det meir enn nok av!
Men rett skal vere rett: Det er fin traktorveg oppover heile vegen, så det er ein flott tur å gå. Eg er litt usikker på kor høg stigninga er, men kanskje 300 meter - det er rein gjetting!
Iallfall var det fin utsikt etter kvart som ein kom opp i høgda, og det er mesta så alt strevet betalar seg i utsikta!

Det er kanskje lurt å fortelje kor Ljøsåa er for den som ikkje er kjend (slike som meg altså!). 
Du køyrer oppover Øksendalen mot Brandstad ca 5 km. Rett etter at du har passert skianlegget, kjem du til ei avkøyring på venstre handa. Om du plutseleg får ei bru på høgre handa, har du kome ca 200 meter for langt! Muleg det står ei stor, raud brakke og der på avkøyringa. Gode høve for parkering. Turen oppover tar alt frå 15 minutt til 45 minutt - avhengig av kor sprek du er i oppoverbakkane. På toppen er det gode høve for å ete tursjokoladen, før ein rusler ned att. For den som blir sliten, er det gode kvilesteinar på ruta og.
Dagens turpåkledning!

Fin utsikt utover dalen.

Utsikta.


Utsikta.


Det går bratt oppover.



                                   


                     
Bratt nedover att og :)

Men alt i alt vil eg seie at turen er verd å ta! Det er mange andre turløyper i Øksendalen og, totalt 14 i talet, så det er berre å komme seg opp av stolen og ut og gå!

torsdag 22. mai 2014

Royal hightime!

I dag har eg verkeleg hatt min "royal hightime" - ein dryg time i kongen og dronninga sitt nærvere!

Då det vart klart at kongen og dronninga skulle besøke Tingvoll, var eg snar om å melde meg til teneste for Aura Avis. Det var ikkje lange tida dei hadde på Tingvoll, og det var eit tettpakka program den dryge timen dei var der. Men som akkreditert får ein kome nærare kongeparet enn publikum flest - og dessutan kan ein få høve til å stille dei spørsmål på pressemøtet :)

Eg skal skrive reportasje til avisa i morgon, så derfor så blir det berre nokre bilete frå besøket.
Det var andre gong eg var akkreditert til kongebesøk. Første gongen var då kong Harald besøkte Nesset Prestegård for nokre år sidan. Då kongeparet var i Nesset i juni 2003, var eg og såg på dei - først på Nesset Prestegard og så då dei gjekk ombord i ferga på Eikesdalsvatnet. Så fekk eg mamma til å ta bilete av meg og Ingvild, som berre var sju-åtte månader då, ved sidan av A1-bilen!
Eg har alltid vore kongeleg interessert! Det starta tidleg i barneskulen - kanskje då kusine Torill drilla meg og syster mi i  den lange rekka av kongar. Då lady Di vart prinsesse Diana i 1981, var eg seld! Sidan det fylte skuffa på ungjenterommet seg stadig fullare med kongelege reportasjer frå ymse vekeblad.
Det er ikkje slik no lenger, men eg har stor glede av å kunne få vere på kloss hald av dei kongelege. Derfor vart arbeidsstunda for Aura Avis i dag ein "all time high" - for å seie det enkelt!
Bringer derfor nokre klipp frå det fine og trivelege besøket kong Harald og dronning Sonja gjorde på Tingvoll i dag.
PS! Om du lurer på kva spørsmål eg stilde til kongeparet på pressemøtet, så kan eg ikkje røpe det før eg har hatt det på trykk i avisa! Er ein på arbeid, så er ein på arbeid!








Også ein litt spesiell bileteserie til slutt:
Eg stod nede ved hamna og venta på at det kongeleg følget skulle komme for å gå ombord i sjaluppen. Eg såg ikkje etter kva eller kven eg stod ved sidan av. Biletserien viser korleis dei kongelege er på veg nedover, før dronninga plutseleg gjer ein brå sving til høgre, og kjem bort til der eg stod. Ho var på ei armlengdes avstand! Det var eit stort augeblink. Kva som var historia ved denne avstikkaren, kan eg ikkje fortelje no - den kjem først på trykk i Aura Avis laurdag. Men bileta av hendinga forut kan eg bringe :)

Og heilt til slutt: Eg har aldri vore så nært på kongeparet, men eg er imponert over kunnskapen dei har tileigna seg om stadane dei besøker, merksemda dei gir til enkeltpersonar, humoren deira og den utstrålinga dei har!
I det heile tatt: Eg er stolt over at vi har eit slikt flott kongepar her i Noreg! Dei er gode ambassadørar for kongeriket!








Akkreditert helsing frå hoffreportaren Ingunn :)

lørdag 17. mai 2014

17.maitalen på Grøa :)

Her er 17.maitalen som eg heldt i bygda mi her i dag!


Frå 17.maitoget på Grøa i dag.

Aller først: Tusen takk for invitasjonen frå komiteen! På denne historiske 200-årsdagen for Grunnlova vår, er det ei ære å halde dagens tale!
Det var ein gong nokre karar som satt og prata saman i eit amfi. Det var lenge før Sunndal Amfi og Sunndal kommune. Det var lenge før kongeriket Noreg og Grunnlova på Eidsvoll. Det var før trykkekunsten, så skrive bøker var ikkje så lett i den tida. Det var før dei starta å leggje døde mennesker i gravene på Løykja, før Muhammed og Jesus - men litt nærare i geografien. Nemleg Aten.
Der satt dei og prata og drodla og diskuterte meininga av ord og meininga i det å vere saman og bestemme ting saman. Det var nokså mange ord som ikkje var funnen opp på den tida - slik som mobiltelefon og selfies til dømes. Men så var det ein som kom på eit ord:


= FOLKESTYRE
Dei satt og tala saman, og då han eine kom på det ordet, begynte dei å samtale for å finne ut kva ordet tyder. Demos tyder folk. Men kven var folket? Jau, sjølvsagt var dei meir viktig og hadde meir makt om dei hadde pengar. Då var dei i stand til å kjøpe våpen.
Desse karane vart så einige om kva eit demokrati betydde for dei. Det handla om å gi fleire innflyting på avgjerder. Og det betydde at alle som hadde stemmerett, hadde plikt til å bruke den.

Så gjekk det mange, mange år - og no har vi sykla forbi Jesus og Muhammed, forbi gravfeltet på Løykja, forbi oppfinninga av boktrykkekunsten, og fram til 16-1700-talet i Frankrike. Fortsatt satt det karar saman og diskuterte og tenkte høgt om meininga med ord og om korleis samfunnet skulle vere.
Då var det ein kar som heita Rousseau som kom på eit nytt ord:


Når ein ser på ordet og deler det opp i fleire delar, ser ein at det tyder eit prinsipp om at det er folket som er dei suverene. "Vi må ha ei folkevalgt forsamling, og det skal vere direkte valg," sa Rousseau. Og slik vart det i fleire og fleire land, men dei måtte krige og sloss for retten til å bestemme.
Rousseau snakka og om noko som heiter


Med det meinte han at eigentleg så var mennesket født til å vere i pakt med naturen, men fordi det var bygd opp sivilisasjonar og samfunn, mellom anna vart det stadig fleire folk i byane, kunne vi mennesker ikkje lenger leve det frie liv. Vi måtte vere siviliserte mennesker som levde i pakt med det samfunnet vi er fødde inn i.
Så gjekk det nokre år til, og no har vi kommen til 1814, kor dei 112 menn frå Sør Norge var samla på Eidsvoll. Noreg var eit svært fattig land, og bøndene hadde lite dei skulle sagt - og iallfall om dei ikkje eigde noko jord. Då hadde dei ingen rettar å slå i bordet med. Dei fleste av dei som møtte på Eidsvoll var adelege menn med pengar eller lærde menn med utdanning frå Københamn.
Ein av dei som beit kraftig i frå seg og forsvarte Noregs rett til å bli sjølvstendig med nebb og klør, var ein som var fødd som presteson i Øksendal, nemleg Jonas Rein. Han var prest i Bergen, og var ein mann med sterke meiningar. Mellom anna var han svært tydeleg på at jødane skulle ha rett til å vere i landet. Slik blei det ikkje med ein gong.
Dei 112 karane var troppa saman for å sjå om ein kunne få lausrevet Noreg frå unionen med Danmark og Sverige. Formålet med denne samlinga som starta opp i april, var å lage ei


Dei starta opp med det 11.april, og arbeidet pågjekk fram til dei hadde vedteke og underteikna ho 17.mai. Ein av dei som var til stade, Nicolay Wergeland, tok til orde for at Noreg som fri nasjon måtte ha ei folkeforsamling. Han kalte det for eit


Stortinget er det som sammenfattar og handterar Noregs grunnlov.  Dei første åra var ikkje Stortinget der det er i dag. Det bygget var ferdigreist i 1866, før det leide Stortinget ymse lokalar i Christiania.

I 1837 vart det bestemt at det som mange år seinare vart kalla kommunar, skulle få ha større makt då lokalt sjølvstyre ute i kommune-Noreg vart sikra gjennom


Det førte til at det vart folkevalgte styrer i bygdene rundt omkring i Noreg, og det er derfor det sit folkevalgte politikarar i kommunestyra og fylkestinget i dag.
I 1872 kom Johan Sverdrup med dei vidgjetne orda "All makt i denne sal". Det vart utgangspunktet for det som heiter


som er ei vidareføring av folkesuvereniteten. På den måten blir tankar som menn som tala saman på 16-1700-talet  fortsatt viktig for dei som sit på Stortinget i dag i 2014.

Underteikna var dagens talar (bilete frå Aura Avis si nettside).
Eg vil avslutte talen med å gå tilbake til denne tidsepoken og til det eg tala om naturrett. Fleire og fleire her i Sunndal, til dømes gjennom Sporty-kampanjen som var i fjor, har oppdaga kor flott og helsebringande det er å vere i pakt med naturen, slik både Rousseau og fleire av dei som skreiv bøker i den tida, tala om. Då eg bygde huset mitt på Jøntelhaugen, var eg ikkje bevisst utsikta eg hadde frå stuevindauget mitt, men etter at vi flytta inn, oppdaga eg kor flott det er å sitje i sofaen og sjå på flotte Skorga. Plassering av garasjen måtte gjerast slik at ikkje den utsikta forsvann. Så viktig var det for meg!
Å høyre på suset frå fossane etter at eg har lagt meg, er som ein vakker godnattsong.
No ligg det søknad inne om å byggje ut både Fossa og Skorga til småkraftverk. Det som eg og mange med meg meiner er med på å gi bygda vår skjønnheit og identitet, kan bli klipt vekk frå landskapet vårt. Eg vonar at vi er alle oss bevisst kor viktig dei fossane er, og at vi kan stå saman som bygd og vise kva vi meiner! Det å kunne ha tilgang til rein og frisk luft og tilgang til reint vatn, er ikkje noko sjølvsagt. La oss stå saman og seie frå kva vi meiner om det eg meiner er å stjele bygdas arvesølv!



Fossen Skorga er ikkje til sals!


Og heilt til slutt vil eg nemne at då eg heldt talen her sist - i 2009 - var det blitt snakk om korpset si framtid. Då sa eg i talen eg vona det blei liv i korpset att, fordi det var så stussleg med 17.maifeiring utan korps. Sidan det har vi hatt korps, og eg vonar vi kan gi Løykja Musikkorps ein skikkeleg applaus som takk for at dei gir dagen eit ekstra preg!

Tusen takk for meg, og ha ein fortsatt fin dag :)
Den lille Karijord-familien :)

mandag 12. mai 2014

Hjartesukk frå åleinemammaen

Eg skulle eigentleg skrive ein kommentar om Eurovision Song Contest var tanken. I staden skriv eg om den frustrasjonen truleg alle einslege foreldre har... Og for å minne dykk andre på noko heilt sjølvsagt...



Det er betre å vera to enn éin, dei får god løn for sitt strev. For om dei fell, kan den eine hjelpa den andre opp. Men stakkars den som er åleine! Når han fell, er det ingen som kan reisa han opp. (Forkynnaren 4, 9-10)

Vi hadde vore på eit triveleg familietreff saman med ei rekke andre familiar, hygga oss saman med andre born og vaksne. Ei perfekt stund!
Heime spør dottera om vi kan ringje og invitere oss på besøk til nokon ho har lyst å besøke. Eg svarar som sant er at eg har noko arbeid eg må gjere. To tekstar må skrivast til avisa, slik at 17.maiavisa kan sendast til trykking. Det var ikkje veldig populært... Frustrasjonen var til å ta og føle på for begge partar.

Nokre timar før hadde eg intervjua dei som skal ha 17.maitalen på Øratorget. Vi drodla og filosoferte om kva omgrepet fridom tyder i 2014. "Vi kan jo vere slavar i vår eigen kvardag, fanga i tidsknipa og det som andre meiner vi bør gjere og det vi sjølve trur vi må gjere," sa eg. Eg tenkte eigentleg ikkje på at eg snakka om meg sjølv.
Nokre timar seinare gjekk det ei aha-lys opp for meg. At eg er som ein trell i min eigen kvardag. Ho som skal vere pliktoppfyllande i samfunnet - helst oppegåande både politisk, fagleg og skriftleg. Å vere trippelarbeidande med både lærarjobb, journalistjobb og masterstudiar har sin pris. Eit forsøk på å vere pliktoppfyllande heime - men ungane fortset å påpeike kor lite tid eg faktisk brukar med dei...  livet og leiken hand i hand får vi liksom ikkje heilt til. Å prøve å forklare ungane verdien av ekstra arbeid og det å ta ein mastergrad, når eg ikkje fram med, for i deira liv er desse tinga tidstjuvar. Den økonomiske gevinsten kan aldri godtgjere tapet av tid saman.

Det er nok ikkje berre eg som har det slik. Det å vere åleine om alle ting som er knytta til det daglege, er både ei tidsmessig og økonomisk utfordring. Ting skal gjerast ute - garasja meir enn skrik etter beis, fleire blomar skulle ha blitt planta, plena må klippast att før nasjonaldagen, og om ikkje det er nok, har eg ei grøft som må gravast. Innandørs er det ein stadig kamp om å greie å ha huset ryddig nok til ein kvar tid, men på bord og benkar flyt det stadig, og haugen med ubretta, reine klede hopar seg alt for ofte opp.
Eg ser ikkje så mange andre ta ansvar for desse tinga. Jau, eg prøvar å lære ungane å ha ansvar for einskilde oppgåver i huset, men det er nok meir som kan både lærast og gjerast. Men likevel er det heilt og fullt mitt ansvar og det er meg det står og fell på.
Eg skulle lært guten å sykle betre enn det han kan, jenta har ein stabel med klede vi skulle fått rydda opp i, og eg har eitt og anna ryddearbeid å gjere i eigne rekker og. Men når eg bør bruke tid på desse tinga som er mine, dei dagane eg har fri fra arbeid, vil eg heller studere eller å ha vaksentid saman med venner.
Frustrasjonen som åleineforelder er nok veldig gjenkjennbar for dei som har det slik som eg. Vi vart utrusta med berre to armar og to føter, men ønskjer veldig ofte at vi hadde dobbelt så mykje av det meste (unntatt utgifter då...). I blant kunne det vore kjekt å vere to om ansvaret.

Tilbake til diskusjonen i heimen. Jenta slokna på sofaen - totalt utslitt etter å ha sett heile finalen av Eurovision Song Contest kvelden før.
Sjølv tenkjer eg på dei som er så heldige å vere to saman om alle desse små og store gjeremåla. Det å vere takksam for det ein har, for du veit ikkje kva som er rundt neste sving! Det å ikkje ta for gitt det gode ein har!

Kvalitetstid på bussen saman med studiebøkene mine på veg til kurs i
 Molde tidlegare i vår. 



mandag 5. mai 2014

Eg gøymer sorgene i livet mitt



Eg gøymer sorgene
i livet mitt
Eg vil ikkje vite av dei,
men dei går ikkje frå meg

Eg knugar dei 
tett inntil meg
- og slepp dei ikkje,
- eg held dei
  og dei held meg

Sorga over 
- dei som plaga
- og som berre snudde ryggen til
dei som drog
- og dei som døydde
   - dei som berre forsvann

Eg gøymer meg i sorgene
- for å tåle at det kjem nye
(for dei kjem, eg veit)
For å forstå dei som lir
Kanskje for å vere ein ven
- men nærast ven 
er eg med dei
som eg gøymer 
- sorgene i livet mitt.

Tida lækjer mange sår
- vatn slettar spor i sanda...


  

torsdag 1. mai 2014

Fine blommar veks ikkje på tre



Fine blommar 
veks ikkje på tre - 
Ei sjeldan rose
lar vi vere i fred,
du løfta meg opp
då eg låg under
du gav meg trøyst 
og gav von 
om betre stunder.

Fine ord
veks ikkje på tre - 
Ei melding 
"hei, korleis går det, 
eg har tenkt på deg!"
Ord med meining
- gode tankar til meg.
Ord med håp 
om å ta nye steg.

Fine hjarte 
veks ikkje på tre
Dyrebare ven 
- takk at du ville meg gle!
Dufta av vennskap 
då eg hadde det tøft,
var det som vart
det mest dyrebare løft!


Dette diktet er skrive som ei hylling til dei veldig-veldig få som var der for meg då livet var vanskeleg, og ein særskilt ven var den som var inspirasjon til dette diktet :)

Personane på biletet har ingen tilknytning til meg eller diktet.



mandag 14. april 2014

Kongeleg påskedrikk :)

Eg lar sjeldan eit høve gå frå meg til å få eit  touch av kongeleg smak! I dag var det kong Olavs eksklusive sjokolade som stod på menyen.

Kong Olavs sjokoladedrikk :)

Og medan eg står og rører i sjokoladen og tenker på at han ikkje må koke fast eller koke over, minnes eg dei to søstrene Marianne og Gyda, begge godt opp i 80-åra, som høyrte til i same kyrkjelyd som meg for tjue år sidan.
Ein dag eg kom på besøk, stod det duftande sjokoladedrikk på bordet og venta på oss. "Åh, har de kokt kakao," sa eg glad. "Nei, det er sjokolade," vart eg korrigert av dei to. Og rett skal vere rett: Det er forskjell på sjokolade og kakao! Stor forskjell!
Og no like inn i påskehøgtida, vil eg og gi eit anna minne om desse to søstrene som har brent seg fast i minnet mitt. Dei burde vere eit eksempel til etterfølging for kvar og ein av oss, desse to damene. "Så lenge vi vinn å gå, skal vi i kyrkja," sa dei gjentatte gonger! Dei var sjeldan borte når kyrkjelyden var samla. Eg skulle ønske eg kunne ha den trua og truskapen som dei to søstrene hadde!

Men over til kong Olavs delikate sjokoladedrikk!
Vi var åtte stykk som skulle ha sjokolade til kveldsmaten, så eg kokte ein solid porsjon!

3 plater kokesjokolade (skal du gjere han ekstra rojal, bør det vere dronningsjokolade!)
3 dl vatn
15 dl heilmjølk

Brekk sjokoladen i bitar, og kok han i kaserolle saman med vatnet. Når sjokoladen har smelta, har du i mjølka, og varmar han opp til han blir rykande varm. Pass godt på så han ikkje kokar over.
I følgje oppskrifta som eg fann på godt.no, skal ein og piske krem og ha oppå saman med raspa sjokolade. Vi hadde drikken til kveldsmat saman med aniskringler, kjeks og ost og anna ymse pålegg. Eg trur nok kremen hadde vorte litt for mykje då.

Den heilt originale oppskrifta er litt meir eksklusiv enn denne:
Til ein person:
1 pl dronningsjokolade
1/2 dl vatn
1 dl heilmjølk
3 dl krem til topping
sjokoladestrø

Framgangsmåten er den same som eg skreiv ovanfor.
Viss du vil gi sjokoladen ein ekstra snert, kan du finhakke litt chili - mengden chili må stå i høve til kor mykje sjokolade du lagar - og koke saman med resten. Då blir det ein ekstra spiss smak som er særskilt god vinterstid!

Ein porsjon rykande varm sjokolade er absolutt noko å unne seg i påska!

Ha ei fortsatt fin høgtid :)

Oppdekt til triveleg kveldsmat for store og små!


søndag 13. april 2014

Kake til påske :)

Treng du eit lite innspel på ei kake å bake til påskehelga? I helga har eg baka mi eiga påskekake: Mandelbotn med appelsinfromasj! Påska er verkeleg ikkje god utan appelsinfromasj!



Oppskrifta på mandelbotn er nokså enkel:
200 gram malte mandlar
4 egg
150-200 gram sukker
2 ss kveitemjøl
1 ts bakepulver

Mal mandlane fine med stavmiksar, food processor eller ei kvern. Eg brukte stavmiksar, og då vart det nokre små bitar med mandlar og - eg synes det er godt når det gir litt tyggemotstand.
Pisk eggedosis av egg og sukker, og rør forsiktig inn mandlane, mjølet og bakepulveret.
Eg hadde knapt med egg - berre fem stk, og sidan eg skulle lage fromasj og, piska eg alle saman, og delte røra slik omtrentleg i to. Eg kunne faktisk latt meir gått til fromasjen, for røra hever seg i omnen.
Kaka skal steikast i rund form, ca 22 cm, på nedste rad i ca 50 minutt.
La kaka avkjøle på rist før du breier over ho fromasjen. Det er viktig at kaka er inni forma når du skal leggje fromasjen oppå.

Appelsinfromasj:
6 plater gelatin
1/2 dl kokande vatn
3 egg
6 ss sukker
3 dl kremfløyte
1 appelsin

Legg gelatinen i blaut i kaldt vatn ei lita stund, før du smeltar dei i litt kokande vatn. Pisk eggedosis - viss du gjer det på same måten som eg gjorde, treng du ikkje ha på ekstra sukker, då held det med det som er oppgitt i kakeoppskrifta. Eg endte opp med å ikkje få eggedosisen stiv då eg skulle piske han opp att og lage fromasj, men det gjorde ingen ting. Eg hadde oppi gelatinen i fin stråle i eggedosisen, før eg raspa skalet av appelsinen og kresta ut safta av den og hadde oppi. Eg var redd for at det vart for mykje væske til å få fromasjen stiv, men det gikk "fole" godt! Avslutt med å piske kremfløyta stiv, og bland alt forsiktig saman.
Brei til slutt fromasjen over kaka, og sett det til kjøling ei stund.

Eg er kjempedårleg på å pynte kaker, og hadde ikkje så mykje aktuelt tilgjengeleg å pynte med. Det vart tre oppskorne kiwiar og ein oppskoren raudappelsin. Nokså fargerikt om eg skal seie det sjølv!
Kaka smakte heilt fortreffeleg, og eg gir helgas bakst terningkast 6 :)

Lukke til - og ha ei riktig god og smakfull påske :)


tirsdag 1. april 2014

Kva skal vi med boksesporten?

Det heiter seg at ein ikkje kan bli profet på eigen heimstad. Fredag kveld vart den funksjonshemma idrettsutøvaren Nils Erik Ulset feira av si eiga heimbygd som ein helt.



 Idrettsutøvaren med 24 medaljar, berre fem færre enn Bjørn Dæhlie har, frå Paralympics og VM for funksjonshemma i skiskyting og langrenn, trenar 600 timar i året – det er ein knapp time mindre for dag enn dei topptrente, funksjonsfriske idrettsutøvarane gjer. Med sitt humør, høge moral og mentale styrke er han eit forbilde for svært mange.
Onsdag sist veka: Norges Bokseforbund vart suspendert frå det internasjonale bokseforbundet (AIBA), boksesporten i Noreg er i krise. Herreboksarane får ikkje bruke hjelm i nasjonale konkurransar. Straffa er at alle dei som ikkje har krav på seg til å bruke hjelm, det vil seie kvinneklassa og juniorar, også blir utestengt frå deltaking på den internasjonale boksearenaen.
Den norske «knockoutlova» som gjeld for boksing på norsk jord har regel rett slått boksesporten knock out inntil det kjem ei ny lov frå Høgre/FrP-regjeringa.

Då Cecilia Brækhus boksa VM-kamp for snart to månadar sidan i Københamn, var det mange statusar på facebook som hylla hennar idrettsprestasjon. Eg var ikkje blant dei. Det er sikkert stor grunn til å hylle hennar innsats som idrettskvinne, men boksing appellerer ikkje til meg. Brækhus boksar på internasjonale arenaer, og der er det fritt for hjelm. Forsking viser at boksing kan gi alvorlege skadar på hovudet, mellom anna er det auka sjanse for demens i alderdommen, men det internasjonale bokseforbundet (AIBA) bryr seg opplagt ikkje om slike «bagatellar».
Eg spør meg: Kva skal vi eigentleg med boksesporten? Treng vi han? Må vi ha ein idrett som går ut på å slå laus så hardt og brutalt som mogleg ? Kva tilfører eigentleg boksesporten idretts-Noreg? Mykje har vore sagt og skrive om dei som slår i Guds namn, men er det no meir heilagt å slå i idrettens namn?
Det er ikkje mange år sidan det var innført påbod om å bruke hjelm i internasjonal sykkelsport og i alpint. Mange idrettar har slike reglar som er eit sikkerheitstiltak for utøvarane i idrettar som har stadig større fokus på vinning av tidelar. I ein av verdas farlegaste innandørsidrettar skal det altså ikkje vere slike sikkerheitstiltak i følgje internasjonale reglar. Dei reglane seier AIBA skal og gjelde i Noreg.
Cecilia Brækhus tar inn rundt 2 millionar kroner i sponsorstøtte for sine bokseprestasjonar. Therese Johaug er blant dei best betalte kvinnene i langrennssporten, også ho med millioninntekt gjennom sponsoravtalar.

Då var det andre bollar då Brå brakk staven i ski-VM i Oslo i 1982! For norsk skiidrett var det eit lykketreff at det var akkurat Terje Bogen, sponsorgeneralen, som stod der då Oddvar Brå trengte ein ny stav. Det var den tida då vi endå kjente eit eigarskap til dei norske langrennsutøvarane, då alle fortsatt var nokså likestilte økonomisk.
Det er ikkje akkurat den kjensla eg får når eg ser skiløparen frå Trøndelag som får eit større tosifra millionbeløp for å gå med reklame for Kooperativen på drakta – Kooperativen som alltid har vore litt mitt og litt ditt. No sponsar dei Petter Northug jr med nokså mange millionar for at han skal vere privatpraktiserande skiløpar. Når att på til OL i Sotchi slo feil for skiløparen, er det vel stadig færre som kjenner på dette eigarskapet til den COOP-finansierte Northug jr. Det er fristande å kalle dette for den nye stormannsgalskapen.

Det var og noko heilt anna på Vågbø grendahus fredag kveld. Ein beskjeden kar med tre medaljar kom ruslande inn. Nils Erik Ulset, ein av tidenes beste norske idrettsutøvarar innanfor idrett for funksjonshemma, har onkelen si bedrift, Tingvoll Interiør, som hovudsponsor – dei bidrar med 15 000 kroner i året! I tillegg til det får han inn nokre kroner frå Olympiatoppen og skiskytterforbundet, men det er knappast nok til å halde karriera i vater. Med enormt pågangsmot til trass for funksjonshemminga og til trass for manglande inntekter i idretten, står han fram som ein liketil kar med sunne verdiar.
Det var der på grendahuset i den vesle grenda i Tingvoll eg kjente på eigarskapet til ein idrettsutøvar som fremmer idrett på ein sunn og ukommersiell måte. Nils Erik Ulset er ein god representant for den idrettsgreina han representerer. Med få midlar og med oppvekst i ein mikroprikk på verdskartet, har han gjennom idretten besøkt og konkurrert i store delar av verden. Som romsdaling busett på Nordmøre kjente eg at eg kunne eit augeblink dyrke Ulset som den idrettshelten han er – og kjenne at han faktisk er litt min og!

mandag 31. mars 2014

Havrebrød

Sist laurdag hadde Liv Inger Mæle ei oppskrift på brød med havregryn i spalta si i Aura Avis. Dei har eg bakt i dag :)




Oppskrifta er som følgjer:

1 l skumma melk
1 pk gjær
3 ss soyaolje (rapsolje funkar like bra)
3 ss (mørk) sirup
1 ts salt
400 g (store) havregryn
400 g fin eller grov sammalt kveite
(avhengig av kor grovt du vil ha brødet)
400 g kveitemjøl
havregryn oppå

Varm opp mjølka til fingervarm temperatur. Viss du brukar fersk gjær, blandar du den med mjølka. Viss du brukar tørrgjær, blandar du det i mjølet. Ha i olje, sirup, salt og havregryn i kasserollen, og la havregryna bli litt mjukare.
Ha alt samla i ei bakebolle og rør godt saman deigen. Viss ein brukar maskin, skal 4 minutt på halv styrke vere passe. Dekk deigen til og hev han i minimum 45 minutt.
Del deigen i to stykkar og bak ut brøda og ha i kvar si form. Hev dei i minimum ein halvtime. Pensle med vatn, mjølk eller anna (eg brukte nøytral yoghurt), og strø med havregryn på toppen  før dei blir steika nedst i omnen på 190-200 grader i ca 45-50 minutt. Husk bakepapir i forma.
Liv Inger Mæle skriv at det er ein hovudregel at ein ventar til neste dag når brøda er heilt avkjølt med å skjære i dei... det gjekk bra om dei berre hatt stått i ein times tid og avkjølt seg og, men blir heilt sikkert saftigare om ein ventar til neste dag.

Lykke til :)

Etiketter